Kategoriarkiv: Ymse

Sommarhotell

Opp gjennom åra har vi drive sommarhotell i mange former. Ein kan vel seie det slik at eg og kona møtte kvarandre på sommarhotell, og sidan har vi halde saman. Frå 1976 til 1981 hadde vi sommardrift på Hadsel Folkehøyskole på Stokmarknes i Vesterålen, og det er ingen tvil om at sjølv om det var travle år, så sit vi att med mange gode minne frå den tida.

Det første store arrangementet var Den indre Sjømannsmisjon sitt Landsskjærgårdsstevne i 1976 då hundrevis av stevnefolk fylte skulen og hadde ei flott helg saman. Sidan var det mange slike helger for ulike organisasjonear og grupper. I midnattsol hadde vi store opplevingar, anten det var mange eller få av oss. Ei natt var vi ute og fiska sei, og svigerfar var med. Og vi klarte ikkje å stoppe, det kokte i sjøen rundt oss, og då vi var ferdige, hadde vi 400 småsei som skulle stellast og frysast ned. Det var ei oppleving han hugsa så lenge han levde.

Med åra har sommarhotelldrifta endra seg noko og er i dag konsentrert om familie for det meste. Eg overhøyrde ein samtale på butikken her for nokre dagar sidan, der ei kvinne vart spurd om ho skulle på tur i ferien. -Nei, svara ho, ferien vil eg ha heime og ta imot besøk. Og slik er det vel for mange av oss, ferietida er god til slikt.

Sjølv har eg funne ut at ferien i år skal vere ein roleg periode i livet. Vi får besøk av barn, svigerbarn og barnebarn, og då får ein ta det roleg og ikkje legge ut på lange turar.

Bloggen i dag er ei helsing til alle lesarane som driv i sommarhotellbransjen, same kva slags form det er. Eg unnar dykk alle ein fin sommar. Med godt ver går alt mykje lettare, så vona er at vi kan få godt og tenleg ver også i vekene framover.

Hugo Distler og litt til

I år er det 100 år sidan Hugo Distler vart fødd. Det skjedde 24. juni 1908 i Nürnberg. Han hadde ein vanskeleg barndom, vaks opp hjå besteforeldra, då mor hans gifta seg med ein annan mann enn Hugos far og flyttet til USA.Men det store musikalske talentet han hadde førte han til Leipzig, der han studerte musikk og var ein svært begava student.

Eg kom over ein artikkel om denne komponisten i dag, og måtte rote litt på bloggen, for eg var nesten sikker på at vi hadde spelt noko musikk av han i Valle Radio. Det stemte, mellom anna spelte Niklos noko av han 4. desember 2007:

Hugo Distler (1908 – 1942) O Heiland, reiss die Himmel auf. Koralmotett. Thomaskoret i Leipzig, dirigent Thomaskantor Hans-Joachim Rotsch.

Han har eit særprega tonespråk, og musikken hans har fått ein ny vår utover heile 1900-talet. Han døydde i 1942, tok heller livet sitt enn å gå i teneste for Wehrmacht, så 1. november 1942 (Allehelgensdag) var det heile slutt.

Det vert ofte slik at når eg finn noko interessant, skriv eg om det på wikipedia. Vi hadde ingen artikkel om Distler frå før, så eg starta ein artikkel i dag. Han er ikkje komen så langt enno, men du kan jo lese det som står der til no: http://no.wikipedia.org/wiki/Hugo_Distler

Ofte når ein held på slik med å skrive ein artikkel, kjem ting i vegen og heftar ein, så ein får ikkje fullført. I dette tilfellet synte det seg at bokmåls-wikipedia ikkje hadde artikkel om Allehelgensdag. Dermed måtte eg lage den. Det vart bare ein stubb: http://no.wikipedia.org/wiki/Allehelgensdag Men då eg skulle knytte den artikkelen saman med andre språk sine artiklar om dette, vart det problem, for alle 37 språka som hadde artikkel om Allehelgensdag, lenka til den norske artikkelen om Allehelgensaften. Dermed måtte eg gå til 37 andre språk og endre lenka slik at ho gjekk til rett artikkel. Og då kom eg ikkje særleg mykje lenger på det som var hovudprosjektet mitt.

Men det kjem nye sjansar seinare.

Tempelrensing

Dersom du ikkje alt har kasta Fædrelandsvennen frå i går, torsdag 3. juli 2008, bør du leite fram del 2 og lese Synspunkt-artikkelen som Stein Ørnhøy skriv. Stein Ørnhøy er ein politisk kommentator som har vore stortingsrepresentant for SV. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Stein_%C3%98rnh%C3%B8i

Under overskrifta Tempelrenserne i Medie-Norge skriv han om journalistane sine hylekor når ein politikar har gjort noko galt.

Han nemner Jan P. Syse som ikkje sende inn rekneskap til Brønnøysund-registera i tide. http://no.wikipedia.org/wiki/Jan_P._Syse

Den aktuelle saka er Åslaug Haga som ikkje har alle papir i orden i høve bygningar. http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85slaug_Haga

Men Ørnhøi nemner og korleis media går i flokk i andre saker. Eksempelet frå Irlands nei til Lisboa-traktaten er eitt av dei. Han som kjenner saka og som sjølv har vore leiar av Nei til EU, har eit vidare perspektiv enn den vanlege lesaren og synest ikkje at Einar Lunde si formulering: Europa er i sjokk passar særleg godt på situasjonen. Truleg er det få i Europa som er i sjokk, kanskje var det bare dårleg humør hos dei ivrigaste førekjemparane for EU, meiner den gamle Nei-til-EU-generalen.
http://no.wikipedia.org/wiki/Lisboa-traktaten
http://no.wikipedia.org/wiki/Einar_Lunde
http://no.wikipedia.org/wiki/Nei_til_EU

Ørnhøi kjenner det han skriv om på kroppen. Han fekk merke heksejakta etter at han hadde spist middag med nokre representantar for det svenske jagerflyet JAS-Gripen, noko som visstnok ikkje var heilt etter boka ettersom han har synspunkter for kva for eit fly Norge skal velje til å erstatte noverande jagarfly.
http://arkiv.na24.no/Nyhet/259088/-+Dagbladet+ble+brukt.html
http://no.wikipedia.org/wiki/JAS_39_Gripen

Den artikkelen tåler å lesast to gonger. Den gjev stoff til ettertanke der saker helst flimrar forbi.

Dagsrevy eller dødsrevy

Då eg i dag høyrde nyhetene på TV2 klokka 18:30, slo det meg at ein nokre dagar kunne døype om programmet til Dødsrevyen i staden for Dagsrevyen. Rett nok var det ein glad reportasje om mange frigjevne gislar, men reportasjen om drapet i Bygland, tre ulukker med motorsykkel og fleire andre sette meg på tanken.

Det verkar som om det er det negative som skal kallast nyhende i media. Sjølv i tida som kallast agurknytt-tida, er det dei negative nyheitene som dominerer. Kan journalistane finne ei krise under oppsegling, flokkar dei seg og heller bensin på bålet. Det er ikkje bare Åslaug Haga og Manuela Ramin Osmundsen som har opplevd det.

På den måten er Valle Radio ein alternativ kanal. Vi har ikkje ressursar til å leite fram det negative som ganske sikkert finst i bygdene, det let seg neppe gjere med dugnadsbasert radio. Difor vert det ofte meir i pludrestilen enn i revolverintervjustilen vi arbeider. Vi var innom dette på seminaret vi hadde på Gimlekollen der vi spurde kvarandre kva som var god lokalradio. Eg ser det slik at den kan vere personleg, men den skal ikkje vere privat, vi skal ikkje vere Se og Hør med ein lokal stab av kjendisar som folk kan møte i programma våre til alle tider.

Dødsulukker er tragiske kor dei skjer og kven dei råkar, akkurat som sjukdom og liding som medfører døden. Eg skulle ønske at ulukkene heldt seg borte i sommarmånadene og at Dagsrevyen kunne bli prega av aktuelle saker som ikkje medførte død og liding. Det er nok ein utopi, men eg deler han likevel med dykk. Rundt om i verda sit folk i sakn og sorg, andre stader med glede og håp. Kvifor kunne vi ikkje trekke fram meir av glede og håp i media?

Byglandsfjord

Som oftast kastar eg bustadbilaget i Fædrelandsvennen i søpla ganske fort, sjølv om eg gjerne før tok vare på andre deler av avisa. Men i går var det ein interessant artikkel om Byglandsfjord av **Johs. Bjørkeli:Skapt av jernbanen.** Mange flotte bilete drog lesaren inn i teksten og gav sjølv folk med lita tid lyst til å stoppe litt. No er forresten høvet til å stoppe enda betre, for ein må senke farten ganske mykje både ved rundkjøringa i sør og ved dumpane gjennom heile bygda.

Wikipedia har ein artikkel om Byglandsfjord, men bare eit bilete av Bjoren til å pryde artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Byglandsfjord

Countryfestival

I påska hadde vi nokre pass til country-festivalen på Ose som premiar. Då sendingane var slutt, sende vi liste til festivalen om kven som hadde vunne. Tanken vår var at dei skulle sende premiane til vinnarane, våre gåvekort kunne jo ikkje gjelde som pass der.

Men det har oppstått eit problem med at vinnarane ikkje har fått sine pass frå festivalen på Ose. Det har etter kvart kome ein del telefonar frå frustrerte vinnarar som lurer på om vi har lurt dei. Eg vonar at vi klarar å rydde opp i problema før festivalen startar og seier meg lei for at dei har oppstått.

Her er lenke til nokre av artistane som skal spele på Ose:
http://no.wikipedia.org/wiki/Lynn_Anderson
http://no.wikipedia.org/wiki/Anita_Hegerland
http://no.wikipedia.org/wiki/Sie_Gubba
http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Albrigtsen
http://no.wikipedia.org/wiki/Liv_Marit_Wedvik
http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85smund_%C3%85mli_Band

God festival!

Prestetenesta

Fædrelandsvennen hadde eit oppslag i dag om at Bykle kommune ikkje ville vere med og betale på ei stilling til prest på Hovden. Det var Agder bispedømme som hadde søkt om dette, mellom anna ut frå signal om at kommunen ville sjå positivt på det. Ein kan neppe vente at soknepresten i Valle og Bykle skal stå til teneste åleine i heile prestegjeldet når hyttebyklarar som dreg til fjells dei fleste vekene i vintersesongen, treng prestetenester. Bemanninga i prestegjeldet er sett opp for ein normalsituasjon på om lag 2500 innbyggjarar, og tilreisande må ta omsyn til det.

Ein ser jo at om det arrangerast noko i kyrkja på Hovden, er det mange fleire enn dei fastbuande som søkjer dit, Det var ein omtale av situasjonen i visitasmeldinga som Agder Biskop skreiv i samband med visitasen i 2006. I punkt 7.12 heiter det:

Hovden i Bykle kommune har lenge vore ein vintersportsstad med ei mangedobling av folketalet i helger og høgtider i vinterhalvåret. Staden har dei siste åra vore, og er fortsatt, i ei rivande utvikling. Tidlegare var det mange kristne organisasjonar som hadde vinterferieleirar og påskeleirar her, men utviklinga har ført til kraftig auka prisar i desse høgsesongane, noko som truleg er medverkande til at desse til dels har funne andre reisemål. Organisasjonane låner ofte kyrkja på Hovden til møter og gudstenester. Då har soknerådet dekka dei utgiftene dette medfører, og oftast vore hjelpsame med organist og kyrkjetenar når dei har ønskt å låne desse. I påska har ACTA (barne- og ungdomsorganisasjonen til Normisjon) og Det norske Misjonsselskap (NMS) sørga for eit breitt tilbod i påska, både i skiløyper, på hotell, i kyrkja og andre stader. Begge organisasjonane har det stramt økonomisk og personalmessig, og i ei gjennomgang og prioritering av ressursar, vil denne tenesta bli nedprioritert. Frå og med 2006 er dei ikkje til stades med sitt vante proram.

I påska er det no om lag 20.000 menneske på Hovden. Til tross for fleire turistar har kyrkjebesøket gått ned i påska, men det er fortsatt langt over snittet elles i året. Som mange andre stader er besøkte best på jolaftan, då det haldast to gudstenester på rad, begge sprengfulle (170-180 menneske, sitteplass til 110). Storparten av hytteeigarane bur i Agder, men det er også ein god del turistar frå Rogaland, Austlandet, Danmark og Tyskland. Turismen medfører også anna ekstraarbeid, særskilt for soknepresten, som oftast blir kontakta i samband med dødsfall og alvorlege ulukker som gjeld turistane.

Biskopen er innom dette også i visitasforedraget. Det kan du lese her: http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103552 I eit punkt på slutten seier han (punkt 7): **Turistane er ei felles utfordring for lokalkyrkja og bispedømmet. Vi vil som levande folkekyrkje også nå turistane med eit godt tilbod om gudstenester, serleg i høgtidene. Vi tek med oss denne utfordringa attende til bispedømmekontoret og vonar å finne gode samarbeidsløysingar med dykk lokalt.**

Den løysinga dei prøvde på i første omgang førte ikkje fram. Så spørs det kva andre tiltak ein kan kome opp med for å støtte soknepresten og sokneråda i arbeidet.

Fotball engasjerer – også i wikipedia

Tre veker med fotball-EM har halde mange av oss framom TV-skjerme den siste tida. No får vi ein pause før Tour de France, og godt er det.

Sjølv har eg fått med meg nokre av kampane, og då finalen gjekk av stabelen i kveld, hadde eg benka meg framom skjermen. Eg las eit sitat i samband med kampen. “Soccer is a game for 22 people that run around, play the ball, and one referee who makes a slew of mistakes, and in the end Germany always wins.” Det var Gary Lineker som sa det, meir om han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Gary_Lineker (Fotball er eit spel for 22 folk som spring rundt og sparkar ballen, og ein dommar som gjer mange feil, og til slutt vinn alltid Tyskland.)

Meir om kampen i kveld og heile EM finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/EM_i_fotball_2008 Eg let meg imponere over kor mykje stoff wikipedia har klart å få fram om arrangementet og relevante folk i samband med arrangementet. Men ein finn og stoff om plassane kampane vart spelte.

Det er ein diskusjon om kor mykje ein skal dekke aktuelle hendingar i wikipedia. Men 300 millionar såg kampane på TV, sikkert ein million nordmenn, og då er det naturleg at ein kan finne bakgrunnsstoff på wikipedia. Dei som har skrive artiklane, fortener takk og gode ord tilbake for arbeidet dei legg ned.

Nå vart det ikkje Tyskland som vann, men Spania. Eg unna dei det, det var gladfotball dei presterte. Og det er fascinerande å sjå korleis dei finn stader å sende ballen til kvarandre, nokre gonger går det så fort at ein nesten ikkje får det med seg, men må sjå på reprisen for å finne ut kva som skjedde. Ein kan bare late seg imponere av dommarane som skal finne ut om det var lovleg eller ulovleg i løpet av eit lite sekund.

Eit norsk dommarteam var med i EM. Eg tykte dei klarte seg godt, men det meinte visst ikkje dei som vurderte innsatsen, for dei vart sende heim att. Den italienaren som dømde finalen, var etter mi meining ikkje betre enn dei norske dommarane, men igjen, det er nok ikkje lett å skifte sol og vind mellom spelarane i den heksegryta som ein slik kamp gjerne vert.

No er det over. Til neste gong.

Liv i sentrum

Mens eg sat ved kjøkkenbordet heime og kunne nyte ein sein laurdagsfrokost, flokka folk i Valle seg rundt borda i sentrum for å ha den årvisse frokosten i regi av Sentrumsforeninga. Med underhaldning av mange slag og mest like mykje variert mat, er det eit poplulært innslag. Biletet i Setesdølen frå i fjor minna om det. Her møttest ung og gammal til felles frukost. Når veret er godt, som det var i dag og, er det ei triveleg økt der ein får tale med folk ein ikkje møter på jobb eller i familieselskap. Sentrumsforeninga skal ha takk for arrangementet dei steller i stand.

Etter det eg skjøner vil Joker halde ope til klokka 20 i sommar. Dei hadde difor søkt om å få selje øl like lenge. Det var handsama i kommunestyret onsdag, men kommunestyret sa nei til søknaden. Det skjøner eg i grunnen godt, i butikkar langs kysten er det og slik. Klokka 18 må dei slutte å selje øl anten det er i store eller små butikkar.

Dagens Fædrelandsvennen synte bilete av folk på Hove-festivalen som hadde sovna i ulike situasjonar. Det stod ikkje noko om kor mykje dei hadde drukke under bileta i reportasjen i dag, men ein dag tidlegare var det reportasje med spørsmål om kor mykje folk skulle drikke. Svara synte at mange hadde som mål å verte ganske fulle, og i reportasjane har det og stått om fyll under festivalen der. Difor undra det meg litt når den danske rådgjevaren med erfaring frå Roskilde, skrytte så veldig av at ein hadde definert heile Hove-området som sjenkestad, det var visstnok eit pluss for festivalen. I ein reportasje las eg om at det var seld svært mykje øl. Ein stad vart det antyda at noko truleg og gjekk til gjester som ikkje var over 18 år.

Når ein så veit noko om problema alkoholen skaper, burde det vere innlysande at ein ikkje kan overlate det til den privates sfæren heilt og fullt. Difor trur eg det er best om ein klarer å skape liv i sentrum utan alkohol, og det klarte dei i dag.

Ny biskop i Nidaros

I dag vart det utnemnd ny biskop i Nidaros. Han heiter Tor Singsaas og er fødd i 1948, akkurat runda 60 år. Mange meiner kanskje at det var i eldste laget å ta fatt på ei krevjande oppgåve i Den norske kyrkja, men han kan få nokre gode år i Nidarosdomen.

Eg var heldig og fekk skrive om han på norsk wikipedia i dag. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Singsaas Men før eg hadde fått skrive artikkelen på norsk, var det ein ferdig artikkel på engelsk wikipedia. Du kan gå til den ved hjelp av interwikilenke nede til venstre på den norske artikkelen. Då vil du sjå at dei to tekstane er heilt sjølvstendige og legg vekt på ulike ting.

Når ein skriv slik på wikipedia, vert det mest alltid nokre raude lenker. Eg skreiv inn kva han hadde skrive om i hovudoppgåva til teologisk embetseksamen i 1976. Det var ei oppgåve om Lutherstiftelsens traktatar. Wikipedia hadde frå før ein artikkel om traktat som politisk avtale. Men her var det tale om ein religiøs traktat, og det hadde vi ikkje artikkel om.

Dermed kunne eg nytte høvet til å skrive om det. Du hugsar sikkert dei små lappane som var vanleg å ha liggjande på eit bord bakerst i møtesalar eller som ivrige sjelevinnarar gjekk ut på gata og delte ut til folk som kom forbi. Eg ser lite til slkt no, men det kan nok vere fordi eg ikkje er så mykje ute på gater i byar lenger.

Men eg kom på å leite fram Indremisjonsselskapets historie II av Ola Rudvin. Der var det fleire artiklar om traktatarbeidet til Indremisjonsselskapet. Gjennom åra må folk ha delt ut mange millionar av desse små lappane. Når ein ser på kva folk samlar på, skulle eg tru at det nok er nokon som samlar på traktatar og. (I dag kjøpte eg Stavanger Aftenblad, og der skreiv Per Inge Torkildsen, som har ei spalte i helgebilaget Pluss kvar veke, om Maiblomster; han hadde møtt ei kvinne som samla på dei og hadde over 60 små plastblomar i ei lita skål.)

No har wikipedia på bokmål vel 172.000 artiklar. Og altså ein om religiøse traktatar. http://no.wikipedia.org/wiki/Religi%C3%B8s_traktat