Kategoriarkiv: Ymse

Songar til spesielle høve

Når det skal vere konfirmasjon eller bryllup, er det alltid artig med songar som seier litt om den aktuelle situasjonen og den eller dei personane som er hovudperson i hendinga. Eg har leita gjennom nokre slike songar i det siste for å prøve å få inspirasjon til å skrive sjølv.

Som regel får eg stikkord og då går det som regel greitt å få til nokre vers som kan brukast. Men når songen skal vere frå ein sjølv, er det verre med stikkorda. Då må ein ha dei og sjølv, og det betyr at ein må tenkje gjennom saka på ein annan måte enn når ein skriv for andre.

Så eg har verkt litt den siste tida for å prøve å få til noko. Melodien er og eit problem, ein må finne ein melodi som høver til stoffet, det er ikkje så godt med ein melodi i moll til eit bryllaup eller ein treg song til ein konfirmant.

Eg skulle unne deg gleda når det endeleg løysner og verslinjene bare rullar fram, den eine etter den andre. Alle forsøk på melodiar som ikkje gav noko kan gå i papirkorga, det endelege resultatet kan skrivast inn og printast ut og kopierast opp og gjerast klart til avsynging på den store dagen, det er ei bør som vert lyfta av deg og du kjenner deg lett som ein fugl der du nynnar deg gjennom songen og ser at det fungerer.

Mange meiner at det er dumt med slike songar, men eg trur at det er viktig. Ein tale som vert halden der og då, vert fort gløymt, men med slike songar kan ein minnast høgdepunkter i livet når ein tek dei fram att etter mange år og ser at det som stod i songen, fungerte sjølv om åra gjekk. Av og til er det formuleringar som kunne vore endra, og noko burde aldri ha vore på trykk, men i det store og heile gjev dei eit snitt gjennom hendingar som ein har hatt og opplevd saman med andre.

Hesjer

I dag fekk eg ei artig melding på diskusjonssida mi på wikipedia. Den vil eg dele med dykk:

Vet ikke om du fotograferer, men akkurat nå står det noen usannsynlig fine hesjer ved rv9 i Valle. Passerte og stoppet for å se nærmere på sjeldenhetene, men kamera – det hadde jeg glemt. Så om du … Den hesjinga er gjort av folk som kan kunsten og fremstår som noe helt annet enn det sammenraskede høyet på eksistende hesjebilde. Med syltynt håp og hilsen 91 16. jul 2008 kl. 01:45 (CEST)

Om du går til artikkelen om hesje, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hesje finn du fort ut at 91 har rett, dei som har laga den hesja, har hatt det for travelt til å gjere det skikkeleg. Det er ein kunst å få til fine hesjer, og kunsten lever framleis i Valle, sjølv om dei fleste samlar graset i traktoregg no for tida.

For min del er det nok nærare 40 år sidan eg var med i hesjing, det var her på Eskeland ein sommar då vi var nygifte. No er det ein nabo som slår jordene og lagar rundballar her og. Men eg har stor respekt for dugleiken som ligg bak ei fin hesje. Det er ikkje mange som kan det handverket lenger.

Valleutstillinga og litt til

Hugsar du reklamen vi hadde før sommarferien. Den handla om opninga av Valleutstillinga. Ettersom vi tok sommarferie før utstillinga opna, har Valle Radio ikkje hatt noko om aktivitetane på Tveitetunet i sommar. Men det verkar som om helgene har mange aktivitetar, og sundag samlar utstillarane seg på plassen for å syne fram produkta sine.

Etter reportasjen i Setesdølen å døme er det mange fine ting å sjå og kjøpe, så ein tur dit sundag kan vere interessant å få med seg.

Sjølv sit eg i Mandal og passar katten til barnebarna mine medan dei er saman med foreldrene i Danmark, så det vert ikkje nokon Valle-tur på meg denne veka heller.

Men det hadde vore litt av kvart å få med seg no på høgaste sommaren. I morgon er Karsten Isachsen i Hylestad kyrkje klokka 18:00 med foredraget Jeg tror på gledens Gud, gratis til og med, og med høve til å kjøpe bok etterpå.

Så kunne ein få med seg noko av den store aktiviteten i Valle sentrum på fredagen, og med konsert i gata laurdagen. Ikkje like stort som frukosten dei hadde der tidlegare i sommar, men det er alltid flott å høyre dei tre musikarane som skal spele der laurdag: Gunhild Hasla, Hugo Risdal og Runar Granheim har vel alle gått på musikklinja på vidaregåande skule i Valle og held fram med musikk.

Artig å lese om Åsmund Åmlid si nye plate i Setesdølen. Oslofolket forstod ikkje dialekten på plata, sikkert like vanskeleg for journalisten der som det var for Linda Eide då ho duellerte med Sigurd Brokke i kven som hadde flest spesielle ord som den andre ikkje forstod. Reprisen på programmet i sommar var interessant å få med seg, Niklos sykla framleis forbi og minna meg om alle programma vi har hatt saman.

Festivalar

Sommaren fløymer over av festivalar. For det meste går det bra, sjølv om tusenvis av menneske møtest under tilhøve dei er ukjende med. Men i Kvinesdal gjekk det galt denne helga, eit aggregat som skulle lage straum, sende eksos inn i campingbussen og tok livet av to, medan seks hamna på sjukehus.

På Ose var det matfestival, der smaka folk på alle slags rettar og etter det ein kan lese i Fædrelandsvennen, gjekk det med 50 liter blodkurv, mektig kost som ikkje er på bordet i heimane rundt om særleg ofte. Men der var alle vel nøgde, akkurat som dei var på Skral festival, som dei har vore på andre arrangement rundt om.

Det er klart at ferietid gjev høve til å få med seg ein festival eller eit kulturelt arrangement av ein eller annan type. Eg gleder meg likevel over at ein i Valle har lagt kulturveka til midt i semesteret, og ikkje til sommarferien. Så får det våge seg at det ser ut til å vere lite av festivalar i Øvre Setesdal. Tveitetunet si Valleutstilling og Setesdalsmuseet sine samlingar er gode unntak.

Limerick eller stev

Gunnar Stubseid hadde eit ord i rette tid i eit innlegg i Setesdølen og Fædrelandsvennen i går. Han tok opp NRK Sørlandet si evne til å fange opp dei indre bygder på Agder i sendingane sine. Det er ikkje mykje stoff frå Setesdal og indre Agder, men desto meir frå stripa der ein kan ha tean i tanga. Dette speglar seg og i at dei la ned kontoret dei hadde på Evje.

Og så speglar det seg i at dei ikkje har forståing for stev, men hentar idear til sommarkonkurranse frå limerick, ei diktform som kom til Noreg for 50 år sidan, importert frå England, der den vart etablert midt på 1800-talet. Limerick skal vere humoristiske femlinjevers i forma aabba med tre verseføter i første, andre og femte linje, og to i tredje og fjerde. Gunnar Stubseid meiner at stev er lettare, har lengre tradisjon og mange utøvarar på Agder, medan limerick er eit framandt versemål. Han nemner den nye stevboka til Kristen Bråten Berg, Astri Rysstad og Kari Rolfsen, Stev for dagen. Den viser at stev kan brukast i alle situasjonar. Det kan og ha melodi, det er ikkje naturleg for limerick.

Til slutt nemner Gunnar Stubseid at musikkstudentane på Ole Bull Akademiet på Voss lærer å lage stev på vekekursa der, noko som er blitt svært populært blant studentane.

Eg er enig med Gunnar Stubseid. Stev hadde vore naturleg å nytte i konkurransen i NRK. Av og til høyrer du stev i Valle Radio, anten på plate eller ved at ein som ringer inn, tek eit stev på telefonen. Det er ein levande tradisjon, så visst ikkje utan aktive utøvarar også utanom dei som har gjeve ut plate.

Til lags åt alle kann ingjen gjera
det er no gamalt og vil so vera
eg tykkjer stødt at det høver best
å hjelpa den som det trengjer mest.

Slik er stev-forma brukt av Ivar Aasen. Meir om stev her: http://nn.wikipedia.org/wiki/Stev

Meir om limerick finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Limerick_(poesi)

Jan Olsen og Syklar til Cuba

Det var ein interessant artikkel i Setesdølen i dag der Jan Olsen fortalde om korleis det eigentleg gjekk med årets sykkelprosjekt: Meir eller mindre i dass, er vel ord som høver på det han skriv om. Så no er det spørsmål om det vert noko meir av heile prosjektet.

Han skreiv om det same på bloggen http://blog.syklertilcuba.org/ 3. januar. Det er einaste innlegget så langt på bloggen. Eg klypper frå det, så du kan oppleve litt av frustrasjonen hans:

VI SLITER!
Så dukket han opp, cubaneren som kanskje kommer til å ødelegge hele sykkelprosjektet. Kanskje er det også målet hans. En superbyråkrat, helt uten visjoner om sykkelbruk eller sykkelsport. Hans eneste visjon handler om kontroll og om å hindre at vanlige mennesker skal nyte godt av prosjektet. Det er han og hans ”revolusjonære” venner som skal nyte godt av donasjoner, må vite. Praktisk arbeid er for han like fremmed som norsk geitost. Han demonstrerer også en fullstendig mangel på respekt for tingenes verdi. Det er utrolig provoserende å se verdifulle norske sykler bli kastet rundt på som om de skulle være skrapjern.

KAMELSLUKING OG POSITIV TENKING
Da jeg i sin tid lærte å fly hangglider hadde vi et eget kapittel i læreboka om å tenke positivt.
Når turbulensen reiv og sleit i vingen og vi var så redde at vi holdt på å gjøre i buksa, skulle vi tenke at du verden for en flott utsikt det er her oppe…

Akkurat dette kapittelet har jeg hatt bruk for nå en måneds tid. Vi blir av myndighetene behandlet som kriminelle og er blitt nektet adgang til lageret med vår egen donasjon. Og med hvilken arroganse! Tålmodigheten blir satt på en alvorlig prøve når dobbeltmoralistene holder lange taler om revolusjonens seier, en seier som i løpet av femti år ennå ikke har nådd fram til de fattige.

Men du verden, den som fikk være med da elevene på en spesialskole like ved lageret fikk sykle på norske sykler, forstår hvorfor vi driver dette prosjektet. Disse barna er det vi må se for oss i våre positive tenking. Det er likevel en grense for hvor mange kameler man er i stand til å sluke.

SYKKELSPORT OG ”VUELTA”
I år får vi la være å telle nederlagene og heller glede oss over seirene. Og kristiansanderen Jørn Markengs ”Prosjekt sykkelsport på Cuba” ble i sannhet en slik seier. At ti unge, norske syklister fikk to uforglemmelige vinteruker i cubansk sommervær, er bare en liten del av seieren. Det store, er en flott gjeng unge cubanere som nå sykler rundt på nye, norske sykler med tro på framtida og i visshet om at de kan få en bedre framtid ved egen innsats. Og dette siste er kanskje grunnen til at cubanske myndigheter nå sparker bein på oss, og dermed også på sine egne flotte idrettsungdommer.

Vi trodde også at det var positivt at innbyggerne i et fattigkvarter selv organiserte et av Cubas flotteste sykkelritt. Men der tok vi visst også feil…Fattige mennesker må for all del ikke begynne å tenke selv.

PR. I DAG
Pr. i dag må vi forholde oss til en hel flokk med Pontius Pilatuser, og vente på deres neste utspill.

Det er vel verd å leite fram Setesdølen for fredag 11. juli 2008 og lese Jan Olsen si oppdaterte skildring av situasjonen. Så kan ein ta turen inn på heimesidene hans og sjå bilete og finne anna stoff om prosjektet.

Ut og plukke drikke

Dette var tittelen på ein artikkel Johs. Bjørkeli hadde skrive i Fædrelandsvennen i dag. Det handla om Olav Holen, som er aktiv med å hauste ville planter til å lage drikke av. I artikkelen fortalde han om mjødurt. Sjå wikipedia for meir om blomen: http://no.wikipedia.org/wiki/Mj%C3%B8durt Den som kan lese tysk vil finne ein artikkel som dei kallar excellent om temaet.

Det minna meg om at Olav Holen var i Valle Radio i ei rekke program saman med meg for nokre år sidan. Då fortalde han om urter og medisinske planter. Det var ei glede å høyre på han, han har så mykje interessant å fortelje.

Her er oppskrifta på tre liter mjødurtdrikk:

50 blomekvastar
2 kg sukker
50 g sitronsyre eller vinsyre
2 liter kokande vatn

Hell vatnet over blomar, sukker og syre og lat blandinga stå på ein kjølig stad i 3-5 dagar. Så siler du av og tappar på flasker. Deretter kan det blandast ut etter smak til saft eller med alkohol til likør.

Olav Holen inviterer folk til å kome til fjells og ha ferie i Holskrone, som er den restaurerte garden som vart flytt frå Holen før garden vart lagt under vatn. I ferien kan ein få ei oppleving med natur og urter i ulike samanhengar.

Den tyske wikipedieteksten skriv om at ein kan bruke mjødurt til te, ein kan og spise røtter og skot av planten. Ein kan og lage sorbet av safta, som lindrar mot halsbrann. Mjødurt er lite brukt i tysk kjøkken, men framleis i bruk i fransk og belgisk kjøkken, Om ein legg mjødurt i fløte, får den smak av honning og mandel. Det har og vore brukt til duft, dronning Elizabeth I likte denne dufta svært godt, fortel den tyske artikkelen, som og nemner at det er ein gamal medisinplante. På den tida vart mjødurt klassifisert som spirea, og legemidlet ein laga av acetyl og spirea vart inspirasjonskjelde til Aspirin, som dei fleste av oss nok har nytta i form av Globoid ein eller annnan gong i livet.

Kommunen informerer haust 2008

Valle kommune var tidleg ute med oversikt over kven som skal ha ansvar for Kommunen informerer i haust. Jorunn Tveiten skriv i følgeskrivet: Vedlagt vil de finne oversikt over “Kommunen informerer” hausten 08. Det står oss alle fritt til å bytte dagar, men me må gje melding til Harald Haugland.

Dato “Kommunen informerer”

03.09 Rådmann
10.09 Utvikling
17.09 Pleie og omsorg
24.09 Kommunestyremøte
01.10 Bygg eigedom og anlegg
08.10 Velkomstsenter
15.10 Valle skule
22.10 Kommunestyremøte
29.10 Økonomi
05.11 Hylestad skule
12.11 Kulturdrift
19.11 Sosial og arbeid
26.11 Kommunestyremøte
03.12 Driftsjef
10.12 Pleie og omsorg
17.12 Kommunestyremøte

Hyttebok

I Valle Radio har vi no skrive ut to hyttebøker eller gjestebøker, som vi likar å kalle dei, uansett kva som står på framsida. Kvar sendekveld prøver vi å hugse at gjester skal signere, nokre skriv helsingar og nokre gløymer vi å få med. Men totalt sett har vi no skrive ut to slike bøker. Dei er blitt ei sjeldan kjelde til informasjon om livet i radioen heilt frå vi starta til no.

Etter kvart har dei utvikla seg frå enkle samlingar av underskrifter til folk som har vore med. No kan ein og finne programmet, klypt ut av Setesdølen, og avisomtale av folk som har vore i radioen eller tema vi har hatt oppe. Ikkje minst har Britta Lise vore flink til å finne relevante bilete og lime dei inn, nesten kvar veke har ho teke boka med seg heim for å få på plass det som trengst.

Når boka vert pynta og utvikla sli, vert folk som sit og ventar på å få kome inn i studio ofte sitjande å bla i den og bruke den som hjelp for minnet til å hugse ting som har vore oppe i radioen. Minnet er ofte noko skrøpeleg, og meir enn ein gong har vi blitt overraska over å alt som har vore oppe som tema i radioen.

I samband med påska i år gjekk Statsarkivet i Stavanger ut og ville at folk skulle levere inn hyttebøkene sine. Tanken var at folk burde hugse på å arkivere dei når dei selde hytta, slik at hyttebøkene ikkje vart søppel og skrot, men vart tekne vare på og sidan kunne vere ei kjelde til informasjon som etnologar kunne bruke i framtida. Alt no har innsamla hyttebøker kunna brukast slik, mellom anna som kjelde til informasjon om vèr og ferieliv. Det vert fortalt at det var ei hyttebok som Dagens Næringsliv fekk tak i som var kjelde for avsløringa av hemmeleg konto i Sveits som førte til at ordføraren i Oslo måtte gå av i 2007.

I dag skreiv eg om Hyttebok på wikipedia. Du kan lese artikkelen her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hyttebok

Vi treng meir stoff om Valle på wikipedia

I dag har vi knapt 80 av knapt 173.500 artiklar med Valle-relatert stoff på bokmålswikipedia. 20 av desse gjeld folk frå Valle, 60 gjeld ulike saker som er naturleg å knytte til kommunen. Wikipedia har eit slikt system at folk skriv om det dei har lyst til, og då vert det mange område som vert dekka grundig, men nokre får ikkje så god dekning. Annleis ville det ha vore om arbeidet med nettleksikonet fylgde ein plan. Då kunne ein lage ei liste over omgrep som måtte dekkast. No går det etter innfallsmetoden, det betyr at i dei neste tre vekene vil Tour de France bli godt dekt. http://no.wikipedia.org/wiki/Tour_de_France_2008

Om du går inn på http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle, kan du sjå kva som er dekt. Ta ein titt på det og send meg ein mail om du saknar noko. Så skal eg prøve å sjå om eg kan få skrive nokre Valle-artiklar i tida framover.

Det vart ein i dag. Den finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Far%C3%A5ne Eg skulle jo gjerne ha visst litt meir når det gjeld fakta, til dømes om kor stort nedslagsfelt elva har, fallhøgde frå Myklevatn til Otra nede i dalen, og andre slike tekniske ting. Men også anna stoff er interessant å få høyre om. Send meg ein epost, så kan vi ha ein liten dugnad i lag.