Kategoriarkiv: Ymse

Salmer til alle tider

Dette programmet er eit populært program sundagskvelden litt over klokka 22. Helge Gudmundsen i P1 har fått brev frå lyttarar som vil høyre ulike salmer. I kveld var det

Navnet Jesus (Sigvart Dagsland),
Jesus det eneste (Sunnmøre kristelege mannskor),
Å være din (Steinar Albrigtsen),
Doggdråpen (Gunstein Draugedalen),
Du får koma til Jesus (Espen Samuelsen) og
Hitinntil Herren har hjulpet så vel (Marianne Juvik Sæbø)

som gledde oss med ord og tonar. Salmene er slitesterke tekstar som mange finn glede i. Nokre av dei har fått artiklar på Wikipedia og:
http://no.wikipedia.org/wiki/Navnet_Jesus_blekner_aldri
http://no.wikisource.org/wiki/Jesus,_det_eneste

Sjå http://www.nrk.no/programmer/radio/andakten/1.6125507 for meir informasjon om programmet. Meir enn dette rekk eg ikkje å skrive i kveld. Men du kan jo leite fram ei plate med nokre av songane og lytte til den når du har lese bloggen og går i gang med arbeidet i dag.

Tveitetunet

I år verkar det som om det har blitt satsa ekstra i Tveitetunet, i alle fall om ein skal vurdere etter talet på oppslag i Setesdølen i sommar. Valleutstillinga har hatt mange omtalar. Det starta med skodespelet Sigrid og Bjørgulv av Olav Mosdøl, som vi jo hadde reklame for i radioen framover våren. Sidan har det vore bryllaup i Tveitetunet, og denne helga er det Olsokstemne der.

Eg bladde i avisa og las artikkelen om det populære “bryllaupet”, der det var oppmarsj av mykje fint folk i sommarvarmen. Dette var same helga som eg var i bryllup, i Brevik var det nærare 30 varmegrader og gjestene der var glade dei hadde bestemt seg for ikkje å bruke bunad. Å sjå brurefylgjet på Tveitetunet i daleklede var flott, men eg hadde medynk med dei, der dei kom i full mundur, Tor Espen Helle, som var brudgom hadde til og med Setesdalskofte på seg i solsteiken.

Eg var på Setesdalsmuseet i vår då boka om bunad av Aagot Noss vart presentert. Då kledde dei opp ei brur, og eg såg alt ho hadde på seg, Om Birgit Anette Helle hadde like mykje på seg, var det nok varmt for henne og. Og spelemannen Hallvard T. Bjørgum måtte få seg eigen solparasoll for å ha litt skugge under spelet.

Men det er jo flott at dei syner tradisjonane. Flott er det og at Valleutstillinga og museet på Tveitetunet får presseomtale og mange gjester. Årets olsokstemne fortener og godt oppmøte. Ta turen i morgon.

Bred dina vida vingar

Så skriv me august, ny månad, nye utfordringar.

Siste del av juli vart noko stille på bloggen. Som eg skreiv før var det fem dagars nettpause. I høve til bloggen utvida eg pausen med eit par dagar. Men no er eg tilbake for å skrive litt her.

Sist fredag var eg i Brevik kyrkje. http://no.wikipedia.org/wiki/Brevik_kirke Det var konsert i høve bryllupet til Stein og Margunn, og dei hadde fått vener til å stille opp med eit variert program. Varmt vér og venlege vener gjorde det til ei oppleving. Etter at alle aktørane på ulike måtar i eit svært variert tonespråk hadde gjeve sine bidrag, her var alt frå klassisk orgelspel til rivande jazz, runda dei det heile av med Bred dina vida vingar, der alle musikarane spelte saman, og publikum var med i den gamle kveldsbøna. Eg måtte tenke på alle gongene vi har brukt nettopp den melodien i Valle Radio, som regel med Carola som songar.

Her finn du artikkel om songen på svensk wikipedia. http://sv.wikipedia.org/wiki/Bred_dina_vida_vingar
Det er og ein artikkel på norsk: http://no.wikipedia.org/wiki/Bred_dina_vida_vingar

Og her er den svenske teksten:

1.
Bred dina vida vingar,
o Jesus, över mig,
och låt mig stilla vila
i ve och väl hos dig.
Bliv du min ro, min starkhet,
min visdom och mitt råd,
och låt mig alla dagar
få leva av din nåd.

2.
Förlåt mig alla synder
och två mig i ditt blod.
Giv mig ett heligt sinne,
en vilja ny och god.
Tag i din vård och hägnad
oss alla, stora, små,
och låt i frid oss åter
till nattens vila gå.

Fem dagars nettpause

Det er lenge sidan eg har vore borte frå Internett i fem dagar, men frå onsdag til no i kveld, var eg utan Internett medan vi var på Sandøya http://no.wikipedia.org/wiki/Sand%C3%B8ya_(i_Breviksfjorden) i Porsgrunn for å feire bryllup for Margunn (ho står som venn på bloggen min). Ho gifta seg med Stein i Eidanger kyrkje laurdag, det var Gaute Rasmussen som var prest og Pieter Leebeek som spela i bryllupet, som vart ei sjeldan oppleving. Margunn og Stein hadde vald Solsangen (Takk gode Gud for alle ting) som fyrste salme, så inngangsmarsjen var ein improvisasjon på denne melodien. Vi gjekk sakte opp kyrkjegolvet og folk fotograferte oss etter alle kunstens reglar før eg gav henne vidare til ein glad og stolt brudgom framme i kyrkja frå 1150, ei av våre eldste kyrkjer. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Eidanger_kirke

Etter viglsa var det båttur på fjorden medan paret var til fotografering, og så var det fest i hagen på Sandøya til dei små timar med 110 til middag og 30 ekstra til kaffe. Før den store dagen var det mykje som skulle riggast og etter festen like mykje som skulle ryddast, så Internett hadde låg prioritet i denne tida. I tillegg var det ein varme som kunne ta motet frå dei fleste, helst ville eg ha funne meg ein stad i skuggen med bris frå havet og kunne fylgje med på trafikken i fjorden, det var mange båtar, både store og små, som gjekk ut og inn. Gasstankarar med slepebåt som sikring, fraktebåtar av ulike storleikar, og så alle fritidsbåtane som gjekk på kryss og tvers i fjorden. Mellom alt dette ferja Oksøy som bindeledd mellom øya og fastlandet, det vart nokre turar med den og.

-Det vert dyrt for deg, dette, sa billettøren då eg for fjerde eller femte gong var på tur med bilen for å hente eller bringe.

-Det er no ikkje kvar helg, svara eg.

Då eg i dag tok turen for siste gong, ønskte han meg god tur heim att.

Anke og klage

I den juridiske verda heiter det anke når ein klagar over at ein dom som har falle, ikkje kan vere rett. Det er fleire klageinstansar, ein dom i tingretten kan ankast til lagretten og ein dom der kan ankast til Høgsterett.

No er det slik at mange opplever ein dom som urett, og difor vil anke nærast automatisk om dei ikkje får medhald. Difor er det etablert eit system slik at ein vurderer om anka skal takast til handsaming aller først. Om ein kjem fram til at handsaming ikkje skal skje, kjem det ikkje opp noko ankesak for retten. Eit slikt system sparer tid og pengar for samfunnet og for dei involverte, sjølv om det kan vere sviande å ikkje få saka opp om ein sjølv er overtydd om at domen er feil.

I saka mellom Toreid og Richter i Bygland, også kalla legesaka av mange, rådmannsaka av andre (truleg etter kva standpunkt ein har til aktørane), som var omtalt i Setesdølen i går, hadde Toreid ein kommentar til at saka er avvist av lagmannsretten som etter mi meining var ganske slåande, han meinte at no sparte motparten pengar som ein ny runde i rettsapparatet ville koste.

Det er vel noko slikt som vert dekka av uttrykket: Å kaste gode pengar etter dårlege. Det kan ein gjere på mange måtar, til dømes ved å reparere på ein mandagsbil i staden for å kjøpe ny. Uttrykket vart ofte brukt i samband med dei som svarar på brev frå Nigeria-mafiaen om at dei skal få ein stor sum for å hjelpe til med å føre pengar ut av Nigeria, dei må bare fyrst betale inn eit beløp som syner at dei har ein bank-konto det kan gjerast på, og så kjem nye krav, heile tida med lovnad om stor gevinst. Dei som går på agnet, kastar fort gode pengar etter dårlege, det vil seie pengar som alt er tapte.

I Setesdølen i går var det ei anna sak. Då vart det kalla klage, og driftssjef Ingvar Nes lurte på om det var rett til å klage på saka som Uppstad Transport og Anlegg hadde reist i samband med bygging av bru til skianlegget på Furestøyl. For om det ikkje er klagerett, kan ein ikkje klage.

I våre dagar er klagerett blitt noko som nærast skal vere aktuelt i alle saker. Sjølv når ein får innvilga det ein har søkt om, sluttar brevet frå offentleg instans med at ein kan klage på vedtaket, det synest eg og mange med meg er tåpeleg å ha med i eit brev, kvifor skulle ein klage på at ein har fått det ein søkte om?, så i slike tilfelle burde svarbrevet ikkje ha klageavsnitt, etter mi meining.

Av og til får ein vere nøgd med situasjonen som den er, droppe klaginga og seie takk for livet. Det gjorde Arja Saijonmaa http://sv.wikipedia.org/wiki/Arja_Saijonmaa i songen Jag vil tacka livet:

Jag vill tacka livet
som gett mig så mycket.
Det gav mig två ögon
och när jag dem öppnar
kan jag klart urskilja
det svarta från det vita
och högt där uppe
himlens mantel strödd med stjärnor.

http://www.cancioneros.com/nc.php?NM=685&ID=10

Levande musikk

Valle Radio spelar mykje hermetisk musikk, og det er bra med god musikk når ein køyrer eller lyttar til radio. Men det er noko anna med levande musikk, og i kveld fekk eg oppleve det i Harkmark kyrkje, som er ei 395 år gamal trekyrkje i sjøkanten aust for Mandal. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Harkmark_kirke

Dei som stod for konserten hadde sett saman eit vakkert program for obo og piano, eller for instrumenta solo. Ein er jo van med å høyre piano solo, men obo solo er jo ikkje så vanleg. Dei 50 -60 menneska som fylte den vesle kyrkja, fekk ein fin time i sommarkvelden. I artikkelen på wikipedia står det at det er plass til 135, då må dei stua godt i benkene.

Det fyrste stykket vi fekk høyre var Conte Pastorale av Eugène Bozza, fransk komponist som levde frå 1905 til 1991. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Eug%C3%A8ne_Bozza

Så kom to Lieder ohne Worte, songar utan ord: http://en.wikipedia.org/wiki/Songs_without_Words av Felix Mendelssohn, sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Felix_Mendelssohn

Deretter rulla komponistar frå nær fortid opp: Carl Nielsen, Franz Schubert, Antal Doráti, som hadde eit artig stykke for solo obo kalla Grashoppa og mauren, basert på fabelen. Så kom pagodar av Claude Debussy før konserten vart avrunda av Saint-Saëns Sonate for obo og klaver.

Torunn Irene Kristensen og Margrete Moen Birkedal spelte, og det er ei glede å høyre dyktige unge musikarar som kan faget sitt.

Neste veke vert det konsert i kyrkja i Valle, så vidt eg har forstått. Då kjem Pieter Leebeek for å glede folk med musikk på det flotte Steendamorgelet i Valle kyrkje. Det må du ikkje gå glipp av.

Endeleg sommar

Det ser ut til at sommaren endeleg dukkar opp. I alle fall på verkartet, der dei melder sol heile veka i Sør-Norge. For oss er det lovande, det skal vere bryllup til helga i ein hage på Sandøya i Brevik, og då er det ein fordel om veret er godt. I fjor var vi i fire bryllup, det regna i alle saman. Sjølv om ein seier at det er teikn på lukke å få regn i sløret, likar ingen å få så mykje teikn på lukke at ein ser ut som ein drukna katt når ein går frå bilen og inn i kyrkja, eller etterpå.

Så vi kryssar fingrar og vonar at det endeleg vert sommartemperatur og opphald. Komande veke vert difor bloggen noko tilfeldig teken vare på. Det får eg kome tilbake til.

Lokalradio

Eg fekk eit spørsmål i dag: -Er Valle Radio like pludrete som Lindesnes Nærradio?

Det er ikkje så lett å svare ja eller nei på det, for eg høyrer for lite på Lindesnes Nærradio til å kunne vurdere det.

Men spørsmålet gjorde at eg måtte vurdere litt fram og tilbake. Utgangspunktet for spørsmålet var innringingsprogrammet til Lindesnes Nærradio. Det vart fortalt at samtalen mellom den som ringte inn og den som sat i studio var eit framhald på det dei hadde snakka om kvelden før. Men då hadde ikkje lyttaren høyrt på radio, difor visste ikkje lyttaren kva som var bakgrunn for samtalen. Dermed blei det opplevd privat og ikkje særleg god radio.

Eg måtte tenkje gjennom korleis våre Open sending-program verkar. Så langt eg kan vurdere det, prøver alle programleiarane å unngå samtalar av den typen. Vi seier førenamn og etternamn, slik at lyttarane skal vite kven det er som ringer, også når vi kjenner stemmen til dei vi snakkar med. Ettersom det er lenge mellom kvar gong ein programleiar i Valle Radio er på lufta, er det vel bare sporadisk at ein kjem attende til eit gamalt tema utan innleiing og plan.

Innringingsprogram er populære, men det er nok lurt å velje tema med flid. Vi har slike program bare ein gong i veka, og då vert dei ikkje så fort utslitne, etter det eg skjønar, har Lindesnes slike program fleire gonger i veka.

Snart står ein ny sesong for døra. Vi får førebu oss på beste måte til å lage nye gode program i Valle Radio.

Om å gløyme 2

Etter at eg hadde skrive gårsdagens innlegg her på bloggen, gjekk det ikkje mange minutt før eg hadde kommentar i innboksen min. Den fylgjer her, og er av naturlege grunnar på bokmål – den var skriven på det, og då vert den sitert på bokmål:

En kvinne ble nylig diagnostisert med ANK
(Aldersbetinget Nedsettelse av Korttidsminnet).

Hun forteller at slik er symptomene: Jeg bestemte meg for å vaske bilen.
På veg ut til garasjen oppdager jeg posten i hallen.
Best å sjekke posten før jeg vasker bilen, sier jeg til meg selv.
Jeg legger bilnøklene på bordet, kaster reklamen i søppeldunken og
oppdager at den trengs å bli tømt.
Derfor legger jeg regningene og et brev med svarblankett på bordet og
bestemmer meg for å tømme søppeldunken først.
Ettersom jeg på vei til søppelcontaineren går forbi en postkasse,

kan jeg like godt poste svarblanketten. Men da behøver jeg en penn.
Mine penner ligger på skrivebordet i arbeidsrommet,

så jeg går dit og finner en flaske juice som jeg begynner å drikke av.

Jeg begynner å lete etter pennen, men først må jeg flytte juicen så at jeg ikke søler på
skrivebordet.
Juicen holder på å bli varm, og bør settes i kjøleskapet.

På vei til kjøkkenet med juicen får jeg øye på en blomst som står på benken.
Blomsten behøver vann, så jeg setter fra meg juicen på bordet.

Da ser jeg mine briller som jeg har lett etter hele formiddagen.

Det er best at jeg legger de på mitt skrivebord, men først skal jeg vanne
blomstene.
Jeg legger brillene på kjøkkenbenken og fyller vannkannen med vann.

Da oppdager jeg plutselig fjernkontrollen til TV`n.

Noen har lagt den på kjøkkenbordet.
I kveld når vi skal se på TV kommer vi til å lete etter kontrollen,

men ingen kommer til å tenke på at den ligger på kjøkkenbordet.
Jeg bør legge den der den skal være, men først skal jeg vanne blomstene.

Jeg heller litt vann i vasen, men det meste havner på gulvet.

Jeg legger tilbake TV-kontrollen på bordet og går for å lete etter en fille.

Så går jeg ut i hallen igjen for å forsøke å komme på hva jeg hadde tenkt å
gjøre.
Ved dagens slutt er bilen fortsatt skitten, svarblanketten har ikke blitt
postet, og det står en flaske med varm juice på benken.

Blomstene er visne, jeg kan ikke finne noen penn, jeg kan ikke finne fjernkontrollen
til TV`n, jeg kan ikke finne mine briller og jeg har ingen aning om hvor
jeg har lagt bilnøklene.
Jeg forsøker komme på hvorfor ingen ting ble gjort av meg idag.

Det er forbløffende for jeg vet at jeg har vært opptatt hele dagen og jeg er
helt FERDIG.

Jeg forstår at dette er et alvorlig problem og jeg skal søke hjelp for det.

Men først må jeg bare sjekke mailen min.
Kan du være så snill å gjøre meg en tjeneste??

Send denne melding til alle som du tror har glede av det, for jeg kan ikke
komme på hvem som jeg allerede har sendt den til……

Minnet kan ein ikkje stole på

Nokre har eit minne som ein elefant, men andre hugsar ikkje frå klokka 12 til middag. Eg er truleg nærare den siste enn den fyrste, for om eg ikkje har noko til å hjelpe på minnet, går ting fort i gløymeboka.

I går kom vi til å snakke om ting som hende på Stokmarknes. Eg reiste derifrå i 1991, men minnet om livet der har bleikna ein del, sjølv om noko framleis sit ganske fast. Grunnen til at vi kom inn på det, var at eg kom til å snakke om ferjekøane på Fiskebøl. http://no.wikipedia.org/wiki/Fiskeb%C3%B8l Dei er no på langt nær så lange som før, for folk køyrer den nye ferjefrie vegen til Lofoten. Då er Melbu blitt ein utkant i Vesterålen, medan staden før var inngangsporten til regionen. http://no.wikipedia.org/wiki/Melbu

I samband med dette kom vi til å snakke om borna våre som gjekk på skule på Stokmarknes og om dei som dei gjekk på skule saman med. Kona mi hugsar slikt, men for meg er det som å snakke om ukjende folk. No er det jo ofte slik at det er mamma som går på foreldremøte, det var det i vårt tilfelle og. http://no.wikipedia.org/wiki/Stokmarknes

Eg let meg stadig imponere over alt ho hugsar og som eg skreiv i gløymeboka for lang tid sidan. Om eg no hadde kome dit ein tur, ville det nok hjelpt til å friske opp minnet. Kanskje kan det verte neste sommar om det legg seg slik til rette.

Ein ting ein ikkje så lett gløymer er det storslegne landskapet og fjellet Møysalen. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/M%C3%B8ysalen Og Hadsel kirke har litt av samme funksjon som en knagg for minnet om år i Vesterålen. http://no.wikipedia.org/wiki/Vester%C3%A5len