Kategoriarkiv: Ymse

Rysstad

Endeleg, vil du kanskje seie, har han skrive om Rysstad på wikipedia. Det var på høg tid, den lenka har lyst raud altfor lenge, men no var den blå. Sjå her: http://no.wikipedia.org/wiki/Rysstad

Men artikkelen er ikkje mykje å skryte av enno, det er i grunnen bare fire linjer for å farge lenka blå. Det fine med wikipedia og med hypertekstar er at ein kan lage lenker mellom ulike tekstar, og Rysstad hadde tolv røde lenker, som plutseleg vart blå:

* Valle (← lenker)
* Stev (← lenker)
* Hylestad kirke (← lenker)
* Torleiv Bjørgum (← lenker)
* Liste over steder i Aust-Agder (← lenker)
* Hans Henrik Holm (← lenker)
* Valle prestegjeld (← lenker)
* Setesdalsmuseet (← lenker)
* Otto Furholt (← lenker)
* De fire årstider (frise) (← lenker)
* Kim André Rysstad (← lenker)
* Faråne (← lenker)

Eit anna søk på wikipedia syner at 35 artiklar har ordet Rysstad i teksten, medan 870 artiklar nemner ordet Valle. Men i det er til dømes Valle Hovin med, så ein må gå inn på kvar einskild artikkel for å få eit korrekt samanlikningsgrunnlag.

Men no er i alle fall lenka blå. Det betyr at du med dette er utfordra til å skrive litt på artikkelen. Det er slik med wikipedia at alle kan vere med og lage dette leksikonet. Dermed kan du skrive inn det du meiner er aktuelt å ta med om staden. Etter kvart vil eg og utvide artikkelen, men om det er nokon som les bloggen, som vil skrive inn litt, hadde det vore flott.

Etter kvart som artikkelen veks, skal eg halde auga med han og sjå kva som kan gjerast for at han kan verte betre.

Sanghelg på Reiårsfossen

I dagens Setesdølen var det eit stykke om sanghelga på Reiårsfossen med Oddvar Høgevoll i spissen. Med seg hadde han fjordingane frå Ryfylke, Brødrene Drivdal frå Moi og så var det kristen song og musikk tre heile dagar til ende.

Det var fjerde året han stod i spissen for dette arrangementet, som starta med teltmøte frå tysdag til torsdag, og som så heldt fram inn i helga, som vart festleg og oppbyggeleg for alle.

Oddvar Høgevoll er ein litt utradisjonell forkynnar sjølv om han står trygt med begge føtene i det gamle evangelium, som han så gjerne syng om. Men songen har ført til at han arrangerer stevne på Longerak så vel som songarrangement på Setesdal Hotell. Plater er det og blitt, den fyrste var vel Oddvar syng Aage, der han framførte songar av Aage Samuelsen. I eit intervju med menighetsbladet i Vennesla fortel han:

-Hadde jeg ikke vært kristen, hadde jeg nok stått på en scene likevel. Gud visste hvorfor han la ned akkurat de evnene i meg, sier evangelisten, som har sansen for countrymusikk med kristne tekster. -Jim Reeves og Bobby Bare. Flott musikk. Jeg spiller en del av deres sanger. I det siste har min barndomsvenn
Knut William Bygland invitert meg til sangstunder Setesdal hotell i Bygland. Det er stort, og da treffer jeg litt andre folk enn på bedehuset, sier mannen som elsket å danse på bygdefestene i Setesdal som ung. Men som sluttet med det da han var 20, etter en kveld hvor tårene rant i Årdal kyrkje. Der og da kjente han evangeliet forandre ham. Bundethet og dårlig samvittighet ble til uendelig fred og frihet.

Countrygospel med Oddvar er populær musikk i Valle Radio. Du får nok høyre han syngje til hausten att.

Fiskeørn – frå Otra eller Florida?

Entusiastane i Fugleforeninga i Setesdal ligg ikkje på latsida sjølv om aktiviteten går litt i bølger. Eit oppslag i Setesdølen syner at dei no har gjort ein jobb saman med miljøvernleiar Hildur Hakås i Evje og Hornnes kommune for å få opp skilt som gjev informasjon om fiskeørn i distriktet. No har dei sett opp skilt om ørna, mellom anna på Evjetun. Fire andre skilt er på austsida av Otra.

Lars Breistøl, som eg har tala med i Valle Radio fleire gonger, fortel om fem par som hekkar i Otra. Han fortel og om korles fuglar som har vorte ringmerka i Setesdal, har blitt funne i Senegal i Vest-Afrika etter kollisjon med fly der. At dei kan halde seg nær flyplassar, fekk eg bekrefta då eg slo opp på wikipedia og leita etter bilete. Du kan gå til denne sida, så får du sjå ei fiskeørn som sit på ein busshaldeplass på Kennedy Space Center http://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Osprey_on_a_peg.jpg

Biletdatabasen til wikipedia har ei rekke bilete av fiskeørn: http://commons.wikimedia.org/wiki/Pandion_haliaetus og norsk wikipedia har ein artikkel om fuglen:
http://no.wikipedia.org/wiki/Fiske%C3%B8rn Det er lenker til ei rekke språkversjonar, og mange av artiklane har flotte bilete.

Då eg såg den tyske artikkelen, oppdaga eg at hovudillustrasjonen der var den same som Setesdølen hadde brukt. Det er eit bilete teke av NASA, det og på Kennedy Space Center, som ligg like ved eit naturreservat.

Biletteksten i Setesdølen for fredag 8. august seier ikkje noko om kor biletet er frå. Difor vil ein lett tru at det er avisa sin fotograf eller Lars Breistøl som har sete nokre timar for å få eit så flott motiv. Men det var det altså ikkje. Eg synest nok at det hadde vore på sin plass å setje Foto: NASA på biletet, slik at ein ikkje lurer lesarane til å tru at det er ei lokal fiskeørn dei ser.

Biletarkivet Commons som wikimedia har oppretta for at alle wikipediaprosjekta skal kunne nytte bilete, har bilete som er frie, og for kommersiell bruk. Difor kan Setesdølen bruke biletet. I USA har dei ein lov som seier at bilete teke for statlege institusjonar, skal vere frie.

Respekt – sykling i OL og hundar i USA

Det står respekt av den innsatsen som vart gjort i dagens sykkelritt i OL. Det var kvinnene som hadde landevegsritt, og det regna slik at for meg som sat og såg på, verka det ufatteleg at dei orka. Nokre fall var det og, eit par av dei havna heilt nede i veggrøfta, som var av betong og sikkert mykje hardare enn grøfter her i landet. som gjerne er jord. Men dei krabba seg opp att og heldt fram, sjølv om nokre etter kvart måtte gje opp rittet.

Det står respekt av dei som syklar frå Kristiansand til Hovden og. Vår teknikar Gudrun Rysstad har gjort det fleire gonger, og ho smiler framleis. For meg som sit ei økt på ergometersykkel og har spinning til klassisk musikk er det ufatteleg korleis det er mogleg for folk å gjennomføre det vi har sett på TV denne helga.

Det handlar om respekt i programmet Hundehviskeren som går på TV-Norge også. Det er mange hundar i USA som har fått eit vanskeleg liv fordi eigarane trur dei er babyar og ikkje har respekt for at det er hundar dei har i huset. Å sjå den hundetrenaren ta hand om slike hundar og gje dei eit nytt liv med 35 hundar til å hjelpe seg med jobben, det var imponerande og lærerikt. Eg vart sitjande og sjå på det og droppa fotballkampen mellom Rosenborg og Molde i kveld, og eg likar alltid å sjå når Rosenborg spelar.

Når vi no går mot eit nytt semester i Valle Radio, har eg respekt for den store oppgåva det er. Dersom nokon av dykk som les dette, har ønske i høve til datoar, det kan jo vere at de skal på tur til USA eller Tyrkia eller Beijing i haust, hadde det vore fint å få ein epost, slik at ein kunne ta omsyn til det når lista vert sett opp.

Første dag i OL

Det er ikkje lett å vere sportsinteressert i ei OL-tid. I dag kunne vi stå opp klokka fem og få med oss landeveissykling med store voner for sykkel-laget vårt. Men det heldt diverre ikkje heilt til mål for Arvesen. I ein SMS til NRK-sporten skreiv Thor Hushovd at han no var omskolert til ein tynn klatrar, underforstått: så han kunne nok klart løypa i Kina. Då var det nok ikkje bare eg som lo.

Men så vart det handball og fotball og stor grunn til å smile for den som likar at det går godt for dei norske. Innimellom fekk vi sjå roing og heat-vinnar Olaf Tufte til semifinalen. Men toppen kom med Alexander Dale Oen, Ny olympisk rekord. I symjing.

Eg fekk ein kommentar frå ein lesar av bloggen som har fått seg 50 tommars TV, truleg kommentar til det eg skreiv om den 42 tommers skjermen i stova vår. Det er ganske så annleis å sjå sport på ein så stor skjerm i høve til det ein var van med før, det var hans erfaring og.

Vonleg er det store opplevingar i vente, og når OL er over og det vert september, startar vi opp att i Valle Radio.

Frå Kina til Rysstad, eller omvendt

Sjølv om Valle Radio ikkje dekker OL i Kina, får eg kommentere opningsseremonien og alt det andre noko. Først var det jo ei glede at fotballjentene slo USA i fotball den fyrste kampen. Det gjorde godt for alle oss i lenestolane heime.

Så kom opningsseremonien, Den var vakker og imponerande på alle måtar, kanskje med unntak av innmarsjen, då. Sjølv om eg hadde lyst til å sjå Norge gå inn, var dei nr. 130, og då hadde middagsluren teke overhand, så det fekk eg ikkje med meg. Men eg såg jo ein del av den då.

Det som imponerte mest var overgangane mellom dei store opptrinna. Det skal godt gjerast å overgå noko slikt som dei bølgande tastatura som laga kinesiske teikn. Men utviklinga vidare synte jo at det var mogleg. Dei høge søylene var spesielt imponerande. Det var i det heile mykje å glede seg over i den framsyninga.

Men i kveld valde eg bort dei aktuelle kanalane og skrudde over på Hour of Power som vert sendt på Gospel Channel klokka 21 kvar kveld i vekedagane (ikkje i helgene) http://www.crystalcathedral.org/ Den har alltid vakker song og eit stort kor og orgel, og eg vart ikkje skuffa i kveld heller. Også der var dei opptekne av Kina, Det var eit intervju med ein organisasjonsleiar som står for utdeling av rullestolar til handikappa kinesarar. Han hadde gjort det godt i business, men hadde funne ut at når ein ikkje trong tene meir, kunne ein gje litt av overskotet for å hjelpe. Han hadde funne ut at det var 83 millionar handikappa i landet, dei får vi jo ikkje sjå på TV ved ein slik opningsseremoni.

Det fekk meg til å tenkje på arbeidet som Misjonsalliansen http://no.wikipedia.org/wiki/Den_Norske_Misjonsallianse har gjort for å hjelpe handikappa på Taiwan etter at dei måtte ut av Kina, og tankane gjekk og til Asbjørn Aavik http://no.wikipedia.org/wiki/Asbj%C3%B8rn_Aavik sine forteljingar frå landet han var blitt så glad i. Framleis engasjerer misjonsarbeidet i Setesdal, jamfør den store jolemessa på Rysstad som samlar inn pengar til arbeid mellom anne for at folk i Kina skal få høyre evangeliet.

Og der kom koplinga til Valle Radio, for kvart år prøver vi å få med noko om jolemessa på Rysstad i sendingane våre. Truleg er dei alt i gang med å planleggje den. Interessen for Kina blir nok ikkje liten etter at OL har halde fokus på landet i nærare tre veker. Kanskje det fører til auka resultat og på jolemessa.

Nomelandsveggen

For den som er i Valle er det vanskeleg å unngå å sjå Nomelandsveggen. Han kneisar på vestsida av Otra og er svært karakteristisk med dei glatte fjellsidene. Midt i veggen finn ein det som kallast Sigden, eit overheng i fjellet som er svært karakteristisk. Sør for dette går skogen leger opp, den deler veggen i ein nordleg og ein sørleg del. I boka Setesdal – Klatring i Sør-Norge finn ein heile 16 klatreruter omtalt på nordsida av Nomelandsveggen. Boka har flotte bilete som syner korleis rutene går. I omtalen heiter det:

Den imponerende og fine Syd-Øst-veggen er dominerende i dens sentrale seksjon, ca. to tredjedeler oppe ved det store shield. På venstre og høyre side finner vi mest friksjonsklatring som starter veldig lett, men som har noen mer eller mindre kjipe sistetaulengder for de med tynne armer. Utmerket fjellkvalitet. For fortsatt å ha det morsomt, spesielt under de naturlige seksjonene av rutene, kreves det et godt øye for å finne den letteste og mest logiske linjen. Som regel renne utløpet fra Fingerdalstjørni ned langs midten av veggen. I de tørre somrene når det ikke renne vann fra vannet, går Direkter Wasserstreifen opp vannlinen. Øhh, det gjør den for så vidt også når det er vått.

Boka fortel så historien til nokre av rutene i Nomelandsfjellet og seier at dei vart etablerte i 1979. Sidan alle rutene var naturlege og kommunikasjonen mellom klatrarane ikkje var så god, er det mange som meiner at dei klatra ei rute første gongen, og så fekk dei seinare vite at andre hadde gjort turen i same ruta før. Truleg var første klatring opp Nomelandsveggen ein gong på 1960-talet.

Eg veit ikkje om det har vore mykje klatring i Nomelandsveggen i sommar, men det er eit fascinerande fjell både med og utan klatrarar som heng i veggen.

Vatn 2

Etter å ha sett på TV korleis vatnet herja i Oltedal, kom eg på at eg kan skrive ein bloggpost til om vatn. Oltedal har hatt sitt i sommar, Dei tre som døydde i ulukka i campingbussen i Kvinesdal, kom frå bygda ein køyrer gjennom på veg frå Valle til Ålgård.

Det er jo ein tur eg har teke mange gonger etter kvart, og eg har undra meg over at det så ofte regnar i den indre delen av Gjesdal kommune. http://no.wikipedia.org/wiki/Gjesdal_kommune Det kan vere sol og fint ver når vi dreg frå Setesdal, men når vi kjem til Hunnedalen, http://no.wikipedia.org/wiki/Frafjordheiene
dukkar det ofte opp ei byge. Når vi så kjem ut på Jæren, er det sol og finver att.

Ein av lesarane på bloggen som ofte gjev meg tilbakemelding (i epost, ikkje i kommentar) fortel at helga på Jæren var prega av lyn og torever. Likevel klarte ho å sykle vel fem mil sundag, utan å verte våt. No var vi på Ålgård i helga, og akkurat då folk skulle gå til gudstenesta, kom det ei regnbyge som var av det uvanleg kraftige slaget.

Denne helga var det UL (Ungdommens Landsmøte) http://no.wikipedia.org/wiki/NLM#Ungdomsarbeid i Kongeparken. http://no.wikipedia.org/wiki/Kongeparken Det var planen at tivoliet i Kongeparken skulle vere ope for deltakarane frå klokka 24 til 03, då arrangementet skulle markere slutten med eit stort fyrverkeri. Eg veit ikkje korleis det gjekk, då vi la oss ved midnatt, ausa det ned og då pleier tivoliet å stengje, ingen likar å køyre karusell i regnver.

Vatn

I samband med ulukka på K2, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Klatreulykken_p%C3%A5_K2_august_2008 fortalde media at ein må drikke svært mykje når ein er på slike strevsomme turar. Ein liter ekstra for kvar tusen meter opp, det betyr at dei måtte drikke mllom åtte og ni liter vatn. Vatnet måtte dei smelte frå snø og is, så ein kan førestille seg at det måtte vere ganske strabasiøst å kome seg opp til toppen av fjellet.

Det er tydeleg å sjå ein trend i at folk drikk meir vatn. I Valle Radio syner det seg mellom anna i kva for mineralvatn (les brus) som går fyrst. Aller fyrst går Farris og Bris og slike vassflasker, så går PepsiMax og ColaZero, FantaFree og kva dei no heiter, alle saman. Og når alt det er drukke opp, så står sukkerhaldig brus framleis i kassane. Kanskje ein til og med får påfyll av sukkerfritt, og framleis står det sukkerhaldige att.

Kaldt godt vatn frå kjøleskap eller kjelde er ei velsigning. I vår moderne tid står det att ei hestetro ved brua mellom Brevik og Øya http://no.wikipedia.org/wiki/Brevik Då eg gjekk forbi den i sommar, såg eg at det var laga ein drikkefontene der, så det sildra og rant godt vatn, eg veit det, for eg kunne ikkje gå forbi utan å ta ein slurk.

Den minte meg om drikkefontenen vi hadde på folkeskulenskulen for femti år sidan, men den hadde fire små drikkesprutar, og det kunne vere farleg å ta seg ein slurk, for plutseleg kom ein eller annan og slo vatn i ansiktet på den som drakk. Her er eit bilete frå gamle dagar som illusterer det: http://fotofil.no/aspx/ShowImage/OBA0068.aspx

Nordre park i Hønefoss hadde også drikkefontene, men den er teken bort for lenge sidan: http://no.wikipedia.org/wiki/Nordre_park_(H%C3%B8nefoss) I Steinkjer derimot, der har den fått stå: http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/byahalla/index.php?art_id=793

Kva skal ein skrive om?

Når ein sit og funderer på kva ein skal skrive om på bloggen i kveld, og det ikkje dukkar opp noko, då burde ein seie god natt og droppe skrivinga. Men så var det den fikse ideen om at ein helst skulle skrive noko kvar dag, og dermed vil ein gjerne ha noko ned på skjermen likevel.

Men dagen i dag har vore temmeleg tom, eg har vondt i ein fot og har ikkje kome meg ut i det heile tatt. Som regel er det eg som tek turen til butikken, men i dag drog kona til Tilbudsenteret og kjøpte komper på tilbod, 10 kroner pr. kompe er jo nesten innbrotspris. Og då vi hadde fått maten i oss, fortente den vonde foten ein middagskvil, og eg slo lag med han. Ute regna det, så det var liten grunn til å vurdere ein tur ut etter middag.

Då eg stod opp, hadde det slutta å regne, men det var tid for ettermiddagskaffe. Det er triveleg når ein har ferie og kan setje seg ned på ettermiddagen og prate. Underleg at nesten kvar gong ein set seg til bords, ringjer telefonen. I dag hadde den ringt før eg kom meg or senga, så vi hadde fred ved bordet.

Etter kvart drog dagen seg mot fotballkamp mellom Molde og Ålesund på TV2, så eg vart sitjande å sjå på den. Eg funderte på kva eg skulle skrive på bloggen, men på skjermen dukka det ikkje opp noko i det heile. Så gjekk eg til datamaskinen, men den sida eg brukar for å finne interwikilenker på wikipedia hadde fått ein stans, så i staden måtte eg ty til andre ordningar. Det enda opp med at eg importerte den svenske artikkelen om songen Jesus det eneste og omsette den: http://no.wikipedia.org/wiki/Jesus%2C_det_eneste Deretter fann eg stoff om han som skreiv salma, Ole Theodor Moe, som og var den som grunnla Blå Kors, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Ole_Theodor_Moe Dermed kom tanken på kva som skulle på bloggen litt i bakgrunnen, og så nærma klokka seg døgerskifte, utan at eg hadde bestemt kva eg skulle skrive om.

Jaja, det får stå til for denne gongen. I morgon dukkar det sikkert opp noko.