Kategoriarkiv: Ymse

Program for siste veke i februar 2009

Tysdag 24. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Hylestad skule 50 år. Frå jubileumsfeiringa fredag.
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. februar

Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Kommunestyremøte

Tysdagskvelden sender vi opptak frå jubileumsfesten til Hylestad skule. Eg har skrive om det i fleire innlegg før. Med det nye opptakarutstyret gjorde Ørnulf Hasla opptak frå heile arrangementet, i tillegg til at han laga nokre intervju. Ettersom det er kommunestyremøte onsdagskvelden, sender eg det tysdagskvelden, så det ikkje skal bli for gammalt før det går på lufta.

Då eg ikkje veit heilt sikkert kor langt programmet vert, har eg sett av to timar frå klokka 18:30 til 20:30 til dette. Om det vert mindre, får vi fylle det med noko anna, det finn du ut om du set på radioen i morgon kveld.

Dyr i vegen

Fædrelandsvennen fokuserte laurdag på dei mange påkjørslane av elg og rådyr som har vore i sommer. De som les bloggen min hugsar kanskje at eg skreiv om dette då Trond Støle var gjest i studio. Han legg ut for til elg, hjort og rådyr, og meinte at det hadde ført til at færre dyr var på vegen i vinter. 2 elgar og 10 – 15 rådyr er påkøyrde i Valle, medan 9 elgar og 11 rådyr har måtta bøte med livet i Bykle.

Valle Radio sin medarbeidar Bjørgulv T. Berg var avbilda der han sette opp elgskilt og lykt for å varsle om den store elgfaren.

Sjølv har eg opplevd å vere nære på å ta rådyr mellom Byglandsfjord og Bygland når eg kjører opp dalen om kvelden eller tidleg morgon, men til no i vinter har eg klart å unngå å treffe dei. Men ein er nøydd til å halde augo opne. Ein kveld stod det ein elg sør for Skomedal og ville over vegen, men den snudde då eg kom. Men ein tenkjer på det når ein er på vegen.

Det er kanskje noko drastisk å gjere som Trond Støle, men når dyra slepp å gå på vegen for å få mat, er det sikrare for alle partar. Så kanskje kunne ein gå over til å slå gras for å fore hjortedyr i staden for sauer. Kulturlandskapet vart halde ope, og trafikkulukkene gjekk ned.

Hylestad skule – fest

Femtiårsfesten for Hylestad skule vart ein strålande suksess. Det starta klokka 15, eg kom dit om lag klokka 17, ein time før programmet skulle starte. Men eg hadde store problem med å finne parkeringsplass og måtte køyre opp bak Soknehuset og parkere utanfor Heddistoga. Då eg kom inn, var det kø ut i gangen for å kome til og få kjøpt seg noko å bite i. Nydeleg suppe og eplekake (potetkake for dei som ikkje kjenner lokalt namn) det gjekk unna, men grytene på kjøkken var store.

Eg fann meg plass med Knut Brokke, som sat der saman med Anny og sonen Tor. Me fekk ein triveleg prat, Knut skulle kåsere om korleis skulen var i Hylestad før 1958. Sjølv hadde han gått to år på Hylestad skule, det var i den tida det var framhaldskule der. Han ville gjerne lære engelsk før han drog vidare på skule.

Halv seks tok folk til å gå frå matsalen for å få plass oppe i festsalen, som etter kvart var stuvfull og vel så det. Eg prata med Elise Marie Kringen, som fortalde at det var 200 stolar på Soknehuset, men at dei hadde teke med 50 frå skulen. Alle var fulle, og folk sto langs veggene då noverande elevar dirigert av Ragnhild Nomeland slo til med ein rap til å begynne med. Så song vi songen eg hadde dikta, og deretter tok Leonhard Jansen over som festleiar, noko han hadde vore då dei feira 30-årsjubileum i 1988. Elise Marie var rektor då og, men ho har gjort mykje i mellomtida før ho kom attende som rektor for eit par år sidan. Fleire gamle rektorar hadde møtt opp, Astrid Opdahl Knudsen, Vidar Lunden, Andres Helle. Sjølv har eg og vore rektor der eit år, i tillegg til at eg dei fleste av åra mine i Valle var næraste nabo til skulen.

Andres Helle heldt ein glimrande festtale. Ut av ei gamal skuleveske han hadde med på talarstolen drog han ut mange gamle effektar i løpet av talen, og jubelen sto i taket då han las frå Love eller Romantikk frå 1958. Det var og munnharpespel ved Sigurd Brokke og Folke Åmlid før Knut Brokke slapp til med sitt innlegg. Så var det matpause, og etter pausen var det musikk og leikarring av gamle elevar som Hallvard T. Bjørgum og Birgit og Tor Espen Helle.

Men før festen var slutt klarte eg å lirke bilen ut på Riksveg 9 og legge nasen mot helg i Mandal.

Hylestad skule – song

Onsdagskvelden var rektor Elise Marie Kringen i studio og fortalde om jubileet som skal markerast i dag. Det var i 1958 det starta, då var skulen ny. Men festen er i dag, den begynte klokka 15 og skal gå til 21. Dei fyrste tre timane er det utstillingar og kafe, men klokka 18 vert det jubileumsprogram. Alle elevane stiller i røde t-skjorter med logo, det er musikk og tale og sang og dans på Hylestad soknehus i dag.

Sjølv hadde eg eit år som rektor der på skulen for nokre år tilbake. Det var eit interessant år som eg er takksam for å ha fått opplevd. Den gjengen av lærarar som jobba på skulen, var det ei oppleving å verte kjent med.

Songen

Her er songen eg skreiv til festen:

Melodi: Jeg gikk en tur på stien

På Nomeland ligg skulen så rød og flott og fin
No femti år den fyller, den gamle skulen min

Refreng:
Stem i, syng med, ein song for skulen vår.
Så fin /og flott /den tett ved vegen står.

Heilt ny i femtiåtte, i gamle Hylestad
då var det folkeskule, og framhaldskule bra.

Men skulen den har vakse, som heilt naturleg er.
Den fekk sin eigen gymsal, den likar vi er her.

Og sidan fekk den fleire rom, den heilt fornya vart
Så god ein plass for borna, som finn på mykje rart.

Her kan ein sparke fotball, her kan ein gå på ski,
den kjære barneskulen, sju år går fort forbi.

Her ung og gammal trener, her trivest folk så godt,
eit hus for heile bygda er skulen vi har fått.

Her lærer folk å lese og rekning høyrer til
elevar syng på engelsk og møter folk med smil.

Vår gamle gode skule, den vil vi gjerne ha,
dei neste femti åra, det trur vi skal bli bra.

No skal eg ta ein tur på festen og få høyre meir om skulen og dei som arbeider der i dag.

23 karenarar i Valle

For vel eit par veker sidan kom 15 karenarar til Valle, så no er vi oppe i 23. Dei fyrste som kom, kom i mai for snart to år sidan. Dei har funne seg godt til rette i bygda vår. Dei bur i Leite og har etter kvart fått mange vikariat innan reinhald for kommunen.

To familiar på til saman 15 personar skulle kome til Valle sist i november. Men det høvde seg slik at akkurat då dei skulle dra frå Bangkok, starta det med politiske protestar der, så flyplassen vart stengd. Det førte til at dei måtte vente i to månader, men sist januar kom dei til Kjevik og vidare til Valle i sprengkulde, det var i den perioden vi hadde minus 20 grader. Dei kom frå pluss 30, så det var litt av ein overgang.

Etter eit par veker med formelle ting som måtte ordnast, starta dei på norskopplæring denne veka. Og i går kveld var det velkomstfest for dei i regi av diakoniutvalet. Prostidiakon Per Emnauelsen leia arrangementet på Menighetshuset, det var song og velkomsthelsingar frå ordførar, prest, vaksenopplæring og sundagsskule. Eg visste ikkje at Per kunne spele munnspel, men han gav oss nokre nydelege, vare tonar. Det inspirerte PeKa, som har vore her halvanna år, til å syngje saman med han, det vart reint andakt då han song Hvilken venn vi har i Jesus på karensk til tonefylgje av Per.

Sjølvsagt var det noko å bite i, Astrid Nomeland i diakoniutvalet stod for det, saman med dei andre i utvalet.

Dei fyrste karenske flyktningane kom frå Mae La, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Mae_La

Dei andre kom frå Tham Hin, som er leiren som ligg nærast Bangkok. Sjå http://www.unhcr.org/publ/PUBL/3da150087.pdf

Ein av dei som kom her, takka så mykje for at dei fekk kome og sa dei gledde seg over å vere her. Htoo Thaw omsette for oss, det var god hjelp. Han og Naw Si har no fått jobbar som tospråklege assistentar i skule og barnehage i samband med mottaket.

Program veke 8 2009

Tysdag 17. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Kurt Hjemdal
18:30 Setesdal syng
19:05 Tysdagsmagasin
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer musikk frå tysk renessanse og tidleg barokk
21:00 Kyrkjebakken.

Denne kvelden fekk eg god hjelp av Reidar Trydal til å kome på lufta. Tusen takk. Då eg skulle logge på, var P4 borte, og då eg logga av, kom ikkje P4 tilbake. Kva som er galt, kunne han ikkje finne ut, for han var i Arendal og måtte ordne opp derifrå. Det betydde at eg ikkje kom på lufta før 18:30, så programmet vart noko amputert, men eg er glad at det vart sending, sjølv om ho ikkje vart som eg hadde tenkt.

Onsdag 18. februar

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Olav Kn. Rike
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18:00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
19:00 Kommunen informerer. NAV
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Vi møter snøscooterforhandlarane i Valle
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Telefon 379 37577
Høyr på http://www.valleradio.com
Send epost til post@valleradio.com

Setesdal syng

I dette programmet hadde eg funne sang og musikk av folk frå eller med tilknytning til Setesdal.

1. Å at jeg kunne
Her syng Kirsten Bråten Berg til tonefylgje av Hallvard T. Bjørgum. Melodien er folketone frå Setesdal. Plata heiter Runarstreng.

2. Setesdal
Birgit Rike Lund syng nokre stev av Jon Bjørgulvsson Rysstad. Det er frå plata med Rosur Raude

3. Eg såg ein Kristi pilgrim
Birgit Rike Lund, Eilert Hægeland og Gunnar Stubseid frå same plata.

4. Fjelli heime
5. Fjellbekken
Anne Karin Kaasa på plata Svalande vind. Begge tekstane er av Ragnar Kaasa.

6. Hos Gud er alltid gleda
Gruppa Vintermåne som består av Anne Gravir Klykken, Frøydis Grorud og Torjus Vierli har denne på plate med melodi omarbeida i Setesdalstradisjon av Kirsten Bråten Berg.

7. God morgon
8. Gardevisa
9. Stev
10. Krossen er min sæle løyndom
Desse fire songane var av Gunnhild Tømmerås, ho hadde lært dei av Torbjørg Aamlid Paus.

Dei fem fyrste songane var frå plater i arkivet til Valle Radio. Dei fem siste var frå Valle folkebibliotek, som har ei stor samling av plater ein kan få låne.

Tema Setesdal syng kan ein byggje vidare på. Eg trur nok det vert fleire program etter kvart.

Tid for song

I fleire år har eg hatt ein tanke om å lage eit program med song frå hei til hav. I morgon vil eg gjennomføre det. Eg har kalla programmet Setesdal syng og vil finne noko musikk frå ulike personar.

Det har slått meg at det er mykje song i Setesdal. Mange musikarar og songarar har til og med gjeve ut plater og slik teke vare på songen. Eg har ikkje bestemt kva som skal kome i programmet enno, eg finn platene i studio når eg kjem i radioen i morgon.

Men det er mange songarar ein kunne nytte opptak av. Kirsten Bråten Berg og Anne Karin Kaasa er vel dei to mest kjende, men Birgit Rike Lund, Kim André Rysstad og Setesdal Roots Band kan og trekkjast inn. Om vi går til kasettar, så har vi Eivind S. Berg, og om vi tek med amatøropptak, så har vi noko av den typen og i radioen.

Det er jo mest tradisjonell song vi finn i denne samanhengen. Ulike typar viser, stev og salmer kan ein finne opptak av. Så det skulle ikkje vere så stort problem å fylle den halve timen eg har sett av til dette programmet. Kan hende inspirerer det meg til å lage fleire slike program.

Når kommunen ikkje dukkar opp – Regjeringa sin tiltakspakke

For det meste fungerer lista over Kommunen informerer, men eg skal ikkje stikke under stolen at nokre gonger fungerer det ikkje. Det er leiar for Velkomstsenteret, Jorunn Tveiten som lagar lista på vegner av rådmannen. Ho har fortald meg at ho har ein heil jobb med å minne folk om at det er deira tur til å gå i radioen.

Onsdag var ein dag då ingen dukka opp. Det var møte i formannskapet og mange var opptekne med å skulle gjere greie for aktuelle saker for politikarane. Det var Bygg, eigedom og anlegg som stod på lista, og etter det eg høyrde frå Torhild, som var teknikar denne kvelden, hadde dei tala om korleis dei skulle løyse det at dei hadde in halv time frå 19:00 til 19:30 å dekke i radioen.

Då ingen dukka opp, valde eg å lese frå formannskapspapira. Her er vedtaket som formannskapet gjorde i saka om disponering av Regjeringa sin tiltakspakke, der rådmannen hadde innstilt på at ein kunne nytte ein million ekstra kroner til ulike oppgåver i kommunen. I møtet kom det opp fleire gode tiltak som vart plussa på, slik at samla sum var 1.262.000. Dei to nye tiltaka var lys i Åsan grendefelt, kr. 100.000, som var etter forslag frå ordføraren. Det andre var 162.000 ekstra til opprusting av Hylestad barnehage, som alt var inne med 100.000 på rådmannen sitt forslag. Dermed vart det ikkje noko att til å setje på fond, og vedtaket ser då slik ut:

Formannskapet vedtek å bruke kr. 1.262.000,- av regjeringas tiltakspakke til fylgjande tiltak:
1. Rehabilitering av ein omsorgsbustad i Leite, 400.000,-
2. Forlenging av eksisterande vassleidning på Helle, 200.000,-
3. Gymsal Hylestad – rehabilitering og vedlikehald av garderobar, 100.000,-
4. Hylestad barnehage, tilbygg mm. 262.000,-
5. Kommunale vegar – vedlikehald, grøftereinsk mm. 200.000,-
6. Ljos i Åsan (I), 100.000,-

Hjortedyr som husdyr

I programmet for onsdagskvelden stod det at Trond Støle skulle spele musikk frå klokka 20 til 21. Det var jo litt av kvart, eg hadde gleda av å få vere med han i studio, og vi snakka om mange ting, mellom anna om at han legg ut rundballar med for til hjort, elg og rådyr. Det er spisetid for hjort i kveldinga, medan elg og rådyr gjerne kan vere innom midt på dagen.

Når det er så kaldt som det har vore no, brukar dyra minst mogleg energi, så dei held seg stille det meste av tida. Men dei må jo ut etter mat, og av og til ser ein dei frå vegen eller på vegen. Er ein uheldig, så får ein dei på panseret, det er ikkje å trakte etter. Tron fortalde at han trudde foring heldt dyr borte frå vegen. -Å oppleve at dei står bare 10 meter frå deg medan du legg ut ein ny rundballe, er ganske spesielt og ei stor naturoppleving, sa han.

Det meste han spelte var norsk musikk, variert var det i alle fall. Han tok ein runde i hylla og plukka litt av kvart, og så gjekk praten om laust og fast. Ein av melodiane var at songaren ville dra til Italia, så eg spurde om han hadde vore der. Det hadde han ikkje, men han fortalde frå 18 månader på skip i ungdommen. Det hadde gjort at han hadde vore mange plasser rundt om i verda.

Vi var og innom Miljøfyrtårn og arbeidet med å sertifisere alle einingar i Valle kommune, slik at kommunen skal kunne kalle seg miljøfyrtårnkommune. Målet er å få gjort det innan sommaren. Det er eigne krav for ulike deler av kommunen, og kvar eining må gjennom prosessen.

Ein slik time går ganske fort . Om du som les dette har lyst til å vere med på eit slikt program, er det bare å snakke med ein av programleiarane, så ordnar det seg sikkert. Så får du og vere med på å lage underhaldning for lydarane.