Kategoriarkiv: Ymse

OCAS-mast på den nye kraftlinja

Onsdagskvelden hadde eg ein interessant samtale med Morten Mørk. Han er sjef for OCAS, eit selskap som har spesialisert seg på å levere varslingsutstyr for kraftliner.

Bakgrunnen for det var at Planutvalet gjorde dette vedtaket tirsdagskvelden: Planutvalet meiner Statnett må nytte OCAS-varsling i spennet mellom mast M445 og M446. Grunngjevinga er at det er dette som er lagt inn som premiss i konsesjonshandsaminga og som gjev minst visuell forsøpling. Blir masta liggjande utanfor 40-metersbeltet, må det sendast inn byggjesøknad og søknaden blir handsama etter plan- og bygningslova.

Då eg såg dette vedtaket i protokollen, spurde eg David Tharaldsen om kor dette var. Han synte meg eit kart og fortalde at det var på grensa mellom Valle og Bykle, og at begge kommunane gjorde likt vedtak. Det er eit luftspenn på nærare ein halv kilometer mellom to fjelltoppar vest for Trydal.

Etter kvart fekk eg tak i Morten Mørk og vi hadde ein hyggeleg prat. Han fortalde at han hadde bakgrunn som pilot i Forsvaret. År om anna omkom kameratar fordi dei kolliderte med slike spenn. Difor bestemte han og ein kollega seg for å gjere noko med det når dei slutta som pilotar, og i 2000 stifta dei OCAS, som betyr Obstacle Collision Avoidance System. Dette skal erstatte det gamle systemet med blåser som heng på luftspennet, eit system som kan høve for båtar, men som ikkje har nokon særleg virkning for ein pilot. Når ein tenkjer på kor vanskeleg det er å sjå eit stort fly langt borte, kan ein nok og tenkje seg kor vanskeleg det er å sjå slike blåser når ein sit i eit fly. For ikkje å snakke om når det er tåke eller regn.

Difor har dei utvikla eit system som med radar finn ut om eit fly er på kollisjonskurs med lina og som sender varsling til flyet gjennom lys og lyd til sambandet alle fly har. På den måten får dei varsling før det vert farleg. Systemet er sjølvforsynt med straum gjennom solcellepanel. På slutten av samtalen nemnde Morten Mørk og at det i Setesdal hadde vore kravd at mastene skulle kamuflerast best mogleg. Det kunne ein gjere med dette systemet, for ein trong ikkje male mastene i røde og kvite fargar for at dei skulle vere lette å sjå.

Det var ein lærerik og interessant samtale.

Her er lenke til ein artikkel i Teknisk Ukeblad: http://www.tu.no/nyheter/ikt/article52185.ece
Årets ingeniørbragd: http://www.statnett.no/no/Nyheter-og-media/Nyhetsarkiv/Nyhetsarkiv—2007/OCAS-tildelt-pris-for-Arets-Ingeniorbragd/
Og her er heimesida til OCAS: http://new.ocasinc.com/index.cfm

Hylestad skule 50 år

Inneverande skuleår er Hylestad skule 50 år. Det skal markerast med ein stor bygdekveld om ei veke. I går var Henri-Tore Viki i radioen for å fortelje om dette. Då snakka vi om det fine anlegget dei har fått etter kvart. Uteanlegget opp i bakken bak skulen og leikeplassen gjer det veldig triveleg der, og Henri-Tore rosa samarbeidet med ivrige foreldre som stilte opp når det var noko som måtte gjerast.

Jubileumsfeiringa skal starte klokka 15 og gå til klokka 21. Det vert høve til mat og prat og kos, ei utstilling av gamle leiker er planlagt, og difor ville han gjerne få inn gamle leiker frå folk. Det kunne vere traktorar og gravemaskinar eller småbilar eller kva anna som folk har leika med i desse 50 åra.

Vi snakka og om at elevane ikkje har så lett for å førestille seg at skulen er 50 år og skal feire jubileum, men at no i innspurten går det meir opp for dei. Henri-Tore hadde ikkje alle informasjonane, så rektor Elise-Marie kjem neste onsdag for å fortelje meir. Planen er visst at folk som har vore lærarar og rektorar gjennom åra og er inviterte, i tillegg til alle som har gått på skulen. Det kan bli ganske fullt på Soknehuset om alle kjem, det må jo vere mange hundre personar som har tilknytning til bygget i krysset der vegen til Sirdal startar.

At trafikken i tidlegare tider kunne vere sjenerande, hugsar eg godt frå det året eg arbeidde ved skulen. Når ein stor trailer dundra forbi, var det mange som hadde meir lyst til å sjå kven det var, enn til å jobbe med fag i timen. No er klasseroma flytte vekk frå vegen, så den nye Hylestad skule har ikkje det problemet.

Som jubileumsgåve ser det ut til at garderobar og dusjanlegg kan få ei oppussing i løpet av året, ettersom 100.000 kroner frå Regjeringa sin tiltakspakke er tenkt brukt der.

Program for veke 7 – 2009

Tysdag 10. februar
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Kurt Hjemdal
18:30 Tysdagsmagasin med musikk og aktuelt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 11. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

18:00 Aktuell time
Om Hylestad skules 50-årsjubileum. Henri-Tore Viki i studio
Om Planutvalgsvedtaket om kraftlinemerking. David Tharaldsen på telefonen.
Om OCAS, radarmast for å hindre kollisjon mellom fly og kraftline. Morten Mørk på telefonen.
Om Digital kompetanse på biblioteket. Lisbeth D. Homme på telefonen.
19:00 Kommunen informerer. Bygg, eigedom og anlegg
Om Regjeringens tiltakspakke ved Harald Haugland.
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad hadde laga eit opplegg basert på tale av Kari Holmås
20:00 Musikkprogram ved Trond Støle i samtale med Harald Haugland
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike. 102 telefonar på rebusar om Hurtigruta.

Telefon 379 37577

Anne Marie Kvien

Ein av dei mest populære songane i Valle Radio er Sangen til bygda av Anne Marie Kvien. Den er ønska når folk ringjer inn helsingar og er nytta i mange samanhengar. Her er informasjon om songaren og andre songar ho har gjeve ut: http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2006051810362591922178

I 2007 kom ho med ei joleplate: Barnet er født. Informasjon om den finn du på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Barnet_er_f%C3%B8dt Ein av songane der spelte eg i kveld. Anne Marie Kvien brukar den på fleire av platene sine, Sputnik syng den og. Gudny Dahlen og Leif Stangvik. Men kva er det for ein sang?

La meg få tenne et lys er skriven av Bernhard Flies, som var ein tysk lege og ein amatørkomponist fødd i Berlin i 1770. Han er mest kjent for Wiegenlied, som ein før trudde Mozart hadde laga, for han nyttar den i Köchel 350. Den vart bruka i skodespelet Esther av Friedrich Wilhelm Gotter (1746 til 1797). Det er altså Wiegenlied som er melodien til La meg få tenne et lys. Teksten er slik:

La meg få tenne et lys
tenne det bare for deg
farge en verden så grå,
alt hva du vil skal du få.
Ute går natten til ro,
stjernene bygger en bro
over en glitrende vei.

Refreng:
Et lys vil jeg tenne for deg,
et lys for bare deg og meg,
et lys for bare deg og meg.

La meg få tenne et lys,
varme deg om du er kald,
nynne en sang som du kan,
høre deg le lite grann.
Kanskje en kald vinterkveld
over de hvitkledde fjell
ser du en glitrende vei.

Vinterkvelden er kald nok i kveld til at ein slik song kan varme litt i sjela. Eg spelte begge desse songane i kveldens sending som ramme for kåseriet, som var basert på bloggteksten frå i går.

Nye opptakarar

Endeleg har vi fått nye opptakarar, slik at vi kan ut i felten og lage eit opptak for å bruke det i radioen. Det har vore eit sakn ganske lenge, for MD-spelarane vore har vore øydelagde, og det ser ut til at MD er på veg ut som opptakarar på den måten. I staden har det kome utstyr som lagrar på minnebrikker og der ein kan flytte opptaket over på ein PC som ei fil, redigere på det, legge på songar og elles fikse det og gjere klart til sending.

I dag var vi i kommunestyresalen og fekk opplæring av Kjetil Karolis Jore, og han synte oss steg for steg korleis vi skulle gjere. Så no er det tid for å øve sjølv, og så må vi ha ei ny samling om ei stund for å diskutere korleis vi skal få til gode opptak.

Takk til styret i Valle Radio som gav grønt lys for innkjøp av desse opptakarane. Det var ein kostnad, men det var naudsynt no.

Og folk var begeistra.

Triveleg sending til heile dalen

Britta Lise sitt referat frå fredag 6. februar 2009-sendinga til Heile Setesdal:
Hadde nok ei triveleg sending på Valle Radio.
 
Kl 18 Aktuelt m/ Øyvind 
-Torunn Charlotte Lund og Liv Hege Homme fortalte om turen til Stuttgard.
-Vår nye jordmor Solveig Madland kom i studio.
 
Kl 19 Kommunen informerer. m/Valle barnehage
-Astri Viki og Grete Uppstad i studio.
 
Kl 19.30 Tankar frå bibelen.
-Opptak frå prestegjeldsaksjonen i Valle kyrkje sundag 1 februar.
Opptaket starta med at Bjørgulv Sv.Lund og Tallak Hoslemo las teksta for dagen,
Kari Holmås heldt talen.
Til slutt song heile kyrkjelyden salma : Han tek ikkje glansen av livet.
 
Kl 20 Korleis bli journalist.
Opptak frå 2000,der Ole Birger Lien svarer på dette spursmålet og mangt anna.
Når opptaket vart gjordt studera han til journalist i Oslo.
Og sa bl.a at han kunne tenke seg å bli journalist i Setesdølen med tida. 
Dei fleste kjenner vel til at det er nettopp det han er idag.
 
Kl 20.30 Tora Lund les forteljing av Jens Bjelland.
Ho las like levande som alltid.
Kl 20.45 Lokal musikk.
Dei som var med her :
-Ingebjørg Vegestog Homme
-Fjåruven
-Knut K.Jore,Kjetil Lund og Herik Assman
-Tone Rysstad
-Kjetil C.Jore,Åsmund Åmli,Knut Kjetil Møen,Torgrim Juvastøl og Arnfinn Juvastøl
( Dette var eit opptak gjordt i Vallhall kring 1979-81)
-Rolf Erik Homme
 
Kl 21 Opi sending m/ Britta Lise og Ronny
Tema for rebusane var vinterlege syssler og redskap.
I tilknytning til rebusane hadde vi ein tlf.samtale om svaret på rebusen.
Dei vi tala med :
Sigbjørg Næss , Valle IL
http://www.valle-il.no/
Kirsten Leira i Hovden ferie
http://www.hovden.com/
Morten Ree i NOF,Trondheim. Om resultatet av fugletellinga helga 24-25 jan-09
http://www.fuglevennen.no/data/ut/land/natur/ln9/?c=hagefugl
Torgeir Rysstad som brøytte på RV 9
http://no.wikipedia.org/wiki/Riksveg_9
Bjørgulv Bjørgum – (ArcticCat forhandlar) om salg av skoter.
http://www.erling-sande.no/wsp/erlingsande/frontend.cgi?func=catalog.show&table=CATEGORY&func_id=1035
Øystein Moi  – om nettsida moisund.com
Knut Olsen i NRK , sendte helsing til alle lyarane og sa at han veldig gjerne kunne tenke seg å blir dregen på ski etter skoter 🙂 
 http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_Olsen

Hadde også avtala med Knut H.Nomeland og Rolf Erik Homme, som var vakthavande i politiet den kvelden, om å ringe dei opp for å høyre korleis alt stod til langs RV 9,men dei svarte ikkje pr.tlf.
 
Avslutta kvelden ca 00.15 og då hadde vi totalt hatt 310 innringarar + 10 helsingar.
Kruset : Gerd Ruud på Evje
Rosa : Arild Endresen som gav den til Torhild Hodnemyr.
 
TAKK til Øyvind J, Inga F, Solveig R, Ingunn Å.U, Jorunn Helle og Ronny S.
for ein nok ein koseleg kveld i Valle Radio.
Mvh : Britta Lise 🙂
 

Pendling

Vi hadde eit møte i Valle Radio siste veka, og då snakka vi om påskesendingane, mellom anna. På møtet kom det fram at Helge Dahle, som er sett opp til å ha påskesendingane i år og, nettopp hadde reist ut på ein to vekers arbeidsperiode i Nordsjøen att.

Det fekk meg til å tenkje litt på pendling. Det vert eit noko oppstykka liv når ein pendlar. Sjølv har eg dei siste åra vore vekependlar. Kvar veke går turen mellom heimen i Mandal og jobben i Valle. Nokre refleksjonar kring det fylgjer nedanfor.

Sundag kveld set eg meg i bilen for å køyre til Valle. Det er ein triveleg tur. Eg prøver å tilpasse det slik at det meste av Hovden-trafikken er ferdig når eg kjem på Riksveg 9. Og så vil eg gjerne høyre Salmer til alle tider når eg dreg oppover. Som regel vert det ein stopp på Evje for å få ein kopp kaffe før siste del av turen.

Fredag går turen nedover att. Då møter eg ofte ein del av ski-folket på veg til Brokke og Hovden. Men då er det lyst, så det gjer ikkje så mykje. Trafikken er fin og det er sjeldan ein opplever stygge situasjonar.

Men det er ikkje til å unngå at ein av og til tenkjer på at ein må forsake ein del sosiale aktivitetar når ein er pendlar. Sist helg var det prestegjeldsaksjon i Valle, og truleg hadde eg vore der om ikkje pendlinga kom i vegen. Og om eg hadde budd i Mandal heile veka, så kunne eg og kona delteke i saman aktivitetar som no går oss forbi på grunn av pendlinga mi.

Slik vil det vel vere for dei fleste pendlarar.

Fredagskveld til heile Setesdal

Fredag 6. februar 2009

Ansvarleg : Øyvind Jacob og Britta Lise Homme
Tekniker : Inga Flateland
Tlf.vakt : Ingebjørg E.Rysstad,Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuelt m/ Øyvind Jacob
19.00 Kommunen informerer Valle barnehage
19.30 Tankar frå bibelen Tale av Kari Holmås, frå prestegjeldsaksjonen i Valle 2009
20.00 Korleis bli journalist med Ole Birger Lien (tidl.opptak)
20.30 Tora Lund les forteljing av Jens Bjelland
20.45 Lokal musikk
21.00 Opi sending m/ Britta Lise H.og Ronny Stavsholt

Eit anna perspektiv

I samband med Israel sin offensiv i Gaza var det mange innslag i radio og TV med rapportar frå Gaza og korleis situasjonen vart opplevd der.
http://no.wikipedia.org/wiki/Israel%E2%80%93Gaza-konflikten_2008%E2%80%932009

Ein av dei som rapporterte, var legen Mads Gilbert. http://no.wikipedia.org/wiki/Mads_Gilbert Ein annan var Erik Fosse http://no.wikipedia.org/wiki/Erik_Fosse

I sendinga i Valle Radio tysdag fortalde Elisabeth Dramsdahl frå Stavanger om eit anna perspektiv. Ho kunne fortelje om alvorlege psykiske og fysiske skader i befolkninga i Sør-Israel. Dramsdahl er overlege og psykiater i Stavanger, og arbeider no for tida med å hjelpe folk i Sør-Israel som er råka etter rakettnedslag frå Gaza. Ho er leiar for aksjonskomiteen Hjelp flyktningene i Israel og var ein snartur i Stavanger sist veke. Då intervjua Inge Kallestad frå Nytt Liv Media i Stavanger henne.

Ho fortalde at mange av dei skadde palestinarane har komme over grensa til Israel og fleire har fortalt om frykt og redsel for Hamas. Du kan høyre intervjuet om att ved å gå til heimesidene for Nytt Liv Media, http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=614

Elisabeth Dramsdahl er overlege ved Stavanger Universitetssjukehus og ved Dødehavsklinikken i Israel, der norske pasientar kan få behandling for revmatisme og andre plager. Norge IDAG hadde eit intervju med henne om krigen sine konsekvensar på israelsk side: http://www.idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=15773
http://www.idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=15774

Musalaha

I sendinga i går hadde eg eit innslag som var laga av Norea ( http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=5484 ) om forsoningsprosjektet Musalaha. Omgrepet Musalaha er arabisk og tyder forsoning.

Kva skjer dersom ungdom frå Israel og Palestina møtest, tenkte Salim Munayer som er kristen palestiner og samtidig israelsk statsborger. Salim grunnla derfor organisasjonen for 20 år sidan. Med utgangspunkt i Jesu lære om også å elske sine fiendar, tenkte Salim at det må vel gå an å få unge palestinarar og unge israelarar til å møtest, på leir, for å snakke saman og ha det moro saman.

Salim Munayer seier at han ser at både haldningar og handlingar blir endra etter ein leir i Musalaha. Gjennom 20 år har tusenvis av unge opplevd dette. Men for å få til ei samfunnsendring er det behov for at fleire palestinarar og israelarar opplever dette.

Det vil også vere behov for ei endring i sjølve samfunnsstrukturen. Men grunnlaget for alt fredsarbeid er relasjonar, slik at ein kan stole på kvarandre og forhandle med kvarandre, understrekar Salim Munayer.

Sjølv om ungdom frå båe sider møtest og knyter venskapsband, er det nok enno ikkje nok tillit i samfunnet til å bygge freden, seier grunnleggjaren av Musalaha, Salim Munayer.

I programmet møtte vi Raed Hanania frå Betlehem på Vestbreidda som har opplevd å verte audmjuka av israelske soldatar ved passering gjennom sjekkpostane ut og inn av Vestbreidda.

Vi møtte også Sarah Atwood som var 18 år då Intifadaen starta i år 2000 og opplevde at ei venninne vart drepen av ein palestinsk terrorist.

Dette innlegget på bloggen er basert på det Per Ove Stige skreiv om emnet på Norea sine sider. Der kan du og høyre intervjuet om att. Om du vil lese meir om Musalaha, kan du finne ein artikkel på engelsk wikipedia, men det er enno ikkje noko på norsk wikipedia om denne organisasjonen. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Musalaha