Kategoriarkiv: Ymse

"Løft stubbene"

Dette er ein konkurranse på wikipedia som går ut på å utvide stubbar. Stubbar er korte artiklar, kanskje bare eit par linjer. Dei fleste av desse kan utvidast noko, og vi har laga ei liste på 17560 slike korte artiklar som er grunnlaget for konkurransen, som går ut på å få ein artikkel opp til over 1000 bytes, det vil seie 6-7 linjer. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:L%C3%B8ft_stubbene_mars_2009

I vinterferien har eg kost meg med det i periodar. Det har ført meg rundt om i verda, mykje lenger enn om eg skulle dratt på tur. Til å reise på ein slik tur eller kanskje heller slike turar i det som dei kallar ” in real life – IRL” måtte eg brukt meir tid og pengar.

I dag har eg på den måten vore ein tur i Hanstholm i føremiddag og ein tur i Hauge i Dalane i kveld. I føremiddag utvida eg artikkelen Hanstholm fyr, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hanstholm_fyr og i kveld var det artikkelen om Hauge i Dalane, sentrum i Sokndal kommune som fekk litt fleire linjer, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hauge_i_Dalane

Konkurransen starta 1. mars og skal halde på ut månaden. Når ein skriv april, er det slutt. Til no har vel 40 personar løfta knapt 400 artiklar, så om trenden held seg, skulle vi klare å utvide eit par tusen av dei som er på lista.

Å gjere dette er å betre kvaliteten på wikipedia. Målet med nettleksikonet er å bringe kunnskap til folk utan at dei må betale for det. Etter at wikipedia på norsk starta i 2002 og i 2004 vart delt i ei utgåve på nynorsk og ei på bokmål, har bokmålsutgåva no fått 210.000 artiklar, medan nynorsk har vel 46.000. Suksessen til wikipedia har ført til at Store Norske Leksikon no er blitt fritt, før måtte ein abonnere på det, men no kan kven som helst gå inn på nettsidene til leksikonet.

Arbeidet med å utvide wikipedia har blitt gjort av ein del tusen entusiastar, sjølv om den harde kjerna av eldsjeler er om lag 100. Svært mange nye artiklar kjem frå uregistrerte brukarar, vi som er registrerte, brukar ein del tid og krefter på å rydde og fikse, wikifisere kallar vi det. Difor vil du finne eit heilskapleg system når du går til ein artikkel i wikipedia.

Stor stemning

I dag fekk eg epost frå Britta Lise, som fylgde sendinga i Valle Radio onsdagskvelden. Eg let henne fortelje:

Fin sending på radioen igår, men startproblem gjorde til at dei fekk ikkje kome igang før 18.45. (Eg
skriv difor ikkje tidspunkt på programma sia tidspunkt på alle vart forskyva)

-Øyvind ringa opp Jan Wojtazek ,som tala om sikkerheit i alpinbakkar o.l.
-Ingebjørg S.Austenå var i studio og fortalte om temakvelden Valle helselag skal ha om hjarteinfarkt.
Sjå meir om dette i Bygdenytt for mars,som ligg på nettsida til kommunen.

-Elise Marie Kringen kom for kommunen og gav god informasjon om aktuelle saker frå kommunen

-Bjørgulv T.Berg kom og hadde andakt (om den bortkomne sonen)

– Øyvind spila Beatlesmusikk i fleire variantar og tala litt om vinterferie,sikkerheit og rasfare.
Akkurat då han tala om dette så kom det inn melding frå Geir Ola Nomeland, om at det hadde vore ras på Ljom. Heldigvis ingen involvera.

Øyvind ringa også opp Liv Bakke Kvinlog, som fortalde utdjupande om planane med å revitalisere Setesdalslaget i Oslo, Ein idè Sigrid B.Berg hadde teke tak i,og fekk med seg fleire på. Sigurd Helle, tidlegare formann, hadde vorte svært glad dersom laget kjem igong att. Men mykje tyda på det motsatte i 2005,så dei hadde alt gjeve fanen til bygdemuseet. Ei fane dei bruka i 17 mai toget og som visstnok vart laga i 60 åra. Denne hadde jentene planar om å prøve å få tilbake.

Vi får håpe og tru på det,for som ho sa så hadde dei fleste ungdomane Setesdalsbunad, og hadde difor vore fint om dei fekk innpass i 17 mai toget opp Karl Johan.

-Så kom Ronny til Opi sending. Dei han skulle hatt med seg i studio var blitt sjuke, så han vart åleine. Men det skulle ein ikkje tru, for liv vart det !! 🙂

Dessutan har han sagt at han ikkje er god til å lage rebusar, no blir det ei påstand eg ikkje kjem til å tru på lenger 🙂 Mange hyttefolk som ringa inn,så det vart mest ei slags påskestemning i radioen.
Kruset gjekk til Kaja Sannes og Rosa til Elin Uppstad , som gav den til læraren sin Marianne Solbakk.

Marcel Tidje skulle lærast opp som teknikar ihop med Torleiv Soltun, men han hoppa rett i det, og styrte spakene på imponerande vis heile kvelden. Veit ikkje kven som var tlf.vakter denne kvelden.
Sjølv var eg på jobb,så dersom eg ikkje har fått med alt her, er det av den grunn. Men nok ein morosam og koseleg kveld frå Valle Radioen vart det.

Ha ein fortsatt god vinterferie og velkomen oppatt til oss!
blise:)

Gjev meg handa di, ven

Denne songen av Sondre Bratland er populær i Valle Radio, både når han syng den og når Anne Karin Kaasa syng den. I kveld song eg den på Mandal Sykehjem, dei har sangkveld der fyrste onsdag i kvar månad. Ettersom det er vinterferie no, hadde eg høve til å vere med.

Ein stad mellom femti og hundre godt vaksne folk var møtt fram då det heile starta klokka halv sju. Ei forsangargruppe på fem, ein dugande pianist og så ein gjeng med triveleeg folk som sytte for kaffe og vaflar, det var alt som skulle til. Sjølvsagt gjer det seg bra med litt sangstemme, men det var fleire der som bare likte å høyre på utan sjølv å syngje. For meg som likar å syngje, var det ein ekstra triveleg kveld.

Songane vi song hadde ein dåm av vår, for snøen er borte i Mandal no. Snøklokkene har begynt å kome fram, så No livnar det i lundar passa godt. Men forsongargruppa hadde funne fram ei rekke kjende og meir ukjende songar, og vi song av hjartans lyst. Midt i heile arrangementet var det ein pause med høve til å smørje stemmebånda med kaffe og vaflar med syltetøy, og så var det ei ny økt. Ei opplesing var det og, det var frå ei av Thorbjørn Egners lesebøker, stykket om Losen går ut, som har handling frå Mandal. Godt lese og spanande fortalt. http://no.wikipedia.org/wiki/Thorbj%C3%B8rn_Egner

Vi burde syngje meir.

Onsdag og fredag

Etter mine notatar skal Øyvind Jacob ha ansvar for sendinga i morgon. Diverre var det ikkje noko i Setesdølen i dag om det, men eg vonar han har programmet klart til sendinga i morgon.

Fredag er det fyrste fredag i mars, og då skal Evje Radio sende til heile dalen. Det ser ut til at det vert ei temasending med sykkelrittet frå Kristiansand til Hovden som rød tråd, og i dagens avis stod det at det var ein premie på ein sykkel til 7000 kroner. Truleg vert det telefonstorm til telefonvaktene i Evje Radio denne kvelden. Jan Olsen er ein utprega radiomann som burde vore meir på lufta. No er han attende frå Cuba, så det vert moro å høyre han fortelje seinare i vår.

Lukke til, både telefonvakter og programleiarar.

Når nettet er nede

Då eg i dag kom på PC-en min for å skrive epost til Setesdølen om at det ikkje er tysdagssending denne veka, var det ikkje forbindelse til Internett, same kva eg prøvde på. Først klokka 16 kom den attende, så det må ha vore noko som ikkje var rett i ein sentral ein stad.

Kva skal ein så gjere? Det var ikkje ver som frista til å gå ut, så eg fann fram boka som eg lånte på biblioteket i Valle og sette meg til å lese. Bjørg Øygarden heiter forfatteren, http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rg_%C3%98ygarden Ho har skrive ein kriminalroman som heiter Siste time. Hennar siste bok er nominert til Sørlandets litteraturpris. Den heiter Askelandden og de nye hjelperne og er ei barnebok med ein ny vri på eventyra om Askeladden og dei gode hjelparane OG prinsessa på glassberget. Den las eg før vinterferien, og eg trur eg vil stemme på den til Særlandets litteraturpris.

Heldigvis kom forbindelsen til Internett attende, så kunne eg få skrive på bloggen i kveld. Og sanneleg klarte eg å løfte eit par stubbar også. Men når det er 17000 å ta av, blir det som ein dråpe i havet. Men litt kvar dag, så blir det mange til slutt.

Løft stubbene

I dag starta ein ny konkurranse på Wikipedia. Den kallar vi Løft stubbene, for vi vil gjerne at stubbar, det vil seie artiklar under 500 bytes, skal bli over 1000. Etter at konkurransen starta ved midnatt, vart eg ivrig og utvida eit par stubbar, og plutseleg var klokka eitt, og då startar ein ny dag på bloggen. Dermed fekk eg ikkje blogginnlegg på siste dagen av februar. Elles har eg klart å ha eit innlegg på bloggen alle dagane i februar i år.

Det som engasjerte meg så sterkt, var Arne Garborgs fedrelandssalme Gud signe Noregs land. Bokmålswikipediaen, som eg skriv på, hadde ein liten artikkel om salma, medan nynorsk hadde ein større artikkel. Så vart eg ivrig og ville utvide bokmålsartikkelen. Her er resultatet: http://no.wikipedia.org/wiki/Gud_signe_Noregs_land Til venstre på sida er lenke til den nynorske artikkelen. Dei har og med originalteksten. I Norsk Salmebok er bare fem vers tekne med av dei åtte som Garborg skreiv.

No er ein ny månad starta. Eg klarar i alle fall å skrive ein artikkel for 1. mars, men om det vert stubbane på wikipedia som kjem til å ta overhand denne månaden, veit eg ikkje. Eg håpar ikkje det, for bloggen er ei stor glede for meg å lage, sjølv om det av og til vert ein del funderingar på kva eg skal skrive om. Den som lever, får sjå.

Vinterferie

I dag starta vinterferien med det finaste veret ein kunne tenke seg. Sol frå blå himmel og 5-6 varmegrader inspirerte folk i byen til å dra oppover Setesdal i lange køar. Eg drog imot straumen denne fredagen og, slik er det når ein pendlar. Nå er ikkje snø og ski det eg saknar mest, så eg klagar ikkje.

Det vert bare ei sending i Valle Radio neste veke. Tysdagssendinga går ut, men Øyvind Jacob skal ha ansvar for onsdagssendinga, og Ronny skal stå for Open sending den kvelden. Sjølv håpar eg å få møte våren ved kysten komande veke, men eg ynskjer alle ein god vinterferie.

Store Norske Leksikon

I nokre år har Store Norske Leksikon vore tilgjengeleg på Internett mot betaling. I går vart det fritt, det vil seie at kven som helst kan gå inn på http://snl.no og lese artiklar frå leksikonet. Dei har og lagt inn artiklar frå Medisinsk leksikon og Biografisk leksikon i same systemet, så no blir det sagt at dei har 300.000 artiklar.

Wikipedia hadde ein konkurranse på tampen av fjoråret og nådde 200.000 artiklar før jol. I skrivande stund er det knapt 210.000 artiklar på bokmål og vel 46.000 artiklar på nynorsk wikipedia. Den store føremonen med wikipedia er at det er versjonar på så mange språk. På engelsk er det over 2.763.000 artiklar, og tysk har 872.097 artiklar når eg skriv dette. Så om ein kan eit av desse språka, får ein tilgang til mykje stoff i tillegg til det norske på http://no.wikipedia.org

Store Norske Leksikon har vore eit godt papirleksikon. Men utgåva på Internett er ikkje så imponerande enno, så langt eg kan sjå. Grunnen til det er at ho ikkje tek i bruk det som er spesielt med internett-tekstar, det som vert kalla hyperlenking. Å kunne lenke til ein annan artikkel, som ein så kan nå med eit trykk på denne lenka, rett frå teksten ein les, det er ein føremon som wikipedia har nytta seg mykje av. Når eg skriv ein artikkel i wikipedia, lagar eg ei lenke ved å setje ein dobbel hakeparentes rundt ordet som eg lenkjer, og plutseleg så kan lesaren gå til den artikkelen.

Svært mange har vore opptekne av lanseringa av SNL på nett, gratis. Det er naturleg, ein er van med å finne stoff gratis på internett ved hjelp av søkemotor. Wikipedia har fått ein ranking hos Google som gjer at artiklar der kjem høgt på listene dei lagar. Det spørs korleis det går med SNL, om dei får så høg ranking at dei kjem høgt opp og dermed får trafikk. Dei treng trafikk, for tanken er at dei skal løne skribentar og då må dei ha inntekter. Det skal dei få frå annonsar, og utan trafikk vert det få annonsar.

Vi som skriv på wikipedia, har hatt forventningar til at Store Norske Leksikon skal bli gratis å bruke. Ikkje fordi vi vil skrive av, men fordi vi då kan kontrollere det vi sjølve skriv opp mot det som står der. Eg trur det vert ein rikdom for alle som les norsk å ha fleire slike kjelder til kunnskap tilgjengelege. Men med få hyperlenker og få bilete verkar ikkje førsteinntrykket å vere så skræmande som eg trudde det skulle bli. Ingen veit korleis det vert om tre år, så eg er spent på korleis det utviklar seg.

Askeonsdag

I kveld var det fastegudsteneste i Hylestad kyrkje. Difor tok eg turen til Rysstad og fekk ei fin stund i kyrkja. Det var full liturgi ved sokneprest Arne, nydeleg musikk frå galleriet ved organist Tonhild, tekstlesing ved Sissa. Etterkvart vart det harmoni mellom salmene og stemmen min og, så då kan eg vel seie salmesong ved Harald og den øvrige kyrkjelyden. Men eit par av dei fyrste salmene harmonerte ikkje med det eg kunne frå før, så då var eg meir forsiktig.

Eg har sett pris på fastegudstenester heilt sidan eg song i Sandnes Menighetskor og vi var med på fastegudstenestene som prost Asbjørn Tonstad hadde der på 1960-talet. Å få syngje litaniet og så gå over til nattverdliturgien, det er ei rik oppleving både musikalsk og i det poetiske språket.

Det var no fleire år sidan eg hadde vore i Hylestad kyrkje. Dei hadde teke ut eit par benker, fått nytt høgtalaranlegg og måla veggene, så ho var minst like vakker som før. Etter messa var det kyrkjekaffe i benkene, mest som i vegkyrkjetida. Te og pepperkake fekk praten på glid. Naturleg nok var den innom bilulukka på Rysstad bare halvtimen før messa starta. Vonleg gjekk det godt med dei involverte, sjølv om helikopter måtte bringe dei til sjukehus.

Ein festkveld

Opptaket frå Hylestad skule var ei glede å høyre, sjølv om eg nok tykte at folk song lite på songen eg hadde skrive. Men det kan jo og skuldast at mikrofonane var vende frå salen, og dermed høyrdest det langt borte frå. For seinare på kvelden var det god song i programmet.

Song og musikk er viktig og skaper miljø. Men dei talte innslaga var sanneleg og viktige, og folk humra og kjende seg att i det som vart fortald, det fekk vi høyre i dei intervjua som Ørnulf hadde gjort. Det gav og mimring for tankane å høyre Andres og Knut fortelje, og konferansier Leonhard og spelemann Hallvard T. hadde også gode å soger å minne oss på.

Knut Brokke sitt innlegg vil eg sende etter vinterferien. Vonleg har vi fått det på plass på ein måte som gjer det lett å spele då.

Festen var godt dekka i Setesdølen i dag og i Fædrelandsvennen i går, så her har skulen fått mykje att for innsatsen i mediedekning. Dei etterlyste fleire filmar som var laga på skulen. Dersom du har nokon av dei, hadde skulen likt å få låne og lage ein kopi.

Ein festkveld vart det i radioen og.