Kategoriarkiv: Ymse

Sauebonde

I går var det eit artig innslag i Fædrelandsvennen. Advokat og lokallagsleiar for Fremskrittspartiet i Farsund, Andreas Bjørn (Boa) Salvesen, vil kjøpe sauer til det planlagde sauehotellet i Valle. Dette kunne eg lese på side 7 i gårsdagens avis.

Boa seier at han meiner at kapital frå byen må til for å få prosjektet på føtene. Og prosjektet er viktig for at kulturlandskapet skal haldast ved like, seier han til Johs. Bjørkeli i Fædrelandsvennen. Han vil ikkje ut med kor mykje pengar han eventuelt ville skyte inn i sauehotellet, men han er klar på at målsettinga ikkje er å tene pengar. Han vil bidra til samrøre mellom bykapital og landbruk.

Eg hadde kanskje trudd at det hadde vore vår tidlegare hyrding i Valle prestegjeld, lillebror til Boa, Theis Salvesen, som ville kjøpt seg inn i sauehotellet. Då hadde han fått halde fram som pastor hos oss. Kan hende hadde det blitt nokre program i Valle Radio også. Og sjølv om han truleg hadde spelt musikk som er noko for sterk for øyro mine, hadde eg likt det. Dei gode programma Theis laga i Valle Radio, dei saknar eg.

Eg visste ikkje…

Eg visste ikkje at eg hadde så mange vener. Utan at eg har vore aktiv på Facebook har 14 vener vore og lagt meg til ven der. Men eg har jo eit problem, for «social networking» er ikkje lov i Valle, og eg har ikkje privat datamaskin, eg nyttar maskin på arbeidsplassen.

Dermed kan eg risikere at eg ikkje kjem inn i det gode selskap før eg kjem attende til Mandal. Men det slår meg at det er få som er jamnaldringar. Eg må jo likevel hylle Ånund K. Han var vel nesten den fyrste venen eg fekk, bare Margunn som slo han.

Så no har eg 15 vener, dei aller fleste under 35. Det var meir enn eg visste.

Og meir skal det bli. Eg har invitert Ronny til å vere med i Open sending onsdag. Då skal vi finne ut meir om dette fenomenet. Du som les bloggen, eg vonar at du høyrer på oss den kvelden. Kan hende vankar det premie og.

Når ein held på på internett, oppdagar ein fort at det er mykje ein ikkje veit, eller rettare sagt visste før ein fann informasjon i den store informasjonskjelda som internett er. Eg rotar og leitar rundt og set saman små puslespelbitar, og plutseleg er det ein artikkel på wikipedia om eit eller anna emne. Eg likar å pusle slik.

I grunnen er det eit puslespel å setje saman eit radioprogram også. Det må eg pusle meir med denne veka, ettersom eg skal ha ansvar for sendingane både tirsdag og onsdag.

Nå er eg på Facebook

Men eg kunne trengje eit kurs….

Til no har eg ikkje funne gruppa til Valle Radio, så eg har ikkje fått meldt meg inn der. Men etter det eg forstår, er det no over 100 medlemmer, og etter kvart som eg lærer meir om dette, vert eg sikkert hekta, eg og.

Til no har eg vore hekta på å bruke epost. Eg har vore medlem av fleire epostlister opp gjennom tidene og likar det. Då får eg del i tankar og meiningar som andre har om dei tema som er aktuelle for den lista.

Bloggen Valle Radio har eg no skrive på i fleire år, så den delen av Internett kjenner eg og ganske godt. Som regel skriv eg eitt innlegg kvar dag, det er jo etter kvart blitt nokre ut av det.

Men mest glede har eg hatt av Wikipedia, det er ei dagleg inspirasjonskjelde. Eg fiksar og ordnar på innlegg som andre skriv, eller eg skriv nye sjølv. Eg er blitt administrator og byråkrat på norsk wikipedia og har hatt mange tusen redigeringar på prosjektet. Her skriv eg leksikalsk om emne eg veit noko om frå før, eller noko som eg les meg til. Eg skriv mest om folk og stader, men av og til om ei salme eller ei plate. Ofte kan eg skrive om noko som kjem til nytte på bloggen, og ofte kan bloggen nytte noko av det eg skriv på wikipedia.

Gjennom arbeidet på wikipedia har eg og teke til å chatte. Eg chattar med andre folk som skriv på wikipedia og opplever at eg har fått vener eg ikkje elles ville ha drøymt om å snakke med.

Totalt sett har eg vurdert meg sjølv til å vere ein aktiv brukar av internett, så aktiv at eg ikkje hadde trong for Facebook. Men no er eg der. Så får det gå seg til litt etter kvart.

Å bruke nettet

I går skulle eg skrive på bloggen. Eg prøver å gjere det kvar dag, det veit jo de som les det eg skriv. Men på Internett er det ei teneste der ein kan chatte, det vil seie snakke med andre brukarar som ein har kontakt med. Eg har ikkje kontakt med så mange, men i går kveld kom ein av wikipedia-venene mine innom då eg skulle til å skrive bloggen. Han hadde mykje interessant å snakke om, så minutta flaug av stad, og plutseleg var det blitt ein ny dag utan at eg hadde fått ned noko her. Det får no våge seg, når klokka har passert tidspunktet er det ikkje så mykje ein kan gjere. Men eg vonar eg får lagre innan fristen i kveld.

I wikipedia-samanheng er det godt å kunne ha den funksjonen, for då kan vi hjelpe kvarandre med å finne stoff til artiklar vi held på med. Akkurat no går det ein konkurranse på bokmåls-wikipedia som heiter Løft stubbene. Det betyr at vi skal gjere ein innsats for å utvide korte artiklar. Vi er om lag 60 deltakarar til no. Konkurransen skal gå i heile mars. Då vi starta var det 17620 artiklar under 500 bytes, til no i kveld har vi utvida 787 av dei. Så det går ikkje så fort, men vi snakka litt om det og var samde i at det ikkje er så lett som ein skulle tru.

Sjølv har eg utvida nokre artiklar om kyrkjer og nokre om tettstader i Sverige. I dag utvida eg ein artikkel om ein kommune på Island, men eg fann ikkje nok stoff til å få artikkelen over 1000 bytes. Men vi har ei islandsk jente som skriv på norsk wikipedia, ho har budd i Norge då ho var yngre. Henne kunne eg spørje om å fullføre, og dermed kom artikkelen ganske fort over streken. Google kan oversette frå mange språk, men ikkje frå islandsk, så eg står fast når eg skal hente stoff. Men ho gjorde ikkje det, og no er artikkelen om kommunen utvida og har fått bilete og kart.

Her ser du artiklane eg har utvida til no:
http://toolserver.org/~laaknor/stubbkonk.php?username=Harald+Haugland
og her er artikkelen som ho fullførte for meg: http://no.wikipedia.org/wiki/Hrunamannahreppur

Meir om Facebook

Det stuntet vi gjorde i går var interessant. No er det over 90 medlemmer i gruppa Valle Radio på Facebook. I løpet av dagen har det strøymt på med folk som vil vere med i gruppa. Nokre av dei har vore i studio eller hatt ulike rollar elles, men dei fleste har ikkje vore aktive medarbeidarar.

Fleire av dei som var i radioen eller på telefon i går kveld har no meldt seg inn, men eg glimrar med mitt fråvær, for eg har ikkje privat PC i Valle og Valle kommune har blokkert Facebook, så eg får vente til eg kjem til Mandal med å melde meg inn.

Eg har jo lurt litt på kva ein skal bruke gruppa på Facebook til. Det er kanskje eg som er litt utanfor her, kanskje slike grupper ikkje brukast til noko. Det vil eg gjerne få meir informasjon om frå dykk som er medlemmer i andre grupper, til dømes Herreavdelingen, som jo og er relatert til radio.

Eg tenkjer at det kunne vere greitt med lenke til heimeside og internettradioen, slik at ein kunne nå dei frå gruppa. Bloggen kunne vel og få lenke. Men det er jo nokså passivt. Er det noko ein kan nytte Facebook til i samband med påskesendingane, det er jo mindre enn ein månad til dei skal på lufta.

Slik sit eg og funderer og vonar at nokon vil sende meg eit svar. Skriv gjerne ein kommentar her på bloggen, eller til harhaugl (at) gmail.com om du har idear.

Ronnys kveld
I tillegg til å snakke om Internett, hadde Ronny David Tharaldsen med seg i Kommunen informerer. Dei snakka mellom anna og om oppstart av kommunedelplanarbeid for området Uppstad til Bygland grense.

I timen mellom 20 og 21 hadde han først besøk av Tone Silje Rysstad som fortalde om korleis det er å vere hestegal og etablere sin eigen stall. Deretter kom Torleif Homme i studio og fortalde om to brannutrykningar, ein til bustadhus på Nomeland i Valle og ein til hytte på heia i Brokke, det var pipebrann. Då måtte dei bruke snøscooter for å kome inn til staden der det brann. I samband med dette snakka dei om tryggleik, og Ronny hadde ein hugseregel for å bytte batteri i brannalarmen, det gjorde han på bursdagen sin.

Og Sirdal dominerte den opne sendinga.

Valle Radio på Facebook

Programmet onsdagskvelden vart ganske så triveleg. Det var Ronny som hadde ansvaret, og han hadde ingen gjester den første timen. Men han hadde eit tema, og det var sosiale nettstader, og han snakka om Facebook, Skype og msn.

Eg pleier å høyre litt av Herreavdelingen på tysdagskveldane når eg har køyrt Niklos heim etter sendinga. Det startar etter Dagsnytt klokka 22, og nokre gonger har eg fått med meg at dei har ein konkurranse om kor mange nye medlemmer gruppa på Facebook kan få i løpet av sendinga. Så dermed tenkte eg at eg skulle utfordre Ronny til å lage ei gruppe på Facebook som heiter Valle Radio, og eg lova at om gruppa fekk 10 medlemmer i løpet av kvelden, skulle eg og melde meg inn.

Det gjekk med meg som det går med Finn Bjelke, han lova å ete hatten sin om dei fekk 300 medlemmer i løpet av sendinga, og det gjorde dei. Ein gamal hatt smakar sikkert ikkje godt. Men eg hadde ikkje tenkt å bli medlem på Facebook, det har vore nok med wikipedia for meg til no.

Men eg må vel gje meg no, og bli medlem der eg og. http://www.facebook.com Men eg utset det til i morgon. Då vi slutta i kveld, var det 21 medlemmer i Valle Radio-gruppa, og fleire vert det nok.

Agder eller Sørlandet

Sist veke hadde Knut K. Homme eit svært godt innlegg i Fædrelandsvennen. Eg las det og tenkte at her skriv han noko som eeg er svært samd med han i. Difor sende eg ein epost til han og spurde om å få leggje det ut på bloggen. Det fekk eg lov til, så i dag er det hans innlegg som fyller plassen på bloggen.

Sørlandet – kvar og kva er det?

I laurdagskommentaren i Fædrelandsvennen den 21.2. skreiv Valerie Kubens i overskrifta: ”Innen april skal alle partiene på Sørlandet ta stilling til om agderfylkene bør slå seg sammen”. Det finst ikkje noka administrativ eller politisk eining som heiter Sørlandet. Dei politiske partia er organiserte fylkesvis, og fylka heiter Aust-Agder og Vest-Agder. Vidare heiter det:”Den beste nyheten på Sørlandet hittil i år—”, ”Kreftene må samordnes på Sørlandet” og ”Det er kjent stoff at Sørlandet fortsatt ligger på jumboplass—”. Berre Sørlandet, ikkje eit ord om Agder. I illustrasjonen til artikkelen står det: ”Arendal og Kristiansand har kranglet i 400 år”. ”Kan den 400 år gamle striden mellom øst og vest endelig begraves og fylkesgrensa fjernes?” Det er altså Arendal og Kristiansand som skal kjempe mot kvarandre og avgjere om dei to Agder-fylka skal verte eitt. Kva med resten av Agder, er det ikkje-eksisterande? Men dersom striden skal stå mellom dei to kystbyane, er det ingen tvil om utfallet, makta rår.

I F.vennen for den 24.2. fyller denne overskrifta framsida: ”Rekordmange sørlendinger”. ”Ved nyttår bodde det 276.592 personer på Sørlandet”. Dette stemmer sjølvsagt ikkje. Dette må vere folketalet for heile Agder. Kor mange av desse er sørlendingar? Det veit ingen, for Sørlandet har ingen grenser. Det er ingen landsdel som heiter Sørlandet; det er ei smal kyststripe som ein tilfeldig kystbuar fann namn på for vel hundre år sidan.

Agder-namnet er eldgamalt, mykje meir enn tusen år, frå før vikingtida. Det er eit stutt og klårt namn på landsdelen vår. Ingen er i tvil om kvar og kva det er. Bladfolka i Fædrelandsvennen lyt frigjere seg frå den kystsentrerte tenkinga og skjøne at landsdelen er mykje vidare og mangslungen enn det ein ser frå E-18.

Knut K. Homme

Valle

Program for veke 11 – 2009

Tysdag 10, mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Setesdal syng
19:00 Knut Brokke fortel om skulen
19:30 Tysdagsmagasin
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til fastetida
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 11. mars

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Harald Haugland
Telefonvakt: Berit og Olaf Henrik Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved utviklingsavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Ronnys time
21:00 Open sending med Britta Lise Homme

Telefon 37037577

Vinterferien over

Så var vinterferien over, den enda med tungt snøfall i Øvre Setesdal og mykje regn i Mandal. Då vi stod opp i dag, undra vi oss over at bekken var full av vatn, og då vi gjekk gjennom hagen, surkla det godt, ein isboks som sto ute var full av vatn, så det må ha kome mykje nedbør siste natta. Ein telefon frå Niklos kunne stadfeste at det var snø i Valle, 30 cm målte han på Besteland då han starta måkinga i dag tidleg. Etter mi meining er det betre å få det i flytande form, då renn det vekk etter kvart. Snøen gjer jo og det, men det tek lenger tid.

Eg kom over ein artikkel i Setesdølen for ei veke sidan, der stod det at -Salt er best på maten. Det var ei spissformulering frå ein som ikkje likte salta veger. Men sjølv om det går hardt ut over bremseskiver, eg måtte bytte dei då eg hadde bilen på service denne veka, er det bra med svart veg, så eg klagar ikkje. I høve til situasjonen i Oslo er det truleg heller ikkje så mykje å klage over, der har snøryddinga vore eit stort problem i vinter.

Men her i Mandal blømer snøklokkene og påskeliljene spirer, det er bare fire veker, så er påska her og vinteren ligg bak oss. Vi får glede oss over det vi kan og starte på ny frisk.

Det store korslaget

No er korsong i vinden att. Eg fekk med meg litt av Det store korslaget på TV2 i kveld og trur nok at eg kjem til å sjå fleire av programma frametter våren, for det var god underhaldning og vakker song. Eg likte best Team Elg, så om eg skulle stemt, ville eg nok gjeve ein stemme til Kristiansundarane, dei hadde tydelegevis disiplinert ropinga si over sundet i heimbyen, no var det eit harmonisk kor.

Det kan ikkje vere lett å ha så mykje rørsle medan ein syng som det desse kora hadde. Eg er van med å stå ganske så stille når eg syng i kor, må få min stemme til å klinge i harmoni med naboen sin. Men her dansa dei opp og ned og såg ut til å vere ganske så fristilte frå naboen, og likevel var det harmonisk og vakkert. Om dette vinn fram, vert nok korsong noko anna i framtida enn det har vore.

Sjølv begynte eg i Sandnes Menighetskor tidleg på 1960-talet, det må ha vore i 1962, og heldt ut til om lag den tida då eg tok eksamen artium i 1966. Sidan var eg med i kor og delvis dirigerte koret vårt på Hadsel Folkehøyskole medan eg var rektor der. I Valle var eg med i Valle og Hylestad kyrkjekor ganske lenge, men etter at vi flytta til Mandal og eg difor reiser dit i helgene, har eg ikkje sunge særleg i kor. Men eg var med på eit korseminar med Per Oddvar Hildre for nokre år sidan, og det var gjevande. Eg reknar med at Syngjandi hadde glede av å vere med på eit liknande seminar i vinter.

Det var jo greitt at ingen vart stemde ut i kveld, så får vi sjå alle saman neste laurdag, og det ser eg fram til. Men eg likar nok betre klassisk kormusikk enn det vi fekk sjå i kveld.