Kategoriarkiv: Ymse

Hasla – Årets Håndverksbedrift

Eg klypper frå heimesida til Hasla:

Hasla AS vart etablert i 1984 av Ørnulf Hasla. Verkstaden/butikken ligg i Valle i Setesdal, i ein bygning som er ført opp i tradisjonell stil. Ørnulf Hasla flytta til Setesdal i 1979 der han tok svennebrevet som gullsmed i 1983, og meisterbrevet i 1985. HASLA held til i sentrum av Valle i Setesdal. Der har vi verkstad og butikk, og lagar smykke med moderne og tradisjonell design. Vi prøver heile tida ut nye uttrykk, samstundes som vi byggjer på det tradisjonelle. Vi har spesialisert oss på sylv til bunadane i Agder, Telemark, Rogaland, Trøndelag og Gudbrandsdal. Sylvet til desse bunadane har lange og sterke tradisjonar, og med utgangpunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet med vårt eige særpreg, og med den kvaliteten HASLA er kjend for. Vi seier gjerne at «Sylv frå HASLA eig du ikkje, du tek vare på det for seinare generasjonar.»

Ørnulf var hos meg i radioen i nyhetstimen onsdag etter at dei hadde fått utmerkinga som Årets Håndverksbedrift. Det var første året NHO delte ut ein slik pris.

Eg klypper litt meir frå heimesida deira, der det står om utmerkinga:

Årets Håndverksbedrift 2009
I juryen;
Tove Ingebretsen, Innovasjon Norge,
Therese Ugland og Trond Bergstuen, Gjensidige og
Vibeke Giske, forfall med vara Morten Ø. Klemp
Trine Thommesen, forfall

Juryen har vurdert bedriftene ut fra et helhetsperspektiv;
• Lønnsomhet – Bedriften må ha bevist sin levedyktighet
• Marked – Bedriften må ha god profil og være godt ansett i markedet
• Kvalitet – Holde høy håndverksmessig kvalitet
• Omstilling – Fremtidsrettet/ ny måte å tenke på
• Opplæringsbedrift – rollemodell for unge utøvere

Juryens uttalelse om vinneren:
Bedriften har gode nettsider som både presenterer bedriften og produktene på en fin måte.
Har en god grafisk profil, et tidsriktig uttrykk for en lokalt basert bedrift som tar vare på kultur og tradisjon. Profilen er tiltalende for nye kjøpegrupper og bringer tradisjonen videre til nye generasjoner.

Gratulerer!

Her er lenke til heimesida. Gå inn og les og finn ut meir der:
http://www.hasla.no/

Årsmøte

Som eg har skrive om før, blir det årsmøte i Valle Radio måndag 30. mars klokka 19:30 på Valle Motell. Det er viktig at flest mogleg møter, for når årsmøtet er til ende, skal vi snakke om påskesendingane. Dei nærmar seg med stormskritt. Særleg treng vi at dei som vil vere telefonvakter, møter opp. Hovudprogramleiar til påskesendinga vert Helge Dahle, og teknikarane er klare.

Det vert vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, rekneskap og val. Valkomiteen har gjort jobben sin og vil legge fram sine framlegg til val på møtet.

Vel møtt til ein hyggeleg kveld. Når årsmøtet er over, vert det pizza.

Program for veke 13 – 2009

Tirsdag 24. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Religiøse folketonar
19:15 Bibeltime over Efeserbrevet ved Johnny Vågen
20:00 Tirsdagsmagasin
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Henry Purcell 350 år
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. mars

Teknikar: Jørund Georg Jore

19:30 Kommunestyremøte

Årsmøte for Valle Radio
vert måndag 30. mars kl. 19:30 på Valle Motell.

Påskesending og litt til

For eit par veker sidan var det eit møte der Helge Dahle, Ørnulf og Britta Lise planla påskesendingane. I dag, etter eit møte vi hadde med Bykle Radio, kom vi litt vidare. Det er eit år sidan sist, og noko av det tekniske utstyret har ikkje vore i bruk sidan då, så det var greitt å sjå kva som måtte oppdaterast.

Då vi evaluerte sendingane i fjor, så vurderte vi om vi kunne ha sendinga med trekning påskeaftan i staden for påskedag. Vi såg på alle bilane som var på tur nedover sundagen og tenkte at der var det mange lyttarar vi skulle hatt med oss. Men ettersom Valle Radio er ein dugnadsradio og dei som skal lage programmet også er på hyttene laurdagskvelden, måtte vi slå det frå oss. Så sendingane i påska blir som dei har vore: Skjærtorsdag og 1. påskedag, begge kveldane frå klokka 18.

Møte med Bykle Radio
På møtet med Byklefolka, det var Olav Mandt, Reidar Trydal og Ole Morten Egeland som kom på møtet, snakka vi om situasjonen etter at det no er gjeve konsesjon fram til 2015 på å drive nærradio i regi av Bykle Radio. Ettersom dei ikkje sender så mykje for tida, er det bra at vi er på lufta eit par dagar i veka. Men no er det nokre ungdommar som vurderer om dei kan kome i gang med noko. Truleg vert det ikkje før til hausten.

Planen er å ha slike møter eit par gonger i året for eit arbeidsutval som kan stå som samarbeidsorgan mellom dei to organisasjonane som no er involverte i drift av Valle Radio.

Valle Sparebank i 2008

Onsdag hadde eg med meg banksjef Vidar Homme i den aktuelle timen. Han fortalde om Valle Sparebank i 2008. Rekneskapen er no lagd fram, og året vart ikkje så godt som 2007, som var eit ekstremt godt år, men på nivå med 2006, som ikkje var så dårleg. Du kan finne meir om banken på heimesidene, sjå https://www1.portalbank.no/2890/Sider/forside.aspx

Banken får gode tilbakemeldingar frå kundene, dei har ei spørjeundersøking der 200 vert spurde om korleis dei er nøgde med banken. Veksten siste året har kome etter at dei oppretta filial i Kristiansand, for dei stanga hovudet i taket i Valle. Banken har no seks minibankar, den eine som var i Oslo er flytta til Bykle, men framleis er det to i Oslo. Så er det ein i Valle, ein på Rysstad (drive-in-banken) og ein i Kristiansand. Men minibankdrift er ikkje så lønsam no som før, for avrekninga mellom bankane er blitt billegare.

Valle Sparebank sponsar Valle Radio, Valle IL, Valle VGS og Åraksøyne med faste beløp i sponsoravtalar. Kvart år gjev banken også gåver til lag og foreningar i kommunen. Du finn lista her (men du må trykke på ei lenke for å få opp ei .pdf-fil): https://www1.portalbank.no/2890/omoss/nyheter/Sider/G%C3%A5vetildeling10.aspx

Samtalen med Vidar om å drive bank i Valle var som vanleg interessant. Banken har ein forvaltningskapital på 1,2 milliardar kroner og svært mykje av pengane som dei læner ut, er innskot frå kundene, nett slik ein sparebank skal drivast.

Gud på Sørlandet

Dette er tittelen på ei bok som er nominert til Sørlandets Litteraturpris. Ho er på 134 sider i salongbordformat med korte tekstar og mange bilete. Boka er skriven av Anne Løvland, Pål Repstad og Elise Seip Tønnessen, som har vore redaktør for boka.

Då nominasjonen til Sørlandets Litteraturpris var klar, ba eg Lisbeth på biblioteket om å skaffe den til meg, for eg ville ha eit grunnlag for eiga vurdering om eg skulle stemme på den. Denne helga har eg bladd i den og lese litt her og der, det er ei bok av den typen.

Du finn meir informasjon om Pål Repstad på wikipedia. Eg måtte skrive den artikkelen i kveld, slik at eg kunne lage ei lenke frå bloggen. http://no.wikipedia.org/wiki/P%C3%A5l_Repstad I den artikkelen finn du og lenke til eit kåseri Pål Repstad har halde om emnet som er overskrift for dette innlegget på bloggen. Eg har enno ikkje bestemt om eg skal stemme på denne boka til Sørlandets Litteraturpris. Eg er litt svak for boka med tittelen Askeladden og de nye hjelperne av Bjørg Øygarden, så eg får sjå.

Religiøse folketonar frå Sørlandet

I kveld var eg i Mandal kirke på konserten Religiøse folketoner fra Sørlandet. Komponisten Sigvald Tveit var saman med Håkon Sødal, Kristina Jølsta Moi og Kjell Åge Stoveland og gav 100 tilhøyrarar ein nydeleg kveld.

Dei starta med folketonen frå Åseral: Mitt eneste håp, sidan kom fleire melodiar frå Setesdal: Den sjel sin Gud i sannhet kjenner, Vær trøstig, mitt hjerte og Den bortkomne sauen. Sødal, som bandt saman programmet, meinte at Åseral-tonen til Lær meg å kjenne dine veie var den mest kjente religiøse folketonen frå Agder. Det er ikkje sikkert eg er enig med han i det, men det gjer ikkje noko, den var fellessang i konserten.

Så kom Bud fra Herren som Bjarne Sløgedal har på plata si med religiøse folketonar frå Agder. Deretter kom Vær stille min sjel, ein melodi frå Marnardal og Jeg har et hjem, melodi frå Finsland. Dei hadde til og med funne eit par melodiar frå Lista og Flekkefjord, så etter Se ei på meg frå Fjotland kom Nu rinner solen opp frå Lista og Der ginge to til Emmaus. Denne hadde tekst av Petter Dass og var på heile 28 vers, vi fekk vel om lag halvparten, trur eg, før denne avdelinga vart avslutta med O du min Immanuel.

Ettersom det er Maria Budskapsdag denne helga, hadde dei teke med tre jolesongar. I denne søte joletid med melodi frå Setesdal var jo kjent. Mindre kjent var melodien vi fekk høyre til Et barn er født i Betlehem. Som fellessang hadde vi så No koma Guds englar, som anten er skotsk eller frå Vest-Agder. Den har aldri vore nytta i Mandal dei 25 åra Tormod Lindland har vore organist.

Konserten vart avslutta med bånsullar og kveldssalmer. Se solens skjønne lys og prakt med melodi frå Setesdal, Nu hviler mark og enge frå Fjotland og Tenk på meg når dagen heller til melodi frå Laudal eller Finsland.

Det var ei god oppleving å få med seg denne konserten. Kan hende kunne den vere noko for kulturveka til hausten.

Årsmøte 2009 og påskesendingane

Det vert årsmøte i Valle Radio måndag 30. mars klokka 19:30 på Valle Motell. Dermed får vi avvikle årsmøtet før påskesendinga i år. Det trur eg vil vere bra, og det er jo bra at vi ikkje har det så seint som det har vore før om åra.

Eg stiller ikkje til attval som leiar i styret, det har eg meldt til valnemnda, så dei må finne ein ny styreleiar. Etter protokollen frå i fjor er det Ørnulf og Inga som er på val i styret + varamedlemmene Britta Lise og Anna. http://valleradio.blogs.no/2008/06/12/attval-over-heile-fjaoslash-la-4308669/

Nå går førebuingane til påskesendingane for fullt. Helge Dahle tek ansvar for dei i år og. Det er vi svært glade for, han har klart å få det til å passe med turnusen sin slik at han er heime i påska.

Program 17. og 18. mars 2009

Tirsdag 17. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Setesdal syng
19:15 Tirsdagsmagasin
20:30 Postludium ved Harald Haugland. Musikk av Marcel Dupré
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 18. mars
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Olav Kn. Rike/ Marcel Tiedje
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time.
Årets håndverksbedrift: Hasla. Ørnulf Hasla i studio
Elevbedrift Valle skule Knut Jore i studio
Valle Sparebank 2008. Vidar Homme i studio

19:00 Kommunen informerer ved Pleie og omsorg
PLO-leiar Kari Torbjørnsen i studio

19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki

20:00 Haralds time
Leif Raustøl i studio
Gunvald Mosdøl på telefon
Ronny Stavsholt i studio

21:00 Open sending, tlf. 379 37577
Harald Haugland og Ronny Stavsholt

300.00 bloggarar

I dag var det ein interessant artikkel i Fædrelandsvennen. Den fortel at det er 300.000 bloggarar i Norge ved utgangen av 2008. På tre år er talet tidobla frå 30.000 i 2005. Dei fleste som skriv er kvinner, 65%, fortel Thomas Moen frå Kristiansand, som er gründar bak bloggeplattforma Ipublish.

Moen meiner folk har eksponeringsbehov, dei ynskjer å bli kjende og å få ansiktet sitt fram. Mange av dei som skriv, lagar rosa bloggar der dei skriv om mote, livet og kjærleiken, av og til og om kor teit kjærasten er. Men i tillegg til dette har vi fått temabloggar og politiske bloggar. I det siste har det og dukka opp næringslivsbloggar. http://no.wikipedia.org/wiki/Blogg

Øystein Sæbø, som er førsteamanuensis i informasjonssystemer ved Universitetet i Agder meiner at blogginga har modna med åra. Til å begynne med var det ein hobby for teknofrikar, men nok kan alle bruke dette. Difor har vi fått ein stor variasjon, både skuleungdom og stortingspolitikarar. Difor ser ein at heimesida taper, folk vil ha oppdatert informasjon, ikkje ei statisk heimeside som sist var oppdatert for eit år sidan. Han meiner difor at personlege heimesider ikkje lenger er noko å satse på. No er det sosiale medier det gjeld, der ein kan kommunisere på eit høgare nivå ved at folk kan svare på eit blogginnlegg.

Sæbø åtvarar folk og seier at med det same noko er publisert på ein blogg, har ein ikkje herredøme over det lenger. Difor er det lurt å ikkje vere privat når ein skriv ein blogg, både bilete og tekst kan finnast att om tre år når du søker ny jobb, og om du har lagt ut noko som arbeidsgjevaren ikkje likar, kan det hende du ikkje får jobben.

I avisa er det intervjua ein personleg bloggar, Cecilie Møskeland, og ein politisk bloggar, Line Vennesland. Dei har ulikt utgangspunkt for blogginga, sjølv om begge studerer til å verte sosionom ved UiA. Den fyrste likar å skrive og skriv kvar dag på bloggen, den andre brukar bloggen som ein del av valkampen, ho er andrekandidat på Ap si liste i Aust-Agder.

Valle Radio sin blogg er tekstbasert. Det er bare eit bilete der, av han som skriv, ja og så kan folk leggje seg til som vener. Ulikt Facebook har eg bare ein ven på denne bloggen, men der har eg vel snart 20 vener. Det er og for det meste ein temablogg, relatert til Valle Radio. Det eg skriv her i dag kan du høyre i sendinga i kveld klokka 18, det er manuskript til kåseriet eg skal halde då. Artikkelen i Fædrelandsvennen er ikkje publisert på nett enno, så den må du bla fram til side 18 for å lese. Men her er lenka til heimesida hans på UiA: http://home.hia.no/~oysteisa/