Kategoriarkiv: Ymse

Minne strøymer på

Eg nyttar påskeferien til å sjå på Facebook, som no er komen opp i 275 medlemmer, og minne strøymer på. Mange lyttarar, men sanneleg og nokre som har vore aktive i radioen. I dag stoppa eg ved Knut Olav Tveiten, han har eit bilete av ein scooterkøyrar i flott driv, steilande på snøen.

Eg tenkjer tilbake på alle gongene han var teknikar før han reiste til vidare skulegong og ikkje kunne vere med lenger. Då sa han at han kunne nok vere med ein fredagskveld når han var heime. Men så kom det snø og då var det oppgåver i brøyting som var høgare prioritert enn å vere teknikar i radioen, så han bytta med Torleif Soltun og kunne sjølv sitje og kose seg med snørydding. Då tenkjer eg at det er godt vi er forskjellige, eg er av dei som meiner at snøen høver best der eg ikkje er.

Men eg vonar at folk som er på heia har hatt ei fin helg og at ein har unngått ras og skade, det er jo helst ein farleg periode og ein bør halde seg unna farlege stader, les vi i avisa. Jo mindre Røde Kors Hjelpekorps har å gjere, jo betre er påska.

273 medlemmer

Valle Radio si gruppe på Facebook har nå 273 medlemmer. Å bla gjennom alle namna er ei tankereise som tek tid og gjev mange tankar. Her er både kjende og ukjende personar, dei fleste er faktisk ukjende. Storfamilien Valle Radio bind oss saman i eit interessefellesskap som er til glede og nytte for bygda og oss sjølve.

Tankar går til program folk har vore med i. Helge Dahle, som skal ha sendingane i påska, er ein av medlemmene på Facebook. Eg lurer på om han kom heim frå Nordsjøen i tide, for det har vore mykje tåke ein periode, og eg høyrde om folk som ikkje kom seg heim. Det hadde jo vore ei katastrofe om programleiaren for påskesendingane ikkje kom heim tidsnok. Sjølv om vi har mange gode medarbeidarar, stolar vi mykje på Helge når det gjeld desse sendingane. Han er liksom mannen for dei store høva.

No går det seg til. Eg trur telefonvaktene er på plass, Jorunn Lund Harstad, som hadde Open sending i går, brukte tysdagskvelden før ho gjekk til bygdekvinnelagsmøte med fjoslukt, som det stod på plakaten, til å ringe rundt og få stadfesta at folk kunne vere med. Torsdag er det i gang att.

Britta Lise sitt brev til Facebook-gruppa

Hei til alle medlemer i facebook gruppa vår!

Så er tida inne for storsendingar på Valle Radio.
Sendingane blir som vanleg skjærtorsdag og 1 påskedag.
Båe sendingane starter kl 19.00
Loddsalg og rebusløysingar startar kl 21.00

Til dei av dykk som ikkje kjenner til ”opplegget” vårt :
LODDSALG :
Du kan ringe eller maile for å kjøpe lodd der hovedgevinsten er Setesdalsbunad, mann. Denne blir sauma etter ynskjelege mål frå vinnaren. Ein verdi på mellom 20 – 30.000,-
Vi har i tillegg 50 – 70 andre sponsorar som kvar bidreg med gevinstar og gåvekort til både loddsalget og rebusløysingar. Ein verdi på mellom 50-100.000,-

Trekkinga av vinnarane i det store loddsalget vil bli gjort av lensmann Knut H. Nomeland under direktesendinga 1 påskedag. I etterkant vil det bli sendt ut innbet. giro med den pålydande summen du har kjøpt lodd for. I Valle Radio bygger vi på tillit så det er difor viktig at du som kjøper lodd via mail, skriver ditt fulle og rette namn, adr og tlf.nr.

REBUS :
Vi legg ut rebusar under sending. Det vil så bli trekt ut ein vinnar blant alle som har ringt inn rett svar. Denne vil bli satt over til studio og vertane der vil slå av ein prat med deg, direkte på lufta, samt få det rette svaret på rebusen. Til gjengjeld vil du få ein gevinst.

Kan også nevne at dei to siste åra har vi fått inn rundt 170.000,- på loddsalget vårt. Vi håper sjølvsagt på det same i år, men det er opp til DEG! Som kjent er Valle Radio driven kun på dugnadsarbeid. Så summen vi får inn vil utelukkande brukast til gode for lyarane.
Dette i form av driftskostnader , gevinstar og liknande.

Til deg som alt har lyst til å kjøpe lodd,
Kan dette gjerast på mailadr : helge@homme.as
Men denne adr. gjeld kun fram til skjærtorsdag !!!

Lodd : kr 10,- pr.stk

Under sendingane gjeld desse tlf.nr :

SMS lodd :98030310 SMS helsing :98443644

Svar på rebusar :37937577,Helsingar :37937578,Lodd salg :94504434
I tilknytning til alle tlf.nr har vi i alt 5 tlf, så er det oppteke i ein vil du bli viderekobla til neste.

Mailadr. til loddsalg og helsingar : post@valleradio.com

Ny heimeside er under arbeid, men fram til den er ferdig så finn du linken til nettradioen vår her : www.valleradio.com
Skulle noko av dette vere uklårt så kan du kontakte:
helge@homme.as brho@online.no oh@hasla.no

GOD PÅSKE TIL ALLE !!!!!!

For Valle Radio :
Britta Lise Homme

Er påskesendingane klare?

Då eg i dag var innom på Hydro/Texaco på Evje – dei har tilbod på vasking av bilen kvar torsdag og gratis påfyll av kaffe heile året – kom spørsmålet om påskesendingane var klare.

Eg kunne sjølvsagt starta på ei lang utgreiing om at Helge Dahle kjem heim i kveld og skal no bruke dagane fram mot påske til å gjere dei siste førebuingane. Men det gjorde eg ikkje. Eg sa at dei var heilt klare.

Samstundes gledde eg meg over forventningane som ein merkar til sendingane våre. No er det sending til heile dalen i morgon, og så kjem skjærtorsdag og 1. påskedag. Jorunn Lund Harstad arbeider med å få på plass alle som skal svare på telefonar og notere loddkjøp og helsingar og alt annat som trengst. Ho får ja frå dei fleste, påskesendingane i Valle Radio er blitt noko folk planlegg å få med seg, både dei som er med og dei som høyrer på.

Eg fekk kaffikoppen min og eit vitnemål om at folk ventar på påskesendinga i år og. Denne gongen har vi fått ei gruppe på Facebook, og i kveld kom det epost frå Britta Lise med påminning om sendinga. Den skal eg leggje ut på bloggen i morgon eller laurdag.

Årsmøtet 30. mars 2009

Årsmøtet i år vart svært tidleg, men det var kanskje like greitt å få det unna før påskesendingane.

14 stk møtte opp på Valle Motell klokka 19:30. Eit par timar seinare hadde Valle Radio sitt styre fått ny leiar, Ørnulf Hasla tok over etter Harald Haugland, som hadde sagt frå seg attval. I staden for han kom Britta Lise Homme inn i styret, vald for to år. Og ny varamann vart Rolf Erik Homme, Anna Rysstad held fram. Hallvard Holum vart vald til revisor.

Årsmeldinga og rekneskapen vart samrøystes godkjende.

Over ein nydeleg pizza snakka vi så om dei komande påskesendingane og om aktuelle emne som gjaldt radioen. Anne Lise Harstad hadde mange innspel til oss.

Til slutt takka Harald Haugland for to år som leiar og ynskte lukke til med arbeidet i året som ligg framom.

Årsmelding 2008

Valle Radio
Årsmelding for 2008

Styret har i 2008 bestått av Harald Haugland, leiar, Ørnulf Hasla, nestleiar, Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef og Inga Flateland, styremedlem. Varamedlemmer har vore Britta Lise Homme og Anna Rysstad.

Aktivitet
I 2008 heldt vi fram med det opplegget som vi etter kvart har falle ned på: Sendingar tysdagar og onsdagar i skuleåret og i samarbeid med Evje Radio fyrste fredag i annankvar månad + nokre ekstrasendingar. Siste sending i kvar månad er som regel overføring av kommunestyremøte

Dermed får vi denne lista med til saman om lag 70 gonger på lufta:

36 onsdagssendingar:
9., 16., 23. og 31. januar
6., 13. og 20. og 27. februar
5., 12. og 26. mars
2., 9., 16. og 23. og 30. april
7., 14., 21. og 28. mai
25. juni
Det var sett opp andre sendingar i juni, men dei gjekk ut.

27. august
3., 10., 17. og 24. september
8. 15., 22. og 29. oktober
5., 12., 19. og 26. november
10. og 17. desember.

7 «Heile dalen»-sendingar
4. januar
7. mars
Skjærtorsdag 20. mars
1. påskedag 23. mars
2. mai
3. oktober
5. desember

1 spesiell sending
22. desember: Jolesending

Tysdagssendingar
Om lag 30 tysdagssendingar

Medarbeidarar:
Programleiarar:
Bjørgulv T. Berg, Helge Dahle, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob
Open sending: Jorunn Lund Harstad, Rolf Erik Homme,
Teknikarar:
Inga Flateland, Torleiv Soltun Haugen, Jørund Georg Jore, Gudrun Rysstad, Torhild Sandnes, Knut Olav Tveiten
Telefonvakter:
Torbjørg Hoftuft, Berit Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingun Uppstad
Andre medarbeidarar:
Niklos K. Besteland, Torleiv B. Harstad, Håvard Viki
I tillegg kjem folk som har vore med under spesielle sendingar og som eg ikkje har nemnd.

Valle Radios blogg
Harald Haugland skriv bloggen og har hatt 275 innlegg i 2008. Den har hatt 37.235 besøk og 209.552 sidevisningar .i 2008.

Å minnast frå 2008
*Helge Dahle hadde god suksess med påskesendingane i fjor, så økonomien er god.
*Kurset på Gimlekollen 31. mai og dagen i Kristiansand var ei vitamininnsprøyting.
*Arbeidet med ny internettside har teke svært lang tid.
*Nye reklamar var klare til hausten 2008. Takk til Britta Lise for å gjere denne jobben.
*Nytt opptaksutstyr for programleiarane vart kjøpt inn i 2008 og teke i bruk i vår.
*Bykle Radio i samarbeid med Valle Radio fekk forlenga konsesjon til 2015.

Takk
Eg vil takke alle for innsatsen i året som gjekk og be dykk engasjere dykk vidare arbeid til beste for bygda gjennom Valle Radio.

Valle 30. mars 2009

Harald Haugland

Program 31. mars

Tirsdag 31. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Tale av Egil Grandhagen
19:00 Sangtime. Valenkoret syng norske songar.
20:00 Tysdagsmagasin
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Ikkje sending onsdag 1. april. Vi har sending til heile dalen fredag 3. april.

Årsmøte

I kveld skal eg bare minne om annonsen som stod på side 13 i Setesdølen fredag:

ÅRSMØTE
Valle Radio

held årsmøte på Valle Motell
måndag 30. mars klokka 19:30

Vanlege årsmøtesaker. Pizza

Samtale om påsendingane etter at årsmøtet er ferdig.
Alle må møte. VEL MØTT!

Og så vil eg gratulere dei som gjekk Sesilåmi i dag og kom seg over fjellet.

Legesamarbeid

Legen i Bygland skal tilsetjast av Valle kommune, kunne vi lese i Setesdølen for ei tid tilbake. Det hadde ikkje lukkast Bygland å få søkjarar til stillinga, med unntak av Vidar Toreid, som dei ikkje vil ha. Ved å samarbeide med Valle, vona dei å få fleire søkjarar til stillinga.

Men dette var ei løysing som kommunestyret i Valle ikkje kjende til, og difor spurde Olaf Henrik Homme frå Arbeidarpartiet om dette i siste kommunestyremøte, Svaret kunne du lese i siste nummer av Setesdølen. Rådmann Arne Tronsen opplyste då til kommunestyret at samarbeidet mellom Bygland og Valle på denne måten skal styrke det totale helsetenestetilbodet i kommunane. Om det syner seg at ein får søkjarar, må ein endeleg avtale opp til politisk handsaming.

I same nummer av Setesdølen skriv Vetle Toreid, som er son til Vidar at ganske mange har skrive under på eit innbyggjarinitiativ for å få Toreid tilbake. Han er spent på korleis det går går når dette skal handsamast i Bygland kommunestyre.

For meg såg den annonsen ut til å vere ein måte som Bygland kunne tilsetje sin oppsagde kommunelege på. Ved at Valle er arbeidsgjevar, slepp dei å innrømme at dei hadde feil, men kan få ein lege som folk i bygda vil ha. Var det ikkje betre å bite i det sure eplet og seie at den rådmannen som reiste, kosta Bygland dyrt og at ein får redde stumpane.

Det er grunn til å ønske den nytilsette rådmannen i Bygland til lukke. Ho kan trengje det.

Beredskapsplanar

Toralv Andersen frå Arbeiderpartiet spurde i kommunestyremøtet onsdag om beredskapsplanane fungerte då internett og telefon forsvann i Valle sist veke. Det var ikkje bare i Valle, store deler av dalen vart utan samband, eg høyrde at det var ein gravemaskin på Ose eller i Bykle som var skuld i situasjonen.

Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund fortalde at beredskapsplanane fungerte internt i kommunen, men at dei frå Telenor ikkje fekk noko informasjon. Frå fylkesmannen fekk ein informasjon, men den var feil, sa han.

Etter mi meining syner dette kor sårbart samfunnet er blitt. Heldigvis er det to leverandørar av mobiltelefon, og netcom/tele2 sitt system fungerte. Men det burde vore slik at når eit nettverk ikkje fungerer, så vart ein automatisk kopla over til det som fungerer. No var mobiltelefon for telenor-kundar heilt daud. Og når internett ikkje fungerer, må ein ha naudløysingar mange stader.

Det er vel og bra å konkurrerer når alt fungerer, men i situasjonar som dette bør ein droppe konkurransen og heller hjelpe kvarandre slik at kundar får den kommunikasjonen dei treng. Det er eit krav kunder bør kunne stille til leverandøren av slike tenester. Men her må det nok politiske påbod til om slike krav skal verte innfridde.