Kategoriarkiv: Ymse

Fotball

Dette innlegget på bloggen kjem ikkje bror min til å like, for han meiner at dei 22 spelarane på fotballbanen under ein fotballkamp skulle hatt kvar sin ball, så slapp dei å springe slik for å få tak i den eine ballen.

Men Britta Lise sit nok heime i kveld (om ho då ikkje var på kampen) og er rimeleg glad for at Start tross alt berga eitt poeng i kampen mot Stabæk i kveld. Vi har huset fullt av feriegjester, men vi lot fotballkampen stå på i kveld, rett nok utan lyd, for vi ville ikkje at kommentatorane skulle prate i munnen på oss. Og vi var ikkje nøgde med Start sitt spel før etter 85 minutt. Dei siste ti minutta, inkludert 4 minutt tillegg, gav likevel ein Start-entusiast noko å glede seg over. Begge måla var gode, VG skreiv til og med at Start stjal poenga. http://www.vg.no/sport/fotball/norsk/artikkel.php?artid=564616

Fotball er ein sport som engasjerer mage, og når det kjem ein kamp på TV er eg og barnebarnet mitt på 7 år ivrige tilskodarar. Vi har fått mål i hagen i sommar, gamle hesjestaurar har kome til nytte att, og det er ikkje få mål han har laga der medan han har vore på ferie.

Når Start spelar mot Stabæk, er det ingen tvil om kven eg held med. Eg har større problem når dei spelar mot Viking, for det har nok helst vore laget eg har halde med. Rett nok har det vore på avstand, det er ikkje mange gongene eg har vore på gamle Stavanger Stadion, og på den nye fotballbanen har eg ikkje vore.

Men det er eit fascinerande spel.

Taco

-Vi har tradisjon for å ha taco på fredagskveldane, sa Rønnaug i dag. Og det vart taco. http://no.wikipedia.org/wiki/Taco

Det er ein typisk plukk-mat, du plukkar litt frå kvar skål og fyller i ei tortilla-lefse, den er litt seigare enn norske lefser, eg trur den er laga av mais. Så brettar du i enden, rullar saman på sidene og stikk det heile i munnen. Avhengig av sausen du har på, kan det vere sterkt eller mildt. Medan borna, i alle fall dei vaksne borna, gjerne tek den sterke varianten, held nok eg meg meir til den milde.

Vi kom til å snakke om endring av matvanar. Då vi vaks opp, var ikkje ein gong pizza blitt vanleg, men borna våre fekk mykje pizza. No er det taco som er tingen. Den framhevar det sosiale i måltidet -send mais, -send løk, -send ananas, -send rømme -send kjøt, alle med eit vennleg: vil du vere så snill å framom.

Så går praten om mat i andre land, taco er mexikansk opprinneleg, og ein får gjerne historier om då ein åt mat som kravde liter med vatn for å stagge brenninga frå krydder som eigen gane så visst ikkje var tilpassa.

Sundag er teksten om brødunderet, og til ulike arrangement i sommar har logistikk for mat vore noko å bry hovudet med. Denne helga er det gladmatfestival i Stavanger, det pleier visst å kome 100.000 for å smake på alle slags rettar. I Aftenbladet, som dei sel på Sørlandet om sommaren og som eg av og til får tak i, hadde dei stor reportasje dei fleste dagane denne veka.

Vi har grunn til å synge Å du som mettar liten fugl både ein og to gonger.

Dyrepark-kø

Tysdag var eg til Sørlandsparken. Vermeldinga var skiftande ver, mest regnbyger, men i grunnen var det ganske høveleg utan dei store regnskylla vi hadde før helga, heldigvis.

Trafikken innover var og høveleg. Reidun skulle i ei gravferd klokka halv eitt, så eg sette henne av litt før tolv, og etter ein liten tur i kvadraturen, tenkte eg at eg ikkje ville slåss om parkeringsplass, men heller dra til Sørlandsparken. Der er det jo nok parkeringsplass. Fretex sitt utsal som før var på Lund, flytta til Sørlandsparken for eit par år sidan, og kanskje hadde dei nokre gamle Hvem Hva Hvor som eg kunne slå kloa i for ein billig penge medan eg venta på henne.

Utover frå byen gjekk det i god fart forbi bomstasjonen på Lund og over Oddernesbrua. Men då eg kom opp mot bensinstasjonen på Hånes, tetna trafikken. Eg tenkte at det var mange som gjorde som eg og drog til Sørlandsparken i det usikre veret. Nokre var det som svinga av og inn i Barstølveien, men dei fleste heldt kursen opp bakken. Der er det ein ny avkjørsel til Sørlandsparken lengst til høgre og to felt vidare mot Oslo. I det midterste feltet gjekk trafikken tregt og stoppa, i det ytterste var det god flyt. Sjølv la eg meg innerst og kom inn til Sørlandssenteret utan problem.

Men etter kvart skjøna eg at køen skulle til Dyreparken. Då eg seinare høyrde lokale nyheter på Sørlandssendinga, som burde heitt Agdersendinga, hadde det vore ny besøksrekord den dagen og, bare ei veke etter at siste rekorden var sett. Over 17.000 betalande gjester.

Eg måtte tenkje på det ei stund. Det er lange køar over alt, trur eg. Ein går i kø og ser på dyra, går i kø for å handle noko i kafeane og i lang kø for å kome frå parkeringsplassen til inngangen.

-Det er sikkert betre å gå i Dyreparken etter fellesferien, seier dotter mi med to dyreinteresserte born. Då dei budde i Søgne, hadde dei årskort og gjekk der ofte. Det fristar ikkje like mykje no. Det einaste må vel vere om ein gjer sjølve køståinga til ein del av opplevinga og ikkje til noko ein må gjennom før sjølve opplevinga kjem.

Jordbær

I tysdagsavisa var det rapport frå Jordbærfestivalen på Evje. Søkkvåt jordbærfestival på Evje, var overskrifta i Setesdølen. Ole Birger skriv her: Trass i det som på godt norsk heiter skikkeleg drittver fann om lag 1500 menneske vegen til jordbærfestivalen på Evje laurdag. Og i ein bilettekst heiter det: Det var merkbart at bæra ikkje har hatt godt av nedbøren dei siste par vekene, godt med følyte og sukker på er no desse små likevel alltid.

Sjølv gjorde eg den same observasjonen då eg i går kjøpte ein kasse jordbær. Vi pleier å lage frysetøy av dei, så tek vi vare på sommaren heile året i små boksar. Men tysdagsbæra var mykje våtare enn jordbæra har vore til vanleg, så drittveret laurdag slo nok ikkje bare til på Evje-jordbæra. Eg likar godt å ete jordbær utan fløyte og sukker, men desse var mest for våte til at det var den vanlege gode opplevinga å snike til seg litt frå den store skåla med reinska bær som står og ventar på sukker og syltepulver.

Sist mandag var eg ein tur på Kjevik, skulle bringe folk til Oslo-flyet klokka ni, og eg var der i åttetida. Då starta plukkinga av jordbær på åkrane ved flyplassen. I sommar høyrde eg ein reportasje i radio som fortalde at det mest er slutt på sjølvplukking, no kjøper vi bæra. Og det stemmer, i alle fall for min del. Men jordbærprodusentane får arbeidskraft frå Polen og Baltikum, dei plukkar for harde livet. Det såg ut til at dei gjorde det denne mandagen og, sjølv om det regna og sikkert var ikkje meir triveleg enn det måtte vere i jordbæråkeren denne morgonen.

Dei skal ha takk, alle som står på for at vi skal kunne nyte desse gode bæra. Og betalinga fortener dei.

Strange Fruit

I går kom eg til å sjå på filmserien En engel iblant oss på kanal FEM. Det er ein serie eg har hatt stor glede av å sjå på, den syner korleis Guds englar går omkring på jord i menneskeleg skapnad for å hjelpe dei som har det vanskeleg. Monica, Tess og Andrew er gjennomgangsfigurar, og serien går mandag til fredag.

I går handla det om ei jente som hadde mykje sinne i seg og protesterte mot verda rundt seg med å dope seg. I samband med ei oppgåve der ho skulle sjå element frå sitt eige liv gjennom historia, synte Monica henne korleis Billie Holiday reagerte på sangen.

Det var ein gripande episode, og den førte til at eg slo opp i wikipedia for å sjå om vi hadde noko om dette. Sanneleg, mellom dei 220 000 artiklane våre var det ein artikkel om dette og.
http://no.wikipedia.org/wiki/Strange_Fruit_(sang)

Eg anbefalar deg å gå på den lenka og lese historia. Den er lærerik.

Marius

Før ferien starta, stoppa eg på Ose og gjekk innom til Annemor Sundbø. Ho er alltid interessant å snakke med, og i bøkene syner ho kunst frå fillehaugen sett saman på stadig nye måtar. Dette har ho og fortalt om i Valle Radio fleire gonger, ho er alltid velvillig når vi spør henne og auser av sin store kunnskap med glede og iver.

Denne dagen inviterte ho meg med opp i Storstoga, der ho heldt på å montere ei utstilling som skulle stå oppe i sommar. Sentralt i utstillinga var Setesdalskofta, og så synte ho korleis ulike mønster har sprunge ut av eller late seg inspirere av lusa til nye mønster og variantar. Der fann vi og Mariusgenseren.

Eg kom på dette då eg i dag las i Aftenposten at Marius Eriksen var død, 86 år gammal. Det livet han levde, slik det er teikna i minneordet av andre som vaks opp i Dr. Holms vei i Holmenkollen, var langt over gjennomsnittet innhaldsrikt alt frå ungdommen av. Han drog til Little Norway og utdanna seg til pilot og vart den norske piloten som skaut ned flest fly under krigen, heile 9 eller 10, og han vart sjølv skoten ned over Nederland 2. mai 1943 og sat deretter i krigsfangeskap. Etter krigen var han med i slalåm i fleire verdsmeisterskap og i OL i 1948. Deretter dreiv han sportsbutikk i Akersgata i mange år. Noko om dette kan du lese på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Marius_Eriksen Seinare var han og med i fleire filmar.

Eg pleier å sjekke at vi har artiklar på wikipedia om folk som er omtalte i Aftenposten når omtalen tilseier at vi burde ha det. Og det hadde vi, i dagane etter at han gjekk bort, har den blitt ganske kraftig utvida og eg kunne lese om medaljar han fekk for innsatsen sin: «For sin krigsinnsats ble Eriksen tildelt Krigskorset med sverd, St. Olavsmedaljen, Haakon VII 70 års medalje, Krigsmedaljen, Deltakermedaljen, Distinguished Flying Medal (UK) og Silver Star (USA).»

Helsevesenet og pengane

Etter ein laurdag med like mykje regn som det til vanleg kjem på ein månad, kom sundag med solgløtt og opphald det meste av dagen. Det var så fint at vi valde å ta formiddagskaffe ute, men då kom det nokre dråpar som førte til hektisk aktivitet for å få opp parasoll, slik at ein kunne sitje rimeleg verna for dråpane. Dei vart så få at apetitten på vaflane på ingen måte vart redusert, med bringebærsyltetøy frå ville bringebær plukka medan vaflane vart steikte, var det eit triveleg måltid.

Vi vart sitjande å snakke om nevroendokrine svulstar, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Nevroendokrine_svulster Det er ein artikkel eg skreiv for nokre dagar sidan basert på ein artikkel i Aftenposten. Grunnen til at vi kom inn på det var at svigersonen vår, som er patolog, no måtte tilbake på jobb i neste veke, og då finn han slike svulstar. Eg hadde spurt han om å lese gjennom det eg skreiv, eg skriv jo ofte om ting eg ikkje har peiling på på wikipedia, og då er det godt å få ein som har peiling si meining. Han sa då at han var overraska over at det ikkje var fleire tilfelle i Noreg, for hans inntrykk var at dei på sjukehuset fann slike ganske ofte.

Vi måtte jo konstatere at hans pasientgrunnlag er ein halv million menneske, så då vert det jo ein del å ta av. Men så fortalde han at før var det nokså lett å diagnostisere denne sjukdommen. Ein såg det med ein gong i mikroskopet. Men det kunne jo hende at ein tok feil, og denne sjukdommen er det ingen som kan gjere noko med. Difor vert det som ein dødsdom når den er diagnostisert. Om ein då i eit eller anna tilfelle har feil diagnose, skulle ein vel tru at pasienten var svært nøgd. Men det er ikkje alltid slik, av og til vert folk svært sinte på helsevesenet og legen fordi dei har fått øydelagt livskvaliteten, så dei saksøker sjukehuset for å få erstatning. Difor har ein måtta utvida kvalitetssikringa av diagnostiseringa, slik at ein i tillegg til å sjå i mikroskop, også må teste for hormonbinding. Dermed vert det ein mykje meir komplisert jobb, og den kostar pengar.

Ingen skulle undre seg over at helsevesenet er dyrt i drift under slike forhold.

Orgelkonsertar

I Setesdølen i går, fredag 17. juli 2009, var det ein liten notis om eit brev Niklos K. Besteland har sendt til Valle kommune:

Niklos K. Besteland på Besteland i Hylestad meiner at det er for dårleg at Valle kommue brukar flust med pengar på ulike kulturelle tiltak, mellom anna konsert med Lillebjørn Nilsen, men ikkje sikrar orgelkonsertar i kyrkjene i kommunen.

-Det er ingen tilbod om dette i år, anten for bygdefolk eller tilreisande. Det er for svakt. Det er ei skam at me har nytta skattepengar til dyre orgel, men ikkje maktar å sikre at nokon spelar på dei. Me bør ha organist i full stilling, skriv Besteland i eit brev til Valle-ordførar Bjøgulv Sverdrup Lund.

Niklos er ein trugen medarbeidar i Valle Radio. Annankvar veke kjem han med eit gjennomarbeidd program med kyrkjemusikk som han presenterer i programmet Postludium. Dette programmet har vi hatt klokka 20:30 i alle dei åra vi har hatt tysdagssending. Han har ei stor samling med musikk av denne typen og deler med seg av informasjon om både komponisten, utøvaren og orgelet det vert spelt på. Av og til får eg tilbakemelding frå folk om at dei likar Niklos sine program, og det er ingen tvil om at han sjølv trivst med den oppgåva og ser fram til ein ny bolk til hausten.

Og Niklos har eit poeng. Det er jo eit lite paradoks at vi har fått gode orgel i begge kyrkjene, men bare brukar dei til dei faste hendingane i kyrkjene, gudsteneste, bryllaup og gravferd. Instrumenta har godt av å verte brukte og kunne med fordel vore grunnlag for ein serie med sommarkonsertar, slik det skjer i mange andre kyrkjer. I Oddernes kyrkje har organisten Ian Richards kvar sommar ein orgelkonsertserie med arrangement kvar onsdag og sundagskveld, ofte med gjestemusikarar. I Lyngdal er det Sommerkveld i kirken med musikk kvar fredagskveld. Der samarbeider organisten med svært mange musikarar i løpet av sommaren. Men det er alt for få som skipar til slike arrangement, så Valle er i selskap med mange kyrkjer på Agder. Om det skal kallast godt eller dårleg selskap, kan du som les bloggen sjølv bestemme.

Godt og tenleg ver

I den gamle kyrkjebønna heitte det “godt og tenleg ver”. Det veret eg har hatt i sommar, har vore av den typen. Og ettersom veret er noko ein kan snakke om når ein ikkje har noko anna, så vert det tema for innlegget på bloggen i dag.

Då eg såg på Dagsrevyen sa Kristen Gislefoss at det kunne kome 80 mm nedbør på Agder i dag og i morgon. Det er ganske mykje, og svalene flyg lågare no enn tidlegare i veka, så han kan nok få rett i at det kan kome ein del regn. Men i sommar har det vore svært lokale variasjonar, nokre regnbyger som har vore sterke med mykje vatn har ikkje vore så omfangsrike. Ein kveld eg kom frå Kristiansand skjøna eg at byen høyrde til dei indre bygder, for då vi kom sør for Søgne, var det fint opphaldsver medan det høljeregna i Kvadraturen.

Men om eg skal seie noko om veret så langt i ferien slik eg har opplevd det, så har det vore godt. Vi var fem dagar i Sverige og hadde sol det meste av tida, godt og varmt, eg er jo ikkje så glad i høge temperaturar, så 25 grader i lufta var meir enn nok for meg, og med 45 grader på asfalten var det lite fristande å gå ut av bilen.

Difor likte eg temperaturen betre då vi sette kursen nordover, sjølv om 12 grader kanskje ikkje fekk folk i Finnmark til å rope hurra. Eg hadde trudd at myggen ikkje var så aktiv når det var så kaldt, men der vart eg lurt, han fylte bilen då vi stoppa for å ta eit par bilete i Kautokeino.

Å køyre bil når det regnar er jo ikkje så stor glede, særleg når store trailarar kjem til møtes og kastar 80 mm nedbør over panseret og frontruta. Høljeregn gjer og at sikten vert dårlegare, så ein må redusere farten. Men det var bare ein kort periode vi hadde slikt regn i Nord-Norge, eit par timar ein ettermiddag. Og så fekk vi ein regnversdag på Inlandsvegen i Sverige på veg mot Torsby. Då sa vi at dette likte nok bøndene, for det hadde vore ein lang periode utan regn, Skogen var etter kvart ganske turr, så lynet hadde slått ned nokre stader og gjeve brannvesenet noko å gjere.

Veret kan ein ikkje gjere så mykje med, ein får bare gjere det beste ut av situasjonen.

Leonard i Langesund

I kveld var Leonard Cohen i Langesund. Over 11.000 billettar var selde, 645 kr pr. stk gjev ei omsetning på over 7 millionar kroner. Eg vonar at både Helge, Margunn og Stein fekk ei god oppleving for pengane saman med dei 11.000 andre som tok seg til Langesund i kveld.

Når eg høyrer namnet til denne songaren, tenkjer eg på alle dei gongene vi har spelt Kirsten Bråten Bergs Som en spurv frå plata Cohen på norsk i Valle Radio. Denne plata er basert på Håvard Rem si gjendikting av Cohens dikt, og spurve-sangen til Kirsten er svært populær i Valle Radio. Her er lenke til plata: http://www.leonardcohenfiles.com/cover3.html og her kan du kjøpe spora: http://www.mic.musikkonline.no/shop/displayAlbum.asp?id=2560

Cohen har gjeve ut elleve studioplater og ti bøker, fortel Alf Kjetil Walgermo i ein artikkel i Vårt Land i dag, der han skriv: Det finst ikkje flust av poetar i popen. Men Leonard Cohen finst framleis. (…) Religiøse tema og metaforar dukkar opp i mange av Cohens låtar, så som den populærie Hallelujah, ein nydeleg song som dessverre er covra halvt i hel av idolalderens unge og håpefulle.

Og i morgon er han på Moldejazz, der det er seld over 9000 billettar.