Kategoriarkiv: Ymse

Gratulerer med kulturpris

Det var Hallvard T. Bjørgum som fekk kulturprisen for 2009, les i i Setesdølen i dag. Det var så hemmeleg på førehand at han ikkje visste det sjølv og kunne kome og ta imot prisen. Men den er vel fortent. Det er ikkje den frøste prisen han har fått, tre Spellemannsprisar har han fått i klassen folkemusikk/gammaldans, i 1979 for albumet Slinkombas (med Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte), i 1990 for albumet Skjoldmøyslaget. Faremoslåttar frå Setesdal (med faren Torleiv H. Bjørgum) og i 1998 for albumet Toneflaum (med Bjarne Herrefoss og Knut Hamre). I 1997 fekk han Aust-Agder fylkes kulturpris, den fekk far hans som fyrstemann i 1971. Han er Heidersmedlem i Norsk Folkemusikk- og Danselag, og i 2002 fekk han Gammleng-prisen.

Så ein kan seie det var på tide at han fekk den kommunale prisen, 12 år etter at han fekk fylket sin kulturpris. Men det er i år 30 år sidan han fekk den fyrste Spellemannsprisen, og å halde seg på topp som musikar og formidlar i 30 år er ei bragd. Lun og triveleg fortel han soger rundt slåttane han framfører, dei som høyrer på, vert engasjerte og får ei stor oppleving. Han er statsstipendiat for si formidling og sin kunst.

Sylvartun har jo vore arenaen han møter mykje publikum på. No har han skrive brev til fylkeskommune og kommune med spørsmål om dei vil overta staden og vidareføre arbeidet med folkemusikkpresentasjon der i offentleg regi. Om det lukkast, er ikkje lett å spå på førehand.

Hallvard har naturleg nok og vore med i Valle Radio. Han er ein ihuga countrymusikkelskar, truleg er Hank Williams artisten han set høgast, i alle fall kunne ein få det inntrykket i ein samtale som Bjørgulv T. Berg og Hallvard hadde i vinter. Det var ei oppleving å høyre på.

Takkk, og gratulerer.

Meir om Hallvard finn du på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Hallvard_T._Bj%C3%B8rgum

Kommunikasjon

Det er ikkje lett å kommunisere, det veit vi som prøver å lære utlendingar norsk. Dei treng ikkje bare å kunne norsk, dei må og kunne den lokale dialekten. Den er jo varemerke for Valle Radio, sjølv om fleire av oss som lagar programma, ikkje er innfødde.

I løpet av året er det mange misforståingar, sjølv når elevane våre burde kunne forstå. Korleis må det ikkje då vere å vere utan lokalt språk, som til dømes dei utlendingane som sit i fengsel. Dei får bare tolk når det er formelle tilhøve. Advokatbesøk og avhøyr, då kan dei få tolk. Og når dei kjem frå land der ein ikkje har engelsk som andrespråk, men russisk, til dømes, så blir talet på nordmenn dei kan snakke med nokså begrensa.

På wikipedia er det heller ikkje alltid lett å vite kva dei andre som skriv, eigentleg meiner. Det er laga mange møteplassar for skribentane, irc, diskusjonssider og meir generelle sider. Men når det eg skriv, ikkje vert ledsaga av kroppsspråk, kan det lett misforståast, sjølv om eg meiner det er enklaste sak av verda.

I land der det bur fleire folk enn i vårt land, har folk lært seg nokre køyrereglar, og på ein tur på gata i London kan du høyre excuse me eller sorry ganske mange gonger. Her er det sjeldan å høyre. Men vi er jo få her i landet.

På denne bakgrunnen vonar eg at du skjøner mi oppfordring om å ta det eg seier i beste meining, anten du les på bloggen eller innlegg eg skriv på wikipedia. Å smørje med smil kan vere lurt, så eg avsluttar med eit lite smilefjes i kveld. 🙂

Minnepinner

I datalivet mitt har eg gått gjennom mange generasjonar når det gjeld minne, Då eg fekk den fyrste datamaskina, måtte ein lagre på ein bøyeleg floppydisk. Det var ikkje mykje plass til minne stoff der, kan hende 50 sider med skriven tekst. Men for den som kom frå ein skrivemaskin, var det ei ny verd som opna seg, sjølv om også skrivemaskinane på slutten hadde minne som var ei god hjelp når ein skreiv feil og skulle fjerne det ein hadde skrive, då var det bare å trykke på tilbaketasten, så henta han fram viskeler-papir og sletta siste bokstavane.

Frå den bøyelege floppydisken gjekk eg via Amstrad-maskina som hadde ein stiv floppydisk, men i eit ukurant format, det var bare desse maskinane som hadde det formatet. Dermed var det ikkje så lett å flytte stoff frå ei maskin til ei anna.

I mange år hadde vi så diskettar som ein kjenner i våre dagar. Dei er jo greie, men teknologien utviklar seg stadig, og snart var det ikkje plass til å lagre så mykje meir med gammal teknologi. Diskettar som sveiv rundt har etter kvart blitt avløyste av minnepinnar, http://no.wikipedia.org/wiki/Minnepinne Dei kan ikkje bare lagre data som eg skriv, men og musikk, og mange av dei som kjem i Valle Radio no, har musikk med seg på minnepenn. Då stikk ein bare pennen i USB-porten på maskina, og vips kan ein legge det på miksebordet og spele det når tida er inne.

Trude Ringheim er journalist i Dagbladet og i Magasinet i går hadde ho ein interessant artikkel om minnepinnar som ikkje er digitale. Ho tenkte på opplevingar, for eksempel sommarminner:
*Teltturen da det haglet.
*Far som datt i elva med fiskestanga.
*Første ferie i Italia, og far som la seg på feil hotellrom.
*Hele gjengen som fikk magesjau på danskebåten av potetsalaten.”
http://blink.dagbladet.no/profil/?op=ViewProfile&nick=truringh

Turen til Nord-Norge var ein slik minnepenn for meg. Nye minne vart lagra og gamle vart friska opp att. Trude Ringheim var inspirert til artikkelen sin av ei bok ho hadde lese i sommar, Linda Olsons “La meg synge deg stille sanger”. Eg trur nok at for borna våre er sommarferien år om anna ein god minnepenn. Denne sommaren vil vel for nokre bli sommaren med regn heile ferien, for andre vil den bli det motsette.

Uansett: Pass på at du lagrar minna, at dei ikkje bare sviv bort i ingenting.

Blåbær

Eg fekk ei tekstmelding i dag som formidla glede over blåbærhausten. Blåbæra har klart seg betre i regnet enn jordbæra til brødrene Kjetså på Evje, der var sesongen over då regnbygene slo inn over Evje den helga dei hadde jordbærfestival.

Men blåbæra har vore kjelde for glede for både ho som sende tekstmelding og for dei gutane eg møtte utanfor Coop på Moi i Rogaland, dei hadde vore i skogen og plukka blåbær, -det er veldig mykje blåbær i år, sa dei. No sat dei og selde bæra, 30 kroner korga, og folk kjøpte villig vekk. Pannekaker med nyrørt blåbærsyltetøy er ein delikatesse ein kan nyte anten bæra er sjølvplukka eller ikkje. Og Olav Holen formidla i ein serie vi hadde i Valle Radio for nokre år sidan mykje informasjon om kor rike dei er på antioksidantar og C-vitamin og meinte at vi burde ta turar i skog og mark så ofte vi kunne, det ville betre helsa både på den eine og den andre måten.

Vi hadde i grunnen tenkt oss ein tur ut i dag, sola skein og det var nydeleg. Det var bare litt vi skulle ha gjort først, Så skya det over og vart lite triveleg, og dermed vart det ingen blåbærtur. Her er lenke til nynorsk wikipedia sin artikkel om blåbær; http://nn.wikipedia.org/wiki/Bl%C3%A5b%C3%A6r Bileta der kan gje ekstra lyst til å ta ein tur i skogen. Då vil du få bær som på bileta i denne artikkelen: http://www.nrk.no/mat/4936825.html Og der er det til og med oppskrifter.

Visste du forresten at ein prøver å temme blåbæra? Her er ei lenke til ein artikkel om det: http://www.forskning.no/artikler/2007/februar/1171875182.16

Det er visst bare Alf Prøysen som har skrive sang om blåbærplukking. Den står her: http://www.anetteshus.com/2009/05/sommerlengsel.html “der var det blått i blått så langt de kunne se”

Skriv gjerne ein kommentar om andre blåbærsongar, dikt som handlar om blåbær, eller oppleving knytt til blåbærplukking.

Drapsrevyen

Av og til, ja ikkje så sjeldan, kan ein lure på om det skjer noko triveleg i verda. Dagsrevyen berettar i alle fall ikkje om det, det er så ein kunne vere frista til å døype den om til drapsrevyen. Dag ut og dag inn får vi høyre om bilbomber, forlis, katastrofer og alminnelige drap, det vil seie affektdrap som følge av krangel eller tilsvarande. I tillegg kjem bilulukker og brannar.

Eg har vondt for å sjå kvifor det er blitt slik. At halvparten av sendetida går med til å rapportere frå slike hendingar, har eg vondt for å sjå verdien av. Det må då vere andre ting som er meir verdifulle å dele med sjåarar og lyttarar mellom Lindesnes og Nordkapp.

I dag var det eit innslag om Snåsamannen sitt møte med biskop Tor Singsaas i Nidarosdomen.
http://no.wikipedia.org/wiki/Sn%C3%A5samannen
http://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Singsaas

Midt på dagen stod 1500 menneske i kø for å oppleve at biskopen snakka med ein gamal mann ein time. Men det var lite for oss TV-sjåarar å bli klok av, for det dei snakka om fekk vi ikkje del i. Sjølvsagt var det viktig å seie noko om bombeeksplosjonane på Mallorca, det er mange nordmenn som ferierer der. Men etter interessen for Snåsamannen i Nidarosdomen å døme, var det eit tema som sikkert ville engasjert ganske mange.

For mange år sidan lærte eg at det ikkje var noko å fortelje om i media at ein hund beit ein mann, men om ein mann beit ein hund, då var det ein sak. Eg trur det er på tide å definere om kva folk i Noreg skal sjå og høyre. Det er ein grunn til at det er så mange som ser på Norge Rundt,

Sjølv om eg altså vil ha meir av mjuke meldingar i media, vil ikkje det seie at eg ikkje veit at det er mykje vondt i verda. Men kan det vere rett å blande det med sport og vermeldingar, kunne ein ikkje hatt ein drapsrevy for dei spesielt interesserte, eit program som kunne gått klokka 23:30 når vanlege folk la seg.

Sommarstorm

Truleg er arrangørane på Evje glade for at det er neste veke Landsskyttarstemna skal arrangerast, for det er lettare å ha skyttarstemne når det ikkje er storm og tungt regn. Her i Mandal har det dei siste dagane vore nokre saftige regnskurar som har hamra på tak og vegger. Vind har det og blitt etter kvart, sjølv om vi bur på ein lun plass, så merker vi det.

I kveld fekk eg ei tekstmelding som sa at eit tre var falle på grensa til naboeigedomen. Reidun meiner det er naboen sitt tre, i alle fall meinte ho det i regnet no i kveldinga, men ein må helst ha litt meir lys for å sjå kva som har hendt.

Når ein ser på TV, så ser det ut til at det er austanfor dei har fått det hardaste trykket frå årets første sommarstorm, men vi tok no inn både hengekjøye og parasoll, vinden treng ikkje å ha ekstra mykje å rive og slite i. Så skalkar vi lukene og vonar det går over.

Det har i grunnen vore ein litt rar sommar, ikkje mange dagar med smeigever i år. Det har ført til rekord på handlesentra og i Dyreparken, så nokon er det som har nytte av dette sommarveret og.

Ein får vone på nokre fine dagar når vi no går inn i august. Helst burde dei vel kome før skulen startar att. Og så får ein gjere det beste ut av sommaren, slik som våre to barnebarn gjer det. Kvar morgon kjem dei innom for å sjå på barneprogram på TV, Håkon på sju år har gjerne vore på plass ved sjutida. Heime får dei ikkje Nugati, så når det lid litt ut på morgonen, leitar han fram nugattiboksen og lagar seg nokre gode skiver, det gjeld å nytte høvet medan han er hos mormor og morfar. Og morfar tek turen på butikken etter ein ny boks Nugatti rett som det er.

Moisund.com fekk målpris

Øystein Moi og Odd Helge Liestøl i moisund.com fekk målprisen for 2009 frå Bygland Mållag. Dei deler ut prisen kvart år til nokon som brukar nynorsk i det offentlege rom, og nettsida deira har over 2000 gjester kvar dag, fortel Setesdølen.

Nettstaden var ein av dei fyrste til å bli omtalt på Setesdalswiki. Her er lenka til artikkelen deira der: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Moisund.com

Eg seier ikkje meir i kveld, men gratulerer med hederen. Gå heller til nettstaden deira og gled deg over nær og god lokaljournalistikk frå Evje.

Lukke til, Tron

Eg les i Setesdølen i dag at Tron A. Støle har blitt ny rektor på min gamle arbeidsplass, Valle skule, og har lyst til å ønskje han lukke til. Støle er opphavleg frå Sokndal kommune i Rogaland, han kom til Valle for 15 år sidan og har hatt jobb i Valle kommune det meste av tida. Ein stor del av tida har han vore ungdoms- og idrottsleiar, men dei siste åra har han engasjert seg sterkt i innføring av Miljøfyrtårnsertifiseringa i Valle kommune. Eg har samarbeidd med han som hovudtillitsvald i det som vi i Valle kommune kallar Felles Forum, der alle hovudtillitsvalde har hatt møte med rådmannen.

Tron har vore oppteken av å utvikle reiselivet i Valle. Ein periode dreiv han med elgsafari for turistar om kveldane, med elg-garanti. Dei seinare åra har han halde fram med engasjementet for dei store hjortedyra, om vintrane forar han elg, hjort og rådyr med høy, noko som i alle fall eg trur er ein grunn til at det er færre kollisjonar mellom elg og bil om vintrane. Han har invitert meg til å vere med han med mikrofon og sjå på foringa, men eg har ikkje kome meg opp til Rygnestad for å vere med på det enno.

Tron har og synt ei side som ikkje så mange visste om då han kom i Valle Radio og laga musikkprogram. Artige kommentarar og gammal musikk i ein time, det var bare ein liten begynnelse, og han lova i grunnen å kome med meir etter kvart. Om han får tid til det når han no vert rektor, kan vel heller vere eit spørsmål, men eg vonar jo det.

Eg vonar og at han finn høve til å kome flittig i radioen for å fortelje om det som hender på Valle skule. Det vert fort til at desse institusjonane vert noko lukka, og den kommunale informasjonshalvtimen er i grunnen på langt nær nok for å formidle alt som skjer på skulane våre. Når dei no legg planar for komande skuleår, vonar eg at dei nye rektorane og medarbeidarane deira tenkjer på korleis dei kan bruke Valle Radio på ein god måte, både med å lage temaprogram og ved å informere om livet på skulane.

Komper

Kompe er Sørlandet sin nasjonalrett, akkurat som vi heime har komla og dei lenger nord på Vestlandet har baill. Nynorsk wikipedia har artikkelen under det rogalandske namnet, http://nn.wikipedia.org/wiki/Komle Då eg søkte på kompe på bokmålswikipedia, kom eg til artikkelen om potetball. http://no.wikipedia.org/wiki/Kompe Det kjem av at ein på wikipedia har høve til å lage omdirigeringar frå ein tittel som betyr det same til artikkelen om emnet. Og kjært barn har mange namn, den engelske artikkelen om denne matretten heiter Raspeball.

Om lag på denne tida i fjor skreiv eg om kompe på bloggen. Det var fyrste mandagen i august, og eg funderte på kva eg skulle skrive om, og då nemnde eg kompe i artikkelen så vidt det var. I dag er temaet opphøgd til overskrift, og det skuldast nok at eg var på butikken i dag og kjøpte eit heilt spann med komper, 12 i talet, for 10 kroner pr. stk. Det er eit tilbod dei har på Tilbudssenteret i Mandal kvar mandag, og i dag var eg heldig og kom før dei var utselde. Det stod folk i kø og fleire handla like mykje som meg, så ein kan nok tenkje at i dag var det den store kompedagen i Mandal. Men det er no helst slik kvar mandag. Så populært har det blitt at andre butikkar har prøvd på same opplegget andre dagar, det har ikkje vore like stor suksess.

Så var det heim med eit stort spann med komper. Fram med smør og sukker og sjeldan går middagslaginga heime så fort som på kompedagane. Før ein veit ordet av det er det tid for oppvasken, den tek maskina seg av, og i staden kan ein la kompene søkkje og middagsluren sige på. Då får regnet plaske i fred, yr.no meinte at det skulle vere opphald i eit par timar, og det var det, noko som førte til lange køar i alle rundkjøringane i Mandal då eg handla, men elles var nok dagen helst ein innedag for ferierande.

Grøn trøye

I dag vil eeg gratulere Thor Hushovd med grøn trøye i Frankrike Rundt. Han vann trøya for andre gong, denne gongen etter hard kamp med Mark Cavendish, som nok er ein betre spurtar, men som likevel kom til kort i kampen om denne grøne trøya i Tour de France. Thor Hushovd kjørte smart og kapra fleire spurtpoeng totalt, så til slutt enda han opp med 10 poeng meir enn konkurrenten.

For oss som har fylgt sendingane på TV har det vore god TV-underhaldning. Men no er det slutt, og vi unner dei eit rolegare liv utan motorsyklar rundt seg og helikopter over seg.

I løpet av dei åra Tour de France har vore sendt på TV i Noreg, har sykkelinteressa auka mykje. Kvar dag syklar folk i fargerike sykkeldrakter utanfor oss her i Mandal, det verkar å vere ein risikosport, for her må dei konkurrere med bilar om ein veg som er laga for langt mindre trafikk enn sommartrafikken vi har fått. Med 1000 hytter langs sjøen, på holmar eller med sjøutsikt frå ei hei inne på land, vert det nok av trafikk. Når det i tillegg er eit industriområde og søppelplass for Mandalsregionen som brukar same vegen, seier vi til kvar andre mange gonger kvar dag at det er eit under at det går så godt som det gjer. Difor har vi i fleire år prøvd å få politikarane til å setje sykkelsti til Tregde på prioriteringslistene sine, men så langt har den ikkje nådd opp.