Kategoriarkiv: Ymse

Flax

Eg vann eit Flax-lodd i kveld. Det var Valle Radio si Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som sikra meg loddet, og eg hadde ein lang prat med dei der vi prata om mangt og mykje, mellom anna om at det i desember blir feiring av at radioen vann Valle kommune sin  kulturpris. Det var ikkje flaks, radioen som snart har halde på i 25 år, er ein kulturinstitusjon, ikkje bare ein formidlar av nytt og aktuelt stoff frå kommunen.

Medietilsynet forlenga konsesjonen til å drive lokalradio på FM i dag: Konsesjonene for lokalradio på FM forlenges med fem nye år fra nyttår. – Kulturdepartementet har gitt Medietilsynet i oppdrag å forlenge konsesjonene. Formålet er å gi lokalradioene noe mer tid til å forberede overgangen til digitale sendinger, sier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I sendinga i kveld var det ein lang prat med Tor Espen Helle om gleda ved å danse folkedans, med Ole Asbjørn Bergstøl om flyslepp i Bykle under krigen og med Tallak Hoslemo om årets jolemesse på Rysstad til inntekt for Misjonssambandet. Før pandemien kom det inn over 400.000 kroner på det arrangementet, med åresal, basar og loddsal på førehand. Siri Johannessen hadde også funne fram musikk av ho som skal synge under messa, Synnøve Aanensen frå Karmøy, og hovudtalar blir generalsekretæren i NLM, evjedølen Øyvind Åsland.

Norea Mediemisjon

Norea leverer stoff til Valle Radio sine tysdagssendingar og i kveld fekk vi høyre opptak frå eit møte på Nomeland bedehus og ei tankevekkande forteljing om situasjonen for kristne i Nord-Korea. Vi må be for dei kristne der, for dei blir verkeleg forfylgde for si tru. Norea støttar arbeidet som blir gjort med å sende radioprogram til landet, men dei må folk høyre i skjul.

Og så hadde Niklos K. Besteland eit orgelprogram, det var ikkje heilt etter min smak, er er nok meir glad i musikk frå eldre tider enn det han hadde med denne gongen.

18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri frå Norea ved Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt frå Norea Mediemisjon ved Mona Sætre
18.30 Sangtime med viser, salmer og mer
19.30 Timen:
– Vallekalenderen 2022: Lisbeth D. Homme, Valle Bygdekvinnelag
– Då Norea var på Nomeland bedehus i oktober
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Siri har laga ei fyldig programside med oversyn over både innslag og musikk. Den finn du på Setesdalswiki.

Mandagstørke

Det er ikkje alltid så lett å finne noko å skrive om på ein mandag. Difor stod det lenge Ingenting skjer i Setesdal i dag på denne datoen. Eg baserer jo mykje av det eg skriv om på det som er avertert i Setesdølen, men det er jo ikkje alt som er avertert der.

Men så dukka det opp på Facebook at det var forfattarbesøk på Evje og Hornnes bibliotek, og då vart det plutseleg noko likevel. Det synte seg at Fartein Horgar var på tur for å presentere romanen Svart Babel for lesarar i Setesdal. Den er ein del av ein serie om Norges rolle som kolonistar og slaveeigarar i Dansk Vestindia og er det første skjønnlitterære verket  i Norge som løftar fram den mørke sida av seilskutetida.

Fartein Horgar vaks opp på Madagaskar og har slik sjølv erfaring med eit liv i ein annan kultur enn foreldrene. Det har vore skrive ein del om korleis misjonærbarn måtte flytte frå foreldra for å gå på skole, kanskje måtte bu på internat eller hjå framande og korleis dette påverka dei seinare. Mange måtte ofre mykje for foreldrene sitt misjonskall. Om det gjaldt han, veit eg ikkje, men eg lurer på om eg skal låne bøkene på biblioteket og lese litt om ei tid eg ikkje veit mykje om.

Fajansen

Fajansen på Figgjo er visst 80 år. Etter det eg les på Facebook var det ein stor reportasje i Aftenbladet om dette i dag.

Far begynte å jobbe på Fajansen ein gong på 1950-talet, og var på kontor der til han vart pensjonist. Ein gong fekk han eit ølkrus, men alle visste jo at far ikkje akkurat var nokon ølhund, for å seie det forsiktig, så dei laga ein spesiell dekor på det: Haugland, drikk melk, din lange stelk.

Det var mykje humor på arbeidsplassen i den tida, og far samla nokre av sogene frå fabrikken i eit par små bøker, Muntre minner. Kan hende eg skal prøve å finne dei og dele noko frå dei her på bloggen ein gong.

Sjølv hadde eg sommarjobb på Fajansen nokre år og skrubba og malte tankar innvendig så vel som pussa hotellporselen før det skulle glaserast. Også Reidun jobba litt på Fajansen då vi var nygifte, ho var i dekoren og sette bilder på gjenstander før dei skulle bli glaserte.

Framleis ser vi under koppar og fat når vi kjem på ein stad vi skal ha mat for å finne ut om dei er laga på Figgjo, det verkar som om Figgjo er gått i blodet vårt og blitt verande der, sjølv om vi nok også har servise frå andre produsentar også. Det har gjerne kome til hus ved eit uhell, trur eg. For helst skulle det vi hadde vere handla hos Johan i Buå, der fekk vi rabatt fordi far jobba i bedrifta.

Skriv norsk i akademia

I kveldens Debatten på NRK handla det om kva språk ein skulle skrive på i akademisk forfattarskap og at anglifiseringa grip om seg. Eg meiner at eg høyrde at 70% av mastergrads- og doktoravhandlingane er på engelsk. Dette har eg vore litt oppteken av og diskutert utan å nå fram med mitt syn.

Frå ein artikkel om dette på nrk.no siterer eg kva Åser Wetås, direktør i Språkrådet sa:

– Det er ikkje noko i vegen for at dei blir gode i engelsk. Utfordringa er at det er lite norskspråkleg innhald i spel, på YouTube og i store delar av kulturtilbodet som finst for dei unge, seier Wetås.

Ho meiner mangelen på norsk språk i underhaldninga fører til at det norske språket sin status blir svekka i dei aldersgruppene.

– Då opplever dei ikkje at norsk språk er noko ein kan ha det gøy med på fritida når ein speler og er med vener. Det er ikkje noko i vegen for å spele på norsk, men då må det finnast spel som er på norsk.

I Medietilsynet si undersøking frå 2020 kom det fram at 17 prosent av 9-18-åringane som spelar brukar mest norsk når dei spelar og at denne andelen går ned med alderen og er lågast blant 17-18-åringane. Blant dei brukar berre 11 prosent norsk når dei spelar.

Direktøren meiner det er viktig å ikkje skulde på borna for at dei brukar mykje engelsk og påpeiker at engelsk også påverkar språket på universiteta og høgskulane.

I den høgare utdanninga blir nærare 50 % av masteroppgåvene no skrivne på engelsk og mykje av undervisninga er også på engelsk.

– Det er viktig at ikkje blir eit språk som ein berre brukar når ein snakkar om det nære, kjære og tradisjonelle, medan alt som omhandlar modernitet. arbeidsliv og kultur og underhaldning er på engelsk. Norsk skal vere i bruk i alle samfunnsområde.

I januar kjem det ei ny språklov, som seier at Norsk skal vere samfunnsberande og vere hovudspråket i Noreg.

Det meste er sagt

Overskrifta i kveld er tittelen på revyen som Bygland Dramatke SeIskab har komande helg. Øyvind Jacob hadde ein samtale med Svein Kleivane i Valle Radio i kveld og der fortalde Svein at revyen var basert på tekstar han hadde laga i løpet av 40 år. Undertittelen var Ei alternativ bygdesoge, men om du vil på revyen, er det bare att nokre få billettar til laurdagsframsyninga i Kultursalen på Bygland. Svein skriv best når han får skrive sangar på melodien Jeg er havren, men i revyen varierer han og busikken står Runar Granheim for, ein ja-mann og ein sjeldan dyktig musikar, meinte Svein. Instruktør er Olav Grendstad, som også spelar i revyen og som har flytta til Bygland.

Den som lever etter mottoet Ingenting hastar og ingenting trong gjerast før neste dag, som Kim Rysstad siterte etter gofa Olav, ville altså ikkje få billett til revyen. I samtalen med Kim fortalde han at han skal ha konsert i Valle kyrkje 15. desember klokka 18 og at folk kunne tinge billettar på kimrysstad,no 

Eit anna innslag i kveldens sending var samtalen med Svein Inge Olsen. Han kjem til Sæbyggjen tirsdag 16. november klokka 17 der han vil presentere boka han har laga om gamlegofa Bjørgulv Myhola, mannen som køyrde med oksar og som vart kjendis og fotografert av turistar fårå heile landet når han var ute på vegen med køyreoksane sine. Men om han hadde vore innom på Frøysnes og fått seg ein tår med noko sterkt, ville ikkje oksene gå.

Det bør bli folksamt i Sæbyggjen neste tysdag, der kan ein også få kjøpt boka, endåtil med signatur.

Radiokvelden vart avslutta med eit eminent musikkprogram med Johs. Bjørkeli.

Då er vel det meste sagt.

Heime igjen

I kveld kom Reidun heim igjen etter ei langhelg på Vigra der Johannes vart døypt sundag. Eg tok turen til Kjevik for å hente henne. På turen innover i femtida var jo stor trafikk, og eg tenkte med glede på at neste år på denne tid har vi truleg heilt ny veg.

På denne tida var det mykje trafikk på Kjevik, men eg fann meg ein plass like utanfor ankomsthallen og kunne sjå på drosjebilar både frå Kristiansand Taxi, Ridel og eit anna selskap eg ikkje hugsar namnet på.

Heimturen var våtare enn turen innover, det verka som om det var jamt regn heile vegen. Difor var eg glad då eg kunne svinge inn på Tregdeveien og kome inn heime. Snart hadde Reidun svinga steikepanna og laga speilegg til kveldsmat, seinare var det turre blomar som fekk kjærkome vatn.

Sjølv om ein kan lese aviser på nett, er det godt å bla gjennom papiravisene også, så medan vi småprata utover kvelden, fekk dei sin gjennomgang før lyset vart sløkt. Heimkomen etter reise er ein altid litt trøytt, så det vart ein tidleg kveld i kveld.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som står og gate

Mens vi ventar……

 

Setesdalskonferansen og Etiopia

I morgon er sendinga i Valle Radio aktuell med stoff om både Setesdalskonferansen og Etiopia. Landet er i nyhetsbildet på grunn av opprør og mannen som vann Nobels Fredspris i fjor står i fokus. Men norsk misjon har i mange år hatt arbeid i Etiopia, og det er dette arbeidet som står i fokus. Korleis går det med misjonærane og med kyrkja i denne tida.

Setesdalskonferansen sist veke står også i fokus, og her har Siri Johannessen fått Tom Roger Øydne med på telefon. Turoperatøren med reiser i inn- og utland vil denne gongen vere med på telefonen frå utlandet ein stad, etter det eg fekk vite i ein prat med Siri i går.

Også Afghanistan er i mediene no om dagen, for der er det hungersnaud. Opne dører har eit arbeid i landet der kristne ikkje kan leve ope om trua si.

Tirsdag 9. november
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein
(Norea)
18.15 Andakt fra Norea Mediemisjon, ved Olav Humlebrekke (Norea)
18.30 Sangtime
19.30 Timen med Hans Birger Neergård fra NMS om Etiopia, Tom Roger Øydne
fra Risdal touring om Setesdalskonferansen, og et program fra Åpne Dører
om Afghanistan
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

På det lokale planet gleder eg meg til å få Reidun heim att etter turen hennar til Vigra og barnedåpen til Johannes. Ho landar i det programmet i radioen startar, så det blir nok ikkje så mykje eg får med meg av programmet denne gongen.

Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

Den heliga staden

Med Allehelgenssøndag bak oss kan vi jo tenke litt på den grenseoverskridande bodskapen som dagen symboliserer: Å bli med i Den store, kvite flokk og å syngje for Guds og Lammets trone. Det er eit kor så stort at ingen kan telje det.

Vi har alle nære og kjære som er gått før oss og som no er med i det himmelske koret. I gudstenesta på svensk tv2 i dag var dette tema. Gudstenesten var frå Vadstena kloster, der Birgittasøstrene står i ein lang tradisjon. Der song dei om håpet slik:

De skall gå till den heliga staden,
de skall samlas i himlen en gång.
De skall häpna gå in genom porten
till en okänd värld, till ett annat liv.
De skall sjunga, sjunga, ja sjunga
en ny jublande sång

De ska minnas den grönskande jorden
och de somrar som blommade där.
De skall glömma det onda och svåra
i en gammal värld,
i ett svunnet liv.
De skall sjunga, sjunga, ja sjunga
en ny jublande sång.

De skall möta de trofasta vänner
som de miste på jorden en gång.
De skall leka med änglar och helgon
i Guds paradis.
De ska dansa där.
De ska sjunga, sjunga, ja sjunga
en ny jublande sång.

De skall möta den levande Herren,
de skall se honom sådan han är
och förvandlas i ljus till hans likhet.
Deras hopp han var,
deras liv han är.
De skall sjunga, sjunga, ja sjunga
en ny jublande sång.

Egil Hovland har laga melodien, han måtte føye til eit JA i nest siste linje for å få melodien til å fungere og han lo og sa at det var hans einaste bidrag til svensk salmedikting.

Eg tok eit bilete av dei syngjande søstrene:

Allehelgen

I morgon er det Allehelgensøndag, og då høver det å synge sangar om det kristne håpet. I Sangboken finn eg ei lang liste:

Dei som sår med tårer
De kommer fra øst og vest
Den store, hvite flokk
De sælaste vona i verda
Dypt i mitt hjerte senkes skjønne toner ned
Eg er ein gjest i verda
Eg lengtar så heim
Eg veit ei hamn
Eg veit i himmerik ei borg
En dag vil stemmen briste her
En dalende dag, en stakket stund
For alle kristne som no kvila fær
For Guds folk er hvilen tilbake
Frelseren kommer, herlige sommer
Her fra mitt Sion jeg skuer
Herre, å løyn ikkje åsynet for meg
Hvor det blir godt å lande
I den stille, klare morgen
I dypet av mitt hjerte
I himmelen, i himmelen
Ja, du har sagt at du kommer
Ja, engang mine øyne skal
Jag är främling
Jeg vet en hvile så skjønn og lang
Jerusalem, Jerusalem, som ovan der er bygt
Jesus lat di redde duva
Kom snart, kom snart, Immanuel
Kom som på morgenens vinger
Lei meg store Gud og Fader
Mektigste Kriste, menighetens Herre
Min framtidsdag er lys og lang
Min vandring frem til Kanaan
Når mitt livsverk er enda
Når mitt øye, trett av møye
Sions vekter hever røsten
Sku mot himlen, løft ditt øye
Snart rinner en dag, så herlig og stor
Sæle morgon
Takk Jesus, ja takk for ditt levande ord
Tenk når engang den tåke er forsvunnet
Tenk når jeg min Frelser skuer
Underfullt deilige Eden
Vi må videre frem
Å at jeg vel var kommet hjem
Å hvor salig det skal blive
Å jeg vet et land hvor Herren Gud
Å solfylte dag
Å tenk når engang samles skal

Eg finn nok ein sang å nynne på i morgon.