Kategoriarkiv: Ymse

Til Kjevik

I dag var det tid for Reidun å dra til Ålesund i barnedåp. Eg var sjåfør og hadde ikkje fått på vinterdekk på bilen, noko eg lurte på om eg burde ha gjort då eg i nyhetene høyrde at det var glatt og utforkjøringar aust i Agder. Bilen var overfrosen og måtte tinast opp før vi reiste, men Tregdeveien var ikkje glatt.

Denne gongen var det lett å kome ut på E39, der vi ofte må stå og vente, og turen austover gjekk fint, sjølv om sola var svært låg. Dermed var vi på Kjevik alt klokka halv ti, siste innsjekking for Reidun var klokka ti over ti, så ho hadde god tid. Eg sette henne bare av og tok fatt på heimvegen, men då eg kom til Hånes, svinga eg opp mot Texaco-stasjonen der. Eg tenkte vel kanskje å fylle på tanken, men ombestemte meg og kjørte inn på ein liten sideveg i staden. Der såg eg eit bygg som eg tok bilde av utan å finne ut kva det var.

På turen heim skya det over og vel heime helsa katten meg velkomen tilbake, for han ville ut. Så låg avisene og venta på meg, det er helst for mykje lesestoff om ein skal få med seg alt.

I kveld ringte Reidun og fortalde om flyturen via Oslo til Ålesund. Stein har også sendt meg nokre bilder som syner at barnebarna våre likar å spele Rummikubb og at Reidun kosar seg med vesle Johannes på fanget. Så då kan eg vel bare takke for dagen og seie god natt, eg også.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Nytt hundretal

I overgangen mellom oktober og november vart det også overgang til nytt hundretal på Setesdalswiki. No har vi 93707 artiklar, så vi er på god veg mot neste mål. No i november har vi også fått nokre aktive unge skribentar som har registrert seg og skrive litt. Dei har sikkert hatt det litt moro medan dei heldt på også, for Møglestu vidaregåande skule har dei kalla Møgle fengsel då dei oppretta artikkelen. Men innhaldet er godt, det er bare overskrifta som ikkje er leksikalsk. Men det kan vi nok endre.

I dag fekk eg lagt inn dei to avisene som kom denne veka. Der vart det nokre røde lenker som eg kanskje kan skrive om framover, men elles er det jo mykje å ta fatt på. Då vi var til Valle for nokre veker sidan, var eg innom hos Reidar Tveito og fekk dei siste bøkene hans, og der er det også noko eg kunne fått inn på Setesdalswiki.

Men i morgon blir det ein tur til Kjevik. Reidun vil til Ålesund, Sigmund sin familie skal feire barnedåp for Johannes, vårt yngste barnebarn. Ho har alt sendt bunaden oppover, så det blir nok ein festdag i feststas. Vi treng litt festivitas i november, det er jo ein mørk månad, men eg blir heime og held katten med selskap.

No håpar eg at det ikkje blir glatt, for vegen her vart salta i kveld. Det får meg til å tenkje på reklamen i Valle Radio; Kjører du på salta vegar og bilen din treng antirustbehandling, så har vi Tektyl, det beste som finst på marknaden, kom innom på Evje Auto, vi hjelper deg med det meste.

Men det blir ingen tur til Evje Auto i morgon, bare til Kjevik for meg.

 

Revy og poteter

Else Gyro Rysstad er som poteten,, ho kan brukast til det meste. I kveld fortalde ho om Hovdenrevyen 2021 som heitte Siste stikk? og den tittelen kunne spele på mange ting, ikkje bare koronavaksinen. Dei er ikkje så mange i revyen, men 5 musikarar og 7-8 skodespelarar som må trå til i mange ulike roller dei to helgene det står på, som altså var sist helg og komande helg.

Kan hende er kultursjefen i Valle også litt som Else Gyro, ho har ein finger med i det meste av kulturaktivitetar i bygda, sjølv om ikkje står på scenen eller dansar gangar sjølv. For mangt og mykje i kulturbygda Valle blir tilrettelagt gjennom kulturkontoret, anten det er ungdomsklubb, bibliotek, svømmetrening, badstoge, Sprekleiken, planar om ny Storstoge, ja det er mange ballar i lufta gjennom ei veke. Like fullt stiller ho sprudlande og fortel om det i radioen og fortener takk frå oss som kan rekne med henne når Kommunen informerer.

I den aktuelle timen snakka eg også med Elisabeth Spockelie på Valle Sport og Bensin, eller var det omvendt. Ho er talsmann for Valle Næringslag og komande fredag dreg dei i gang Handelens Dag med mange gode tilbod, Så no er det bare å passe på at kontoen i banken har gode tal, så kan ein få seg rimelege felleski, hårprodukt, smykke og andre fine jolegåver lokalt. Kvifor reise over bekken etter vatn? Gåvekort kunne det også verte ei råd med, fortalde Elisabeth.

Siste del av sendinga var eit intervju Ørnulf Hasla hadde gjort med Marianne Berg. Den store potetboka har 12 oppskrifter og mykje kulturhistorisk stoff om poteten, grønnsaken som har berga folk frå svolt i hundrevis av år både i Peru og Europa. Marianne fortalde levande og interessant og streka under at ho også hadde mykje stoff frå Setesdal i boka, ho hadde fått hjelp til biletstoff frå Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet.

Sjølv om eg hadde laga oppgåver til Opi sending, måtte Ørnulf avlyse den, då han plutseleg vart kalla ut til eit møte. I staden valde teknikar Sondre Rua Dokken litt musikk til slutt denne kvelden, og då vart det noko for folk som er mykje yngre enn meg som kom gjennom eteren frå Valle Radio til slutt i kveld.

Kan være et bilde av tre, fjell og natur

Gode minner

Siste sangen i kveldens sangtime i Valle Radio vekte gode minner for meg. Det var

  • «Fader vår» med Margit Borgstrøm og hela kyrkan sjunger fra albumet Hela kyrkan sjunger (2011).

Før vart desse Hela kyrkan sjunger-programma sende på ein tv-kanal, og det var alltid stor glede å sjå dei og glede seg over songen og musikken. Før var også overføringar frå Crystal Cathedral i USA noko eg gjerne fekk med meg, også der var det flott song og musikk. Av ein eller annan grunn er dei ikkje lenger i tilbodet eg får no.

Det har gått ein debatt i Vårt Land om at det norske samfunnet har berøringsangst for kristen tru, i alle falle om ein skal vurdere kva som blir sendt i media. No er det snart bare gudstenesta klokka 11.03 på søndag att der ein før kunne ha overføring og samtalar om aktuelle saker i kyrkje og kristenliv.

Rett nok har dei starta eit program som heiter Kompass og som skal gå mellom 11 og 12 på kvardagar. Det skal fange opp slikt som har med tru å gjere, i dag handla det om ein festdag i hinduismen, Divali, som visstnok var i dag.

Så er heldigvis tysdagssendingane i Valle Radio noko heilt anna. Der er tru ein integrert del av sendingane i både musikk og tale. For tru er ein viktig del av livet for mange.

I kveldens sending ein samtale med Tor Hallvard Mosdøl om  Bykle næringslag, som samlar bedrifter, lag og privatpersonar i Bykle-bygda til samarbeid om Bykledagane 2022

Før det hadde Siri Johannessen ein samtale med Stine Kocian om demens. Det handla også om gode minne, så i det heile var det ein variert og fin novemberkveld i radioen.

Nesten i mål

Eg fekk etter kvart som dagane i oktober gjekk framover ein tanke om at eg skulle klare å nå eit nytt hundretal på Setesdalswiki i løpet av månaden. For å klare det, måtte vi skrive 100 nye artiklar før kalenderen bytta til november, men no er det bare minutt at, og vi enda på å mangle ni artiklar for å nå det målet.

På Wikipedia har dei også månadens konkurranse, og her var det ingen som sette opp konkurransen for oktober, så langt ut i månaden tok eg eit tak og sette han opp. Der har dei eit system som automatisk reknar ut poeng, og om ein klarar 200 poeng, får ein eit lite merke som ein kan sette på heimesida si. Merket er ikkje all verda for meg, men eg tenkte at eg skulle klare 200 poeng likevel. Men det enda opp med 139 i kveld, og det får halde.

Å sette seg delmål for det ein skal gjere, kan vere ein god tanke, til dømes å seie til seg sjølv at når eg har skrive tre nye artiklar eller utvida fem, så kan eg ta eit appelsin eller ein kopp kaffe. Men å vite at ein kan gjere det slik, er ein ting, noko anna er å gjennomføre det. For avisene kjem kvar dag og bør lesast, helst litt grundig, både når det gjeld Vårt Land og Fædrelandsvennen, som kjem kvar dag, og når det gjeld Lindesnes og Setesdølen, som kjem tre og to gonger i veka.

Og så skal overskriftene i Setesdølen skrivast inn, dei er jo grunnlaget for Setesdalswiki for meg, men det blir alltid nokre røde lenker som eg ikkje får skrive om, så det blir nok å halde på med, om ein no bare orkar. Eg likar best å skrive om kvelden, men så er det også noko interessant på tv, og dermed går kvelden.

Men får eg nye dagar i november, så skal det vel bli nokre nye artiklar også i den komande månaden.

Kjeldesortering

Alle driv for tida med kjeldesortering. Vi sorterer aviser i papiravfall, mat i matavfall, plast i plastavfall og resten i restavfall. Slik er det heime hos oss og slik var det på kontoret eg var på i går.

Frå ungane går i barnehagen lærer dei å sortere og mange barn er vel helst flinkare enn vaksne når dei skal kaste noko. Vi vaksne lurer oss nokre gonger til å kaste papir og plast i restavfallet. Eg meiner eg las at av og til undersøker selskapet som hentar avfallet vårt om vi fylgjer reglane og dersom det er for lite sortering, kan folk få melding om det.

Slik melding har vi aldri fått, og kvar veke om sommaren og annankvar veke om vinteren, så stiller vi opp dunken fint ved vegen slik at det skal vere lett for dei som er på søppelbilen å hente den. Skulle vi gløyme det ein vakker dag, det har hendt, så går sanneleg renovasjonsfolka opp og hentar den også.

Vi komposterer ikkje matavfall, men naboen vår gjer det, så i den husstanden er det bare ein liten dunk, vår er noko større. Etter det eg skjøner havnar alt som ikkje er matavfall i Kristiansand der det vert brent og vert til ny energi. Omnane der er visstnok umettelege.

Slik såg det ut på kontoret eg besøkte i går:

Nye veier

Vi var ein tur i Sørlandsparken i dag og ein kan ikkje anna enn å bli imponert over jobben som blir gjort av Nye Veier for å gje oss ein betre veg mellom Kristiansand og Stavanger. Den gamle vegen svingar seg rundt knausar opp og ned gjennom alle dei smådalane som finst på strekningen, og det er mange. Den nye blir utan store bakkar og er lagt heilt annleis i terrenget.

Neste år på denne tid vil han vere ferdig, det er ikkje så lett å tru, for det ser jo ut som kaos på mange plassar no, men samstundes verkar det som om det er orden i kaoset.

Vi rekna oss god tid på turen, det var Reidun som kjørte og ho kjører betre enn meg, for eg høyrer ofte at det brummar når eg kjem på rumlefelt i vegkanten, men ho brumma ikkje i det heile. Ettersom vi hadde god tid, vart det litt venting og i ventetida kan ein jo sjå på folk som fartar fram og tilbake og har litt av kvart å halde på med, anten det er på vegen eller andre stader. Av og til kan ein undre seg over at det går godt, særleg om ein ser seg rundt litt for mykje på alt som skjer når det vert bygd veg.

I Søgne er det ikkje bare vegbygging, men også leiligheter og forretningsbygg skyt opp med stor fart, det endrar seg frå kvar tur ein tek. No tek eg ikkje så ofte ein slik tur, det er i grunnen best å vere heime, eg pleiar å seie at all pendlinga mi til Valle i så mange år gjorde at eg vart litt lei av bilkjøring. Men det er jo interessant å sjå korleis det utviklar seg.

Tre tusen

I dag kom Valle i Sørlandssendinga fordi kommunen har vedteke å løyve 3000 kroner til kvar husstand for å hjelpe med høge straumrekningar. Ordføraren stemte mot, men Margit Dale var glad for vedtaket, som var enkelt for administrasjonen å gjennomføre. Pengane kom frå ekstrainntekter av salg av straum, når folk må betale høgare avgift, får kommunen meir pengar.

Elles er det no bestemt at kulturprisen skal feirast på Sølvgarden i jolebordsesongen, så måndag 6. desember klokka 18 er det klart for å feire, først med ei samling og sidan med mat. Truleg kostar nok det meir enn tre tusen, men det er flott at medarbeidarane i radioen får ta del i kulturprisen på denne måten.

I morgon skal eg ein tur for å handle nye sko. Det vil neppe koste tre tusen, men gode sko er i grunnen verd ganske mykje meir enn vi tenkjer på til dagleg. Mange har sko for ulike høve i sin skogarderobe, men har også eit par dei brukar mest. Imelda Marcos, presidentfrua på Filippinene var jo kjent for å ha mange par sko, kan hende hadde ho tre tusen. Då måtte ho vel mest ha eit heilt anneks for å få plass til dei og ein skomakar til å halde dei i orden. Eg likar nok eit enklare liv.

Bokklubb

Eg har vore medlem av Bokklubben i svært mange år, og bladet deira kjem ganske ofte. Dei vil gjerne ha meg til å få det på nett, men eg er så gammal at eg likar å bla gjennom det for å sjå bøkene dei vil selje meg. Som regel klarar eg å halde meg frå å kjøpe.

Det er Reidun glad for, men ho er medlem av Hobbyklubben og får også tilbod om bøker med oppskrifter på korleis ho kan lage fine ting. Ho klarar vel også som oftat å stå imot, men akkurat som eg likar ho å sjå i bladet før ho melder frå at den komande boka vil ho ikkje ha.

-Du bør melde deg ut av heile Bokklubben, er det mange som seier til meg. Enn så lenge har eg halde stand. No har det kome eit nytt blad med tilbod om boka Å overleve freden av Simon Stranger.  Den handlar om korleis livet er for ein som har vore soldat i Afghanistan etter at tenesta er ferdig og han kjem tilbake til Norge. Eg kjem ikkje til å kjøpe den heller, så i kveld avbestiller eg den.

-Du kan jo bare gå på biblioteket og  låne dei bøkene du vil ha, seier Margunn, ho er jo bibliotekar og slår eit slag for faget sitt. I sommer kom siste boka i serien om De syv søstrene, og den var det lang venteliste på i Mandal. Men så var vi ein tur i sommar og plutseleg fann vi boka på hylla i Bjelland, der dei har bok i butikk. Så då fekk eg den. Eg kunne levere den i Mandal, og dei sende truleg boka tilbake til Bjelland, i staden for å låne den ut att i Mandal og slik korte ventelista si.

I morgon skulle eg kanskje ta meg ein tur til Vigeland og sjå etter bøker i bruktbutikken der, sjølv om eg har mange uleste bøker i bokhylla. Men det spørs på veret, då.

Datasikring

Eg er framleis noko nummen etter å ha opplevd det som sikkert er eit mareritt for mange, at Facebook blir overteke av ein annan person, slik eg skreiv om i går. I kveld var det tema for eitt av innslaga i sendinga i Valle Radio. Siri Johannessen snakka med Lars Erik Domaas frå Setesdal IKT om dette. Han kunne fortelje at det var eit stort problem som dei jobba med kvar dag, og bare minutt før han kom på lufta, hadde han fått same postinga på Facebook som så mange andre har fått i Setesdal.

Det var ein interessant samtale som jo var svært aktuell for meg, og dei framheva kor viktig det var med to-trinns pålogging på nettet, slik vi gjer det når vi loggar på banken. Det var også viktig å ha eit godt passord, gjerne eit langt, som ikkje så lett kan overtas. Det mest brukte passordet i verda er visst Start12345, men det er betre med ei setning enn slike korte passord. Eg skal ikkje skrive kva mitt nye passord er, men det er langt sikrare enn det eg hadde før, så takk til Helge som hjelpte med å løyse problemet. Andre må nok heller gå til slettmeg.no om ein ikkje har folk i familien som kan hjelpe.

Sjølv var eg og med i kveld, eg hadde ein halvtime med sangar relatert til bots- og bededag, sa litt om sangane mellom kvar sang eg fekk spelt. Desse stod på lista mi i kveld:

  1. For vår misgjerning ble han knustOdd Dubland syng sangen av Abraham Thompson
  2. Jeg vandrer min dagMarit & Irene syng sangen av Finn Emanuel Olsen
  3. Hos Gud er evig glede.
  4. Ikke en spurv til jorden. Rune Larsen syng
  5. O Jesus Krist jeg flyr til deg. Nidarosdomens guttekor