Kategoriarkiv: Ymse

Lina Sandell

Lina Sandell var ein svensk tekstforfattar som vart kjær for mange bedehusfolk. Ho levde frå 1832 til 1903 og skreiv om lag 2000 dikt og sangar. Mange av desse fekk melodiar av Oscar Ahnfeldt og vart omsette til norsk. Det er skrive fleire bøker om henne, mellom andre Lina Sandell – Et liv til Herrens ære av Astrid Valen Sendstad i 1995.

Lundes sang og salmeleksikon av Tobias Salmelid fortel at ho var aktiv under den rosenianske vekkinga og at den røde tråden i diktinga hennar er kjærleik til naturen, tillit og hengjeving til Gud. Alt som 21-åring gav ho ut sine første dikt i diktsamlinga Åndelige vårblomster. Den hadde 34 dikt.

Frå 1861 var Lina Sandell tilsett i Evangeliska Fosterlandsstiftelsen der ho mellom anna hadde ansvaret for utgjevinga av kalenderen Korsblomman i 37 år. Det var ein kalender på 70 sider. I tillegg hadde ho ansvar for sangboka Pilgrimsharpen.

I Valle Radio i morgon kveld kan du høyre nokre av sangane ho skreiv så vel som eit svært variert og lødig program elles. Det er bare å finne fram kanalen på radioen eller internett klokka 18 og gjere seg klar for ein lyttekveld der TV er svart, som Hallvard Kjelleberg ville sagt det.

Tirsdag 12. januar
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri av Harald Haugland
18.15 Over en åpen bibel med Pet Karlsen fra Norea

18.30 Sang og musikk: Lina Sandell med Anne Tempelen og tango med Karl Espegard
19.30 Timen: Audun Aas fra Statens Vegvesen og Tormod Homme fra Nomeland maskin om Uppstadsvingene, og Olav M Holen om utvandring

20.30 Postludium ved Niklos K Besteland

 

Hillsong

I kveld gjekk det eit program om Hillsong på NRK1. Det var eit Brennpunkt-liknande program der programskaparane gjekk inn på kva som ligg bak denne mega-kyrkja. Det synte seg etter kvart at i starten var motivet å hjelpe folk, men etter kvart vart det meir viktig å bli rik for dei som var leiarar.

I vårt norske perspektiv er eg glad for at kyrkjene ikkje har slike leiarar, men folk som tener si løn i på eit høveleg nivå for jobben dei gjer. Arbeidaren er verd si løn, og sjølv om ein samlar skattar i himmelen, treng ein løn på jorda for å gjere opp for seg.

Hillsong er ikkje ei kyrkje eg kjem til å følgje med særleg interesse. Men eg er interessert i kyrkjeleg og kristeleg stoff, og Setesdalswiki ber preg av det både når det gjeld prestebiografiar og anna som fell inn under den sjangeren. Det er ikkje så mykje av dette som har fått plass på Internett, og dei små forlaga har vanskeleg for å få nok salg når dei gjev ut titlar der målgruppa er kristne. I Vårt Land var det ein artikkel om at det bare var gitt ut 2 titlar med kristent perspektiv på dei sekulære forlaga, så om vi skal få bøker om kristenliv og kristen tru, treng vi dei kristne forlaga.

Men Hillsong treng vi neppe.

 

Bilder

I dag var Siri Johannessen ute med kamera. Det vart tre nye bilder til Setesdalswiki. Takk for dei!

Bilder løfter artiklane våre og eg skulle ønske at eg var flinkare til å legge inn bilder også frå samlingane av bilder frå Bykle og Valle i gamle dagar og frå Bygland og Evje sine tilsvarande sider.  Eg prøver å følge dei, men så kjem det ofte noko mellom, og så går dei i gløymeboka.

Mange gonger er det spørsmål om kven som er på bilder som blir lagt ut. Då er det spennande å sjå at det som oftast er nokon som veit kven som er på bilda. Privat har eg ein del bilder heimefrå som eg ikkje veit kven er, men eg har ikkje vore i ei gruppe frå Ålgård for å høyre om nokon kjenner folka. Det burde eg nok ha vore.

Flott veg vi har fått i Setesdal. Her er eit parti frå Fånefjorden, foto Siri Johannessen.

 

Fråflytting

Då vi budde i Vesterålen, høyrde vi av og til snakk om at søringar skulda folk i utkantane i nord for å flytte frå grendene sine når det endeleg kom veg. Då vart det lettare å flytte, vart det sagt, og folk fekk flyttetilskot frå Staten.

Ein gong besøkte vi fiskeværet, og det var eit trist syn, for husa var forletne og vindauga knuste, dører opne, vi kunne gå rett inn.

I eit par dagar har eg no lese boka Dronning i Guds utmark av Astrid Laastad Leira. Ho fortel om Sina Salmelid, ei kvinne som reiste frå Vesterålen til USA. Der møtte ho mannen sin, og han arva ein heiegard øvst i Kvinesdal. Så reiste han heim for å overta den, og dei skreiv til kvarandre. I eit brev skreiv han at han ville kome tilbake om ho ikkje kom til han, og så valde ho å reise frå det gode livet over there og busetje seg på ein gard utan veg, vatn og straum.

I over 30 år budde ho der, så fekk dei veg i samband med kraftutbygginga av Sira-Kvina, og då flytta ho til Flekkefjord, der ho så budde dei siste åra av livet.

Framleis går det føre seg ei sentralisering i samfunnet. Av og til ser vi på TV at det framleis er folk som likevel finn seg eit liv der ingen skulle tru at nokon kunne bu, som det heiter i TV-programmet.

Nåde

Gud sjå i nåde til folk som bur i gamle hus, siterte Steinar Kyrvestad i kveld i Valle Radio. Det var visst Leonard Jansen som hadde sagt det, men samanhengen kom ikkje fram. Sitatet høvde likevel, for gamle hus som ikkje er godt isolerte får høge straumrekningar i desse dagane. På TV såg vi at endåtil direktøren i kraftselskapet stilte opp for å svare på telefonar om straumrekninga og om korleis folk skulle klare å få betalt den.

Nåde kunne ein vel også seie at det var at elektrikaren hadde vore i radiohuset og sett inn nytt lys i den lange trappa opp til studio. Den har vore mørk og vanskeleg å gå i, men no var det endåtil blitt GPS-basert lys der, slik at det tente seg etter både sol og måne og kva det skulle vere. Resultatet var flaumlys, og det er nok alle som skal gå i trappa svært glade for.

Nåde var det og at Vidar Homme ville heim til Valle att og kunne ta til som kommunedirektør  1. mai. Det skulle vere ekstraordinært kommunestyremøte 26. januar for å gjennomføre tilsetting, og tilrådinga var einstemmig frå både administrasjonsutval og konsulentar.

Om det er nåde å kunne kjøre elsykkel, det veit eg ikkje. Men i løpet av våren blir sykkelveg ferdig frå Helle til Rysstad, anten ein trør eller har hjelpemotor. Steinar Kyrvestad hadde prøvd det ein gong og funne det enkelt og godt, så kanskje blir det elsykkel i staden for bil av og til framover.

Før Steinar kom i studio, hadde Torfinn andakt. Etter han var det Lokal time. Der hadde Ørnulf vore på besøk hos To i tråd og hos brennevinsprodusentane i Brokke.

Opi sending med Jorunn og Kåre fekk eg ikkje med meg så myke av, for etter at eg sjølv hadde vore med og løyst rebus og sunge og slik fått to lappar i bollen, fekk eg telefon og den vart litt lang. Men eg fekk med meg slutten og høyrde at eg vann Flaxlodd for den improviserte sangen min.

Gjesteboka

Eg veit ikkje kven som kom på ideen med å ha ei gjestebok i Valle Radio, men den vart verkeleg ei gullgruve når vi skulle finne ut noko meir om kva som skjedde den første tida i radioen. Ein ting er å ha arkiv med programma som lyd,  men det er likevel ikkje så lett å høyre kven det er som snakkar eller blir introdusert. Men med Gjesteboka blir det mykje lettare. Der skreiv både dei ansvarlege, teknikarane og telefonvaktene namna sine saman med dei som var innom for ein samtale eller ei kunngjering. Den første gjesteboka fekk vi av Ingebjørg Helle Haugen til innflyttinga i det nye studioet 4. september 1999.

Valle Radio er altså 25 år i år, medan storebror, som dessverre ikkje sender lenger, Bykle Radio, vart stifta i 1991 etter det proff.no kan fortelje. Som firma består jo den radioen framleis, men no er det vel bare overføring av kommunestyremøte som skjer frå Bykle, og der heiter det overføring via Valle Radio.

Det er svært mange som har vore med og laga radio opp gjennom åra. I 1999 hadde vi elevar frå vidaregåande skule med oss. Eg er ikkje sikker på om vi finn ut så mykje om dei, men vi prøver no å lage artiklar på Setesdalswiki om programma den første tida.

Blåst bort

Tysdagssendinga blåste bort med vinden denne gongen. Difor har eg ikkje noko program å legge ut på bloggen i kveld. Det blir inga sending i morgon, men onsdag blir det liv i studio att:

19.00-19.30
Tankar frå Bibelen-Torfinn Brokke.
19.30-20.00
Komm.info-Ordførar Steinar Kyrvestad.
20.00-21.00
Lokaltimen- Ørnulf Hasla
To i tråd i Valle sentrum
Med Margrethe Bakke og Ann Kristn Sele Stensvand.
Brennevins brenneri i Brokke!
Vi besøker Gro Furset og Erik Berglihn på Brokkestøylen.
21.00
Open sending-Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike.
Teknikar-Liv Gunn Viki
Tlf vakt-Ingeborg Åkre Løyland
Høyr og Valle radio på www.valkeradio.com
Følg Valle radio på Facebook og Instagram.

Misjonstidende

Eit av dei eldste misjonsblada er Misjonstidende som Det Norske Misjonsselskap gir ut. Før var det vel ei vekeavis, no er det eit temamagasin som kjem seks gonger i året. Før abonnerte vi på bladet for ein viss pris, no vert det sendt ut gratis til alle som vil ha det. Med i bladet finn vi eit girokort slik at vi kan betale, opplaget er vel 17.000 og om alle betalar ein slant, vert det store summar til misjonen.

Første nummer i år handla om å velje. Det er så mange slags valg vi tek, og det er viktig å velje rett, både når det gjeld utdanning og arbeid, så vel som i andre område av livet. Før var misjonskall eit livsvalg, no er det eit valg for ein tidsavgrensa periode for dei fleste. Før ofra folk alt for misjonskallet, også familien. Det har vore nokre oppslag i avisene om korleis barna vart sende på internat fleire dagsreiser frå foreldrene og korleis lengsla kunne margstjele både foreldre og barn.

Heldigvis er det ikkje slik lenger, no får familien prioritet når folk skal velje, og det er viktig. Så får vi håpe at det er slutt valg som fører til sakn og problem.

Arkeologi i Setesdal

I kveldens program i Valle Radio hadde Siri Johannessen ein interessant samtale med Theodor Lothe Bruun, arkeolog og formidlingsansvarlig i Agder fylkeskommune. Heile Setesdal er fullt av arkeologisk interessante stader, meinte han og var svært entusiastisk i omtalen av alt ein kunne støyte på.

Det var også interessant å høyre Laila Homme og Gunvor Ruth Salvesen som programleiarar for Barnetimen. Dei hadde vore på skulen og intervjua folk om kva dei hadde fått til jol. Dei snakka og om kva dei sjølve hadde fått til jol, og Laila fortalde at ho hadde fått mykje som ville kome vel med når ho skulle på vidaregåande skule og ikkje lenger kunne bu heime, men måtte bu på hybel på Hornnes.

Slik var jo livet for ungdommar i Øvre Setesdal, etter ungdomsskulen gjekk turen ut av heimbygda, anten til Hornnes eller til Blakstad. Framleis er vel det det vanlege.

Eg hugsar at då Sigmund skulle på vidaregåande skule, valde han å gå på Kvitsund, for der gjekk Eivind A. Hovet og Torstein Bjørgum, som var vener på Nomeland. Eg var imot det, for eg tenkte at då ville det bli vanskeleg for han å kome heim i helgene. Men han valde rett, å kome heim i helgene var ikkje høgt prioritert, for på Kvitsund hadde dei så mykje å halde på med at helgene kanskje like gjerne var toppen av kransekaka for dei. Og så var det eit fagleg driv som gav gode resultat til slutt.

Men no kom eg heilt ut av det eg hadde tenkt, så eg trur eg sluttar av.

Onsdagssending i Valle Radio 20220112

Perler frå arkivet

I kveld fekk vi igjen høyre perler frå arkivet i Valle Radio. Denne gongen var det Ånund K. Homme sine Glade tonar som tona i eteren frå 19.45.  Her fekk vi både Grimstadkoret og Nana Muskori og andre som eg hugsar frå då vi sendte Ånund sine kassettar den første tida. Han hadde jo brukt dei då han laga program i Fosnavåg.

Men det var også andre godbitar. Niklos hadde eit flott program med både orgel og kor, og så var det Dette er mitt liv fra nitti10 via Norea, med Elise og Øystein Litleskare. Programleder er Jørgen Reinertsen.

Å kunne formidle slike trusstyrkande samtalar og program i det heile, det er ikkje minst godt når pandemien gjer at vi ikkje kan gå på møte på vanleg måte. Så Valle Radio har ei stor oppgåve i desse dagane.

Detaljar om programmet finn du på Setesdalswiki.