Kategoriarkiv: Ymse

Komande folk

Sendingane i Valle Radio denne veka har fleire komande folk i fokus. Tysdagskvelden er det komande sylvsmedar og onsdagskvelden er det ein komande kommunedirektør. I tillegg er det litt av kvart anna på programmet. Det er forandringar i høve til det som var planlagt, men sjølv om Siri Johannessen snakka om det på telefonen i dag, hugsar eg ikkje heilt kven det var som skulle inn på tysdagskvelden.

Difor legg eg ut programmet slik eg fekk det i første omgang, og så får eg heller rette etterpå:

Tirsdag 15. februar
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri fra Norea
18.15 Over en åpen bibel med Pet Karlsen fra Norea

18.30 Sangtimen
19.30 Gull og sølv på skolen, Nina T. Skjellanger og Bård og Synne fra VG2 ved Valle videregående skule
20.00 Møteplassen med dikteren Olav Mosdøl fra 2006 (Norea)

20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 16. februar

19.00 Tankar frå bibelen med Håvard Viki.

19.30 Komm. Info med kommunedirektør Eivind Berg.

20.00-21.00 Aktuell time

Valle bygdekvinnelag har fått nytt hus. Intervju med Sissel Åkre på internatbygget.

Ny komunedirektør i Valle. Vi har eit intevju med Vidar Homme.

21.00 Open sending med Jorunn og Kåre.

Ansvarleg Ørnulf Hasla

Teknikar Liv Gunn Viki

Tlf.vakt Ingeborg Åkre Løyland

Høyr og Valle radio på www.valleradio.com

Følg Valle Radio på Facebook og Instagram.

Velkomen til sending.

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Sunnmøre

Sunnmøre er noko langt borte frå Setesdal og Agder, men sonen vår, Sigmund Haugland, fann seg ei jente der og har slått seg ned der. Han studerte historie og skreiv ei oppgåve om middelalderkyrkjer på Sunnmøre, Den kom med i Årbok for Sunnmøre 2013 og nå har vi fått legge den ut på Setesdalswiki. Etter kvart vil det bli lenker til artikkelen og det vil bli sett inn bilder.

Eg er glad for slike artiklar på Setesdalswiki, så om du har skrive ei oppgåve og vil ha henne publisert på Setesdalswiki, kan vi sikkert finne ein måte å gjere det på. Det er god plass på nettstaden.

I dag kom det også fleire andre nye artiklar på Setesdalswiki. Når Norge også har fått gull i OL, kan vi kanskje seie at det var ein gull-dag på mange måtar, sjølv om han helst var grå i naturen her sør.

 

Full fart

Setesdalswiki er inne i ein god periode når det gjeld vekst i talet på artiklar. Vi runda 94100 artiklar 26. januar, og 94200 4. februar. Til vanleg brukar vi ein månad på eit hundretal, denne gongen gjekk det bare ei god veke. Og no er vi på veg mot neste hundretal med god fart. Eg ser ikkje bort frå at vi kan klare det før februar er over

Samstundes utvidar vi også artiklar som vi har frå før når vi finn nytt stoff å legge til. I tillegg til å skrive om setesdal og setesdølar, skriv vi også ein del om kristenliv og kristenfolk, ettersom slikt stoff ikkje er så lett å finne digitalt. Difor vil det nok kome artiklar om prestar og predikantar også i framtida.

Stor takk til dei som hjelper med artiklar. Om du les dette og vil vere med i dugnaden, er det bare å  registrere det og starte å skrive. Eg hadde ein prat med son min, Sigmund Haugland. Han bur i Ålesund og har skrive ein artikkel om steinkyrkjer på Sunnmøre. Den vil vi få til Setesdalswiki i nær framtid, men sjølv om temaet ikkje er sterkt relatert til Setesdal, tek vi med stoff som folk frå Setesdal har gitt oss lov til å publisere. Sigmund gjekk på Hylestad skule og ungdomsskulen i Valle før han reiste til Kvitsund gymnas. Gled deg til den artikkelen.

Bru-snakk

I kveld har vi besøk av Margunn og Stein, og då blir det snakk både om slekt, bibliotek og bru. Dei bur på Sandøya ved Brevik, og då er dei avhengige av ferje. Eg har jo meint at dei bør få bru, den ville koste 100 mill. kroner. Før var det tale om at ny ferje og slikt ville gjere at dei slepp unna noko rimelegare, og då kunne ein jo tenke at ein valde det billegaste alternativet på kort sikt. No er kalkylene visst meir enn dobla, kan hende tredobla. Då burde brua vere sjølvsagt, etter mi meining.

I staden har dei gått for ny ferje og nytt ferjeleie på ein plass der det vil vere store problem å legge til både i tåke og med straum eller is i Grenlandsfjorden. I år er jo det ikkje så aktuelt, så kanskje folk har gløymt at det kan vere is i fjorden. Stein har hevda synet sitt i bystyret, der han er varamann og har møtt nokre gonger etter at ein kollega der hamna i regjeringa. Men der vil partileiinga at han ikkje snakkar om det. Fylkesmannen sa skriftleg at han er inhabil i saka fordi han er for engasjert i henne. Tenk det.

 

Fredfullt og tyst

I dag var eg til Kristiansand for ein kontroll på Lungemedisinsk poliklinikk. Først måtte eg innom bygget utanfor sjukehuset for å ta blodprøve, og ettersom eg skal ha ein telefonprat med ein annan lege seinare i februar, nytta eg høvet til samstundes å ta blodprøvane han treng. Dermed vart det ganske mange glass den dyktige bioingeniøren måtte fylle. Ho var forresten frå nord i landet etter dialekten å dømme, men namneskiltet hennar var snudd innover, så eg får ikkje nemne namnet hennar i skrytinga mi. Eg har blodårer som brukar å rulle, så av og til må den som stikk gi opp og heller stikke på handa, men ho fann ei åre i armen og tappa fulle glas.

Etter dette gjekk turen til sjukepleiar Ruth Slettan som skulle kontrollere verdiane og sjekke pustemaskinen min. Eg treng pustehjelp om natta, så eg litt med maske og får luft som blæs inn. Eg blei sitjande og vente saman med ein annan, han hadde nyleg fått slik maske og meinte det var vanskeleg, så han hadde lagt maska vekk, teke ein sovetablett og sovna utan sjenerande slangar. Eg var tydelegvis veteran og kunne ikkje klart meg utan dei same slangane, og sovetablett har eg aldri teke.

Vi låg bak sjukehusbussen, eg kunne jo teke den. Men Reidun kjørte meg inn, slik ho gjer når eg skal til kontroll. Om ein skal ta sjukehusbussen, kan det bli lang venting før den går tilbake, for den skal ha med seg mange folk til ulike plassar. Det vart litt lang venting for Reidun denne gongen, men noko før klokka tre var vi heime att. Etter litt mat var det godt å få ein strekk i senga.

Eg tok eit bilde og skreiv eit lite dikt:

Kom som du er til din pleier,
uten korona i skrott.
Bloddråper mange du eier,
de skal vi teste så flott.
Kor:
Løs deg fra jenta som stakk deg,
mitt rom er vakkert og lyst.
Stormen har roet og lagt seg,
her er det fredfullt og tyst.

 

Kulturkommune

Valle kommune er ein kulturkommune med stor K. Det må vere konklusjonen etter samtalen som Sondre Rua Dokken hadde med teknisk sjef Torleif Homme i Valle Radio i kveld.

Storstoga i Valle kultursenter vart bygd i 1970. No er det tid for ei omfattande rehabilitering. Eit krav var at det skulle vere amfi, men det synte seg at golvet i salen ikkje  var sterkt nok til å bere vekta av amfiet. Då måtte ein tenkje annleis.

Det var utlyst arkitektkonkurranse, den vann Trollvegg Arkitektstudio frå Kristiansand i konkurranse med mange andre. Kravet var at det skulle vere amfi med plass til 200 og nokre plassar i tillegg nede på golvet, 250 i alt. Så skulle det i tillegg til kultursalen vere kjøkken, klubblokale og klatrevegg. No ventar ein på ei skisse, den vil kome i løpet av våren.

Eit anna stort prosjekt som Teknisk etat jobbar med, er utbygging av renseanlegg på Rysstad. Det skal starte ved Otra Kraft, gå ned til Nomelandsmoen og vidare frå Nomeland til renseanlegget nord for Rysstad. Slik blir det ei samankopling, og det blir eit stort prosjekt.

Eit anna prosjekt dei jobbar med er rulleskiløypa i Brokke. Den skal få asfalt i mai-juni.

Her er programmet:

19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer med Torleif Homme, teknisk avdeling
20.00 I rockens teikn.
Sondre Rua Dokken og Lars Tarald Myrum mimrar om rocken dei vaks opp med på 90 talet
21.00 Musikkprogram med Johs Bjørkeli

 

Ukraina

Dette landet som før vart kalla Europas kornkammer, med store sletter skapte for å dyrke korn, lid i dag av både hunger og korona. Men Hallvard Hasseløy har drive hjelpearbeid der i mange år, og i kveld var han i Valle Radio både på utpust og innpust for å fortelje om arbeidet han driv. I slutten av månaden kjem han til Klippen Bykle, der Sigrid Bjørgum står for arbeidet med å samle inn klede til folk som frys der sør og aust. Ein sekk med gode og varme klede saman med ein femtilapp til frakt, det er slik det har vore i mange år no.

I Hylestad er det Astrid Nomeland som koordinerer arbeidet, og sekker med klede kan leverast til Nomeland bedehus etter å ha tatt kontakt med Astrid for å avtale tid. Både Sigrid og Astrid var på telefonen i kveld for å fortelje om det lokale. Når Hallvard kjem for å hente sekkane på Nomeland, blir det også møte før han dreg vidare. Det blir klokka 12 laurdag og det blir vaflar og kaffe etterpå.

I samband med at det er Bibeldagen no til sundag, der prosjektet er å samle inn pengar til Biblar til Ukraina, snakka Siri Johannessen også med bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet, Bernt Greger Olsen. Han hadde nyleg vore i Ukraina og kunne fortelje levande om trongen for Biblar. Han hadde vore i dette arbeidet lenge, men hadde likevel ikkje lært seg russisk eller ukrainsk, så samtalane med folk der måtte gå på engelsk eller med tolk.

 

Kjærkome

I dag kom søster Jorunn og mannen hennar, Ole Thorvald Moen på kaffibesøk. Det var kjærkome, for det er lenge mellom kvar gong ein har høve til kaffi og kake no for tida. Denne gongen starta vi med Baligryte med ris og sidan vart det kaffi og eplekake.

Når ein er på besøk i våre dagar, er jo også mobilen med og den kan konsulterast når det er noko ein lurer på. Naturleg nok snakka damene om strikking, og Jorunn legg noko av det ho strikkar ut på ei strikkeside på Facebook, men det gjer ikkje Reidun. Så då må dei sjå på ting saman.

Eg har mange gonger tenkt at ekspertane snakkar mest om feila dei gjer. Om organisten trør på feil pedal, er det ingen som høyrer det. Om strikkekona bommar på ein maske i mønsteret, er det neppe nokon andre som merkar det heller. Men begge har det til felles at dei helst vil gjere heilt rett. Medan organisten ikkje kan endre på så mykje, musikken er jo ferskvare, kan strikkaren lettare fikse feilen, anten ved å rekke opp og strikke om att, eller ved å sy inn ein rett maske der det var feil, etter det eg har forstått, eg har lite peiling på strikking.

Som du skjønar gjekk praten om mangt og mykje, vi mennene hadde sikkert også noko å snakke om, men det får eg hoppe over her. Jorunn hadde med Mandalskringle og lefse, så med eplekake med krem vart det mest som for 52 år sidan, då vi gifta oss. Underleg nok snakka vi knapt noko om det, men det har vi snakka om mange gonger før, for då var det over ein meter med snø, så vi hadde snøballkrig dagen etter. I år er det grønt ute. Her ser vi Jorunn som mobiliserer……

Kan være et bilde av 1 person og innendørs

Too good to go

I dag tenkte eg at eg skulle bytte skritt-teljar og få ein som synte kor mange skritt eg gjekk kvar dag. I staden kom eg inn på mange appar hos Google og stoppa på Too good to go. Eg trudde den var bare i Kristiansand rundt her, men den er komen til Mandal også. Då kan eg bestille ein pose til over hundre kroner og få brødvarer og anna frå kolonialen for halvparten eller mindre.

Problemet er bare at eg må hente i butikken mellom klokka 19.30 og 20.00, og då sit eg gjerne klistra til Dagsrevy og Distriktsnytt. Så det er ikkje sikkert eg kjem til å bruke den så mykje, i alle fall ikkje før det blir lysare i veret.

No er vi også blitt bare to ved bordet, Helge reiste tilbake til Oslo i går og treng ikkje vere koronaflyktning lenger. Så dermed går det også mindre mat. Nokon ler kanskje litt av meg, men eg synest ikkje ein skal le av at eg vil gjere noko for å redusere matsvinn, for vi kastar mykje. Mange luktar ikkje ein gong på mat som er gått ut på dato, då kan ein jo lure på kvifor ein har luktesans. Det kan jo ikkje bare vere for å lukte på roser.

 

To gull

På første dagen av OL i Kina tok Norge to gull. Terese Johaug gjekk i mål aleine etter at ho hadde bytta ski i langrenn med skibytte, og Johannes Tingnes Bøe vart møtt av tre glade skiskyttarar då han spurta inn til siger i mixed stafett.

Det blir litt sport på TV dei komande dagane, og når norske deltakarar gjer det godt, gleder vi oss også her heime.

I kveld var det så Eides språksjov. Der lurte eg litt, for det var eit samansurium av alt mogleg. Men så synte det seg, i omtalen, som Reidun las i avisa, at Linda Eide var koronafast, så redaksjonen hadde sett saman eit program med innslag frå tidlegare episodar. Men neste laurdag lovar dei nye episodar, og ikkje gamalt. For dette var ikkje gull, dei gjer seg best som ferskvare, og å setje saman mange episodar som vi får bare litt av, det gjev ikkje heilskapen.

På Setesdalswiki kom det i dag 9 nye artiklar, så til no i februar har vi fått 67 nye, det trur eg er rekord på fem dagar.