Kategoriarkiv: Ymse

Særpreg

Valle Radio er ein radiokanal med særpreg. Som lokalradio har vi halde stand lenge. Eg trur at grunnen er at sendingane våre er midt i veka og ikkje i helgene.

Men vi er også ein radiokanal med særpreg når det gjeld reklamen. Den speglar det lokale næringslivet, dei teiknar avtale om reklame i sendingane våre for eit halvår eller år om gongen. Vi har vore heldig med at dei fornyar avtalane utan at vi fornyar reklamesnuttane.

Men no har vi hatt dei gamle reklamesnuttane så lenge at styret har spurt meg om eg kunne tenke meg til å lage tekstar som kanskje kunne bli til nye reklamar.

Eit særpreg i Valle er den levande tradisjonen med å bruke stev i mange høve. Den lever mellom anna ved at nye lærer seg å kvede, og sjølv var eg på kurs hos Kirsten Bråten Berg for nokre år sidan og lærte stevtonar saman med ei gruppe andre interesserte.

Det har eg hatt god bruk for når eg no sit og prøver å lage nye reklametekstar i stevform. Jol i Setesdal har jo hatt slike tekstar i mange av annonsene sine i mange år, heilt frå dei starta, trur eg.

I tillegg lova eg å lage utkast til dialogar som kan brukast til reklame, og så sende Britta Lise Homme meg ei liste over dei eg skulle lage slikt for.

Av og til er nok motet betre enn forstanden, for det er jo ikkje så lett å finne noko å skrive som kan bli til eit stev. Eg måtte innom på heimesidene til annonsørane og lese meg opp og sjå om eg kunne finne noko å starte på. Etter kvart har eg mest kome i mål, no sit eg bare att med ein, det er Rolfs elektro. Den trur eg ikkje har vore med før heller.

Men snart vil du kanskje få høyre nye annonsar med særpreg.

Ny varme

I dag fekk vi omnen vi bestilte lenge før jul. Det tok si tid, men har vi venta så lenge, kan vi vel vente litt til før vi fyrer opp i den. Det må vi, for støypen må få tid til å herdast. I skorsteinen er det no eit stålrøyr som fører røyken ut.

Dei trivelege folka frå Lyngdal Fyringssentral kom mellom åtte og halv ni i dag tidleg og før dei kom, hadde vi hatt Elektro Sør på besøk for å fikse ein kuppel på eit soverom. Eg hadde likt å få eit lysrøyr i stova også, men då sette sjefen i huset seg på bakbeina. Elektrikaren skjøna kor landet låg og allierte seg med henne, og då var løpet kjørt.

Folka frå Lyngdal var svært ryddige. Dei la ut tepper på golvet for å skåne det, så trilla dei omnen inn på ei sekketralle som var elektrisk, så dei slapp å skyve henne sjølv. Ei slik tralle hadde eg ikkje sett før. Dei hadde også med seg støvsugar og då dei var ferdige, kunne ein knapt sjå at dei hadde vore der.

Måndag kan vi begynne å bruke omnen. Har vi halde ut til no med varme frå varmepumpa, skal vi nok klare resten også.

Kan være et bilde av innendørs

500

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi vite at det er 500 påmelde til Sesilåmi. Det tradisjonsrike skirennet mellom Setesdal og Sirdal har nok funksjonærar både når det gjeld matstasjonar og anna. Men Tarald Myrum trudde at det kanskje var koronaepidemien som gjorde at så få hadde meldt seg på, for folk har jo ikkje hatt same høve til å trene som andre år. I to år har rennet vore avlyst, så no var håpet at ein kunne kome tilbake til ein normal situasjon.

Tarald Myrum fortalde også at kafeen Nordibø Landhandel slit med å få vaksne folk til å fylle arbeidsplasser på dagtid. Dei treng dagleg leiar også, men i helger og feriar er det nok av unge som vil jobbe. I tillegg til å vere ein rasteplass for folk på tur, sel kafeen også lokalmat frå Setesdal, mellom anna ost og honning.

I den raude løa i Valle sentrum held Bratt Friluftsliv til. Frode Kirkedam fortalde at dei hadde mange gjester som ville klatre og gå på toppturar. Dei tilbyr rapellering i Reiårsfossen, det er visst Nord-Europas høgaste i sitt slag. Dei har også kurs i å ferdast i fjellet, å forstå snøen og vurdere om terrenget er sikkert eller om det er rasfare. Åse Solbakk er kursleiar for dette.

For å halde oss til vinteren snakka Siri Johannessen også om situasjonen i Brokke skianlegg med Jan Vik. Han er frå Sinnes og hadde hatt jobben eit år, og både slalåmbakken og langrennsløypene skulle køyrast opp i morgon, for hittil hadde det vore for mykje vind, så spora fauk att. Men no vona dei at det vart stillare. Torvald Gautland på Hovden kunne melde om mykje folk både i varme og kalde senger, det vil seie hotell og hytter. Hans fartstid på Hovden går heilt tilbake til 1982.

Eg har fleire notatar om andre saker, men noko får eg spare til i morgon.

Bratt, bunad og vinterferie

Det er vinterferie denne veka og mange er på fjellet. Etter det eg minnest, droppa gjerne kommunestyre møte i denne veka og flytta det fram eller tilbake. Men denne gongen har dei møte midt i vinterferien. Kanskje har ikkje kommunestyret i Valle sine folk små barn lenger.

Men Siri Johannessen har tysdagsprogram som vanleg. Hennar tema ser du i overskrifta til denne bloggen: Bratt, bunad og vinterferie.

Her er programmet for denne veka:

Tirsdag  22. februar
Ansvarlig og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel fra Norea Mediemisjon
18.30 Musikk og folk, med m.a. Bratt Friluftsliv
19.30 Timen med Camilla Rossing fra Norsk institutt for bunad og folkedrakt: Bunad på UNESCO-listen? Vinterfereirunde med Johnny Vik, Brokke Alpin og:Torvald Gautland, Bykle og Hovden vekst.
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 23. februar

Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Sangar om håp

Sangboken har mange sangar om håp. I dag laga eg ei liste på Setesdalswiki med alle sangane som står under Det kristne håp i den boka.

Medan eg heldt på, nynna eg sangane for meg sjølv, Reidun las dei for meg, så eg skulle sleppe å sitte og bla heile tida. Eg kunne dei fleste melodiane, men ikkje alle tekstane.

Det er rart kva sangen gjer for minnet. Når noko har fått melodi, kan det sitte som spikra, men utan melodi, forsvinn det lenger bak i hjernen. Eg lurer på om det er forska på det også, eg høyrde litt av eit program i Ekko der folk snakka om hjernen sin evne til å hugse. Men ettersom eg høyrde med eit halvt øyre då eg skulle ha meg ein formiddagslur, hugsar eg ikkje så mykje. Eg må kanskje nytte meg av tilbodet dei har om å høyre det som podcast. Den kan ein jo laste ned når ein vil.

Når eg no har skrive inn lista over sangar, står det att å skrive om sangen, diktaren, omsetjaren og komponisten. Men det vil nok ta si tid, tenkjer eg. Så her må ein nok bare smørje seg med tolmod. Ta ein kikk på lista, du og:

Det kristne håp i Sangboken

 

 

Nyfallen snø

Å, gjør min sjel hvit som nyfallen snø.

I dag kunne ein tenke slik når ein såg ut av vinduet i det sola rann på Eskeland. Eg skulle ha teke eit bilde av snøen som hang i greinene og sola som lyste opp Øygardsfjellet på andre sida av vegen, men eg kom ikkje på det før etter at sola var komen heilt opp, og då var det ikkje same kontrasten i bildet, så eg droppa det. Dermed har eg ikkje nokon illustrasjon til bloggen i kveld.

Sangen er skriven av E. E. Hewitt i 1892 og fekk melodi same året av William Kirkpatrick. Han vart omsett til norsk av frelsesoffiseren Henry Albert Tandberg og publisert i Krigsropet i 1916.

Å, gjør min sjel hvit som nyfallen sne
La blodet fjerne all synd du kan se
Frels meg fra selviskhet, hovmod og tvil
Ren i ditt blod la meg vinne ditt smil
Å, gjør min sjel hvit ja som sne
Frelser, hør min bønn la ditt verk i meg skje
Du som for meg var på Golgatas tre
Ofret ditt blod, gjør sjel hvit som sne
O, gjør min sjel hvit som nyfallen sne
Lær meg å be at din vilje må skje
Hvile meg gi i fortrøstning til deg
Så går jeg glad hvor du enn sender meg
Å, gjør min sjel hvit, ja hvit så som sne
Frelser, hør min bønn la ditt verk i meg skje
Du som for meg var på Golgatas tre
Ofret ditt blod, gjør sjel hvit som sne

Brillene knakk

Det er vel ikkje det største problemet, særleg ikkje når ein har reservebriller, men dei gode brillene eg har hatt ei stund no, knakk i venstre stanga i kveld. Eg sat og las i Vetle Lid Larsen si mursteinsbok Lucias siste reise og då treng eg briller. Elles klarar eg meg godt utan.

Boka handlar om Sancta Lucia, helgenen vi syng om før jul. Ho kom forbi i Bokklubben, og eg “gløymde” å avbestille henne, for ho såg interessant ut, og det er ho også, i alle fall dei første 90 sidene. Når ein først har kome så langt i ei bok, brukar eg å lese henne ut. 622 sider + ordforklaringar. Her er litt av omtalen:

Når virkeligheten overgår fantasien
Lucias altfor korte liv, der hun så vidt rakk å være en livsglad, søkende og oppsetsig ungdom, fikk en fryktelig brutal avslutning. Det kunne like gjerne ha blitt en historisk bagatell, så hva var det med Lucia som gjorde at hun ble en helgen som alle, både gamle og unge, har et forhold til den dag i dag?

– Det har vært spesielt inspirerende å jobbe frem denne fortellingen. Jeg begynte å nøste i det for noen år siden, og ble så grepet av dette at jeg nå har jobbet fem år på heltid, sier Vetle Lid Larssen i intervju med VG.

Det startet på Sicilia, da han ramlet over en tom grav der Sankta Lucia skulle ha ligget. – Og dermed ble jeg viklet inn i en utrolig historie. Lucias siste reise er basert på virkelige hendelser og personer. Det er sant som det sies: Noen ganger overgår virkeligheten fantasien, sier Vetle Lid Larssen.

Tenåringstrøbbel
Forfatteren lar oss møte 17-årige Lucia, som er på vei til Roma med sin syke mor. Moren forsøker å sikre Lucias framtid gjennom et arrangert giftermål, men i Roma møter ungjenta folk som gir henne nye tanker og ønsker for sin egen framtid. Hun blir betatt av den  nye, kristne trosretningen og vier mer og mer av sin tid til å hjelpe sine trosfeller. Alt må foregå i det skjulte, men da hun sier tydelig fra til sin forlovede at hun ikke akter å gifte seg med ham, hevner han seg ved å angi henne. Det blir skjebnesvangert. Hun blir tatt til fange, brutalt voldtatt og til slutt henrettet.

Kan være et bilde av briller

Samarbeid

-Samarbeid om veg gav eit løft til heile dalen, sa komande kommunedirektør Vidar Homme i Valle Radio i går kveld. Han vart intervjua av Ørnulf Hasla på matromet hos Hasla i Valle sentrum måndagskvelden.

I programmet siterte Ørnulf frå Setesdalswiki sin artikkel om Vidar Homme: Etter artium på Hornnes gymnas studerte han på NTH frå 1991 til 1996 og vart sivilingeniør i industriell økonomi. Deretter fekk han jobb i Kristiansand Elektrisitetsverk som marknadsanalytikar og porteføljeforvaltar innan krafthandel, ei stilling han hadde til 2000, då han vart rådmann i Valle kommune. Han var rådmann til 2006.

Eg ser jo at artikkelen må oppdaterast, det er jo eit problem at ettersom tida går, så er det trong for å oppdatere artiklar. Eg fekk nok ikkje med meg alt han hadde halde på med frå han reiste til han no kjem tilbake, men han fortalde litt frå tida som næringssjef i Vennesla at det var flott at kommunen hadde klar næringstomt på Støleheia då batterifabrikken ville etablere seg i regionen. Då Hunsfos papirfabrik la inn årene, var det 180 tilsette, men i bygningane som i dag kallast Hunsfos industripark jobbar det no 700 personar, så det er mogleg å få til noko nytt sjølv om det er trist når ein gammal fabrikk må gje seg.

Næringsutvikling er viktig for ein kommune, for utan arbeid vil ikkje folk bu i kommunen. Difor trengst det tomter for både bustad og næring, og då må ein samarbeide om å få det til slik at unge kan etablere seg med eigne arbeidsplassar om dei ikkje får jobb hos andre.

Valle kommune samarbeider med Valle bygdekvinnelag og Valle IL om bruken av det gamle internatbygget. Sissel Åkre fortalde litt om det. Før hadde dei vevstoge i Tosong, no har dei flytta all verksemda si til internatbygget og fått gode rom der, både vevstoge, møterom og kontor. 1. mars skal laget, som vart starta i 1947 og altså er 75 år i år, markere opning av den nye verestaden med ope hus for alle og syne kor fint det er blitt etter svært mange dugnadstimar, noko som høver godt i Frivillighetens år. Laget arbeider også med digitalisering av skrifter dei har gitt ut og filmar dei har produsert. Filmane skal leggjast ut på YouTube etter kvart.

 

Eldrebølge

Bygdene merkar godt eldrebølga. Unge folk tek utdanning og får seg jobb i urbane strøk, då sit bygdene tilbake med minkande folketal og eldre folk. Dermed må rådmannen og hans stab planlegge for eldrebølgja med å lage planar for utbygging av heimebasert omsorg og eldrebustader nær sjukeheimen. I Valle er det administrativ leiar for pleie og omsorg, Solveig Kyrvestad som har dette ansvaret, fortalde vikarierande rådmann Eivind Berg i Valle Radio i kveld. Han skal vikarierer til ny rådmann er på plass, truleg 1. mai.

Eit anna tema han var oppteken av, var Revisjon av konsesjonsvillkår for Otra Kraft. Der skal Olje- og energidirektoratet ha svar på høyring, og kommunen må levere slikt svar. Ein har teke opp situasjonen for bleka, at vatnet som kjem gjennom turbinane er for kaldt og har for mykje luft. Det første er problem for dei som badar om sommaren, det andre er problem for bleka heile året. Krypsiv i tereskelbassenga og flaumen i Faråne er andre hendingar som er verd å merke seg som problem.

Saker frå Aktuell time skal vi kome tilbake til i morgon.

I Opi sending var det Jorunn og Kåre som hadde ansvar, og dei fekk nok telefonar til at det vart ei fin stund. Gyro Kopperud, Lasse Strai og eg deltok med løysingar på rebusar, spørsmål og generell prat. Vi fekk vel alle premiar også. Lasse hadde vore på hytta på heia ovanfor Besteland og hadde kome til Kristiansand i kveld. På hyttetaket var det ein meter snø. Men turen mellom byen og Valle går som ein leik no med den nye vegen, så det er greitt for ein pensjonist å kjøre opp ein tur i veka. Då har ein heia for seg sjølv, utan andre lydar enn dei naturen lagar.

 

Kulturarv

Kulturarv kunne godt vere ei felles overskrift for programmet i Valle Radio i kveld. Etter dei faste postane med kåseri, andakt  var det tid for sangkveld, og då fekk vi ein musikalsk kulturkveld som folk med bedehuskulturen kunne kjenne seg att i. Ikkje alt var frå Sangboken, det skulle bare mangle, men fleire perler frå bedehuset var tredd inn på den snora Siri Johannessen laga.

I Timen frå halv åtte til halv ni var det først ein samtale med to elevar på sølvsmedlinja i Valle, ein gutt frå Kongsberg og ei jente frå Bergen.

Deretter var det ein interessant samtale med Sondre Bratland, som skal ha sangkveld i Bykle samfunnshus til fredag. Han fortalde levande både om kontakt med andre kvedarar og folkemusikarar. I 10 år hadde han vore elev av Ragnar Vigdal, som først kom på døra hans og sa at han ville gi vidare kulturarven frå den kristelege sangen til Sondre, som også hadde lært av Ingebjørg Liestøl i Åseral og som opplevde at irsk folkesang var nært i slekt. Sjølv hadde han fått gi vidare til Annbjørg Lien, som også var med litt på slutten. Ho har release på ny plate på Riksscenen i Oslo laurdag. I samband med dette fekk vi tidligslepp av «Silver Spoon» frå det nye albumet hennar.

Som vanleg tysdagskveldane var det Postludium til slutt. I kveld med dette programmet:

  • Kjell Mørk Karlsen: Første sats, «De profundis clamavi» fra sonaten De profundis Op. 143, spilt av Terje Winge på Jørgensenorgelet fra 1945 i Ålesund kirke. Fra albumet Organism (2016),
  • Edmund Rubbra: Preludium og fuge over et tema av Cyril Scott, Op. 69 (arr. for orgel), spilt av Robert Houssart på orgelet i St. John’s College Chapel i Cambridge. Fra albumet RUBBRA: Nine Tenebrae Motets / Magnificat and Nunc Dimittis (2001),
  • Otto Olsson: «Canticum Simeonis», andre sats fra Sex latinska hymner Op. 40, for a cappella choir (1919). Fremført av Västerås Domkyrkas Gosskör ledet av Bror Samuelson, solist Mikael Samuelson (baryton). Fra albumet I Himmelen (Helg och vardag med Mariakören och Gosskören i Västerås) (1979/2007).

Speleliste og anna finn du på

Tysdagssending i Valle Radio 20220215