Kategoriarkiv: Ymse

Journalistar i fokus

Onsdagskvelden er det journalistar og journalistikk som er i fokus i Valle Radio. Ørnulf Hasla har ansvaret og programmet hans fortel at han vil snakke med avtroppande og påtroppande journalistar i avisa Setesdølen, bygdebladet for Setesdal. Her er eposten eg fekk om programmet.

Hei
Her er programmet for onsdag 9 mars.

19.00-19.30
Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad.

19.30-20.00
Komm.info med Torunn Ch. Nyberg.

20.00-21.00
Lokaltimen med Ørnulf
Frå bladfyk til kommunal informasjon
Vi har eit intervju med Ole Birger Lien.
Vi er med på opninga av nytt hus til Valle Bygdekvinnelag.
Eit intervju med Olav Haugsjerd, ny journalist i Setesdølen.

21.00 open sending
Med Kristin og Ørnulf

Teknikar, Siri Johansen
Tlf vakt, Ingunn Åkre Uppstad
Ansvarleg, Ørnulf Hasla

Høyr Valle radio på www.valleradio.com
og på FM i øvre Setesdal.
Følg Valle radio på Facebook og Instagram.
Vel møtt til sending.

Gamle bøker

I går skreiv eg om nye sko, i dag blir det om gamle bøker. Det står mange posar med gamle bøker her i huset, for det er vanskeleg å kaste dei. Planen er å skrive litt om dei på Setesdalswiki i det minste før dei forsvinn ut av huset. Men så var det å få gløden til å skrive dei artiklane, då.

Men eg kan dele nokre titlar med dykk som les bloggen, kanskje finn du ei bok som du veit noko om og kan sende meg ei melding om den.

Romanar
Einar Berg: Tømmerleiren
Ralph Ditlef Kolnes: Sangen om Maja
Lars Rustbøle: Kjell rømmer
Lars Rustbøle: Brudesølja
Lars Rustbøle: Brudesøljen
Lars Rustbøle: Hun seiret
Lars Rustbøle: Den ellevte time
Lars Rustbøle: Det nye liv
Lars Rustbøle: I dølsmål
Lars Rustbøle: I mørket skinner stjerner
Natalie Sarraute: Du er ikke glad i deg
Charles M. Sheldon: I hans fotspor
Carl Sundby: Den siste basun

Oppbyggelse
John Bunyan: En pilegrims vandring
Todd Burpo: Himmelen er på ordentlig
David Watson: Korsets seier

Sakprosa
Arnold Hallen: Mellom ville dyr i Afrika
Geir Harald Johannessen: Vekkelse eller villfarelse
Knut Lundby og Ingun Montgomery: Statskirke i etterkrigssamfunn
Harald Hydle: Gode vaner
Kjell Heggelund og Nils Nordberg: Kriminallitteraturen

Og med det var to posar tasta inn.

Nye sko

Når ein lever på ein stor fot, treng ein store sko. Eg har hatt 47 frå eg var ung, men med meir hovne føter i seinare år, vart nummera større og større.

Ved eit slumpetreff fekk eg vite at eg kunne få sko gjennom NAV på grunn av andre underliggjande sjukdommar og i dag var eg og henta nye sko. Då hadde eg vore hos Blatchford Ortopedi i Sørlandsparken før jul for å ta mål, sidan ein tur for å tilpasse ein modell og no endeleg var dei ferdige.

Eg vil mest kalle dei Mercedes eller over i skosamanheng. Dei eg har hatt før, var det vanskeleg å få føtene ned i, og dei klemte jo både her og både der, som dei seier. Her gjekk foten rett inn og dei høvde utan å klemme. Det var som å kome til ei ny tid, no treng eg ikkje lenger tenke på turen til Store Sko-butikken i Oslo, der eg handla sko før.

Med privatsjåfør gjekk turen fint i strålande sol. Er det ikkje då ein seier at alle var samde om at det hadde vore ein fin tur?

Kan være et bilde av skotøy og tekst som sier 'Blatchrd topedi'

Ukrainske forfattere

Eg kom til å tenke på at det sikkert er nokre ukrainske forfattarar som har skrive bøker som kanskje er omsette til norsk. Wikipedia har ei liste over ukrainske forfattarar. Den kopierer eg, så kan du sjå om du finn noko:

Sider i kategorien «Ukrainske forfattere»

Under vises 21 av totalt 21 sider som befinner seg i denne kategorien.

Onsdag med folkemusikk

Enkelte kveldar må ein prioritere, og i kveld valde eg å ikkje følgje sendinga i Valle Radio. Den er som oftast høgt prioritert, men i kveld vart det litt anna.

Dei siste dagane har eg prioritert Valle Radio med å lage forslag til nye reklamar. Våre reklameannonser er spesielle, men vi har hatt dei lenge, nokre kanskje mest heilt sidan vi starta. Vi kjenner dei godt, og eg er imponert over det dei fekk til då dei vart laga første gongen. Om mine forslag vert brukte, så vil vi kanskje ha nye annonsar seinare denne våren.

Her er programmet for sendinga i kveld:

Program onsdag 2.mars
Teknikar Torfinn Brokke
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med Solveig Kyrvestad, leiar Pleie og omsorg
20.00 Folkemusikktime med Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken
21.00 Blueskveld med Ronny Stavsholt

 

Be for Ukraina

Medan eg sit og skal skrive kveldens blogg, vert eg fanga inn av NRK som sender bønnegudsteneste for Ukraina frå Trefoldighetskyrkja i Oslo. Her er representantar for heile det kristne Norge samla og den katolske biskopen spør som avslutning på talen sin: Kyrkja kan appellere til Gud, kven kan Putin appellere til?

Ukrania var også tema i kveldens sending i Valle Radio. Både Siri Johannessen sitt kåseri og Postludium var prega av landet. Ikkje visste eg at Ukraina hadde komponistar som i tillegg til kormusikk også hadde skrive orgelmusikk. Her er lista:

  • Dmitry Bortniansky (1751–1825): Izhe Kheruvimi (Cherubic hymn) fremført av Ensemble Cherubim. Fra albumet Bortniansky: I cried out to the Lord: Hymns and choral concertos (2013),
  • Artemy Vedel: Andre sats, «A mercy of peace», fra Divine liturgy of St. John Chrysostom. Fremført av Luminous Voices og Spiritus Chamber Choir ledet av Timothy Shantz. Fra albumet Vedel: Choir concertos nos. 1–13 & Divine liturgy of St. John Chrysostom (2021),
  • Mykhailo Verbytsky (1815–1870): L’ange s’écria à la pleine de grâce fremført av Chorale de la Laure des Grottes de Kiev. Fra albumet Sainte Rus’, garde la foi Orthodoxe (2016),
  • David Nowakowsky (1848-1921): Preludium zum Abend am Purimfest spilt på orgelet i Sts Maria og Cecilia i Verden, Tyskland, av Stephan Lutermann. Fra albumet Organ Music for the Synagogue (2019).

Varm stove

Stova vår var varm også med den gamle omnen, men det tok lenger tid. Det er utvikla mykje ny teknologi når det gjeld omnar sidan den omnen vi hadde vart laga. No er den historie, Lyngdal Fyringsservice tok han med seg.

Vi hadde også ein omn på loftet, den gjekk same vegen. Så tetta dei holet i skorsteinen der og i kjellaren og sette inn eit røyr i pipa. Så no er faren for brann i pipa minimal.

I denne varme stova held eg framleis på med tekstane til ny reklame i Valle Radio. Eg hadde eit mål om å klare det innan 1. mars, men eg må nok ha den dagen også med meg for å klare det, sjølv om det ikkje er så mange att no.  Som eg skreiv i går, det er lett å love, ikkje alltid like lett å gjennomføre. Stev har eg laga mykje av, men høyrespel var ein ny sjanger for meg.

Kan være et bilde av ild og innendørs

Frå arkivet

Denne tysdagen vert det mykje frå Gull frå arkivet. Grunnen er kanskje at eg er med.

Tirsdag 1. mars
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel med Roald Arnesen fra Norea

18.30 Musikk og sang fra arkivet, Harald Haugland og gjester
Country gospel med Bjørgulv T Berg fra 1999
og 19.15 Munnharpa med John Melhus fra 2001
19.45 Bykle og Valle kunstlag skal stille ut, Ewald Assman forteller

20.00 Møteplassen med dikteren Olav Mosdøl fra 2006 (Norea)

20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Onsdagskvelden har Sondre Rua Dokken ansvar for. Han har ikkje sendt meg program, så eg kan ikkje dele det med dykk, de får vente til de finn det i avisa på tysdagen.

94300

I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal, 94300 stod det i teljaren på framsida då eg hadde lagra artikkelen med torsdagsavisa sine overskrifter. Det betyr at i februar har vi klart å skrive 200 artiklar, og det trur eg må vere ny rekord. Plutseleg ser det ut til at vi kan klare tusentalet i år, for no er det bare 700 att.

Geir er ein stor optimist og meiner at det skal vere råd å klare det med god margin, eg er litt meir forsiktig, men svært glad for at det veks.

Eg kan ikkje seie at eg er så produktiv for tida, men kan hende blir det litt betre når det blir meir vårleg. I dag la eg ut eit bilde av snøklokker på Facebook, og det var mange som likte det vårteiknet. Det er jo blitt lysare i veret, og snart kjem kanskje gåsungar også i denne uvanlege vinteren vi har hatt.

Kan være et bilde av blomst og innendørs

 

Svimeslått

Når ein ser på tv at Russland invaderer Ukraina, blir ein noko svimeslått. Eg har vore heldig og kunna bu i eit Europa som ikkje har hatt krig i mi levetid. Det var noko kritisk då eg var i militæret, for då vardet ei krise så vi fekk ikkje permisjon. Men elles har det vore fredfullt i Europa sidan andre verdskrigen. Og slik hadde vi vona at det skulle vere også.

Men så vart det annleis, for Russland sin president meinte visst at Russland burde vere minst så stort som den gamle Sovjetunionen. Den gjekk i oppløysing, det burde den ikkje ha gjort, etter hans meining, ser det ut til.

Så no fyller krig nyhetssendingane på tv og land etter land legg sanksjonar på Russland. Det går ut over folk og handel i sør og nord, sjølv om den jamne russar ikkje kan lastast. Gigantomanien er det leiarane i Kreml som står bak. Og dei har til salt i grauten, det er meir enn folk i Russland har. Hallvard Hasseløy som vi har høyrt på Valle Radio, og som i dag vart intervjua på Distriktseninga i NRK, samlar inn pengar og klær til Ukraina, der er folk så fattige at dei sender barna på barneheim for at dei skal få mat. No får han ikkje lastebilane sine inn i Ukraina, men pengar til mat, det treng han. For no er prisane sterkt stigande, så fleire treng hjelpa han kan gje.