Alle innlegg av Harald Haugland

Mange misjonærar

For ei tid tilbake kjøpte eg ei lita bok med tittel Misjonærer 1891-1941. I kveld tok eg tak i den og skreiv inn alle namna frå boka i ein tabell på Setesdalswiki. No er planen å smått om senn skrive meg gjennom dei mange namna og få artiklar om folka.

Det synte seg at eg alt hadde  artiklar om nokre av misjonærane, men boka er på 60 sider og med fire små artiklar og bilder på kvar side, blir det 240 namn, så det er jo litt å halde på med. Men vi som skriv har eit lite mål om å få opp talet på artiklar slik at vi kan runde eit nytt tusental før året er omme, så det er bare å henge i.

I vår tid er det ein diskusjon om vi skal sende ut misjonærar til andre land. Eg trur ikkje den diskusjonen var sterk tidleg på 1900-talet, i heile det hundreåret sendte norske misjonsorganisasjonar ut hundrevis av misjonærar, finansiert av misjonsforeningar over heile landet. Mange var i lange periodar ute, og tenesta var eit livskall. I dag er det nok heller slik at mange tenkjer at dei kan ta ein periode, men ikkje eit heilt liv.

Nå er det jo mange ting som spelar inn, mellom anna at barna skal få tilknytning til Norge og skolegang her i landet. Før reiste familien ut, og barna måtte finne seg i foreldrene sitt misjonskall. Mange har hatt vonde opplevingar av det.

I dag tenkjer organisasjonane meir at dei skal finansiere lokale kristne og kyrkjer sitt arbeid, altså hjelpe til slik at folk kan ha evangelist-teneste i sitt nærområde. Då rekk pengane lenger, og pengegåvene har jo minka med tida.

Gamle sangar

I dag skreiv eg inn alle Åpningssangane i Sangboken på Setesdalswiki. Eg la dei i ein tabell der eg hadde med årstall for når dei var publiserte, når dei var omsette til norsk og kva år komponisten laga melodien. Desse opplysningane står saman med notene til melodien i Sangboken, så ein treng ikkje leite rundt for å finne dei.

Medan vi heldt på, for Reidun hjelper meg, så eg kan skrive litt meir samanhengande og sleppe å sjå i boka for annankvart ord, slo det oss at mange av sangane var svært gamle. Bare fem av sangane var omsette til norsk for mindre enn 100 år sidan.

Det blir av og til sagt at vi syng ikkje lenger. Det blir også sagt at å syngje saman skapar ein fellesskap som er unik.

Vi som er litt gamle, kan nok mange av dei gamle sangane. Vi bør nok ta for oss sangboka og syngje litt meir, gjerne aleine i desse koronatider når viruset spreier seg på sangens vinger, som det heiter.

Åpningssanger i Sangboken

Samanslåing

Sjølv om det er kommunar i Agder som gjerne vil ut av samanslåinga, så vil ikkje fylket det. Der har det heile gått seg til, nokre måtte bytte kontorstad mellom Arendal og Kristiansand, men gode ordningar og gode vegar gjorde problema små.

I halvtimen Kommunen informerer i Valle Radio onsdagskvelden fortalde ordførar Steinar Kyrvestad at ein konsekvens av samanslåinga var ein no lurte på om ein skulle ha Vest-Agder Museet og Aust-Agder Museum og Arkiv (AAMA) eller om ein skulle følgje opp og slå saman der også. Det ville få konsekvensar for Setesdalsmuseet, som jo er eit av musea under AAMA saman med KUBEN i Arendal og Grimstad bys museum, Under desse ligg det 22 museum og besøksstader.

Under Setesdalsmuseet ligg både Tveitetunet og Rygnestadtunet, men også Bygningsvernsenteret på Rysstad og Forsvarsmuseet på for å nemne nokon. Ein lurer nok på både finansiering og organisering, kjenner eg dei rett, for drifta treng pengar både til å løne dei 12-13 stillingane og til anna drift, så vel som til å kjøpe ting som dei vil ha i samlingane sine og ta vare på. Sjølv om Kulturminnefondet finansierer noko, trengst det alltid pengar.

Det trengst det også i Setesdal barnevern, ofte er det trong for meir pengar enn kommunane likar å løyve, for det slår ulikt ut år om anna. Men det er i lovpålagt oppgåve som bare må finansierast. Det skein vel gjennom at han kanskje tenkte at dette var ei oppgåve som burde vore statleg finansiert fordi ein større pengesekk ville tole svingningane betre.

 

Revisjon

Det er ikkje bare på Stortinget at det er nødvendig med revisjon. Også i Otra er det tid for revisjon av villkåra for å drive produksjon av elektrisk kraft i desse dagar. Det kan ein i følge avtalen gjere kvart trettiande år, så då må folk sjå i glasskula for å tenke korleis livet i dalføret der elva renn vil vere så langt fram i tida.

Eit problem dei slit med i Otra er tilgroing. Graset veks i dei grunne terskelbassenga og spørsmålet er om det er mogleg å renske graset. Ein har prøvd med å ha lite vatn i elva slik at elva kan fryse til om vinteren og så sleppe ut mykje vatn som kan rive graset med seg. Det har nok hjelpt noko, men med milde vintrar blir det ikkje så mykje effekt, så då er eit alternativ å ha folk som klipper graset, krypsivet som det og blir kalla, i elva. Men det kostar pengar.

Ettersom Otra er vakker når ein kjører oppover dalen, er det også trong for å rydde langs kantane slik at ikkje kratt og skog tek overhand. Dette kostar og pengar, så kommunane vil gjerne ha regulanten til å betale for slikt også. Kanskje bør ein lage tappeluker i terskelbassenga og gjere dei litt høgare, slik at turistar og andre som likar å fiske, kan fiske når dei har løyst fiskekort. Ein kan få stor og fin aure i elva, og bleka, denne vesle laksen som er spesiell i Otra, er morosam å fiske for dei som likar slikt. Og om turistar likar å fiske, kan dei bli verande lenge og legge att mykje pengar.

No er det planar om å ha ein krypsivkonferanse neste år. Alt dette og meir til fortalde Steinar Kyrvestad om i Valle Radio onsdagskvelden. Kva anna han var innom, det får eg kome tilbake til i morgon.

Budsjett for Valle

I kveldens sending i Valle Radio var det ordførar Steinar Kyrvestad som var i studio i programmet Kommunen informerer. På denne tida er han mest oppteken av budsjettet for komande år, men også av at kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr sluttar og flytter til Sirdal. Då må dei ha ein vikar i Valle, og Eivind Berg har lova å overta for ein kortare periode medan ein ny vert rekruttert, så han vil vere på plass neste veke og truleg fungere til april.

I budsjettet for 2022 er det balanse mellom utgifter og inntekter, og kommunen vil ha ein del investeringar. Ordføraren nemnde mellom anna desse: Rehabilitering av kommunehus og helsehus, ny bru til Straume, kloakk frå Nomeland til renseanlegg på Rysstad, oppgradering av Storstoga med amfi og ferdigstilling av rulleskiløype.

Og i morgon er det offisiell opning av parsellen Besteland-Helle på Riksveg 9, då kjem Hans Fredrik Grøvan for å klyppe snora, for han var regionen sin talsmann inn mot sentrale styresmakter då finansieringa skulle gjennomførast.

Dette var programmet i kveld:

Ansvarleg og teknikar Sondre Rua Dokken
19.00 Tankar frå bibelen med Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad
20.00 Lokal time med bl.a opptak frå utdelinga av prisen til Setesdal spelemannslag frå Gjensidigestiftelsen
21.00 Opi sending med Kristin Laasbye Sagneskar og Ørnulf Hasla

 

Korona, Rem og Gaither

Tysdagskvelden i Valle Radio hadde i kveld som vanleg ein sangtime, denne gongen med coutry-musikk. Deretter var det Korona, Rem og Gaither. Først hadde Siri Johannessen ein samtale med kommuneoverlegen i Bykle og Valle,  Benedicte Severinsen i Valle. Ho kunne melde om 0 sjuke med korona i Øvre Setesdal no og deretter gjekk praten på meir generelle tilhøve under pandemien.

Deretter hadde eg ein prat med Simen Rem om konserten dei skal ha på Nordibø landhandel fredagskvelden. Eg hadde gjort ein avtale med faren, Håvard Rem, men han svarte ikkje på telefonen, så det vart Simen i staden, og han svarte godt og fyldig. Han fortalde at dei kom til å ha med seg bøker som faren tidlegare hadde gitt ut og som ein no kunne få for ein god pris, som det heiter i reklamen som stadig vert sendt på radioen. Likevel blir det fort nokre kroner av det om ein vil kjøpe Håvard Rem sine samla verk, for han har gitt ut mange bøker, både diktsamlingar, romanar og anna.

Til slutt var det plass til litt om Jule-Gaither på Finsland bedehus over nyttår, der er det plass til 250 personar, og billettsaleg starta nyleg, så no må folk vere raske om dei vil få plass på julefesten på Finsland.

Vinterleg

Også her ute ved kysten er det vinterleg no. Eg har funne fram ullteppe i senga, og sjølv om vi har varmepumpe, burde vi nok fyrt i omnen. Men vi har bestilt ny omn og gjort klar for utskifting, så vi syter med å bruke han.

Men her hos oss er det knapt snø, det er bare kaldt, tre-fire minusgrader var det i dag, men no regnar det, før det visst skal kome snø i morgon.

Men i morgon er det ny sending i Valle Radio, og då skal eg vere med ein halv time og snakke med Håvard Rem, som kjem i Valle folkeakademi fredag saman med sonen Simen. Dei skal presentere ei plate dei har laga.

Eg sende dette til Setesdølen i dag om programmet:

Fredag får Valle folkeakademi besøk av Håvard Rem og sonen Simen Rem. Difor vert det ein samtale i Valle Radio tysdagskvelden. Diktaren har sterke røtter til Sørlandet og sjølv seier at han kjem frå Sørlandsbanen når han får spørsmål om kor han er frå. No bur han i Oslo, men har også budd i Frankrike og Italia, Av mange verk er kanskje Cohen på norsk eitt av dei meir kjente, og ofte kan ein høyre sangen Som en spurv på en snor, ein tekst han har gjendikta. Elles kan ein også få med seg ei oppdatering om koronasituasjonen i Øvre Setesdal og Jule-Gaither på Finsland i sendinga tysdagskvelden, som også har plass til Postludium med Niklos K. Besteland.

Her er programmet:

Tirsdag 30. november
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein
(Norea)
18.15 Andakt fra Norea Mediemisjon, ved Jan Erik Lehre (Norea)
18.30 Sangtime
19.30 Timen: Kommuneoverlege Benedicte Severinsen i Valle, Håvard Rem i samtale med Harald Haugland, og Jan Kåre Haugland fra Finsland Gaither Music Club Norge
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Advent

På første søndag i advent markerte Mandal menighet at det er 200 år sidan den store kyrkja i byen vart teken i bruk. Den gamle kyrkja gjekk med i ein stor brann i 1810 og det vart dyrt for bøndene å reise den nye kyrkja. Då var det dei som var eigarane, danskekongen hadde seld alle kyrkjene for å få pengar til ein krig mange år tidlegare.

Det er gjort eit stort restaureringsarbeid før kyrkja no vart teken i bruk att, ho skin nymåla og flott, tårnet var nede, men er no kome på plass att, og orgelet, eitt av to attverande her i landet i sitt slag,  er restaurert, Overføringa i radio på NRK var flott, det var biispevisitas, så biskopen talte og soknepresten var liturg, det var korsong og nyskiven tekst av Eivind Skeie, tonesett av organist Britt Turid Madsen til opning og god sang elles.

Eg skulle nok ha vore der saman med kyrkjelyden, for den var på om lag 3-400, ofte er det fleire til gudsteneste, så det var kanskje mange som valde å gjere som meg og høyre på radio. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe og sidan var det visitasforedrag. Komande veke er det eit stort program for markering av jubileet.

Både staten og kommunen har lagt mykje pengar på bordet for å betale for restaureringa, eg trur det var 80 millionar kroner til saman. Sjølv om det ikkje er arbeidskyrkje i moderne forstand, er det eit stort arbeid som vert gjort med utgangspunkt i kyrkja i tillegg til kyrkjelege handlingar og gudstenester.

 

Stern

Det tyske magasinet Stern var i sentrum for ein stor strid i Evje og Hornnes skulestyre på 1980-talet. I Setesdølen denne veka vart saka nemnd i ein tekst der gamleordføraren Asbjørn Kjetsaa vart spurd om kva han hugsa best frå tida som ordførar.

Saka handla om at Tom Haugland, lærar på Evje ungdomsskule nytta bladet i tyskundervisninga og hadde difor kjøpt inn klassesett. Så hadde han laga undervisningsopplegg for nokre av desse artiklane. Men bladet var ikkje bare greitt, for det var mange bilder av nakne damer i det, og nestleiaren i skulestyret, Jørgen Høgetveit, fekk melding om saka. Han ville ha bladet bort frå skulen og meinte det ikkje høvde til undervisning.

Då eg søkte på Stern-saka på nettet, kom det fram ei heil bok som var skriven om saka. Det var Jørgen Høgetveit som var forfattar,

På den tida dette skjedde, budde eg i Vesterålen, og der var nok saka om lektor Olav Hoaas sine nazi-sympatiar meir i fokus, så eg hugsa ingenting om det som skjedde på Evje, sjølv om det også var skrive om det i nasjonale media. Fædrelandsvennen støtta Tom Haugland, men mange støtta også Jørgen Høgetveit.

Her kan du lese heile boka om du vil friske opp saka, du og:

http://www.kommentar-avisa.no/Sternsaken.pdf

Håvard og Simen

Om ei veke kjem Håvard Rem og Simen Rem til Nordibø landhandel i regi av Folkeakademiet Valle. Det blir einaste konserten deira i Setesdal, så om du vil oppleve dei, må du rydde plass i kalenderen denne kvelden. Dei skal halde ein konsert/ opplesing av tekstar og dikt av Håvard Rem, og komande tysdag klokka 19.50 skal eg ha ein samtale med diktaren i Valle Radio.

I 2020 kom han med ei utgjeving han kalla Almanakk. Den har små dikt for kvar dag i året, mest som ei andaktsbok. Eg høyrde litt på ein snutt som ligg ute på YouTube, det er mest som små stev og kan slik minne om stevboka til Kirsten Bråten Berg.

Han har vel i grunnen godt grunnlag for å lage andaktar, han er son av ein pinsepredikant og hadde oppveksten sin på ulike stader der faren var pastor. I eit intervju i serien Reisen hjem, som Egil Svartdal laga, vart han spurd om kor han rekna som heimplassen sin, og då svara han Sørlandsbanen.

Du kan lese meir om Håvard Rem på Wikipedia.

Hrem2020 Foto Anna-Julia Granberg.jpg