Alle innlegg av Harald Haugland

Dagens avis

Dagens avis vart artikkelen som gjorde at vi passerte eit nytt hundretal. Det er nå 93 901 artikler på Setesdalswiki var teksten som plutseleg stod på framsida i kveld. Det var jo ei stor glede, for vi har hatt eit mål om å klare å runde  eit nytt tusental til nyttår, No har vi 14 dagar på oss til det, så det trengst ein ekstra innsats, for til vanleg så treng vi ein månad på 100 artiklar. Men eg vonar det skal gå.

I dag har eg elles vore oppteken med å kaste aviser. I morgon er det papir og plast, og då gjeld det at dunken er full. Vi får Fævennen og Vårt Land kvar dag, og så kjem Lindesnes tre gonger i veka og Setesdølen to gonger. Men eg har vondt for å gje slepp på Vårt Land, og no hadde det blitt ei stor bunke. Dermed måtte eg til å rive ut for å ta vare på det eg kanskje kunne få bruk for til Setesdalswiki, for det har jo blitt meir og meir at eg skriv om saker relatert til kyrkje og kristenliv.  Til slutt kunne også nokre Vårt Land bli med i dunken, men det skulle nok vore fleire.

Men kanskje kan det at eg reiv ut ein del sider bli hjelpemiddel til at vi når eit nytt hundretal i løpet av to veker. Det blir ei utfordring.

Lang radiodag

Om ein vil få med seg alt som blir sendt i Valle Radio, så kan ein av og til få ein lang radiodag. I dag starta sendinga med overføring av møte i Setesdal regionråd, det har fått nytt namn, Setesdal interkommunalt politisk råd, men det er så langt at eg er ikkje sikker på om det blir brukt så mykje i det daglege. Her møter ordførar og varaordførar i kommunane, så det blir jo ei litt stor forsamling. Ettersom det no er koronarestriksjonar att, så var møtet digitalt denne gongen.

Ei av sakene var til aktuell både i formiddagssendinga og i kveldssendinga. I formiddag handsama regionrådet Riksveg 9 og i kveldssendinga hadde Ørnulf Hasla opptak frå markeringa av opninga av strekningen Besteland-Helle, der han intervjua både politikarar, folk frå Vegvesenet og Agder fylke og arbeidsfolk frå entreprenørfirmaet Bjelland. Dei kjem frå Sandnees og det var deira første jobb i Setesdal og dei var godt nøgde med å ha fått anbodet. Når ein har klart å spare 20 millionar i høve til budsjettet, måtte jo alle vere nøgde, ikkje minst Jon Rolf Næss, for overskotet blir brukt til å utbetre strekningar i Bykle kommune der han er ordførar.

Kveldssendinga starta med Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki. Deretter var det Ann Christin Rikenberg Jacob som hadde ordet i Kommunen informerer. Ho er HR-ansvarleg i kommune, det som før heitte personalsjef. Når pandemien no slår til att, blir kommunehuset stengt og skulane tek fram att tiltaka frå i fjor, men biblioteket er ope, så ein kan  få lånt nokre bøker før jol.

Eg var ansvarleg for kveldens sending, og eg hadde fått med Tarald Rike til å snakke litt om Jol I Setesdal 2021. Med innhaldsista i årets nummer som disposisjon snakka vi litt om dette tradisjonsrike bladet som mange bare må ha til jol. Ein finn det på dei fleste butikkane oppover i Setesdal, og hos Norli Evje og prisen er 120 kroner.

Før han slapp til sa Ørnulf Hasla litt om sendingane før jol. Han fortalde også at Siri Johannessen vil sende eit opptak frå ein jolekveldsgudsteneste i Bygland i fjor joleptkvelden klokka 17. På grunn av korona blir kyrkjene stengde i år også.

Og lisle joleptkvelden blir det sending med trekking av premiar, men i år må folk møte opp i bilar utanfor Coop og Joker, og så vil trekkinga skje på verandaen hos Ørnulf på taket av Coop, der han har leilighet. Om stormen den raser og snøen vi ser, sending blir det i år også.

Tankevekkande

Det var tankevekkande å høyre PG Stølen fortelje om korleis ein sjukehustabbe endra livet for dattera og familien. Han var talig og hadde mykje på hjarta, og det er lett å skjøne at mykje hadde vore annleis i livet deira om ikkje tabben hadde skjedd.

Den samtalen tok det meste av timen frå halv åtte til halv ni, men før det var det også ein samtale med Knut Birkeland på AutoService Evje. Reklamen for firmaet hans høyrer vi jo i kvar sending i Valle Radio, så det var fint å høyre han sjølv snakke og fortelje om det firmaet held på med.

Til slutt var Niklos i studio og presenterte eit flott program med musikk av Dietrich Buxtehude til jul. Og han var ein skikkeleg julekomponist. Først fekk vi hans største Preludium og fuge, deretter eit innslag med kor.

Maleri frå Setesdal

I dag fekk vi eit par artiklar om maleri frå Setesdal på Setesdalswiki. Her burde vi nok hatt mange fleire, for det er mange som har vore i Setesdal og måla. Og dei bileta burde vi hatt artiklar om, alle saman, sjølv om det kanskje ikkje er så mykje å skrive om dei. Men kunstnarane kunne ein nok også skrive om.

For nokre år sidan hadde Setesdalsmuseet ei utstilling, Setesdal sett med kunstnarauge. Det var likevel bare eit utstnitt av alt som kunne vore med i ei slik utstilling.

På husveggen til Harald Lund stod det Maleri frå Setesdal. Der kunne ein gå inn og kjøpe seg eit maleri. Eg trur Johs. Bjørkeli var innom der nokre gonger, for han har i det siste selt ein del maleri av Harald Lund.

Men det er snart på tide at kunstnarar i vår tid målar motiv frå Setesdal. Enn så lenge får vi klare oss med fotografia som Geir Daasvatn deler med oss på Setesdalswiki.

Ein misjonsheim

På Høgetveit, langt inne på heia mellom Evje og Iveland vaks det tidleg på 1900-talet opp fleire gåverike born som vart misjonærar. Dei fekk seg skulegang og god utdanning og så valde dei å gjere si teneste for Kinamisjonen, det som i dag heiter Norsk Luthersk Misjonssamband.

Etter kort tid i Kina vart landet stengt for misjon, og då vart tenesta deira flytta til Etiopia, og så var det vel bare å ta fatt på å lære seg eit nytt språk.

I Norsk Misjonsleksikon frå 1966 er det fem personar med etternamn Høgetveit. I Hvem Hva Hvor i NLM er det dobbelt så mange. Truleg var bladet Kineseren, seinare Utsyn sentralt i heimen der inne på heia, gjennom det fekk dei misjonskallet og slik vart livskursen staka ut. Misjonsblada har vore viktige for å halde kontakt mellom dei som reiste ut og dei som var heime. Gjennom brev til redaksjonen for blada kunne misjonærane oppfordre folk med omsorg for arbeidet til bønn og offer for at arbeidet skulle lukkast.

Setesdalswiki har artikkel om Høgetveit. I dag er det Sjur og Wenche Rundsag Høgetveit som driv garden.

Fil:Høgetveit 270317 (2).jpg

Jol i Setesdal

I dag fekk vi artikkel om årets Jol i Setesdal på Setesdalswiki. Det var Geir som skreiv artikkelen, vi har endåtil ein artikkel frå bladet, den som han skreiv sjølv, Glad i Setesdal.

Når det gjeld artikkel på Setesdalswiki, så er det eit oversyn over innhaldet. Det hender også at ein i bladet finn stoff som er omtalt her, og då lagar eg lenke i innhaldslista, slik eg gjorde med Olav Heggland i årets utgåve.

Men Geir la også ut artiklar om joleheftet dei siste åra, vi hadde ikkje dei, men no er innhaldslistene klar for alle dei 60 åra Jol i Setesdal har kome ut. Så om nokon tenkjer på å skrive ein artikkel til bladet og lurer om det er omtalt frå før, så kan dei sjekke det.

Sjølv har eg halde på med noko misjonærstoff frå Evje. Det vil eg kome tilbake til når eg får meir å skrive om der.

Kinamisjonærar

I dag har eg lese og skrive litt om eit par kinamisjonærar. Jørgen Høgetveit var fødd i 1906 og gjekk på Birkeland ungdomsskole og sidan på Kinamisjonsforbundet sin misjonsskole før han reiste til Mandsjuria i 1935. Men han fekk bare få år i tenesta, alt i 1939 døydde han. Då reiste kona heim med eldste sonen og vel heime fekk ho sitt andre barn.

Det gjer inntrykk å lese om folk som får eit kall og følgjer det. Det er mange som han som har reist ut, men no er det gjerne kortare tid for dei fleste. Jørgen hadde søsken som også reiste ut som misjonærar, så i heimen deira må det ha vore ei sterk interesse for misjon. Det er det jo framleis på Evje, Misjonssambandet sin generalsekretær kjem frå Evje.

Andre inntrykk i dag kom frå utdelinga av Nobels fredspris. Å vere journalist er ikkje lett i alle deler av verda, det fekk vi gode prov på i sendinga på tv i dag. Men dei held ut og rapporterer sjølv om dei får trugsmål om å bli drepne. Det trengst mot til slikt.

Trafikk, arbeid og fritid

I kveld var elevar på Valle skule i Valle Radio og fortalde om faget Arbeidslivsfag. Frøydis Henriksen Junge er lærar og ho hadde med seg elevar frå fleire klassetrinn som fortalde om kva dei held på med. Eg fekk assosiasjonar tilbake til den tida eg hadde ein post som eg kalla Pedagogisk forum i radioen. For her fortalde elevane og læraren om eit fag dei likte godt. Dei laga ulike produkt som dei skulle selje på ei messe i Sæbyggjen 10. desember. Inntektene skulle gå til nytt utstyr i faget eller kanskje til ein tur til Syrtveit, det var litt uvisst. Men dei vona at mange kom innom på messa og handla, prisane var rimelege, så her kunne ein få jolegåve utan å tøme lommeboka.

Karl Sigurd Fredriksen fortalde om arbeidet som er gjort for å få ein garasje til løypemaskinen på Bjørnevatn.. Han er leiar i Bjørnevatn løypelag og fortalde at arbeidet var gjort på dugnad og at det hadde vore eit stort engasjement. No kunne laget ta vare på utstyret sitt på best mogleg måte, og så vona dei at sjåføren  ville halde på lenge og at dei fann arvtakar når han ikkje ville meir.

Til slutt fortalde prosjektleiar Sigurd Wiberg om utbygginga av Riksveg 9 og byggeleiar Ina Rognlid kom inn i eit sju minutt langt opptak midt i den samtalen. Wiberg fortalde litt om korleis finansieringa med delparsellar som blei utvikla saman med entreprenøren gjorde at det offentlege sparte pengar, som så kunne brukast på andre oppgåver. Til dømes vart ein del av det dei sparte no brukt til å få bort skjæringar og gjere vegskuldrene breiare og mjukare. Og så måtte dei alltid ta omsyn til at vegen ligg nær Otra og at dei ikkje gjorde noko som kunne føre til problem i elva.

Postludium i familien

I kveldens sending i Valle Radio var det søster mi, Jorunn Margrete Moen, pensjonert kantor i Lyngdal, som var gjest. Ho hadde funne fram vakker kor- og orgelmusikk som det var ei glede å høyre på, slik det også var med resten av programmet. Eg kommenterte til henne at ho burde bli fast medarbeider, men då svarte ho Tja….

Eg vart i grunnen noko overraska då eg såg i Setesdølen at ho skulle vere med i kveld, for ho hadde ikkje sagt noko om det til tross for at vi hadde snakka saman fleire gonger dei siste dagane. Vi hadde ein plan om å vere saman med dei på konserten til Sveinung Hølmebakk i Lyngdal kirkesenter i morgon kveld, men eg avlyste å dra i desse korona-usikre tidene.

Dette var kveldens program:

Tysdagssending i Valle Radio 20211207

Restriksjonar

Koronapandemien legg framleis restriksjonar på oss sjølv om svært mange er vaksinerte. Mange kjem kanskje ikkje heim til jul fordi dei er i land som har fått restriksjonar når det gjeld flytrafikk til Norge. Vårt barnebarn Kristine som går på skule i Eswatini var heldig og kom heim dagen før det ikkje lenger var lov å reise frå landet.

I dagens Vårt Land var det ein artikkel, Oljefond-eigd mobilselskap stengjer ned Internett, og den handla om situasjonen i Eswatini, der kongen (som har 15 koner) stengde Internett for å hindre å spreie informasjon om korona.

Her i landet er det no fleire byar som krev munnbind på offentleg stad når ein ikkje kan halde avstand, og vi såg på TV i dag at mange hadde maske i gravferda til Kim Friele. Då blir salmesangen deretter.

Vi hadde planar om å gå på konsert med Sveinung Hølmebakk denne veka, men vi la restriksjonar på oss sjølv og sa at vi vil ikkje utsetje oss for den risikoen det er å gå dit. Korkonserten i Mandal kirke sundgskvelden vart avlyst, det var ein konsert der mange kor er saman. Smitterisikoen er verre med sang, elles er jo sang helsefremjande.

Eg skreiv i går om misjonærar som reiste til Kina. Dei utsette seg også for risiko og møtte restriksjonar når dei ville forkynne evangeliet. Heldigvis er det ikkje blitt slike restriksjonar her i landet, så om koronapandemien brenn ut, vil ein framleis kunne samlast til konsertar og gudstenester utan restriksjonar.