Alle innlegg av Harald Haugland

Gamle julesangar

Eg har eit lite mål om å skrive små artiklar om alle julesangane i Sangboken. Det slår meg at sangane er gamle, ofte frå midt på 1800-talet. Jakob Sande sin sang, Det lyser i stille grender, er eit unntak, men også den er 90 år gammal, skriven ein sommardag i 1931.

Kan hende skuldasst det den individualiseringa vi har sett i samfunnet, no skal sangar vere for solistisk bruk og ikkje for fellessang. I Vårt Land har det no i desember gått ein debatt om sangen Tenn lys, for ei gruppe som framførte den i TV, endra innhaldet utan å spørje forfattaren om lov, og dette var ein ny sang der opphavsretten ikkje var borte. Om dei hadde spurt om å få endre sangen, ville han svart nei, blei det sagt. Dei burde vel heller brukt ein julesang som var falt i det fri, eller adventssang, for det var jo i samband med advent desse programma skulle synast.

Om dei hadde prøvd seg på Gjør døren høy, ville det nok ikkje blitt nokon debatt og dei kunne skrive slik

Gjør døren høy, gjør porten vid/ nå kommer folk i flokker hit/ fra fjerne land til Norges kyst/ for her er livet lett og lyst.

Her lever vi i sus og dus/ vi drikker øl og tygger snus, / Vi har det fett i Norges land/ og lever livet, alle mann.

Den allusjonen til adventssalma ville neppe noen kalt brot på åndsverkloven, den salma er falt i det fri og kan maltrakterast av kven som helst. Men ein slik versjon ville neppe blitt folkeeige, snarare ein ironisk kuriositet. Eg trur eg stoppar her for i kveld.

Mange døde

I jula har Geir leita fram ei bok om gruvehistoria på Evje. Når eg les det han har skrive, slår det meg at det var mange som døde som følgje av ulukker i gruva. I dag hadde det nok blitt sett ned kommisjonar som skulle oppklare årsakene til ulukka, men slik var det ikkje for hundre år sidan. Då var det bare å gå på vidare.

Det same gjaldt nok ikkje bare i gruveindustrien, Dei som dreiv på havet opplevde nok sikkert også at ein kollega i notlaget kom bort, og ofte hadde ikkje dei etterletne ei grav å gå til.

Elias Blix kjente dette livet og skreiv songen Gud signe vårt folk der dei siglar og ror. Det var nok viktig å ha Guds signing med seg når folk drog på Lofoten eller kor det no skulle vere dei fann slikt arbeid. Den indre Sjømannsmisjon, der eg hadde fire år som redaktør av Fiskerens Venn og seinare 15 år som rektor på Hadsel folkehøyskole, som dei var medeigarar i, oppstod nettopp for å ivareta liv og helse og å forkynne evangeliet til fiskarar og sjøfolk i Norge.

No sveipar koronapandemien over verda med mange døde i mange land. Så langt har vi i Norge sluppe lett unna, takka vere statlege  tiltak som nedstenging og vaksinering. Og sjølv om nedstenginga har vore brysam, er det ein liten pris å betale for å sleppe overfylte sjukehus og massegraver.

 

 

 

Puslespel

Tradisjonen tru er det eit puslespel mellom dei andre gåvene til jul. Dermed blir1. juledag ein dag med pusling for dei i huset som likar det. Eg er ikkje der, men Reidun og dei andre likar det. Så når middag og middagskvil er over, når Dagsrevy og Året med kongefamilien har passert, då er det tid for pusling.

I år var det ei intrikat teikning med mange folk som var motivet. Det var nok lettare enn fjorårets, der ein tredel av motivet var blå himmel, Men å pusle tusen bitar på ein kveld, det går ikkje, dei må nok ha meir tid enn som så. Margunn og Stein fekk eit puslespel med 3000 bitar, men det tek dei med heim og kan kose seg med når dei ikkje har anna på timeplanen, som for ein pensjonist verkar rimeleg full.

Vi fekk med oss Julotta på STV2 klokka 10 og der var det fullt hus, men med avstand mellom folka. Nidarosdomen klokka 11 hadde flott musikk, men ikkje mange folk, At det bare er lov å ha eit fåtall på gudsteneste i den store katedralen, det er eit paradoks. Det peika også biskop Veiteberg på i eit innslag på Dagsrevyen, for kjøpesenter, pubar og andre serveringsstader får ha ope og mest vanleg drift. Espen Rostrup Nakstad meinte at Helsedirektoratet ikkje sette grenser på utandørs servering, men eg er ikkje sikker på om dei sat ute i ti minusgrader, som det jo har vore i Sør-Norge no.

Til ettermiddagskaffi var dei turre kakene bytta ut med bløtkake.

Kan være et bilde av dessert og innendørs

Nedstengt

Også dette året måtte vi feire jul i eit samfunn prega av koronarestriksjonar. Det var rart å sjå den store Nidarosdomen, der det skulle vore 1200 menneske, bare ha ei handfull i benkene. Likevel ljoma sangen under kvelvingen.

Her i stova var vi fem vaksne som gledde oss over fellesskap, god mat og gåver både til undring og smil. Og sjølv om vi underheldt kvarandre med quiz og høgtlesing, stemmer det som eg las i ei avis nyleg at mobiltelefonen alltid var nær og plutseleg var ein av oss, snart den ein og snart den andre, over i ei anna stove eller kor det no måtte vere for å fylgje med på kva som skjedde, kva folk la ut i ulike grupper dei var med i.

Eg las ei fortelling av Ajax, vi plar like desse Stavangerhistoriene, og på nettet fann Margunn ei der Claes Gill las opp. Han kunne sanneleg Stavanger-dialekten også.

Så var det å rydde bort gåvepapir og anna slik at huset ser nokonlunde ryddig ut når vi står opp i morgon.

 

Ny veg

I dag opna ein parsell av ny E39 mellom Mandal og Kristiansand. Eg hadde ein avtale om å prøve nye sko hos Blanchford i Sørlandsparken klokka 10, og då vi var på heimveg noko over 11, såg vi at det var endring på gang. Truleg kunne vi kjørt på den nye parsellen då, men vi skjøna ikkje heilt kva det var, så Helge og eg valde gamlevegen. Men seinare i ettermiddag tok Helge ein tur til Mandal for å vaske bilen, og då fekk han prøvd nyvegen med 110 km fartsgrense. Bomfri skal han også vere i alle fall til nyttår, kan hende lenger også.

Det fører neppe til noko rush av reiser, for Helsestyresmaktene seier at vi må droppe joleselskap og slikt for ikkje å spreie den nye varianten Omikron-viruset. Vi ventar likevel Margunn og Stein i morgon for å feire jul saman. I kveld snakka vi også på Skype med familien på Valderøya og ønska dei god jol.

På Setesdalswiki har Geir funne vegen ned i Flåt gruve og legg ut fleire artiklar om den, medan eg har leita fram stoff om julesangar.

Kan være et bilde av 3 personer og folk som står

Fatt mot

Andaktshaldaren i Valle Radio siterte frå ei Brorson-salme og sa: Fatt mot. Men eg fylgde ikkje så godt med før dette, så eg fekk ikkje med meg salma. Men etter litt googling, fann eg henne:

Nu da til lykke
Med kampen, kristen sjel!
Dig intet trykke,
Her er Immanuel!
Gå fri i sinde,
Ti Jesus med dig går;
Fatt mot å vinne,
Det alt på troen står;
La Satan finne
Hvad Kristi kraft formår!

I den aktuelle timen hadde Siri Johannessen desse gjester og tema:

Else Gyro er vikar-kyrkjeverje i Bykle dette året og fekk ein ny koronarunde i fanget. Det blir ikkje mykje kyrkjegang i år heller, men kyrkjene er opne om nokon vil ha ei stille stund med litt musikk.

Margit Dale var endåtil i studio i samtalen med Siri. Det vart ein variert samtale om korleis ho overtok garden Systog Dale og endra heile konseptet frå tradisjonell drift til at ho endåtil har slutta med sauer for å konsentere seg om å halde kurs i matlaging med basis i naturen, gi ut bøker om matlaging og bli ein mangesyslar med eigen matblogg, TV-program og endåtil kunne leve av det saman med mannen sin,

Til slutt fekk vi eit gjenhøyr av 9 lesingar og sangar frå i fjor, og det var godt å kunne avslutte med eit så fint program.

Sangboken

I går skreiv eg om salmeboka, i dag er det Sangboken sin tur. For Setesdalswiki fekk ny artikkel i dag, den heiter Julesanger i Sangboken og er ei liste over dei julesangane vi har i Sangboken. Der hadde eg ingen lenker som vart blå og altså synte til artiklar vi alt hadde, så det står att ein jobb å skrive om dei 33 sangane der.

Heldigvis var Knut Eldhuset innom og skreiv om ein heiemann på Kile på grensa mellom Fyresdal og Bygland. Han hadde funne fram 50 år gamle artiklar frå Fædrelandsvennen som han også hadde bilete til, så det vart ein flott artikkel om noko som sikkert ikkje så mange kjende til.

Når så også Geir Daasvatn har skrive nokre artiklar i dag, så vart det eit godt bidrag fram mot eit nytt hundretal og nytt tusental. I morgon er det radio, og så får vi sikkert også hjelp av Siri med ein artikkel om sendinga, så det går framover.

Her er programmet for sendinga i morgon:

Tirsdag 21. desember 2021
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Andakt fra Norea
18.30 Folk og musikk med m.a. Margit Dale om mat og måleri

20.00 Ni lesingar og songar med Kjell Steinbru og Torfinn Brokke

 

Salmeboka

I år har NRK sendt om att Salmeboka minutt for minutt ein time frå klokka åtte til ni om morgonen kvar laurdag og sundag. Eg var ikkje merksam på det til å begynne med, men etter kvart har eg fått det med meg som ei fin andaktsstund desse morgonane.

Her får vi gjenhøyr med eitt av dei mest populære programma då det vart sendt første gongen. Det er rørande å sjå folk fylle Vår Frue kirke i Trondheim dag som natt, songen tona jo heile døgeret den gongen. Folk tenner lys på eit kors i midtgangen laga av brustein, når kora syng, sit dei med salmeboka og syng med på gamle og nye salmer.

Det hadde jo vore fascinerande med eit tilsvarande program med Sangboken sine sangar, den har også over 900 nummer. Eg har tenkt at eg med tid og stund kanskje skal klare å lage små artiklar om dei på Setesdalswiki, men det vil nok ta eit par år.

For å lage ein artikkel på Setesdalswiki er det viktig å ha ei kjelde. Det kan vere ein artikkel i ei avis eller i ei bok. Geir har vore flink til å finne stoff i bøker som han kan nytte til små artiklar. Difor går vi mot eit nytt tusental, det ser ut til at vi skal klare det før nyttår, sjølv om det ikkje kom særleg mange nye artiklar i dag. Så får det bli betre i morgon.

Produktivt

I dag var det ein produktiv dag på Setesdalswiki. Heile 11 nye artiklar kom i dag. Her er lista:

Om du ser på artiklane., ser du at dei handlar om Setesdal, alle saman. Fleire er i tilknytning til Sommerhjemmet på Bygland. Så nå er det litt færre røde lenker i den artikkelen. Og no er vi ajour med Setesdølen så langt, etter det eg veit, men det er jo nokre røde lenker der som burde fått artiklar.

Misjonsalliansen

I dag var det Misjonsalliansen som vart den artikkelen eg skreiv på Setesdalswiki. Grunnen til det var at dei må få ny generalsekretær, for han som har stillinga no, skal bli kyrkjeverje i Kristiansand. Han heiter Andreas Andersen og har tidlegare og vore misjonær i organisasjonen.

Misjonsalliansen hadde så lenge Mari Hovstad levde, stemne i Grendi kvart år. Ho hadde vore sjukepeliar og jordmor i Kina og seinare på Taiwan for organisasjonen, som driv mykje diakonalt arbeid. John Olav Larssen var også i teneste for Misjonsalliansen, og han besøkte arbeidet deira på søppelfjellet i Manila og hadde seinare eit kor frå Manila med på reise i Norge. Ein periode var eg med i Representantskapet. Dei hadde alltid årsmøte onsdagen før Kristi Himmelfartsdag. Dei gav ut bladet Misjonsvennen, det var det journalist i Aftenposten, Harald Stene-Dehlin som redigerte.

Ein annan som var generalsekretær i organisasjonen var Nils-Tore Andersen. Han er kanskje meir kjent som forlagssjef i Luther forlag og har skrive fleire bøker, mellom anna andaktsboka Trygg i Guds hånd.

Misjonsalliansen er særleg kjent for arbeidet med mikrofinans, det vil seie at dei låner ut små beløp til folk, særleg kvinner, som så brukar pengane til å investere i å lage produkt som dei kan selje. Når lånet er betalt, og dei slik har vist at dei kan drive butikk, får dei låne meir, og dermed tene meir. Det har vore god veg ut av fattigdom for mange.