Alle innlegg av Harald Haugland

Kalender

Kvart år plar vi lage ein kalender for familien. Det er Sigmund og Margaret som står for jobben og no har vi fått melding om at dei ville ha bilder. Eg fann ganske mange som eg sendte til dei, så spørs det om nokon blir funne høvelege til ein kalender.

Men då eg såg gjennom bilda eg har teke i løpet av året, fann eg ut at det var ganske mange fleire enn eg hadde trudd, og sanneleg har vi vore med på litt av kvart. Det er fint med ei slik påminning om det som ein har vore med på, ein burde nok oftare sjekke gode minne.

Historielag og andre lag har også kalenderprosjekt. Her i Mandal lagar dei ein Mandalskalender og i Valle er det bygdekvinnelaget som lagar kalender. I Bykle startar dei og tidleg å etterlyse bilder til kalenderen sin, så det er sikkert ikkje mangel på gode initiativ i dei fleste bygdene. Kalenderane genererer gode pengar til mange formål.

Ofte kan ein minnast om historier som mest var gløymde når eit kalenderbilde dukkar opp. Nokre kalenderar kan bli som ei lita årbok med tekst og bilde, og nokre tek prosjektet på alvor og utvider det til årbøker. Eit problem er jo å halde det innanfor ei kostnadsramme som gjer at folk ser seg råd til å kjøpe det ferdige produktet.

Eg tvilar likevel på om Setesdalswiki kjem til å lage kalender for salg. Men om du vil nytte stoff frå Setesdalswiki til din eigen kalender, står du fritt til det.

 

 

Underleg

På ein eller annan måte trur eg at datamaskinen min levde sitt eige liv i kveld. Eg ville høyre på sendinga i Valle Radio, og gjekk som vanleg inn på den nettsida som ligg i ei fane. Men der var det bare sang, mykje fin sang, så eg tenkte at Sangtimen gjekk ut over oppsett tid. Men det varte og det rakk, ingenting var som programmet i avisa.

Til slutt la eg ut ein kommentar på Facebooksida til radioen, og av svara eg fekk, skjøna eg at det var hos meg noko var galt. Klokka halv ti var det framleis sangprogram. Då skulle både Postludium og Kyrkjebakken vore ferdig. Eg skrudde av maskinen og starta om att, men då var sendinga slutt, så eg fekk ikkje høyre sendinga i det heile. Men det sjølvspelande programmet slutta jo då eg skrudde av maskinen.

Dette handla Timen frå 19.30 til 20.30 om:

  • Informasjon om jolemessa for Normisjon 27.november på Sæbyggjen i Valle
  • Marianne Rysstad fra Sølvgarden om jolemarknad 26. november på Rysstad
  • Musikk frå (folkemusikk)arkivet
  • Møteplassen frå Norea med songaren Mikael Järlestrand i samtale med Ellen Sørlien

Heile programmet finn du på Setesdalswiki. Trykk på lenka.

 

Vinnarlukke

Når ein reiser på basar, håpar ein jo å vinne. Men då Reidun laurdag reiste på Normisjon sin basar i Mandal, hadde ho med seg bløtkake som folka på basaren kunne kjøpe eit stykke av og så kunne sitte med ein kopp kaffe eller tre til å kose seg med for å sjekke vinnarlukka si.

Dei hadde kake-gåvekort og mykje anna ein kunne få med seg heim. Sanneleg vann ho ikkje eit slikt kort, så no har vi ei marsipankake til jol eller kva tid det no blir. Kaka må bestillast dagen før ho skal hentast, så sjølv om eg likar bløtkake betre enn marsipankake, vil ho nok nytast med glede når ho kjem i hus.

På julemesse er det også salg av ulike produkt, mellom anna kunne ein få ein liten pose med fudge, det er sjokolade med noko godt i. Det og noko dokkelær var også med heim etter hennar økt som loddkjøpar. Resultatet for arrangementet var mykje pengar til Normisjon, og så kjem all kosen i tillegg. På Rysstad-jolemessa var resultatet også stort, over 400.000 kroner,  den messa slår dei fleste rekordane.

Men Lotto-trekninga laurdagskvelden, den slo vi av, for der hadde vi ikkje vinnarsjanse i det heile. Rett nok var det visst ein i Mandal som vann nokre millionar nyleg, men vi spring ikkje til butikken i von om at slik vinnarlukke skal kome til Eskeland.

Produktiv pensjonist

I det siste har det vore diskutert om folk skal få jobbe i det offentlege når dei passerer 70. Mange professorar får høve til å jobbe noko lenger, men andre må slutte den månaden dei passerer streken. Nokre synest det er fint, andre kunne godt tenke seg å halde på framover, forske litt og følgje faglege interesser litt framover.

Reidar Tveito, som fyller 75 i dag, har hatt eit stort arbeid med å digitalisere alle bilda han har teke opp gjennom åra. Vi som har hatt gleda av å studere bøkene hans, veit at han har mange tusen bilder, i bøkene hans er det fire-fem bilder på kvar side.

Slik skreiv han sjølv 28. oktober 2021:

Oktober månad har gått med til å digitalisera 3400 negativer, mesteparten frå svart-kvit film. Mykje rart dukkar opp då, hendingar som for lengst er gløymt. Er det nokon som minnast då Båtforeninga fekk til ein konvoy fra Byglandsfjord til Ose? Det var i 1983, på den 16. juli. På bildet er vi på veg gjennom Bjåfjorden, og ein ser litt av Skomedal heilt til venstre. Målet var Fiskefestrivalen på Ose den dagen.

Sjølv har eg hatt stor glede av å putle med Setesdalswiki og Wikipedia etter at eg vart pensjonist, ja før også. Eg likar å skrive, men sjkønnlitterær skriving som noveller og romanar har eg ikkje våga meg på. Sakprosa er noko anna, då er det snakk om å skrive noko på basis av det andre har skrive tidlegare. I våre dagar er det slutt på papirleksikon, så då kan det vere fint med digitalt leksikon der ein kan finne svar på både kven som vann fotballkampar og skiløp, men også informasjon om folk og plassar både i eige land og andre stader.

Eg skreiv denne helsinga til jubilanten på Facebook i kveld:

Gratulerer med 75-årsdagen. Eg skulle vel ha skrive eit langt dikt, helst eit slikt morosamt som det du siterte av Svein Kleivane i boka om Rundkøyringa, men eg er vel kanskje heller blant dei små rimsmedane enn dei store poetane, så det blir bare eit lite vers:
Takk for bøker du har laga,
Takk for turar du har gått.
Ynskjer du får farga dagar
også når ditt hår er grått.

 

Her er Reidar og andre frå Byglandsfjord i konvoi på veg til fiskefestival på Ose 16. juli 1983

Kan være et bilde av natur

Rundkjøringa

Då vi var oppover til Valle i oktober, var vi innom hos Reidar Tveito på Byglandsfjord og kjøpte nokre av dei bøkene hans som eg ikkje alt hadde. Dei har hatt det stille på bordet til i kveld, så tok eg fram boka som handla om rundkjøringa og bommen.

Sjølv om det er eit hefte med mange bilete, så tek det si tid å kome gjennom stoffet, for bileta talar godt for seg saman med teksten. Den som har kjørt gjennom rundkjøringa og humpane på Byglandsfjord, veit at Påskerally på Riksveg 9 ikkje er heilt fritt for hindringar mellom Kristiansand og Hovden.

Bygland Dramatiske Selskap hadde revy basert på tekstane til Svein Kleivane sist helg, og eg er rimeleg sikker på at visa Rundkjøring var med. Svein sa at han gjerne likte å bruke Musevisa som melodi, og det gjer han denne gongen også:

Med rikdom oppi Valle og Evje nedi sør
og Bygland dei er fattige, det veit me vel frå før.
Dei rike kan nok briske seg med mange flotte ting,
men her i Bygland har me fenge rundkjøring.

Heisan, hoppsan, fallerallera
ei rundkjøring må fattige kommunar ha.

Der kjem Bygland ambulanse så skinande og fin
og baki ligg ein pasient med slyng på tarmen sin.
Men åtte rundar seinare er tarmen fin og glatt
så dei kan snu og køyre opp til Bygland att

Heisan, hoppsan, fallerallera
ei rundkjøing må alle ambulansar ha.

 

Hermundmedisin

Bror min, Hermund Haugland på Ålgård har klokkartru på aloe vera som medisin, eller rettare sagt, som kosttilskot. Ein shot med juice kvar morgon skal halde systemet i orden inne, og krem med aloe vera veit jo alle fungerer godt for hudpleie. Søstrene mine trur ikkje så mykje på det han hevdar, men eg har handla med han og funne at det fungerer for meg både utvortes og innvendig.

No var det tid for å handle att, og eg tok ein telefon for å få ny forsyning når svoger Gaute skal feire 70 årsdag i morgon. Sjølv har eg vald å ikkje reise, men søster min skal dit, og då kan ho ta det med sørover, og så får eg det når vi møtest ein gong nærare jul.

Eg lo litt og spurte om det ikkje var noko anna han ville selje meg, og då meinte han at eg godt kunne ha bruk for ei dusjsåpe også, så no får eg nok mjuk og skinande hud, plent som på TV-reklamen, sjølv om den ikkje handlar om aloe vera.

Min farfar var kremmar, han handla både med hus, han budde i fleire hus rundt om på Ålgård då far vaks opp, han handla også med hestar og var på marknad i Stavanger. Der hanla han også med klokker, bytte bort ei og fekk to tilbake, bytta bort dei og fekk tre tilbake og så vidare. Eg trur han hadde vona at son hans også skulle vere kremmar, men sjølv om han var god med tall og prøvde seg som handelsmann ein periode, likte han betre å vere lønnsmottakar og søndagsskolelærar enn å få løna si via handel. Handlegenet kom ikkje til meg heller, men Hermund har truleg fått litt av det, i alle fall får han meg til å kjøpe varene sine.

Sjølv vart eg lærar, det far min sikkert ønska å vere, men eg hadde nok likt betre å vere journalist og skrive sjølv enn å vere lærar og prøve å få andre til å skrive.. Men no har eg bloggen og kan skrive så mykje eg vil på den og på Setesdalswiki. Og når eg får min dose med Hermundmedisin, så fungerer det rimeleg godt.

Reiserekningar

Reiserekningar er ikkje enkelt, sjølv på Stortinget strevar dei med alt slikt som skal refunderast når valde folk har vore ute på valkamp eller andre reiser rundt om i landet. Om nokon betalar reisa for dei, må dei likevel oppgje det, for det skal dei skatte for, om dei betalar sjølv, skal dei få det att.

Men når reisa er innanfor ein ring på 40 km rundt Oslo, då skal dei ikkje få pengar om dei bur der og skal på møte på Stortinget, bur dei utanfor, kan dei få pendlarbustad, den er også fri. Ikkje rart at det må setjast ned eit utval for å sjå på sakene som har kome opp i det siste, for ein må minsta ha økonomiutdanning for å forstå dei mange reglane, og dei færraste på Stortinget har det. Problema finn ein visst i alle partia, dei stiller likt i så måte.

I kveld såg vi alvorlege menn og kvinner på TV, mange har mykje å tenke på og mange lurer sikkert på om dei har fått for mykje eller for lite refundert for reisene sine.

Reidun meiner at eg nok fekk for lite refundert for reisene mine då eg hadde høve til å skrive reiserekningar, for eg rota bort kvitteringane for bussreiser då eg brukte buss, og for ferjer då eg brukte ferje, så det var godt eg slutta med slikt. Ein prest eg kjende ba om å få eit fast beløp for alle reiser han gjorde, beløpet vart stipulert og så var både kommunen og han nøgde. Han gjekk sikkert i underskot, han og, men det fekk så vere, meinte han. -Eg kan ikkje tenke på kilometerstand og tenestebruk eller privat bruk når eg skal ut med dødsbodskap eller i sjelesorg eller på butikken eller fotballkamp eller kva det no er eg skal gjere, meinte han.

Sjølv er eg sjeleglad for at eg ikkje lenger skriv reiserekningar.

Flax

Eg vann eit Flax-lodd i kveld. Det var Valle Radio si Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som sikra meg loddet, og eg hadde ein lang prat med dei der vi prata om mangt og mykje, mellom anna om at det i desember blir feiring av at radioen vann Valle kommune sin  kulturpris. Det var ikkje flaks, radioen som snart har halde på i 25 år, er ein kulturinstitusjon, ikkje bare ein formidlar av nytt og aktuelt stoff frå kommunen.

Medietilsynet forlenga konsesjonen til å drive lokalradio på FM i dag: Konsesjonene for lokalradio på FM forlenges med fem nye år fra nyttår. – Kulturdepartementet har gitt Medietilsynet i oppdrag å forlenge konsesjonene. Formålet er å gi lokalradioene noe mer tid til å forberede overgangen til digitale sendinger, sier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I sendinga i kveld var det ein lang prat med Tor Espen Helle om gleda ved å danse folkedans, med Ole Asbjørn Bergstøl om flyslepp i Bykle under krigen og med Tallak Hoslemo om årets jolemesse på Rysstad til inntekt for Misjonssambandet. Før pandemien kom det inn over 400.000 kroner på det arrangementet, med åresal, basar og loddsal på førehand. Siri Johannessen hadde også funne fram musikk av ho som skal synge under messa, Synnøve Aanensen frå Karmøy, og hovudtalar blir generalsekretæren i NLM, evjedølen Øyvind Åsland.

Norea Mediemisjon

Norea leverer stoff til Valle Radio sine tysdagssendingar og i kveld fekk vi høyre opptak frå eit møte på Nomeland bedehus og ei tankevekkande forteljing om situasjonen for kristne i Nord-Korea. Vi må be for dei kristne der, for dei blir verkeleg forfylgde for si tru. Norea støttar arbeidet som blir gjort med å sende radioprogram til landet, men dei må folk høyre i skjul.

Og så hadde Niklos K. Besteland eit orgelprogram, det var ikkje heilt etter min smak, er er nok meir glad i musikk frå eldre tider enn det han hadde med denne gongen.

18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri frå Norea ved Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt frå Norea Mediemisjon ved Mona Sætre
18.30 Sangtime med viser, salmer og mer
19.30 Timen:
– Vallekalenderen 2022: Lisbeth D. Homme, Valle Bygdekvinnelag
– Då Norea var på Nomeland bedehus i oktober
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Siri har laga ei fyldig programside med oversyn over både innslag og musikk. Den finn du på Setesdalswiki.

Mandagstørke

Det er ikkje alltid så lett å finne noko å skrive om på ein mandag. Difor stod det lenge Ingenting skjer i Setesdal i dag på denne datoen. Eg baserer jo mykje av det eg skriv om på det som er avertert i Setesdølen, men det er jo ikkje alt som er avertert der.

Men så dukka det opp på Facebook at det var forfattarbesøk på Evje og Hornnes bibliotek, og då vart det plutseleg noko likevel. Det synte seg at Fartein Horgar var på tur for å presentere romanen Svart Babel for lesarar i Setesdal. Den er ein del av ein serie om Norges rolle som kolonistar og slaveeigarar i Dansk Vestindia og er det første skjønnlitterære verket  i Norge som løftar fram den mørke sida av seilskutetida.

Fartein Horgar vaks opp på Madagaskar og har slik sjølv erfaring med eit liv i ein annan kultur enn foreldrene. Det har vore skrive ein del om korleis misjonærbarn måtte flytte frå foreldra for å gå på skole, kanskje måtte bu på internat eller hjå framande og korleis dette påverka dei seinare. Mange måtte ofre mykje for foreldrene sitt misjonskall. Om det gjaldt han, veit eg ikkje, men eg lurer på om eg skal låne bøkene på biblioteket og lese litt om ei tid eg ikkje veit mykje om.