Alle innlegg av Harald Haugland

Vær snille med hverandre

Så runda vi eit nytt hundretal att; 94.400. Setesdalswiki veks, Då har vi auka med 300 på akkurat to månader, frå 26. januar til 26. mars. Så vårt vesle Setesdalsbaserte leksikon med stoff frå både inn- og utland, vi fyller eit informasjonsbehov med det vi skriv om. Dagleg har vi vel 500 som er innom og les, i snitt ser dei på knapt 10 sider kvar.

Vi skulle nok vore flinkare med å lage lenker og skrive i dei røde lenkene som oppstår, til dømes i datoartiklane, for det kan vere fint for folk å få vite noko om dei som er i Setesdal for å gjere eitt eller anna, og som er omtalte i Setesdølen.

Vi skulle også vore flinkare til å fange opp informasjon som blir lagt ut på Facebook, for der er det også stoff som kan bli til artiklar.

Den artikkelen som gjorde at vi tippa over i nytt hundretall, var Geir Daasvatn sin artikkel Vær snille med hverandre. Den syner at vi slett ikkje bare har fakta-artiklar, men også finn plass til essay, utgreiingar og meiningsytringar. Siri Johannessen sine artiklar om program i Valle Radio på 1990-talet, er også svært gode for å få perspektiv på 25 års radiohistorie og sjå kva vi hadde på sendeplanen den gongen.

Så får vi bare stå på og skrive vidare utover våren og sjå kor langt vi kjem.

Etterlysing

Reidun strikkar for Setesdal Husflid og då ho var ferdig med siste bestilling for ei tid tilbake, sendte ho ein pakke med to gensarar til dei. Ho hadde sporing på pakken, men det kom bare opp at sist fredag var pakken komen til Kristiansand.

Difor tok ho ein telefon til Husfliden i dag og lurte på om dei hadde fått pakken. Det hadde dei ikkje.

-Kven kan ein ringe til på Posten, spurte ho litt frustrert etterpå og fortalde at då ho vakna i natt, tenkte ho på det.

Men så fann ho eit nummer og slo det. Der svara ei hyggeleg stemme og lurte på kva ho kunne hjelpe med. Reidun forklarte problemet, las opp sporingsnummeret og fekk høyre at dei skulle sjå på det.

Det gjekk bare nokre få minutt, så ringde telefonen og sa at dei hadde funne pakken, han låg klar til henting på Valle Handel, som jo har posten i Valle.

Ho som i natt hadde lege og grudd  seg for om ho måtte strikke ein ny genser, vart jo mest hoppande glad og takka så mykje. Så ringde ho til Husfliden, og dei skulle springe over på butikken før dei sjølv opna og hente pakken.

Etterpå fekk Reidun ei kundeundersøking der ho skulle svare på kor nøgd ho var med hjelpa ho hadde fått. Då svara ho 10 av 10 poeng. Det kan eg godt skjøne.

Når ei etterlysning fører til oppklaring, då er det verd 10 av 10 poeng.

Dilemma

I kveldens sending i Valle radio fortalde Øyvind Jacob, som var ansvarleg for programmet, om eit dilemma han kom til å få på laurdag. Då skal det vere fagdag for stavkyrkja på Rysstad, og den er han sterkt involvert i. Men så er det også opning av ei samling av bøker av Gabriel Scott på Valle folkebibliotek i Sæbyggjen. Og Scott er ein forfattar Øyvind har hatt nært forhold til heilt frå han var barn. Difor ville han gjerne også fått med seg denne.

Samtalen var med Arne Henriksen, som fortalde om Gabriel Scott. Dessverre fekk eg ikkje med meg heile den samtalen, for når telefonen ringer og det er sending i Valle radio, så har også eg eit dilemma, som du sikkert skjøner. Eg løyste det ved å ringe opp att seinare. Men dermed fekk eg ikkje med meg Johs. Bjørkeli sitt slentrande kåseri om musikk.

Slik vil det jo ofte vere. Dersom du ikkje høyrde på Valle radio i kveld, fekk du ikkje med deg dette programmet:

Velkomne til sending ? Nettradio: https://stream.valleradio.com/valle_hq
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad
20.00 Lokal time med Øyvind Jacob
– Geir Daasvatn om Setesdal for Ukraina
– Arne Henriksen om Gabriel Scott
21.00 Musikkprogram med Johs. Bjørkeli

 

 

Kor skal ein begynne?

I kveld veit eg mest ikkje kor eg skal begynne når eg skal skrive om sendinga i Valle Radio. Den var så innhaldsrik og så variert at det må bare bli ein bit i kveldens omtale. Om vi hadde hatt podcast, så trur eg innslaga ville blitt spelt mange gonger, men det har vi ikkje, så fekk du det ikkje med deg i kveld, gjekk du glipp av dei.

Kåseriet til programleiar Siri Johannessen kan du lese sjølv via Setesdalswiki og andakten av Knut Olav Raen får serien Over ein open Bibel kan du finne på Norea radio sine sider.

Men frå 18.30 til 20.30 var det originalt stoff. Først fekk vi eit sjarmerande innslag med unge kvedarar leia av Anna Slaby Driel. Laura og Vilja la bort mikrofonskrekk og song sjarmerande for open mikrofon, dei likte å synge for publikum, etter det eg fekk med meg.

I samtalen med Martin Aarflot om Mercy Ships fekk vi høyre om hjelpearbeid frå hospitalskipet. Ikkje bare driv dei kirurgi, om bord på skipet har dei eit auditorium med plass til 600 der dei samlar legar til kurs. På eit slikt kurs hadde dei undervist om kirurgi for å lukke spalta ganer, og neste gong dei kom tilbake til den plassen, var det ingen pasientar med opne ganespalter, legane som hadde vore på kurset hadde gjort det dei hadde lært og slik gitt mange hundre pasientar nye liv. Dei gjer det gratis, betalar sjølv for å vere på skipet og jobbe med faget sitt. Hovudkontoret for Mercy Ships er i Slottet i Kristiansand, det var meir enn eg visste. Om ein lyttar var i byen, var ho velkomen innom, vart det sagt.

Stikkord for programmet finn du på Setesdalswiki. Eg sluttar her og takkar for eit flott program.

Tysdagssending i Valle Radio 20220322

Sjå i nåde til oss

Så er det ei ny veke i Valle Radio og i morgon kveld vil Siri Johannessen igjen presentere eit variert og interessant program for lyttarane. Tittelen på bloggen er inspirert av to av innslaga hennar. Eit handlar om Ukraina og hjelpa som Hallvard Hasseløy bringer til fattige folk der og eit anna handlar om Mercy Ships. Mercy er det engelske ordet for nåde og barmhjertighet.

Men det er anna også på programmet. Valle Radio prøver å følgje opp UNESCO-statusen og arbeidet med folkemusikk. I morgon kveld får du høyre unge kvedarar.

Her er programmet:

Tirsdag 22. mars
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel fra Norea
18.30 Folk og musikk: Anna Slaby med kvedarane Laura og Vilja + UKM’ere

fra 19.00 Martin Aarflot fra Mercy Ships Norge, etterfulgt av
nytt fra Ukraina med Hallvard Hasseløy fra Open Heart
20.00 Sogelagshalvtimen med Vidar Toreid
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Vårløysing

Her i huset er det vårløysing. Eg hadde i grunnen tenkt å skrive om det i går, men då kom boka til Liv Godin plutseleg i vegen. Så får eg heller skrive om den lokale vårløysinga i kveld.

For ut er det jo ikkje så mykje som seier vårløysing til no. Der er det helst turke. Men inne, derimot….

Der er det nasen min som renn. Det er underleg kor mykje snørr det kan kome frå ein rennande nase. Eg må vere ekstra forsiktig når eg reiser meg frå stolen og bøyer meg fram over tastaturet på laptopen min, elles sildrar det ned mellom tastane, og då kan det bli kortslutning. Pass på, hald eit papir under nasen som kan samle opp snørret. No er ei heil handlepose full av slike papir. Og nasen er sår av all tørkinga.

I ettertid kan ein sikkert le av det, men når det står på, er det både ubehageleg og irriterande. Og små ting kan ein også irritere seg over.

No veit du kvifor eg ikkje har skrive noko særleg på Setesdalswiki denne veka. Men det kjem nok ei tid der nasen ikkje renn, og då skal eg prøve å skrive litt att.

Og snart kjem den ekte vårløysinga.

Misjonskall

I kveld las vi i boka om Liv Kyllingstad Godin, Aldri for gammel. Det er ei bok som dei les i på foreningsmøta til kvinneforeninga som Reidun er med i på Mandal bedehus. Då var det greitt å lese litt før neste møte, slik at ho kunne vere førebudd.

Det var tankevekkande å høyre om tida hennar i Oslo før krigen. Ho var så fattig at ho ikkje hadde pengar til mat og gjekk svolten i veker. Til slutt fekk ho studieplass på Oslo lærerskole, på den tida var den driven av Indremisjonsselskapet.

Her kan du lese Wikipedia sin artikkel om henne:

Liv Kyllingstad Godin

Liv Kyllingstad Godin.jpg

Ansvarleg

I kveld var eg ansvarleg for sendinga i Valle Radio. Det var ein kveld med ganske lite aktuelt stoff, for i høve at radioen er 25 år i år, sender vi stoff frå arkivet. I kveld var det gjenhøyr med eit intervju Johs. Bjørkeli hadde med Olav Ånison Berg frå Hylestad i 2001.

Men før det var det Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki og Kommunen informerer ved Siv Ragnhild Bjerga, som fortalde om den økonomiske situasjonen for kommunen. Rekneskapen for 2021 skal ble vedteken av kommunestyret i juni-møtet, no er det Agder revisjon som går gjennom rekneskapen, og sidan skal saka opp i fleire underutval før endeleg vedtak. Av meir aktuelle saker kunne ho fortelje at 4. klassingane på skulen no samlar inn batteri.

Eg kunne også smette inn ein liten samtale med Bjørn Erling Auestad som no opnar kjellaren på Bergtun att, i det minste i helgene og elles for grupper som bestiller der. Hans bransje har hatt det tøft i koronatida med nedstenging fleire gonger, men no var det håp om å få meir normal drift att. Til helga skulle det vere HovdenTour og då venta han mange folk til Hovden. Også Sesilåmi var viktig, sjølv om rennet vart avlyst også i år, så er slike aktivitetar viktige for næringslivet i Setesdal vinterstid. Sommaren går jo meir av seg sjølv, då er det turistar frå både innland og utland som held hjula i gang i reiselivet.

Så vart kvelden avslutta med Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike i studio. Med Liv Gunn Viki som teknikar og Ingeborg Åkre Løyland som telefonvakt laga dei ein triveleg kveld, sjølv om det bare var tre som ringte inn på rebusane, Signe Lund, Gyro Kopperud og underteikna. Gyro fekk gåvekort, vi fekk flax-lodd, så får vi sjå om flaksen held fram når lodda kjem.

Inga sending

Tysdagskveld utan Valle Radio er ikkje det same. Når ein kan finne nettsida vallaradio.com og sjå at det er sending, splearen er kvit, og så kan trykke på knappen og høyre sendinga, då er det tysdagskveld i stova. Men i kveld var det ikkje sending.

No hadde vi jo tre sendingar i sist veke, med sendinga frå auksjonen på Bygland kulturscene som ei svært spesiell oppleving. Om sendinga i morgon kveld blir ei spesiell oppleving, det veit eg ikkje. Vi sender ein samtale eg hadde med Johs. Bjørkeli etter at han hadde vore ein tur i Amerika, eit arkivopptak frå 2001. Og så startar Opi sending alt klokka 20.45, altså eit kvarter før vanleg tid.

Onsdag 16. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki

Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Siv Ragnhild Bjerga
20.00 Frå arkivet: Ein hylstring i USA ved Johs. Bjørkeli
20.45 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Straumprisen

Mange har protestert mot at straumprisen går til himmels i år. Det har vore kaldt og for dei som har basert seg på å fyre med straum, har det blitt dyrt. Vi har både straum, varmepumpe og vedfyring, så vi har halde varmen, og som pensjonist med lang teneste i det offentlege, har eg hatt pengar til å betale rekningane. Men slett ikkje alle er så heldige.

Så lenge vi er to, er det også ikkje så vanskeleg å ha nok til å betale rekningane, men om eg skulle falle frå og Reidun sitje att som minstepensjonist, vil det også bli tyngre. Difor kan ein godt forstå at det er mange som slit. Staten har funne ut at dei vil gje oss straumstøtte. Etter mi meining burde dei heller sytt for at rekningane ikkje gjekk til himmels, ikkje minst fordi det så langt ikkje er blitt ytt straumstøtte til bedrifter. Mange av desse hadde sikkert trengt slik støtte minst like mykje som oss som tross alt kan velje andre løysingar for oppvarming.