Alle innlegg av Harald Haugland

GPS

Når ein rotar i gamle papir, kan ein finne mykje rart. I dag kom Reidun med ein perm med papir eg hadde spart på frå 2003, der eg mellom anna hadde samla ein del artiklar frå studiet mitt i Norsk som andrespråk.

Ettersom eg no for lengst har teke eksamen, fått kompetansen godtgjort i høgare løn (apropos lønsforhandlingane som pågår no, der lærarane blir hakka på fordi dei kan få høgare lønn om dei tek meir utdanning, mens andre ikkje får det), så kunne eg jo kaste slike gamle papir.

Men så var det eit papir som ikkje handla om det, men som eg hadde teke vare på fordi det var ei tankevekkande historie frå Familie og medier:

Ein amerikansk turist var på tur gjennom Bayern og brukte GPS. Men han gløymde å sjå ut gjennom vinduet i tillegg til å kjøre på GPS. Han stolte fullt og fast på den heilt til han kjørte gjennom glassdøra og heilt inn i reolane på eit supermarked, forklarte han til politiet. Dersom han hadde plotta inn posisjonen til supermarkedet, der han skulle handle, så verka jo GPS-en. Men han burde jo brukt augo og funne ut at han var framme.

Og no er eg framme.

 

Stille

I kveld var det stille i Valle Radio. På Facebook-sida til radioen kunne eg lese:

Det blir ikkje sending denne veka, i staden forbereder vi oss til dei store påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag. Meir info kjem etterkvart. Vi gleder oss!! ???????

Så eg fann fram ei bok og las i den i staden for å høyre på radio i kveld. Og så fekk eg bladet frå Norsk Lærerakademi, Servus, i posten. Det måtte jo og studerast. Dei fortel at dei skal legge om og bare ha to utgjevingar i året. Då blir det så sjeldan at ein mest gløymer det, tenkjer eg. Men no er det så lenge sidan eg studerte der, og så mykje er endra, at det gjer kanskje ikkje så mykje.

Dessverre gløymde eg å høyre på disputasen til Maren Stabel Tvedt i dag, eg hadde tenkt å gjere det då eg såg meldinga om at ho skulle disputere. Men eg kan jo gratulere henne her på bloggen.

Mandag 4. april 2022 kl. 10:00-14:00,
Kjølv Egelands hus/Zoom,
E-164.

Elever i videregående skole som opplever et lite støttende læringsmiljø, er mer tilbøyelige til å slutte på skolen. – Det er på tide vi anerkjenner at de ikke bare trenger å kjenne mestring, men også mening og tilhørighet i skolen, mener doktorgradsstudent ved Læringsmiljøsenteret.

Til hausten er det Rønnaug sin tur.

Misjonsalliansen

I dag fekk eg Misjonsalliansen Magasin 1/ 2022. I gamle dagar heitte det bladet Misjonsvennen og var nærast eit lite meldingsblad på 16 sider. No er det eit stort magasin på 68 sider, så det tek si tid å kome gjennom.

Denne gongen hadde det form som ei årsmelding og lista opp dei meir konkrete resultata av arbeidet. Organisasjonen hadde samarbeid med 36 lokale organisasjonar. 33800 menneske er med i grupper som arbeider for å endre lokalsamfunnet sitt, 17700 av desse var kvinner. Misjonsalliansen samarbeidde med 356 kyrkjer og 158 av dei hadde diakonale prosjekt i 2021.

Arbeidet til Misjonsalliansen finn ein i Filippinene, Sierra Leone, Etiopia, Equador, Liberia, Kambodsja, Vietnam og Bolivia. Kan hende er det fleire land også.

Då John Olav Larssen slutta i som generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon, vart han reisepredikant i Misjonsalliansen. Ein periode var eg også med i representantskapet i organisasjonen. Dei hadde alltid samling Kristi Himmelfartsdag med gudstenester i mange kyrkjer, og onsdagen før var det generalforsamling. Difor har eg lenge fylgd med i arbeidet til organisasjonen, sjølv om eg ikkje har vore aktiv. Mari Hovstad frå Grendi var misjonær for organisasjonen på Taiwan. Ho var sjukepleiar på eit hospital der i mange år. Det er litt rart å tenke på at organisasjonen ikkje lenger har arbeid der, det vart avslutta i 2015, for svært mange misjonsvenner fylgde med i arbeidet til mellom andre legemisjonæren Kristoffer Fotland.

Men tidene endrar seg også innan misjonen.

Epler og pærer

Epler og pærer, de vokser på tre/ Når de er modne, så faller de ned.

Slik song vi i ei vise eller ein leik då vi var små. Eg hugsar ikkje heilt samanhengen frå den gongen, men teksten dukka plutseleg opp att i kveld då eg skulle skrive bloggen. For i dag tidleg prøvde eg meg på ei pære, og den var steinhard og skulle ikkje ha falle ned.

Kor treet ho vaks på, var planta, er eg ikkje sikker på. For det var ingen merkelapp på kvar pære, så om eg skulle fått vite det, måtte eg nok gått på butikken og sett på kassen pæra låg i. Kan hende kom ho frå langt-vekk-i-stan og var hausta lenge før ho var moden, og så var planen at ho skulle modna på turen til meg.

Det gjer dei visst med bananar, dei blir visst hausta grøne. Bama-merkenamnet heitte visst Banan-Mathiesens bananmodneri i gamle dagar før det blei forkorta.

Av ein eller annan grunn må ikkje epler og pærer og bananar ligge saman i ei fruktskål på bordet inne, for eplene skiller ut ein gass som gjer at anna frukt fort blir dårleg, har eg høyrt. Og pærekart må modnast før han kan nytast.

Kan hende skulle eg heller spretta ein boks hermetiske pærer.

Eller himmelsk lapskaus (fruktcocktail) og piska litt krem til?

Orden

Det er ikkje så lett å halde orden i sysakene, men det er heller ikkje så lett å halde orden i avisene. Eg får Setesdølen tysdag og torsdag, dei er vel dei viktigaste, men Fædrelandsvennen og Vårt Land kjem kvar dag, og dei fyller jo ein del, og så er det noo eg må ha, må ha, må ta vare på. Så kjem jo Lindesnes også, men den er det Reidun som les mest i.

Setesdølen pakkar eg i boksar og tenkjer at eg skal skrive om folk som er omtalte der og lage artiklar på Setesdalswiki. Men så er ikkje skrivelysten like stor kvar dag, og så blir det røde lenker i fleng.

I dag hadde vi opprydding i dei 25 avisene som har kome ut til no i år. Dessverre er det ein del som skulle vore skrive om, som har falle ut. Difor har eg no bedt om hjelp, ikkje bare til å halde orden på dei, men også til å få skrive artiklar basert på røde lenker. Reidun skal gå gjennom avisene og samanlikne artiklane. Når det er røde lenker, skal ho sparke meg i gang til å skrive. Så vonar eg det vil verke.

Kan jeg få?

Det kjem eit tilforlateleg spørsmål frå ein eg har på vennelista mi: Kan jeg få telefonnummeret ditt? Uheldigvis har eg sett det spørsmålet før, då måtte Helge hjelpe lenge før problemet var løyst.

Då eg fekk spørsmålet i kveld, ringte eg til den som spurte og han kunne bekrefte at det var det same viruset som var ute og gjekk. Så no er det nok fleire som må levere inn maskinen for å bli kvitt problemet, tenkjer eg.

Eg har hatt andre dataproblem å slite med i dag. Når ein er tre kvart hundreår gammal (snart), er det ikkje så lett å lære nye ting. Eg skulle lage ei lydfil, lagre og sende den. Då måtte eg få hjelp av Helge igjen. Det enklaste hadde sikkert vore å bruke mobiltelefonen, men det fekk eg ikkje til.

Men eg er så heldig at eg, fordi eg av og til har program i Valle Radio, også har eit headset med mikrofon, så då kunne eg bruke den. Men ein kan jo ikkje vente at han skal stille opp kvar gong eg får problem, så anten må eg slutte å få problem, eller så må eg kunne løyse dei sjølv.

Eg hadde i grunnen tenkt å skrive litt på Setesdalswiki i kveld, men etter alle desse problema orka eg ikkje meir tankeverksemd i eit gamalt hovud. Så eg la heller ein kabal, men den krev jo også tankeverksemd, men heldigvis av ein annan art.

Eg trur ikkje eg har blitt narra aprilsnarr i år heller.

Mi søster Jorunn delte eit bilde av mormor Selma Hetland,  ho var fødd 1. april 1890 og døydde 20. februar 1975.

Kan være et bilde av 1 person

Telefontrøbbel

Telefonen min lever sitt eige liv om dagen. Om du har ringt til meg i dag og ikkje fått svar, kan det nok vere at eg ikkje høyrde noko, for av ein eller annan grunn hadde han hamna på lydlaus.

Eg har jo skrive om telefontrøbbel før, så eg skal ikkje ta opp att det eg skreiv der.

I staden vil eg skrive litt om gamle papir, for i dag tok eg ein pose med papir frå 2002 og såg gjennom den. Det var jo før eg hadde begynt å skrive blogg og før Setesdalswiki vart til, men eg var oppteken av litteratur og musikk også den gongen, ser eg.

Mellom anna var eg oppteken av orgelkonsertar i USA. Eg har aldri vore i det landet, og eg kjem ikkje til å reise dit anna enn når eg ser filmar derifrå, då kan eg reise i fantasien både til USA og kor elles eg måtte ha lyst til å reise. Men eg var med på ei liste som heitte piporg-l, og i den tida, då internett ikkje var så utbygd, så fortalde folk om orgelopplevingar på lista.

Sjølv skreiv eg ikkje noko der, det skulle eg jo ha gjort, tenkjer eg i dag, det kunne vore fint å fortelje folk over there om orgelkonsertar og orgelkultur her i landet. Ingen andre gjorde det, og eg trur kanskje eg var den einaste norske som fylgde dei debattane den gongen.

Vonleg vil det no vere lyd i telefonen min framover, om du skulle ha noko å melde meg.

Mobiltrøbbel

Dei siste dagane har eg hatt trøbbel med mobilen min, så om du har prøvd å ringe meg utan å få svar, så veit du grunnen. Av ein eller annan grunn hadde han blitt sett på lydløs, og då er det ikkje så lett å finne ut når nokon ringer til meg. Eg sit jo ikkje med han i handa og ventar på telefonar, heller.

I våre dagar er det jo blitt slik at vi alle har vår telefon i lommen. Då eg for mange år sidan vart kjent med Reidun og ville ringe henne heime, hadde dei ikkje telefon i huset, så ho måtte bodsendast. Dei unge veit vel knapt kva det var, men ein måtte då ringe sentralen og bestille samtale bodsendt. Så måtte den naboen som hadde telefonen, gå til den bodsendte med melding. Så ringte ho opp att og sentralen ringte tilbake til den som hadde bestilt samtalen. Det kunne jo ta litt tid.

Om ein ikkje får svar i våre dagar, lurer ein nok heller på om det er noko som har hendt, og så ringer ein etter kvart ein nabo eller familie for å finne ut.

Men best er det når ein får svar.

Avlyst

Sendinga i Valle Radio i morgon er avlyst. Førebuingane til påskesendinga gjer at andre sendingar stoppar fram til dei store sendingane i påska, skjærtorsdag og 1. påskedag.

På grunn av pandemien har det ikkje vore påskesendingar dei siste to åra. Når ein så veit at dei er grunnlaget for økonomien til radioen, så skjønar ein at det er viktig med gode og inntektsbringande sendingar i år. Radioen har også reklameinntekter, men det er sendingane i påska som skapar dei store inntektene. Folk kjøper lodd, mange er med og skriv lodda opp, og så kjem trekkinga om kvelden 1. påskedag.

I ettertid betalar dei så for lodda dei har kjøpt. No går det sikkert raskare enn før, for no er VIPPS i bruk av dei fleste.

Eg pleier jo å basere bloggen på det som skjer i radioen. No når sendingane fram til påske er avlyste, får eg finne andre perspektiv framover.

Feel good

I A-Magasinet denne veka las eg om Marian Keyes, ho skriv feel-good romanar, lettleste skal dei også vere. Så eg sjekka på Mandal bibliotek og dei hadde fleire bøker av henne, mellom anna Rachels ferie, som var omtalt i artikkelen eg las.

Laurdag henta Reidun to slike bøker då ho var i byen. Ho var på basar på Kirkesenteret i Gågata og gjekk turen over brua og tilbake i det fine veret medan bilen stod i parkeringsfjellet.

Så sette eg meg til å lese, og starten gjekk så høveleg. Men om eg kjem til å fullføre, er eg ikkje sikker på. I ein prat med Rønnaug i dag sa ho at når det gjeld fagbøker, låner ein dei og les kanskje bare litt her og der, skummar gjennom dei. Kanskje skulle eg gjere det med denne romanen også, for eg opplevde ikkje så mykje feel-good i starten på boka i det minste. Der fortel Rachel om narkotikabruk i New York før ho blir sett på flyet heim til Irland for å avrusast.

Rus er ikkje noko hyggeleg å lese om, så fram til no er eg nok heller skuffa. Men kanskje kjem det seg om ho blir avrusa og opplever andre kvalitetar i livet. Så eg får visst halde på litt lenger og sjå om det blir verkeleg feel good lenger ute i boka.