Alle innlegg av Harald Haugland

Kor skal vi reise?

Det har vore interessant å fylgje Viggo Valle i Påskelabyrinten også dette året. Han utviklar finurlege spørsmål, og i finalen i dag kom han endåtil innom Bykle på vegen til målet. Målet var for øvrig heime hos Øystein Sunde på Skarnes, og vinnaren var visst fan av den populære visesongaren og musikaren. Premien var eit reisegåvekort på 10.000 kroner, og det skulle han og familien nytte i sommarferien på tur i Sør-Sverige – mellom anna i fotefar etter Karl Ove Knausgård.

Målet for programmet er ikkje bare å teste geografikunnskap, men også å lage underhaldning for sjåarar og lyttarar. Og det var god underhaldning og folkeopplysning i same slengen.

I morgon kveld er det igjen tid for påskebasar i Valle radio. Torsdagskvelden reknar eg med at Ørnulf gjekk på skyer i yr glede over eit godt resultat, og meldingar tyder på at det tok litt tid frå sendinga slutta klokka 01 til folk som var i radiohuset fekk sove. Eufori og adrenalin er ikkje sovemedisin.

I morgon kan påskebasaren avsluttast med eit strålande resultat. Heldigvis har dei andredagen å sove ut på. I komande veke og framover i april kjem så gåvekorta til sin rett. Mange gode sponsorar gjer at basaren har ei stor gevinstliste i form av gåvekort som må løysast inn hos sponsorane. Kan hende blir det litt handel på toppen, og då går det i pluss for alle partar. Kan ein basar bli betre?

Pass opp

I dag var det nokon som prøvde å hacka meg. Av meldingar på Facebook ser eg at fleire venner også har blitt hacka no. Når venner ber om å få telefonnummeret ditt, så skal du heller ringe dei, då får dei det inn på mobilen og du slepp unna hackinga.

Men i dag var det ein litt meir avansert versjon, forrige gong var det snakk om at eg hadde vunne 3600 kroner, denne gongen var det tale om 100.000 kroner. Her er samtalen, slik den gjekk mellom meg og den hacka pensjonerte redaktøren av avisa Dagen, Odd Sverre Hove: (mine svar i kursiv)

Hallo
Odd Sverre

hvordan går det
Takk, jeg lever et stille liv i Mandal nå sammen med Reidun. Barna holder seg på Østlandet

Odd Sverre

Jeg bare lurte på om du har mottatt hjemmetjenestestipendet som pågår denne måneden, har du mottatt ennå?
Har ikke hørt om det

Odd Sverre

Det er hjemmehjelpsstipendet donert til oss av menneskehetens organisasjon for å utrydde fattigdom og stabilisere økonomien..Har du hørt fra dem?
Nei
Jeg fikk 100 000 fra kampanjen, de må hjelpe pensjonister, arbeidere, studenter, funksjonshemmede. Organisasjonen skal utrydde fattigdom og stabilisere økonomien, jeg ble også kontaktet av en venninne av meg som fikk levert hjemmehjelpstilskuddet sitt… så jeg måtte kontakte agenten for å bekrefte og jeg krever mitt også. Vet du hvordan du søker om det?
Nei

Odd Sverre

du må klikke på denne lenken akkurat nå, den vil ta deg til agentens Facebook-side nå og sende ham en melding akkurat nå ok
(jeg har fjernet lenken for sikkerhets skyld)
Odd Sverre
Send ham en melding om at en venn fortalte deg om hjemmehjelpsstipendet, og du er her for å søke om ditt hjemmetjenestestipend også
Odd Sverre
Send ham en melding nå og kom tilbake til meg her, så skal jeg fortelle deg hva du skal gjøre videre.
Jeg trodde du var i kirken nå
Etter det høyrde eg ikkje meir

Påskesending 2022

Så vart det endeleg påskesending att. Det var mange som var glade for det, kunne vi høyre frå innringarane til sendinga i kveld. Sjølv prøvde eg å ringe inn nokre gonger, men eg kom ikkje gjennom. Det er stor skilnad frå onsdagskveldar, då kan det vere under fem som ringer. No var det frå heile Setesdal og langt vidare også.

God stemning på hytta, sa ein innringar, men katten reiste ut.

Folk løyste rebusar og dialektord og lydar, dei vann gåvekort og flaxlodd og pengane strøymde inn. Ein kjøpar kjøpte 600 lodd, altså for 6000 kroner. Dei som skulle skrive inn lodda i reknearket, hadde mykje å gjere, etter samtalane å dømme.

Britta Lise las opp namna på loddkjøparar, så her var mange kjente namn, men også mange ukjente namn. Og pluseleg, like før klokka runda midnatt, kom også Helge Haugland, 50 lodd.

Jo, vi er med på påskebasaren i år.

Og her er gevinstlista

Gevinstar påskebasar 2022

 

 

 

Imponerande

I dag kom lista over gevinstar til påskebasaren i Valle Radio. Den var imponerande, verdien var visst 110.000 kroner. På toppen var det ikkje lenger skinnfu, men varmepumpe. Lenger nede på lista var tre lass med grus, kvart med verdi på nokre tusen kroner.

I morgon kveld brakar det så laust. Over 30 personar er involverte desse to dagane, så det blir folksamt i radiohuset, kan hende mest så ein må ut for å lufte seg litt. For når sola står på, blir det jo varmt og det er få luftevindu, i alle falle slik eg hugsar det. Her er første sida:

Kan være et bilde av tekst som sier 'Uppstad Bjorgulv varmepumpe verdi Motorsenteret- stk portápner verdi liten Maskin- Hovden 3.000,- levera Setesdal grus, eller Bykle kommune verdi verdi Service Hylestad Auto 500,- Balpanne Bykle Maskin verdi .500,- gávekort .250,- brukast Evje Hasla Hasla EU-kontroll EU-kontroll .250,- Bratteland riluftsliv klatrebillett med Valle sagbruk Circle verdi 1.000,- AS Gunnar Atelier Mona verdi brukast Valle Sport 1.000,- Gavekort Gavekortkr Valle landbrukssenter) genser, Sagneskar- Gavekort 900,- Heimebesok omrade Sagneskar- Gávekort 900,- omrade XXL verdi 845,- 820,- halvars Fleecejakke (hentast Valle 30/6-22) 790,- liters) innan 15/12-22) Hylestad Coop Solvgarden 500,- 500,- Eigedom k 500,- 500,- Coop Handlaft Gávekort Hylestad/Valle Hylestad/Valle verdi Motorsenteret'

Lesing

Etter å ha drive mykje med skriving på Setesdalswiki, har eg ei tid no prioritert lesing. Eg skreiv i går om Min skyld av Abid Raja, men også bøker eg ikkje har skrive om, har hamna nær meg. Så har eg henta nokre bøker frå biblioteket, men av og til finn eg også bøker i eige bibliotek.

Eg har vore medlem av Bokklubben i snart 50 år, trur eg, og dei fleste avbestiller eg, ein kan jo ikkje få inn 24 bøker i året. Men så går eg på ein brukthandel og finn bøker der, og då blir det fort meir enn 24 bøker i året. Ikkje minst når ein pose med bøker kostar 50 kroner, slik det var på Vigeland sist eg var der. Men det er no ein pandemi sidan, så eg bør vel også lese noko av det som står i posar rundt om i huset.

Du bør avslutte heile medlemskapen i Bokklubben, seier ungane. Det øyret høyrer eg dårleg på, og av og til dumpar ei bok ned i postkassen som eg ikkje vil ha. Eg kan jo sende den tilbake, men det blir dessverre ikkje gjort, så då ligg eit problem på bordet. Av og til kan eg gje den bort, då er eg glad.

Men i posar med gamle bøker ligg også skattar som kan gje grunnlag for artiklar på Setesdalswiki. Så kan eg kombinere lesing og skriving. Det er i grunnen det beste.

God biografi

I dag nytta eg høvet til å lese ei bok som kom forbi. Den heiter Min skyld og er ein sjølvbiografi av Abid Raja. Han er ikkje så mykje i media no når vi har fått ny regjering, men han var kultur- og  likestillingsminister i Solberg-regjeringa. Boka kom ut i 2021, då var han gått av og var stortingsrepresentant for Venstre.

Livshistoria hans er ganske spesiell, for han hadde ein medfødd tarmsjukdom som gjorde at han låg på sjukehus dei første fire månadane av livet og heile barne- og ungdomsåra sleit han med problem med tarmen. Det er vanskeleg for ein å forestille seg problema med lukt når ein ikkje kan halde på det som skal ut og ein ikkje har opplevd det sjølv.

Problemet i heimen var at pappa ikkje kunne godta problemet til sonen, men gav han juling gjennom heile oppveksten. Likevel vart det skjult, halde innanfor familien. Ære og skam er viktig i mange familiar, men sikkert ikkje minst i ein pakistansk innvandrarfamilie.

Sjølvbiografien er god og lett å lese. Over 200 sider gjekk på dagen. Vi får vite litt om dei ulike jobbane han har hatt trass i sitt problem og om folk som såg det som budde i han og hjelpte han både å studere og å kome i gang i arbeidslivet. Det kunne endt i kriminalitet og eit liv bak murar, i staden vart det ekteskap og eit familieliv med kone og tre barn. Å skape likestilling i heimen var heller ikkje lett, med morsmelka hadde han fått inn at jenter held seg på kjøkkenet, steller mat og serverer. Slik kunne det ikkje vere om likestillinga skulle vere reell, så han måtte på vaksenopplæring og fekk seg vanskelege lekser.

Ei tankevekkande bok om ein mann som kjempa seg gjennom alle utfordringar han møtte.

Min skyld

 

Kogre

Å spele med pinnar der ein slepper dei ut over bordet og så skal fjerne dei utan at andre pinnar rører seg, det kalla vi heime å spele kogre. Men det er visst eit typisk jæruttrykk. Eg finn det ikkje i  Nynorskordboka heller.

Digitalt arkiv har eit bilde der uttrykket er brukt. Der er det pinnar slik eg hugsa dei frå barndommen, med ulik verdi skrive på toppen av pinnane.

Spel

Her i huset hadde vi frå gammalt eit spel utan spesielle toppar, men med fargar på pinnane. Det vart visst kalla Mikado. I dag kom det fram i ei av øktene og laga mykje moro for dei som var med. Som ein ser av bildet hadde det ikkje nytta for meg å vere med, eg skalv på handa og fekk eit uskarpt bilde.

Pizza

Heimelaga pizza er godt på mange måtar. Det er godt å ete, fyllet er slik ein ønskjer det, stykkene er også høvelege. I dag, då vi fekk huset fullt av folk, var det ekstra høveleg, for folk kom til litt ulike tider, og då kunne ein også tilpasse situasjonen.

Vi har altså fått påskegjester, og det var hyggeleg. Etter pizza var det quiz, laurdagsavisa var full av spørsmål og med mange til å svare, kunne vi dekke mange felt. Når det kom spørsmål om kva mannen til Batseba heitte, kunne dei som ikkje er så lærde innan Bibelsoge peike på Reidun og seie: Du har gått på Bibelskolen, og så kom svaret.

For ho gjekk på Bibelskolen i Oslo, det var der vi møtte kvarandre. Og sjølv om vi har hatt periodar der vi ikkje var på same staden, har vi halde saman sidan. Ein ny quiz kunne kanskje vere å spørje kva tid vi møtte kvarandre.

Det er mange som har møtt kvarandre på Bibelskolen i Staffeldts gate, der Indremisjonsselskapet heldt til i mange år. Sidan flytta dei bibelskolen til Grimstad. Mange har sikkert gode minner derifrå også.

Ein naturleg quiz i kveld må kanskje vere: Kven var lærar på bibelskolen og vart seinare biskop i Borg?

Klarer du det, kan du få det siste stykket pizza.

 

Gammal snop

Under litt rydding i dag dukka det opp gammal snop. Ein pose Bridgeblanding som gjekk ut på dato i april 2003 dukka opp. Då eg la bilde av den ut på Facebook, fekk eg ein kommentar om at eg nok ikkje var nokon godtemons. Den var det nok ikkje alle som kjenner meg, som var enig i.

Likevel tenkte eg at hadde den vore uopna så lenge, kunne den nok tole litt til, så eg let han ligge i fred. Til kaffi under Dagsrevyen hadde eg som vanleg eit stykke lefse og ei rute kokesjokolade.

I morgon får vi påskeinnrykk av folk som vil ha nokre dagar saman med oss på Eskeland. Vi har korkje hytte på fjellet eller i strandkanten, så vi held oss heime og tek påskedagane med ro. Men eg vil nok prøve å få med meg noko av påskebasaren i Valle Radio på skjærtorsdag og 1. påskedag. Der er det premiar for 100.000 kroner, ikkje 10.000, som det stod i Setesdølen. Kan hende kjem det eit gåvekort denne vegen også. Då må eg i alle fall sikre meg lodd.

Snopen i Valle Radio-skuffa får ikkje ligge i 20 år, den må kompletterast med jamne mellomrom, for utan kaffi eller te og litt snop er det vanskeleg å lage god radio.

Gratulerer

For ei tid tilbake fekk eg spørsmål frå Torbjørn Greipsland om å få mailadresse til Fædrelandsvennen. Det fekk han frå meg, og i dag skjøna eg kvifor han ville ha den. For i dag fylte han 80 år, men det stod ikkje noko i avisa om det. Han ville nok at dagen skulle passere i det stille og bare feirast med nær familie utan avbrot av mange telefonar.

Om det ikkje stod noko i avisa, så  stod det på Setesdalswiki. Der hadde eg denne lista:

Fødselsdager

Gratulerer med dagen til dykk, alle samen.