I dag var det basar til inntekt for Kirkesenteret i Mandal, og Reidun tok turen til byen for å oppleve sosialt samvær og støtte prosjektet. Presten Jan Austad var i sitt ess der han styrte arrangementet med smil og gode replikkar.
For mange år sidan skreiv Arthur Klæbo ei bok han kalla Ullstrømper til Afrika. For det er mange sokkepar som har blitt gjort om til pengar gjennom slike utlodningar. Tradisjonelt var det misjonsorganisasjonane som skaffa seg inntekter via basarar. Og dei nytta pengane til å løne misjonærane sine.
Strikkeplagg har alltid vore populære gevinstar, i dag var det kanskje ikkje så mange store, men desto fleire små. Og lodda gjekk unna, 5 kroner pr. lodd, då rullar pengane fort både ut og inn. Men ein er moderne og ordnar med vipps så vel som kontantar. I tillegg var det noko å bite i, kaffe til 20 kroner og løvtynne kakestykke til 30 kroner. I tillegg var det marknad der ein kunne få kjøpt litt av kvart.
Så vart det litt å ta med heim også. Det kan du sjå på bildet. Vaskeklutar, sokkar, endåtil ein Helnøtt.