Vassendgutane og Wikipedia

I rebus nummer 5 som vart nytta skjærtorsdag, var spørsmålet: **Men kor i Hordaland er Vassendgutane frå?** Rebusen førte til Voss, men i dag fekk eg ein e-post som gjorde meg glad og trist på same tid:

Det er greitt med wikipedia når ein stussar på noko.

Han viser så til artikkel om bandet på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Vassendgutane, der det står at gruppa er frå Ørsta. Heimesida til Vassendgutane etterlet ingen tvil om det.

Kjelda for rebuskommentaren hadde eg i denne teksten, som stod i Hardanger Folkeblad, avisa som kjem ut i Odda:

PÅ ONSDAGEN. Vassendgutane fra Voss deltar på påskevorspielet onsdag 19. mars.
http://www.hardanger-folkeblad.no/hfkultur/article3405151.ece?start=3&serie=0

No løyste folk rebusen og hadde svaret der: Fem + pronomen. Men eg er lei meg for at eg hadde feil informasjon i kommentaren til rebusen, og det minner meg om at ein bør sjekke kjeldene anten ein skal skrive ei avhandling, ein leksikonartikkel eller ein rebus.

Dette minner meg om ein diskusjon som har gått om Wikipedia, der mange meiner at ein ikkje kan stole på wikipedia, kven som helst kan jo legge inn stoff, seier dei.

Eit prosjekt av denne typen må ha mange kvalitetssikringsmekanismar. Den viktigaste er nok at det er mange som fylgjer med på det som vert lagt inn og som kan fikse feil informasjon. Om ein undersøker artiklar på andre språk, vil truleg det aller meste av feil kome til syne. Særleg den tyske versjonen har fått mykje skryt for at ein kan stole på wikipedia, det har vore gjort undersøkingar der som syner at wikipedia på tysk kjem godt ut samanlikna med Brockhaus, det store standardleksikonet deira, Her er eit sitat frå ein leiar i Stern, det store tyske magasinet, nr. 50/07:

Die stern- Reporter Horst Güntheroth und Ulf Schönert haben die einzigartige Erfolgsgeschichte von Wikipedia recherchiert und einige der weitgehend unbekannten Macher besucht, die täglich Neues hineinschreiben, Überholtes aktualisieren und Falsches herauslöschen. Der hehre Anspruch: Die Artikel sollen ausschließlich bedeutsames Wissen aus belegten und zuverlässigen Quellen enthalten. Doch wie gut ist Wikipedia wirklich? Was nix kostet, kann das etwas taugen?

Wir haben den renommierten “Wissenschaftlichen Informationsdienst WIND GmbH” in Köln beauftragt, das Internet-Lexikon mit 50 Stichproben aus unterschiedlichen Wissensgebieten zu testen. Das Institut ist auf Recherchen für die Industrie, mittelständische Unternehmen und Erfinder spezialisiert, hat Zugriff auf weltweite Datenbanken und arbeitet mit einem Netz globaler Experten zusammen. **Das Ergebnis des Tests hat uns alle überrascht: Wikipedia lässt in vielen Fällen selbst den ehrwürdigen Brockhaus alt aussehen (Seite 30).** Sjå http://www.stern.de/magazin/heft/604451.html?

Sjølve artikkelen ligg ikkje på Internett, då må ein vere abonnent.

Glad og trist på same tid: Trist fordi eg hadde bomma då eg laga rebusen – glad fordi wikipedia var kjelda som korrigerte.

Resten av rebusane frå skjærtorsdag

Fyrst takk til alle som kjøpte lodd i gårsdagens sending. Det kom inn 103.000 kroner denne fyrste kvelden av påskebasaren vår. Takk til alle i studio som gav oss ein triveleg kveld.

Eg trudde eg skulle klare å fylgje med heile tida, men det var vanskeleg å få med seg alt. Difor legg eg i dag ut rebusane, men ikkje kven som kom inn i studio på dei ulike oppgåvene. Om Britta Lise eller Helge har oversikt og sender meg, skal eg leggje det ut seinare. Men dei oppgåvene eg ikkje fekk med i går, kan de få del i, de som ikkje høyrde, eller de som høyrde og vil lese dei ein gong til.

4.
I kommunesenteret til Røldal skal det vere stor påskefest med ei rekke kjente musikkgrupper. Ei av gruppene er frå Hordaland og spelte der i går, onsdag.

Rebus: Tull + Lever på posten! + ung mann + ha en tanke om
Vassendgutane

5.
Men kor i Hordaland er Vassendgutane frå?

Rebus: Fem + pronomen
Svar: Voss

6.
Ein epledyrkar og lyrikar kom frå ei nabobygd til Voss. Det er 100 år sidan han vart fødd i år, og Gunnar Hillestad har laga ei flott utstilling på biblioteket i Valle med dikta hans. Eit av dikta lyder slik:

Bruk ikkje sandpapir

Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har skore
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gang er sagde.
Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi,
i den sprekka dei slo
kan grunnvatn stiga.

Kor budde Olav H. Hauge?

Rebus: Varg + Preposisjon + Nr. 11
Svar: Ulvik

7.
Når vi fyrst er i området her, kan vi jo spørje etter eit populært instrument frå denne regionen.

Rebus: Ikkje mjuk + preposisjon + karakter + tone + regne
Svar: Hardingfele

8.
Så tek vi Bergensbanen frå Voss til ein annan vintersportsstad. Kor hamnar vi med denne rebusen:

Rebus: Tone + ikkje + på ullplagg
Svar: Geilo

9.
Så skal vi til ein nabokommune til Geilo. Der møter vi ei norsk musikkgruppe som har blitt spelt ein del på Valle Radio.

Rebus: Lykke + kjøretøy + åsside + auk
Svar: Hellbillies

10.
Endå ein vintersportskommune skal vi innom, nord for heimstaden til Hellbillies.

Rebus: Loft til å sove i + løfte + Nr. 1 + Liter
Svar: Hemsedal

Open sending skjærtorsdag 2008

**Programleiarar: Helge Dahle, Tore Katerås og Britta Lise Homme.**

Tema: Ein musikalsk rundtur med Valle Radio

**Rebusar og innringarar**

1.
Reisa vår går nordover frå Valle. Fyrste stopp er på ein av dei store påskeutfartsstadene på Sørlandet, der det i påska bur tusenvis av menneske fom dreg til fjells for å gå på ski:

Rebus: Heilag hus + bestemt artikkel
Svar: Hovden

Innringar: **Ånund Lund**, på hytte på Ljom, som vann
Middag med dessertbord for to på Bykle Hotell og som i tillegg song Vandringsvise og dermed fekk ein radio i ekstrapremie.

2.
Den fyrste artisten var aldri på Hovden. Men om han hadde vore der dei fyrste dagane av årets påske, hadde han nok stemt i

I see skies of blue, and clouds of white.
The bright blessed day, the dark sacred night
And I think to myself, what a wonderful world…

Rebus: Smilte + Nr. 21 + Dessert + Legemsdel + Sterk (engelsk)
Svar: Louis Armstrong

Innringar: **Tor Hallvard Omlid** som fekk Helgepass til Ose Countryfestival og song Bæ Bæ lille lam og fekk ein loddebolt
Innringar: **Torill**: Olje- og eddiksett og ein hengelås til å ha på reise, for song (Bæ, bæ lille lam) på den linja og.

3.
Frå Hovden går vi i fotspora til pilegrimane som gjekk i lag med Bjarne Tveiten sommaren 2007. Vi skal til ein stad der også dei kom:

Rebus: Nr. 18 + Drikk + ikkje fjell
Svar: Røldal

Innringar: **Jan Torkildsen** på Gautestad, som fekk Bilpakke Colorline og for Beatles godnattsong fekk saksesett og Valle Radio CD. Og så song dei Gratulasjonsong for Linn som fyller 19 i dag.

Skjærtorsdag 2008

Etter litt plundring for å prøve å få til internett og kunne høyre på Valle Radio via ubuntu-linux, måtte me gje opp. Heldigvis hadde eg påskegjest i Mandal som hadde med seg PC med Windows, og då den kom i gang, gjekk det greitt å høyre sendinga.

Eg fekk høyre siste del av fyrste timen, det var Ørnulf Hasla og Jorunn Helle som var i studio. Eg fekk høyre Torleif Homme frå Setesdal Brannvesen som minna om å vere varsam med eld og å sjekk brannvarslaren når ein er på hytta. Eit anna moment han minna om var å sikre utgang, no når det er så mykje snø, er det viktig å grave frå vindauga, slik at ein skal kunne kome ut om døra blir blokkert.

Like før klokka 19:00 kom **nyhetsbulletin frå Setesdølen** ved Sigurd Haugsgjerd:

**Politiet**
UP hadde kontroll og gav seks forenkla førelegg onsdag, men ingen miste lappen.

Ein eldre mann frå Austlandet var involvert i ein kollisjon på Evje. Ingen personskade, men stor skade på begge bilane,

Leiteaksjon etter ei kvinne som hadde vore uheldig nord for Valle, men som ikkje kunne seie kor det var. Ho og passasjeren vart til slutt lokalisert ved Rotemo. Bilen hennar låg i grøfta.

Ein scooter var meld stolen, litt rart ettersom han ikkje hadde løyve til å ha den scooteren der.

**Anna**
Oveinang Grendelag sin basar i påska brakte inn 85.000 kroner. Pengane skal mellom anna brukast til å arbeidet som er gjort med å setje i stand badstoga på Flateland, etablert like etter krigen på initiativ frå helsedirektør Karl Evang. Med nysnø som no har kome kan det vere greitt å ha ein tur i badstoga og så ut og rulle seg i snøen.

Bygland kommune har enno ikkje fatta formelt vedtak om å avvikle bommen på Byglandsfjord, sjølv om både ordførar Knut A. Austad og varaordførar Tomine Moe vil halde seg til opprinneleg avtale og avvikle stasjonen. Dei andre kommunane har bede om å halde fram med bompengeinnkreving, og Bygland vil gjere vedtak i saka på møte i april.

Helge Dahle direkte frå Korea til mikrofonen

Sist fredag hadde Setesdølen ein artikkel om sendingane våre, skriven av **Sigurd Haugsgjerd**. Eg siterer frå den her på bloggen:

**Valle Radio med to maratonsendingar i påska**

Også denne påska legg Valle Radio opp til to svære maratonsendingar, Skjærtorsdagskvelden og 1. påskedag. I tillegg til musikk og underhaldning blir det framfor alt lotteri som skal sikre radiodrifta resten av året.

Helge Dahle blir programleiar også denne gongen. Han kjem direkte frå oppdrag i Korea, men er motivert som aldri før med tanke på å få både fastbuande og påskegjester i tale. I studi har han med seg Britta Lise Homme og Tore Dahler Katerås, men er elles også tilknytta eit nettverk som saknar sidestykke. Bortimot 30 menneske står bak kvar av sendingane som i seg sjølv er både fysiske og tekniske krafttak. Her blir alt av teknikk som Valle Radio har hand om, rulla ut for å lose folk gjennom både direkteinnslag frå bygda og langvegs frå, ein vrimmel av musikkynske og helsingar på alt frå telefon, sms og e-post, men fyrst av alt eit intenst for ikkje å seie aggressivt loddsal.

**Slepp å ha bingo**
Det er det som me tener desse radiokveldane i påska me lever på heile resten av året, seier radioredaktør Ørnulf Hasla. Påskesendingane gjer at Valle Radio kan konsentrere seg om å lage program i staden for å bruke mykje tid og krefter på bingo og andre inntektsbringade aktivitetar. Men i påska er det altså gambling og full rulle. Hovudgjevinsten er også denne gongen mannsbunad frå Setesdal. Radiofolka reknar vel med at det er mennene som er dei mest pengesterke – også i påskefjellet.

Begge kveldane blir det selt lodd på bunaden, men 1. påskedag blir sendinga avslutta med trekning.

**Mange flotte premiar**
I tillegg til bunaden er det forresten også mykje anna å skryte av på gevinstbordet. Programleiar Helge Dahle driv stort i varmepumper og har like godt sponsa ei splitter ny varmepumpe ferdig montert til den nette summen av 20.000 kroner – som ekstrapremie.

Ørnulf Hasla seier at næringslivet i det heile, både lokalt og i byen, har strekt seg langt for å skaffe lotteriet flotte gevinstar. Ein av sponsorane, Maxi Catering, deler også ut små boksar med salat ved Røde Kors sine fjellsikringspostar der også Setesdølen blir delt ut til folk på veg til påskefjellet i år. Under sendingane på Valle Radio i påska blir det trekt gevinstar frå Maxi Catering tre gonger kvar kveld.

**Reine Jolemessa**
Sendingane går ut over sendarnettet i heile dalen. Det vil seie at 20 – 30.000 menneske mellom Bjåen og Vennesla etter alt å døme får med seg moroa. Om stemninga vert god, kan godt tidlegare lotterirekord på rundt 200.000 kroner bli slått. Det er vel berre Misjonssambandet si jolemesse på Rysstad i november som greier å samle inn like mykje pengar på så kort tid. Difor er det så imponerande det som den entusiastiske staben i Valle Radio har makta å få til gjennom så mange år.

Konsesjon

Det er tid for å søkje om konsesjon for ein ny periode med lokalradio eller nærradio. På heimesidene til Norsk Lokalradioforbund les eg at det er 392 søknader. Men fordi det er fleire tilhøve som ikkje er avklåra, har Medietilsynet fått lenger tid på seg til å handsame søknadene. Gamle konsesjonar er difor forlenga med eit halvt år, til ut 2008. Opphavleg gjekk dei ut 1. juli, men Tilsynet har ingen sjanse til å verte ferdig med handsaminga innan fristen, mellom anna fordi den nye kringkastingsføresegna ikkje er gjeldande enno.

Meir om dette kan du finne på heimesidene til Norsk Lokalradioforbund, sjå http://www.lokalradio.no/?sid=1&artikkel=893 Der finn du og anna interessant om det vi held på med.

Gorine

**På tur nedover til Mandal stoppa eg på Moisund og fekk ein pose med info som dei deler ut til folk som dreg oppover. I posen var det info, ei sitjepute og ein boks rekesalat frå Gorine. Rekesalaten var god, den, og i reklamen som låg ved kunne eg lese:**

Årets påske blir sikkert en av de beste. Med Gorine salat blir den enda bedre, for i år kan du bli med på en påskekonkurranse med velsmakende premier. I samarbeid med Valle Radio inviterer vi til en påskekonkurranse som vil engasjere hele familien. Les mer om konkurransen nedenfor og bli med på moroa.

VI DELER UT VELSMAKENDE PREMIER
5 KOLDTBORD FOR 1O PERSONER!

Finn riktig svar på ett av spørsmålene nedenfor og bli med i konkurransen om å vinne et fantastisk koldtbord, levert av Maxi Catering. Når du har funnet riktige svar, ringer du Valle Radio under en av sendingene og er dermed kvalifisert for konkurransen.

**Deretter kjem 5 spørsmål. Dei er lette, alle kan svare på eitt av dei**.

KONKURRANSEREGLER
Når du vet svaret på ett av spørsmålene, ringer du Radio Valle, under sending. Du oppgir navn, adresse og telefonnummer og vil bli spurt om hvilket spørsmål du vil svare på (spørsmål 1-5). Svarer du riktig, vil du få et oppfølgerspørsmål. Klarer du også dette spørsmålet, er du med i trekningen av et koldtbord til 10 personer. Still inn radioen på Radio Valle og følg sendingene – hele påsken.

**Eg trur det kjem til å verte travelt i radioen torsdagskvelden. Mange vil nok prøve å få eit koldtbord til 10 personar frå Maxi Catering. **

Velsigna

Har oppdaga at
eg er velsigna.
Kan ikkje heilt
forklåre det.
Folk
er ille snille
med meg.
Uventa
uvant.
Kor såg du Far
sist veke?

Du bygger broer,
bind folk saman,
brubyggarprisen
skulle du hatt,
skulle stått
blant dei store.

Det hadde blitt
spurv i tranedans.
Trivst betre som
stille liten blom i
stor skog.

Ovanståande fragment frå ein chat på Internett fekk nokre lyriske tonar til til å svinge i attkjenning. Det var nok http://no.wikipedia.org/wiki/Ein_fin_liten_blome som klang i bakgrunnen. Den høver svært godt i Mandal denne påska, sjølv om frosten nok bit i blomane som vågar seg opp av molda. Det er litt enklare for dei som har plass i potter i vindauga.

Dei to fyrste dagane av påska i år har vore velsigna med strålande sol. Til og med om natta ser vi glansen frå sola, det dreg seg jo mot fullmåne. Det er grunn til å takke både for påskever og påskebodskap.

Meir om Hermine 2

**Lars Osa fortel vidare i boka si om korleis det bar til at han møtte Hermine:**

Eg fekk sidan vita korleis det hadde bore til at dei kom på at dei skulde helsa på meg. Dei hadde fenge auga på ein høg kar som gjekk og rusla åleine og såg så inderleg einsleg ut. “Han ser ut som han kunne vere nordmann,” sa Hermine. “Ja, det er målaren Lars Osa”, svara broren. “Kom, so gjeng me bort og helsar på han.” Det var kanskje ikkje fritt han kom til å trega på det framlegget. Ikkje ein dag etter den trong eg gå åleine og sjå sturen ut. Me var trottige til å gå på sjået og kunstsamlingane. Sakta var me tri saman for det meste. Men ymse ytre tilhøve gjorde sitt til å føra Hermine og meg nærmare saman, fyrst bokstaveleg tala, og sidan….

Det hekk soleis i hop at ein dag me fylgdest heim frå sjået, fekk me ei sturtbyga yver oss; det ausregnde. Meg stod det inkje på, for eg hadde regnhatt med, retteleg ein rusk av ein paraply; han var korkje ny eller av finaste slag, men når han vart våt, vart han so slikjande blank, som han skulde vore av silke, so eg tykte sakta eg kunne bjoda rom under han åt ei dama! Han skylte godt for oss båe, og hadde so gjort endå um ho ikkje hadde halde so fast i armen min og kurra seg so tett inn til meg som ho gjorde. I armen vart ho hangande so lenge bya varde, og vel so det, trur eg helst. Det var verre for bror hennar. Han hadde havt ein stor gamal paraply med heimantil, som såg soleis ut at han var brydd av det og freista gløyma han etter seg på kvar restaurant han var innum. Men han var ikkje fyrr i døri, på utveg, fyrr ein kelnar kom springande etter han med dette skrymslet av ein paraply og flidde han – i von um drikkepengar. Endeleg hadde det likevel lukkast å koma ifrå han, og det var like fyre denne regndagen. No gjekk han der attmed oss med uppbretta trøyekrage og nedbretta hatteband; han såg ut som ei våt kråka, og var likso misnøgd som me andre var velnøgde. Misnøgjet kom visst både av hans eige tilstand og av vårt. Han tok snart til å orda frampå med systeri um det ikkje var best ho reiste heim. Men etter den dagen gløymde eg aldri å taka den store regnhatten med på turane våre, og hermine og eg speida båe like vonfulle på himmelen, um det ikkje skulde syna seg ei sky som spådde ei dugeleg regnbrosa, for då kunde me gå i leidestand under paraplyen, anten me hadde bror hennar med til fylgjesvein og vaktmann eller me skulde slumpa til å møta andre landsmenn og kjende.

Suti, eller umsuti, for systeri lema snart, for eg måtte fara heim, av di rådi inkje rakk til noko lenger upphald. Hermine vart verande i Paris til året var ute som ho hadde skipa seg til å vere der. For ho tok eit skeid på Sorbonne og høyrde fyrelesingar og vilde fli upp fransken sin. Attåt det at ho umsette bøker, dreiv ho med elevar i fransk. Millom deim so ho las med på denne tid, – eg trur helst det var like etter ho kom heim att frå dette Paris-upphaldet, var det tvo emnelege bondegutar frå Vestlandet, J. E. Maakestad frå Ullensvang og Lars Eskeland frå Stord.