Fastetidsmusikk frå renessanse og barokk

I kveld hadde Niklos funne fram desse stykka til Postludium:

**Mathias Weckmann** (1616-1674): Koralvariasjonar over Ach wir armen Sünder Variasjon 1 spelt av Wolfgang Zerer på orgelet i Jakobikyrkja i Hamburg. Naxos CD 8.553849

**Dietrich Buxtehude** (1637-1707): Ach, Herr, mich armen Sünder, orgelkoral, BuxWV 178 spelt av organist Birgitte Ebert på orgelet i Vår Frue Domkyrkje i Ribe. Paula Records PACD 150

**Georg Philipp Telemann** (1681-1767): Kantaten Du bist verflucht, o Schreckenstimme TWV I:213 Kantate til 4. sundag i fastetida. Bergen Barokkensemble med Mona Julsrud, sopran, Frode Thorsen, blokkfløyte, Markku Luolajan-Mikkola, cello og Hans Knut Sveen, orgel. Toccata Classics CD TOCC 0037

**Johann Sebastian Bach** (1685-1750): Ich ruf zu dir, Herr Jesu Christ Orgelkoral frå samlinga Orgelbüchlein, BWV 639 spelt av organist Wilhelm Kümpel på orgelet i Erfurt Domkyrkje. Motette-Ursina CD CD 60031

Program for veke 10 – 2008

Tysdag 4. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bok etter bok
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. mars
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonvakt: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved rådmannen
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Gjester og musikk
21:00 Open sending

Helsingar

I dag høvde det slik at eg kom til å høyre Ønskekonserten. Ut i eteren over heile Noreg var det ei helsing til Anny Brokke på Rysstad frå syster hennar, som takka for ei triveleg veke saman.

Eg sat i Mandal og smilte og tenkte på dei to systrene som har hatt det triveleg, noko som ikkje var vanskeleg å førestille seg, det er alltid triveleg å møte Anny. Men tankane gjekk vidare til Helsingar som del av Open sending i Valle Radio. Det er gått attende med helsingsdelen av programma våre. Den fyrste tida var det svært mange som sende helsingar. Men no skjer det ofte at dei som er telefonvakter og dei som er i studio, komponerer helsingar, for det kjem ikkje inn særleg mange telefonar med helsingar lenger.

Britta Lise har vore oppfinnsam. Ho har sett seg på butikken og funne folk som får bere fram helsingar i opptakaren, og så finn ho musikken. Omhyggeleg planlegging kjenneteiknar Britta Lise sitt arbeid i radioen, så det er ikkje unaturleg for henne, ho leitar fram kva musikkynskje det skal vere. Vi andre er ikkje så flinke til det. Og vi har ingen sjanse til å måle oss med henne når det gjeld å finne NRK-kjendisar som kan sende ei helsing til lyttarane på Valle Radio. Sist var det Christian Borch som måtte innrømme at han aldri hadde vore i Setesdal, likevel følte vi alle at vi kjente han då han sende helsinga.

I påskesendinga og i Heile-dalen-sendingar elles kjem det ein del helsingar. Då kan vi oppleve at folk helsar frå hytte til hytte. Morosam og trivele underhaldning, synest no eg.

Send ei helsing til harhaugl@gmail.com, så skal eg gjere mitt beste for å få den på lufta til onsdag. Velkommen til å høyre på Valle Radio komande veke.

Mars vert travel i Valle Radio

Komande veke vert det tre sendingar. Det er første veka i mars, og resten av månaden vert visst ikkje mindre travel. Som vanleg vert det tysdagssending og onsdagssending. Dei skal eg ha ansvaret for. Men ettersom det er første fredag i månaden, er det sending til heile dalen. Her vekslar vi med Evje Radio, og det er vår tur denne gongen. Britta Lise skal ha ansvaret for den kvelden.

Så går det ei veke, så kjem påska, og då vert det sending både skjærtorsdag og 1. påskedag, slik som vi har tradisjon for. Helge Dahle er enno i Sør-Korea, eg lurte på om han var på skiskyting i dag då eg såg på TV at dei norske jentene gjekk jaktstart. Men han og resten av radiostaben førebur sendingane og vonar at vi skal gje lyttarane store påskeopplevingar også dette året.

Det vart eit kort innlegg på bloggen i kveld. Teljaren er over på mars den og. Sjølv om februar er ein kort månad, ser det ut til at det vart ny rekord i talet på sidevisningar i februar. Talet på besøkjarar gjekk ned til om lag halvparten av det det har vore nokre månader, frå 5000 til 2.500. Men sidevisningane gjekk opp, og eg har fått tilbakemelding frå folk som seier at det er ganske mykje stoff etter kvart på bloggen. Det er ikkje vanskeleg å samstemme i det. Hyggeleg då at folk finn noko av interesse.