Hardware

Ikkje alt går etter planen. Eg hadde gledd meg til å sitje heime denne helga og skrive på bloggen og på wikipedia, og så skulle eg tømme postkassen min, som hadde blitt ganske full.

Etter å ha vore ute og kjøpt ny mus, lik den vi har i radioen, med trillehjul i tillegg til høgre og venstre musknapp, og montert denne, var det tid for middag og den herleg middagskvilen på lauradagar. Så kom eg attende til PC’en og då stod det ei melding om at maskinen ikkje fann harddisken min.

Eg har alltid meint at ein god ting med å arva borna sitt datautstyr er at ein får service på kjøpet. Men denne gongen var det langt til service; alle borna var i Oslo denne helga, og ingen hadde gode råd å gje meg. Det beste rådet var kanskje frå Sigmund: Ta ein prat med mamma. 🙂

Men denne helga var Reidun på jolemesse for Normisjon i Mandal, så praten måtte utsetjast til langt på kveld, ho var godt nøgd med resultatet då ho kom heim, 360.000 hadde dei fått inn fredag og laurdag. Neste helg er det jolemesse for Normisjon i Valle, ho hadde Setesdalsgenseren ferdig no, og dei vonar å få inn 100.000 på den messa.

Men datamaskinen min må nok venta til jol utan tilsyn. Eg får klare meg med med maskinane i Valle og vone dei held inntil vidare.

Per Kristiansen i Kommunen informerer

Det vart ein svært hyggeleg kveld mellom deltakarar i oppsettinga av Kardemommeby då Per Kristiansen prata med Theis Salvesen onsdagskvelden. Per er rektor i Musikkskulen og ansvarleg for Kulturdrift i Valle kommune. Dei mimra mykje om tre kveldar i Storstoga sist helg, der unge og eldre gledde seg over stykket.

Her er lenke til Kardemommeby i Kristiansand:
http://www.kristiansand.as/dyreparken/kardemommeby.php
og til sida om stykket hos NRK
http://www.nrk.no/programmer/sider/folk_og_roevere_i_kardemomme_by/

Theis fortalde at han i studietida hadde vore vikarlærar ein periode, og då skulle han ta med seg klassen til Sjøfartsmuseet. Der møtte dei ein eldre mann, og Theis lurte på om han var vaktmeister. -Eg er Torbjørn Egner, svara mannen, som hadde eit barnebarn i klassen til Theis.

Her er lenke til side om Thorbjørn Egner hos wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Thorbj%C3%B8rn_Egner
og hos Dyreparken i Kristiansand:
http://www.dyreparken.com/index.jsp?a=34140

Per fortalde om kva pengane som hadde kome inn, skulle brukast til. Sjølv om alle var med utan å få betaling, også musikarane frå Kristiansand gjorde dette på dugnad, så kostar det å leie kostymer og kulissar, både når det gjeld frakt og sjølve leia. Kulissene skulle leverast tilbake til teaterlaget på Hadeland denne helga. Om det vart noko att til slutt, skulle dei pengane brukast til å starte opp eit teaterlag i Valle. Det er teaterlag både i Bykle og Bygland, og ein vil prøve å få til noko også i Valle kommune.

Framtida til Valle radio

Torsdagskvelden 16. november hadde Theis kalla inn til møte for at vi kunne snakke saman om framtida til radioen. Diverre var det blitt noko forsinka post, så det møtte bare 6 personar: Theis, Helge Homme, Leif Kvinlog, Ørnulf Hasla, Torleif Soltun Haugen og Harald Haugland.

Etter Hallvard Kjellebergs bortgang er det ein del føresetnader som er endra i høve drifta til radioen, men vi tek sikte på å halde fram som før. Sendinga på lillejolaftan vert truleg ganske kort om vi får til ei sending i det heile tatt og til våren vil vi halde fram samarbeidet med Evje om sending for heile dalen fyrste fredag i kvar månad, men opplegget for øvrig må vi kome tilbake til.

Harald kan overta arbeidet med nettsidene etter kvart, og vil halde fram med bloggen. Vi vil og prøve å få til eit opplegg for påskesendingane, sjølv om det vil kome i ei ny form. Men basaropplegget vil vi prøve å halde fram med.

Theis kjem til å kunne ha ein onsdag i månaden også i vårhalvåret. Ettersom han held fram i radioen på same måten som før, valde vi å ikkje gjere noko suppleringsval til styret, men føreset at varamann rykkjer inn som fast møtande medlem i styret.

Holmer-Hoven går av

Dette var første nyheten i den aktuelle timen i kveld. Redaktør Finn Holmer-Hoven går av som redaktør i Fædrelandsvennen. Sjå
http://www.fvn.no/nyheter/kristiansand/article413968.ece

-Vi ser slutten på det babylonske fangenskap, og alle i dalen gleder seg, sa Theis etter at han hadde starta programmet med Halleluja-koret frå Händels Messias.

Med seg i studio hadde han **Lene Dyrkorn**, trial-kjørar og prosjektleiar for å få til folkehøgskole med vekt på motorsport i Valle. Ho fortalde at prosjektet plutseleg hadde fått fart på seg som følgje av at Kvås folkehøgskole no har bestemt å slutte av. Dei pengane som var på budsjettet for denne skulen, kan då eventuelt kome til det nye prosjektet. Om dette slår til, kan ein truleg kome i gang tidlegare enn ein hadde tenkt frå fyrst av. Lene har Norsk Motorsportsforbund og Trygg Trafikk bak seg i satsinga, og ho såg plutseleg mykje lysare på oppgåva.
http://www.motorsportforbundet.no/t2.asp

Den neste gjesten var Jan Wojtaszek frå Brokke Alpin var neste gjest, og han kunne fortelje om hektisk aktivitet for å verte ferdige før vinteren. Dei held på med å støype fundamenta til det nye trekket, så snøen kom litt for tidleg. Men han kunne fortelje at det vert ein offisiell cup i Brokke onsdagane ein månad til vinteren med flotte premiar. Der reknar han med at folk kjem får større deler av Sørlandet, og som i fjor vil det bli kveldskjøring onsdag og fredag. http://www2.brokke.com/

I løpet av samtalen lanserte Lene ideen om å køyre cross-sykkel opp og brett ned: Førstemann vinn. Det er teke opp som eigen klasse i Norsk Motorsportforbund, men ho trudde bare det til no var arrangert eitt løp. Her kunne ein vere tidleg ute med noko nytt. Jan tente på idéen, så truleg vert det noko slikt og til vinteren.

Den neste gjesten var Bjørnar Mørenskog på telefon frå Hovden. Boka inspirert av teikninga til Egil Torin Nesheim skal lanserast neste fredag klokka 13 på Hovden Fjellstoge. Det er første boka Bjarne Tveiten har skrive, han er elles mest kjent som bokmeldar. Men boka er komen, trykt i 1000 eksemplar, og dei 100 fyrste denne fredagen får boka signert av forfattaren og teiknaren. Alle er velkomne til boklanseringa. http://www.hovdenfjellstoge.no/

Theis hadde også eit oppslag om Aksjon Håp, han laga eit telefonintervju med Torleif D. Bjørgum, som er leiar i aksjonskomitéen og som fortalde om planane for 10. desember. Her er lenke til Aksjon Håp: http://www.aksjonhap.no/

Theis legg også vekt på å få Bykle-stoff, og rådmannen fortalde om budsjettframlegget for neste år og nokre av prosjekta. Mellom anna står kommunen for ei stor investering i vatn og kloakk for Hovden Sør. I dag er det 600 hytter der, planane går ut på å få til 500 til og ein reknar med at om lag 1000 bueiningar vil kople seg på etter kvart. Dette skal betalast av brukarane med avgifter dei neste 30 åra, men kommunen skal forskottere.
http://www.bykle.kommune.no/

Kontakt med lydarane

Ein og annan gong får vi vite at det er nokon som høyrer på oss på Internett. Som oftast skjer det i samband med Open sending, då kan det vere folk som ringjer til oss frå Arendal, Kristiansand eller Sirdal, for å nemne nokre stader der vi ikkje har dekning på sendarnettet vårt.

I går kveld under sendinga fekk eg ein telefon frå Henrik. Eg hugsar ikkje kva stad han sa han ringte frå, han sa heller ikkje om han hadde tilknytning til Valle. Men han fortalde at han likte godt å prøve å få inn radiokanalar på Internett, men at han strevde litt med å få inn Valle radio.

Vi prata litt saman, og eg sa at eg skulle gje melding til vår tekniske sjef om at sendinga ikkje gjekk ut på Internett. Så kunne han prøve igjen å høyre på oss frå 18.00 i dag. Det var han nøgd med, så vi avslutta.

Tydelegevis må Henrik har prøvd litt meir etterpå, for 20 minutt seinare kom det ein ny telefon: -No har eg fått det til, no høyrer eg dykk, no er det orgelmusikk, sa han. Det var rett, klokka var mellom 20.30 og 21.00, og Niklos var i studio.

Om andre fekk oss inn, veit eg ikkje. Systemet vårt er slik at vi ikkje kan finne ut om nokon høyrer på oss på Internett. Men gjev gjerne lyd frå deg om du høyrer på Internett. Det er alltid hyggeleg å ha kontakt med lydarane.

I gårsdagens **På kyrkjebakken** fortalde eg om utstillinga som Valle Vev skal ha laurdag 25. november. Det var annonse om dette i Setesdølen i går. Så kopla eg det saman med Jolemessa på Rysstad og sa at Karin Bøe er tøff som inviterer til Ope hus same dagen som jolemessa. Så begynte telefonen å ringe, og Niklos sprang og tok han, ettersom eg var på lufta. Då var det Karin som fortalde at det skulle vere 25. november hos Valle vev, ikkje 18. november, som er dato for jolemessa på Rysstad. Det var rask respons, og korrigeringa kom ut med det same. Slik kan vi hjelpe kvarandre. Takk skal du ha, Karin.

Eg vonar mange tek turen til Flateland neste laurdag for å sikre seg noko av alt det fine Karin har for sal.

Eg takkar og for kontakt med lydarane anten det skjer i telefonen eller når vi møtest på gata.

Program onsdag 15. november 2006

Kveldsansvarleg: Theis Salvesen
Teknisk ansvarleg: Torhild Sandnes

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Lene Dyrkorn
19:00 Kommunen informerer. Kulturdrift ved Per Kristiansen
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Olav Rike les stubbar frå Setesdal
20:30 Monica Helle og Gunvor Salvesen røar saman og spelar musikk.
21:00 Open sending. Theis med gjest Annbjørg Uppstad

I Setesdølen i dag hadde Sigurd Haugsgjerd skrive dette:

Innhaldsrikt i Valle Radio:
**Vallestubbar, Byklenytt og trial-VM-prat**

Sendinga frå Valle radio i morgon kveld er spekka av interessante innslag med taleføre folk som kan få fram både gravalvor og gapskratt.

I den aktuelle timen frå kl. 18.00 ventar programleiar Theis Salvesen VM-deltakaren i trial, Lene Dyrkorn, på gjesting i studio. Ho er som kjent komen til Valle for å drive fram saka om den påtenkte folkehøgskulen som bygda gjerne vil ha. Innimellom prøver ho å skape interesse for trialsporten der ho altså sjølv har drive det like til eit internasjonalt høgt nivå. I morgon kveld blir det nok snakk både om trial og skuleplanar. Jan Wojtaszek fortel om det nye anlegget i Brokke skisenter, litt om snøforhola no og sesongen som er i vente og mangt anna som kan vere aktuelt å informere om.

Frå Breive til Røldal
Det blir også ein prat med Bjørnar Mørenskog om bokprosjektet han har i samarbeid med Bjarne Tveiten og kunstnaren Egil Torin Nesheim. Han har som kjent laga historisk kart over Bykle, og Bjarne har laga forteljing om familien i Breive som drog på pilgrimsvandring til stavkyrkja i Røldal. Emnet kan nok utdjupast i radioen i morgon kveld.

Sidan Bykle-radioen enno ikkje har kome på lufta att, er folka i Valle Radio opptekne av å få med nytt også frå Bykle. I morgon kveld kjem rådmann Tallak Hoslemo for å informere om kommunalt styre og stell, dagen etter kommunestyremøtet i kveld, og etter han kjem Per Kristiansen som etter planen skal snakke om kulturdrift generelt. Likevel blir det nok litt mimring om teatersuksessen i Valle i helga med “halve bygda” på den flotte Kardemommeby-oppsettinga.

Bibelske tankar og småstubbar
Håvard Viki tek lyarane med i Tankar frå Bibelen og spelar musikk i tillegg til personlege vitnemål. Klokka 20 les Olav Kn. Rike stubbar frå Setesdal. Mannen har ikkje berre den kanskje største private boksamlinga av lokal litteratur, men også ei målføring som gjer det til ei oppleving å høyre på han.

Ein halvtime seinare slepp ungjentene Monika Helle og Gunvor Salvesen til igjen. Dei småpratar og spelar musikk, men det skulle undre oss om dei ikkje også kjem inn på langturen dei snart skal ut på, til Sør-Amerika i 5 månader.

Frå kl. 21 blir det open sending med Annbjørg Uppstad som gjest. Hoe er opphavleg frå Sirdal, men er lærar i Valle. I samtale med Theis Salvesen ville ho tale om skilnaden mellom dei to dalføra som Brokke-Suleskarvegen knyter saman, og om tur til Cuba. Saman med Sigrunn Askland skal ho snart sørover, både for å treffe Jan Olsen, som drog sist fredag, og med opptaksutstyr frå Valle radio for å lage reportasjar til seinare program.

To danske domorganistar til minne

Det er tema for Postludium tysdag 14. november 2006, og Niklos K. Besteland vil fortelje om dei og spele desse stykka:

1. Hans Matthison-Hansen (1807-1890): Fantasi i d-moll over folkevisa “Dronning Dagmar” spelt av domorganist Mogens Melbye på orgelet i Vor Frue domkyrkje i Ribe. Det er LP Ribe 75-A.

2. Richard Sennels (1912-2006): 2. del: Grazioso, non troppo allegro frå opus 12, Regiones aestivae spelt av komponisten på orgelet i Viborg domkyrkje. Det er Danica LP 8013

3. Same komponist: Lamento amata perdita, same organist på same plate.

Til nr. 1 fann eg denne lenka: http://tinyurl.com/yzsphn som fortel om korleis stykket vart til.

Om Richard Sennels, som var organist i Viborg, fann eg også litt:
http://tinyurl.com/yzjllx

Programmet kjem tysdag 14. november klokka 20.30

Prosjekt Livredning

I samband med omtalen av praten eg hadde med Astrid Knutsen om aktivitet på Hylestad skule, skreiv eg i går:

Til slutt fortalde ho om Prosjekt Livredning, som er eit tilbod til alle i 7. klasse frå Norsk Luftambulanse. Alle elevane har fått ei mini Anne-dokke. Den skal dei bruke til å lære opp flest mogleg heime i livredning. Ho oppmoda alle til å ta vel imot elevane når dei kjem heim med dette og fortalde at resultatet skal registrerast og nyttast i forskning. Målet er at 60.000 skal lære livredning gjennom dette systemet

Stor var overraskinga då eg las i Aftenposten i går kveld om dette prosjektet i denne artikkelen:
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1527495.ece

Så tenkte eg: Vi hadde omtale av det i Valle radio før det stod på trykk i Aftenposten. Ikkje dårleg! 🙂

Her er meir stoff om aksjonen:
http://www.norskluftambulanse.no/default.aspx?m=4&amid=4851