Ein innhaldsrik laurdag

I dag var det jolemesse for Normisjon på Menighetshuset i Valle. **Inge Flåt** er gjestetalar denne helga, og mange gleder seg over det, han er ein kjærkomen gjest i Valle. Suppa gjekk unna, og eplekakene vart utselde tidleg på dagen. Sjølv fekk eg med meg ei fruktkorg heim, men det gjekk mange kransekaker og marsipankaker også.

Den store opplevinga på jolemessa var **Ingebjørg Berstad Torp**, som deler leiaransvaret i Normisjon Agder med Arne Inge Vålandsmyr og Gunnar Urstad. Her er bilete av leiartrioen:
http://www.normisjon.no/agder/index.php?kat_id=32

Ho song ein song av ein diktar frå Telemark, Johannes Flateland trur eg var namnet. Eg hugsar ikkje tittelen på songen, men dåmen og framføringa var verd ein heil festkveld. Diverre hadde eg ikkje med meg opptaksutstyr, så eg får ikkje dele den med dykk gjennom Valle radio.

Tidlegare på dagen var eg på Flateland, hos Valle Vev. Der hadde **Karin Bøe** ope hus og folk hadde høve til å sjå og handle. Mange var innom, ei stund var det nesten kaotisk mange. Pauline selde bakst og kunstnaren og frisøren frå Frisørbui hadde hengt opp bilete, som også var for sal. Eg tala med Karin i telefonen i kveld, og ho var godt nøgd både med oppslutning og sal. Sjølv fekk eg for fyrste gong sjå filmen frå stamping av vadmål i stampen i Homsåne, og det var eit interessant bilete på eit historisk arbeid.

Her er ei lenke til artikkelen om Karin i Dagbladet:
http://tinyurl.com/yhcjxn
og om du søkjer på bloggen, vil du finne at ho har vore med i Valle radio fleire gonger.

Petitkåserande fredagsjournalistikk

Setesdølen er ei traust avis. Det spørs om ikkje litt smilande humor kunne gledd lesarane, men kven skal skrive det?

I dagens utgåve syner det seg at Ole Birger Lien kan. Han har laga ein munter tekst om Bykle og Valle kunstlag sine utstillingsvegger som er på ville vegar. Ånund K. Homme, leiar i Kunstlaget veit ikkje kor dei er. Når dei ikkje er i bruk til utstillingar, skal dei vere lagra på Setesdalsmuseet, men der er dei ikkje. Truleg har noko lånt dei, og så er det ikkje blitt notert kven som skulle låne dei eller kor lenge.

Ole Birger fortener ros for den fine teksten han har skrive. Det var mange som humra då dei las dette, og eg trur nok det var fleire som las den artikkelen enn ein del av det andre stoffet i avisa i dag.

Helsingar

Den fyrste tida vi hadde Valle radio, var det mange som ringte inn og ville sende helsingar. Gradvis har det endra seg, så no er det oftast telefonvaktene som lagar helsingar. Det er ikkje ofte vi får telefonar frå lyttarane med ynskje om at vi kan sende helsingar.

Tysdag i denne veka fylte rektor **Rønnaug Torvik** i Bykle 50 år. Onsdagskvelden sende vi denne helsinga til henne under Open sending saman med Sondre Bratlands framføring av Frå sola stig og strålar:

Frå Valle radio vi deg hyller!
Den spreke rektor som år no fyller
vart fødd som ljos i ei mørketid
og pregar alle, så glad og blid.

Ein kunne vone at Øyvind eller Ørnulf skulle våge seg på å kve stevet direkte på lufta, men så modige var dei ikkje. Men helsinga var henne vel unt.

Musikk eg likar

Bak denne programtittelen onsdagskvelden fann vi tre unge jenter:

*Sylvia Barman-Jenssen
*Anne Lise Åmlid Haugeland
*Silje Smith Homme

Dei hadde ein triveleg time og sa sjølv då dei kom ut av studio at timen hadde gått fort. Det kan godt tenkjast at dei kjem att ein seinare gong.

Eg skreiv ikkje opp musikken dei spelte, så titlane kan eg ikkje formidle vidare.

Stat-kyrkje

Torsdag 23. november var det tillyst eit møte for Bykle, Valle og Bygland der Marit Tingelstad frå Gjønnesutvalet skulle orientere om temaet over. Om lag 25 personar hadde funne vegen til kommunestyresalen då sokneprest Theis Salvesen helsa velkomen. Ein frå Bygland og tre frå Bykle, resten var frå Valle.

Etter vakker musikk av Tonhild Kråkenes og Tina Høgevold gjekk Marit Tingelstad, som er leiar i Hamar bispedømmeråd, gjennom aktuelle problemstillingar i samband med utgreiinga som utvalet har lagt fram. Ho brukte 45 minutt på det, ho fortalde at dette var møte nr. 29 og at ho hadde eitt møte att før ho var ferdig. Ein merka det på foredraget også, ho var direkte og presenterte overheadfoilane i godt tempo.

Etter ein pause med kaffi og prat, var det fleire som hadde ordet og kom med spørsmål og synspunkt på emnet. I Øvre Setesdal har alle sokneråda gått inn for å ha noverande modell også i framtida. Ein var difor ikkje nøgd med at representantane frå Agder og Telemark bispedømmeråd på Kyrkjemøtet nyleg stemte for skilje mellom stat og kyrkje.

Her er lenker til dette temaet på Wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Gj%C3%B8nnes-utvalget
Gjønnesutvalet på Bokmålswikipedia
http://nn.wikipedia.org/wiki/Gj%C3%B8nnes-utvalet
Gjønnesutvalet på Nynorskwikipedia
På begge desse finn du lenker til meir stoff.

http://www.nationen.no/nyheter/article2417779.ece
Artikkel om Kyrkjemøtet i Nationen med mange lenker

www.kirken.no/index.cfm?event=downloadFile&nodeid=22981 –
PDF-fil med statsråd Giskes tale til Kyrkjemøtet 2006

http://www.kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=109894
Høringsuttale frå Agder og Telemark bispedømmeråd

Aktuell time onsdag 22. november 2006

Ansvarleg for programmet var Ørnulf Hasla, som hadde med seg **Vidar Homme** som første gjest. Vidar er tilsett som banksjef i **Valle sparebank**, og i programmet fortalde han at han kom til å begynne 1. februar. Dei prata saman om laust og fast rundt bank og bygd, ein koseleg halvtime i studio. Vidar fortalde at han han nok tykte det hadde vore kort tid i jobben i Bykle, men når høvet bydde seg fram, tykte han at han ikkje kunne late vere å søke på jobben, sjølv om det vart ein kort periode i Bykle.

Deretter kom **Per Kristiansen** i studio og fortalde om planane for **regionalt kulturhus** i Valle. Planen er å få ein scene som gjer at Riksteateret kan kome til bygda att, den må vere 15 x 8 meter, medan noverande scene er bare 12 meter. For å få dette til, ligg kalkylane på om lag 11 millionar kroner, og då er det planen å få amfi i salen. Ein vil og satse på å få opplegg for kino etter ny modell, og lydutstyr vert slik at ein bare kan plugge i kontakten.

Til slutt i den aktuelle timen prata Ørnulf med **to nederlandske elevar** som har vore i Valle for å lære å lage sylvsmykke i filigran-teknikk, som er teknikken ein nyttar for å lage bunadsylv. Dei skal saman med dei andre i klassen ha utstilling i Velkomstsenteret neste onsdag, 29. november, frå klokka 17, og inviterte alle til å kome og sjå på arbeida dei stiller ut.

I Kommunen informerer var det **Ingvar Nes** som kom, og han hadde aktuell informasjon å dele med lyttarane.

Odd Børretzen 80 år

Han har gjeve oss så mange flotte viser og tekstar, denne trubaduren og forfattaren med mange ulike bøker og plater på samvitet. Eg nytta stoff frå wikipedia då eg kåserte om dagens jubilant, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Odd_B%C3%B8rretzen

I samband med kåseriet spelte eg ”Hva er vakrere enn en blomst på marken”. Han har gjeve oss mange gledesstunder i radioen med tekstane sine, så også vi i Valle radio sender gratulasjonar i høve dagen.

Onsdag 22. november

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

**Program**
18:00 Aktuell time med intervju av Vidar Homme
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Musikk eg likar. Ved ungdomar frå Valle
21:00 Open sending ved Øyvind og Ørnulf

I Setesdølen tirsdag 21. november stod denne omtalen av programmet:
**Banksjefen i Valle radio**
VALLE: Onsdag byr Valle radio på eit intervju med Vidar Homme, den nye banksjefen i Valle sparebank i Aktuell time. Då får du truleg høyre meir om kvifor han vender tilbake til Valle etter ein kort karriere i Bykle kommune.