Hylestad skule

Hylestad skule er barneskule for Rysstad. Omtale av skulen på kommunen sine heimesider finn du her:
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_hylestad_skule.htm

Astrid Opdahl Knutsen er rektor, og onsdag kveld var det hennar tur til å kome i Valle radio sitt program Kommunen informerer.

Astrid ringte meg på måndag for å førebu seg, ho sa at ho trudde ikkje ho hadde så mykje å snakke om, det meste ho visste, var kjent frå før. Men tysdag kom Setesdølen, og der var det ei heil side med stoff frå Hylestad skule. Den var laga av 6. klasse på skulen i samarbeid med læraren deira, Knut Brokke. Astrid fortalde at det er eit prosjekt Setesdølen inviterer skulane til å vere med på, og det går rett inn i det faglege arbeidet for dei å arbeide med dette. Sjå
http://www.setesdolen.no/ Du finn ikkje sida frå Hylestad skule her, Setesdølen legg bare ut framsida av avisa på nettet.

Desse elevane hadde laga sida: Svein Håvard Helle, Knut Helge Bratteland, Knut Haatveit Hovet, Kristin Elisabeth Helle og Grethe Bjørgum. Her hadde dei ein samleartikkel om skulen der dei skriv om uteområdet, dagleg trim, ombygging, nye datamaskinar, miljøprisen, fadderordninga og elevrådet. I samtalen mellom Astrid og meg var vi innom mange av dei same punkta.

Astrid fortalde at ho lurte på om det kom til å vere noko att å fortelje om i radioen etter at dei hadde skrive om skulen, men eg meinte at ho hadde gjeve det beste opplegget for programmet gjennom å gje lyttarane høve til å finne fram avisa og lese om det vi snakka om.

Uteområdet til skulen er blitt svært bra, og no når bilane er kome lenger bort frå sjølve skuleplassen, fungerer det godt å få til oppstilling før dei skal gå på bussen. Leikeområdet kan ein nesten seie er unikt med gode variasjonar både sommar og vinter. Skulen har eit kvarter trim kvar dag klokka kvart på ti. Då går både lærarar og elevar til Sylvartun eller til krysset der vegen går til Hovet og Bjørgum og tilbake til skulen. Anten veret er godt eller mindre godt, dei går i all slags ver.

Ombygginga ved skulen har vore vellukka på alle måtar. Siste delen er ferdig og arbeidsrom til personalet er no fullført med gode arbeidsplassar til alle lærarane så vel som til rektor. Kopiering og skulemateriell er no samla slik at det er lett å finne.

Kvar månad deler skulen ut miljøpris til den klassen som er best når det gjeld miljø, både fysisk og psykisk. Dei får vurdering av reinhaldar Randi Uppstad når det gjeld reinhald i klasseromet, og av lærar i samarbeid med klassen når det gjeld miljøet mellom elevane. Skulen har og etablert ei fadderordning der elevane i 6. klasse hjelper elevane i fyrste klasse.

Meir enn dette nådde vi nesten ikkje. På sidene i Setesdølen står det og at skulen var med i Regnsjekken som NRK organiserte i Ekstremvêrveka, veke 39. Det fekk vi ikkje tid til å ta opp, men Astrid hadde funne musikk der dei rappa tre-gangen, og saman undrast vi på kvifor ein ikkje hadde gjort noko liknande då vi gjekk på skulen. Ved å setje musikk til gangetabellen gjekk det mykje lettare å lære den.

Dette førde oss inn på Kunnskapsløftet, som er namnet på den nye læreplanen som vart innført i haust. Det er store utfordringar med nye planar, dei skal både lærast av lærarane og impelementerast på skulen. Astrid fortalde at den nye planen har vekt på læringsmål, ikkje lærestoff. I alle fag er det fem grunnleggjande dugleikar som går att: Munnleg, skriftleg, lesing, rekning og digitale verktøy. Alle kommunane i Setesdalsregionen har gått saman om å gå gjennom fagplanane og gje dei meir kjøt på beina, slik at ikkje alle må finne opp krutet på nytt.

Astrid minna meg og om at eg hadde laga eit intervju med henne for eit halvt år sidan og at vi då hadde snakka om at dei skulle på studietur til Telemark for å lære om Læringsstrategiar. Det hadde vore ein vellukka tur og dei var svært oppglødde for dette etter turen. Eksemplet med matematikk og musikk syner at ein kan lære på mange måtar, og ved å ta i bruk kunnskapen om dette, kan ein hjelpe elevane til betre læring.

Til slutt fortalde ho om Prosjekt Livredning, som er eit tilbod til alle i 7. klasse frå Norsk Luftambulanse. Alle elevane har fått ei mini Anne-dokke. Den skal dei bruke til å lære opp flest mogleg heime i livredning. Ho oppmoda alle til å ta vel imot elevane når dei kjem heim med dette og fortalde at resultatet skal registrerast og nyttast i forskning. Målet er at 60.000 skal lære livredning gjennom dette systemet.

Kvinnedominert onsdagskveld

Denne onsdagskvelden, 8. november, vart svært kvinnedominert i Aktuell time. Første person ut var **Gro Haatveit Hovet**. Ho er leiar i soknerådet og fortalde om arbeidet dei har gjort i samband med høyringsuttale om stat og kyrkje. Det hadde vore ein stor NOU med mange problemstillingar, og møtet hadde hatt ein frisk debatt før dei landa på at dei ville ha det slik som det er no. Avrøystinga synte 5 mot 2.

Så kom **Astrid Nomeland** og snakka om trygg trafikk. Deretter tok vi ein telefon til **Valborg Nomeland**, som har trekt i trådane for å få til ei så godt framsyning som råd når Kardemommeby går av stabelen fredag, laurdag og sundag, alle dagar klokka 18. Prisen er 75 kroner for både store og små. Medan vi tala i telefonen, gjekk generalprøven for full musikk, og Valborg gledde seg over at det såg ut til å gå godt i den siste gjennomkjøringa før premieren.

Til slutt kom **Marit Salvesen** og fortalde om Aksjon Håp. Ho er med i komiteen for denne innsamlinga som skal gå føre seg sundag 10. desember. Marit fortalde litt om prosjekta og at komiteen trong bøssebærarar. Dei treng 28 personer til å gå rundt, og då dekker dei heile kommunen. Marit fortalde og at ho var med i dette gjennom Prestegårdens Misjonsforening, som er over 100 år og arbeider for NMS, men at prosjekta som desse misjonsorganisasjonane står for i samband med Aksjon Håp, ikkje er misjonsprosjekt, men diakonale utviklingsprosjekt for å skape eit betre liv for folk som ikkje har det så godt som oss.

Fire kvinner var ressurspersonar i den aktuelle timen. Den femte kom i Kommunen informerer. Då var **Astrid Opdahl Knutsen**, rektor på Hylestad skule, gjest. Det skal eg kome tilbake til i eit eige innlegg her på bloggen.

Endeleg stod **Jorunn Lund Harstad** for den opne sendinga. Summen her vart altså seks kvinner i Valle radio denne kvelden. Mennene glimra ikkje heilt med fravær. Eg var jo der, Torleif B. Harstad hadde Tankar frå Bibelen klokka 19:30, og timen frå 20 til 21 stod Ånund K. Homme for. Siste mann på lufta var Hallvard Tveit, som var saman med Jorunn i Open sending. Men kvinnene dominerte denne kvelden.

Trafikktryggleik og litt til

I timen med Aktuelt nytt onsdag fortalde Astrid Nomeland om reaksjonen ho hadde hatt då ho las i Setesdølen om fartsdumpane som det no er vedteke skal kome på gamlevegen frå krysset ved Georg Viki sitt hus, der gamlevegen går bort til Valle skule. Det er i samband med at det er vedteke å setje ned farten til 30 km/t at Planutvalet har vedteke eit framlegg frå Knut Haugland i staden for innstillinga frå rådmannen.

Astrid fortalde at ho hadde teke til orde for å få fartsdumpar i vegen på byggefeltet på Rysstadmo alt då borna hennar var små, det er jo nærare 30 år sidan. Då hadde ho fått til svar frå kommunen at ein ikkje ville ha fartsdumpar i Valle kommune.

Vedtaket i oktobermøtet var difor ei oppmuntring for henne, og notisen i Setesdølen skapte engasjement att for dette.

I programmet var me samde om at det som tende henne, var den minste notisen i avisa denne dagen. Fire små linjer på ei spalte, det var alt som skulle til.

Då eg snakka med redaktør Sigurd Haugsgjerd om dette torsdag, sa han at erfaringa hans var at slike små notisar vart lesne av svært mange og at det kunne liggje mykje god nyheitsjournalistikk i dei. Han kunne og fortelje at dei nok var flinkare før til å lage notisar av referata frå slike utvalsmøte i alle kommunane enn dei er no. -Før fekk vi store haugar med dokument tilsendt til redaksjonen, no må vi gå på nettet og leite fram stoffet, sa han. Det er ikkje sikkert at vi gjer det like systematisk som då vi fekk papirbunkene.

Astrid var ikkje sikker på om ho ville klare å få folk med seg på å få fartsdumpar i byggefeltet på Rysstadmo. Men ho meinte at sjølv om det ikkje lenger er mange ungar der, så er det desto fleire barnebarn på besøk. Før var det også meir ope, no er det grodd opp hekkar alle stader, så det er meir uoversiktleg. Fartsdumpar og 30 km/t skilt aukar tryggleiken.

Open sending 8. november

Programmet var ved **Jorunn Lund Harstad** og ho hadde med seg **Hallvard Tveit** i studio. Rebusane handla om aktuelle ting om hausten, og desse vann:

* Turid Brottveit: Valle radio-krus
* Signe Lund: Valle radio-sekk
* Ingebjørg Lauvstad: Rose
* Pål Dale: Radio
* Angjerd Uppstad: DVD Den norske mann
* Ingebjørg Vegestog Homme: Gåve frå Gyro K. Homme

Postludium 7. november 2006

I kveld presenterte eg musikk frå plata Frygdesong av Stein Røe. Stykket var **Conrad Baden: Partita over folketonen “Jeg ser deg, o Guds lam å stå”**. Det er eit verk i 8 deler: (spor først)
12: Tranquillo
13: Partita 1
14: Partita 2
15: Partita 3
16: Partita 4
17: Partita 5
18: Partita 6
19: Partita 7 Koral

Orgelet var det nye Torkildsen-orgelet i Grue kyrkje.
http://www.btorgel.no/hXGXCT2tDW0P.7.idium Torkildsen
http://no.wikipedia.org/wiki/Grue_kirke Grue kyrkje

Organisten Stein Røe har og vore solist i orgelkonsertar med orkester, mellom anna av Händel. Difor valde eg å avslutte kvelden med ein slik konsert, der Simon Lindley spela orgel i Holy Cross Church, Fenham, England med Northern Sinfonia dirigert av Bradley Creswick. Det var ei Naxos-plate, nr. 8.553835 **HANDEL: Organ Concertos, Op. 4, Nos. 1-6**

Meir om plata finn du hos Naxos: http://tinyurl.com/y8ww25

Organ Concerto in F major, Op. 4, No. 4
13. I. Allegro 03:47
14. II. Andante 05:43
15. III. Adagio 01:07
16. IV. Allegro 03:20

Dermed var kveldens sending over.

Dagens Mozart

Tysdag 7. november hadde eg funne fram musikk frå opera-sjangeren. Mozart laga jo mange operaer. Vi høyrde:

Frå **Die Entführung aus dem Serail**: Durch Zärtlichkeit und Schmeicheln.

Frå **Die Zauberflöte**: Der Vogelfänger bin ich ja og
Papagena, Papageno

Tryllefløyta gjekk for fulle hus det året han døydde, 1791.

Plata var Naxos 8.550435 Mozart Arias and Duets. Her er lenke til plata hos Naxos: http://tinyurl.com/y2dxs4

Om du vil vite meir om Tryllefløyten, kan du gå til wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Tryllefl%C3%B8yten Der finn du lenker til mykje informasjon.

Om du vil vite meir om Bortføringa frå Seraiet, kan du gå til engelsk wikipedia:
http://en.wikipedia.org/wiki/Die_Entf%C3%BChrung_aus_dem_Serail

Om Mozart kan du finne stoff i den nynorske wikipedia:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Amadeus_Mozart

Mentalitetsendring?

Vegen mellom Valle sentrum og skulane har 60 km fartsgrense og mange syklande og gåande dei fleste dagar i året. Det er ingen gang/sykkelveg frå Valle motell/ Valle kyrkje. År om anna har det kome røyster for å lage ein gang- og sykkelveg på strekningen, men det har nok mest vore tale for døve øyre.

I dag stod det i avisa at fartsgrensa på vegen forbi Valle skule skal reduserast frå 50 km/t til 30 km/t. Det skal i tillegg lagast fartsdumar på strekninga langs gamlevegen.

Eg leita meg fram på heimesidene til planutvalet sine møte og fann at det må ha vore i møtet i oktober dei vedtok det. I møteboka står det:
Fartsgrensa forbi skulen vert 30 km/t med fartsdemper. Fartsdemper vert å innarbeidde i budsjett.

Rådmannen hadde ei anna innstilling: Planutvalet vedtek at fartsgrensa på strekninga frå vegkrysset til Valle skule til Harstad oppretthaldast som i dag (50 km/t). Fartsgrensa må vurderast i arbeidet med ny trafikkløysing for området.

Det var altså framlegget frå Knut Haugland som vart samrøystes vedteke i møtet. Eg lurer på om det har skjedd ei mentalitetsendring.

Sakspapira til denne saka tyder ikkje på det. Eg siterer om bakgrunnen: FAU ved Valle Skule har i brev av oppmoda Valle Kommune å sette ned fartgrensa på strekninga frå Valle kyrkje til Harstad. FAU syner til konflikt mellom trafikktilhøva og bruk av strekninga som skuleveg.

FAU ønskjer 50 km/t frå kyrkja til vegkrysset ved skulen, og 30 km/t på det resterande.

Strekninga frå sentrum til krysset ved skulen er fylkesveg, og Statens Vegvesen er vegstyresmakt. Oppmodinga er vidaresendt for dette strekket, og Statens Vegevesen har avslege søknaden.

Strekninga frå krysset til Harstad er kommunal veg, og planutvalet er då vegstyresmakt.

Deretter går ein over til å skrive under avsnittet som kallast vurderingar:

I medhald av skiltforskriftene er oppmodinga oversendt politiet til uttale. Valle og Bykle lensmannskontor vil ikkje tilrå 30 km/t utan at ein gjer andre tiltak som verkar fartsdempande, t.d. oppbygde fartsdemparar i vegbanen.

Administrasjonen har starta arbeid med ei ny trafikkløysing for området. Dette ut frå ei heilskapeleg vurdering av trafikktilhøva og omsyn til myke trafikkantar. Arbeidet vil gje ei endring av eksisterande reguleringsplan og ei fysisk omlegging av vegen. I høve til dette synast det lite hensiktsmessig og gjere fysiske tiltak i vegbanen på nåverande tidspunkt.

Men slik gjekk det ikkje. Planutvalet ville ikkje vente, kanskje dei meiner at ein har venta lenge nok. Eg meiner det hadde vore betre å skilje mjuke trafikantar frå biltrafikken ved gang/ sykkelveg. No er vedtaket å setje ned fartsgrensa og fylgje politiet si oppmoding om å lage fartsdumpar for å få folk til å rette seg etter den.

I mitt spørsmål ligg også oppmoding til ettertanke. Kanskje er det andre vegar i kommunen som kunne trengje tilsvarande vedtak?

Program onsdag 8. november

Onsdagsprogrammet vert slik denne veka:

Ansvarleg:Harald Haugland til kl. 21.00, deretter Jorunn Lund Harstad
Teknikar: Geir Uppstad
Telefon: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Musikk
21:00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad

Eg har altså ansvaret for fyrste delen av kvelden. Alt no kan eg melde at fyrst i **den aktuelle timen** kjem **Gro Haatveit Hovet**, som er leiar i soknerådet, for å fortelje om vedtaket som er gjort i spørsmålet om å skilje kyrkje og stat. Deretter kjem **Astrid Nomeland** for å snakke om trafikktryggleik før vi tek ein telefonprat med **Valborg Nomeland** om Kardemommeby, som har generalprøve. Til slutt kjem **Marit Salvesen** i studio for å fortelje om Aksjon Håp i Valle.

I **Kommunen informerer** kjem rektor **Astrid Opdal Knutsen** på Hylestad skule for å fortelje om aktuelt frå deira ståstad.

Om Axel Krogh i Fædrelandsvennen i dag

Over nesten heile side 8 i Fædrelandsvennen del 2 i dag skriv avisa om Olav Holen og arbeidet for å ta vare på huset etter diktaren Axel Krogh. I faktaruta “I korte trekk” heiter det:

Forfatteren Axel Kroghs (1892 – 1980) dikterstue på Langeid i Bygland har i mange år stått til nedfalls. Bygningene den er satt sammen av er 350 år gamle. Ildsjeler med interesse for den særmerkte forfatterens dikterstue og bøker prøver å redde bygningen og ta vare på Kroghs historie.

Artikkelen er ikkje lagt ut på nettet enno, men gå inn på http://fvn.no/ og søk, kanskje blir han lagt ut seinare. Du kan jo og slå opp i avisa, det er bilete ¨både Olav Holen og diktaren der.

Ikkje alle kveldar er like lette å lage radio

Onsdag kveld er **Bjørgulv T. Berg** sett opp som programleiar og Rolf Erik Homme sett opp som ansvarleg for Open sending. Men ikkje alle kveldar er like lette å lage radio, og denne kvelden er ein av dei.

For det fyrste: Rolf Erik reiste til Peru på tre vekers ferie i dag. Men han hadde fått Jorunn Lund Harstad til å ta over, så siste delen av kvelden går nok greitt.

For det andre: Denne kvelden er det generalprøve på Kardemommeby. Bjørgulv har ei rolle i skodespelet som skal gå i Storstoga fredag kveld, laurdag kveld og avsluttast sundagskvelden. (Alle kveldar klokka 18 etter det eg veit.) Når du har ei rolle i eit slikt spel kan du ikkje seie at du ikkje kan kome på generalprøven. Men kva med radioen?

Eg meiner prinisppielt at vi må prøve å halde sendeplanen så sant det er råd. Det er på ein måte ei kontrakt med lydarane. Spørsmålet om å ikkje starte før til open sending klokka 21 er difor ei naudløysing som bør sitje langt inne. Kan ikkje ein annan programleiar overta?

Men sjølv hadde **eg** tenkt å reise til kysten onsdag ettermiddag, for eg hadde eit oppdrag der torsdag. **Ørnulf Hasla** er reist til Syden og er borte i to veker, **Theis Salvesen** måtte gå inn i Kardemommeby på kort varsel då ein annan av skodespelarane, Ingvar Nes, fekk dødsfall i familien og måtte hoppe av heile prosjektet.

Slik stoda er no har vi i haust fire programleiarar som pleier å kunne ta seg av fyrste delen av kvelden. Til vanleg pleier det å vere nok, kvar av oss får ansvaret for ei sending om lag ein gong i månaden, og vi synest det er greitt nok.

Den som etter oppsettet over var minst bortreist/ oppteken denne kvelden, var eg. Konklusjonen vart difor at eg får ansvaret for fyrste delen av kvelden, og så kan eg reise nedover når natta fell på. Det vert altså sending – denne kvelden og. Vonar du har høve til å høyre på.