Varmt

Når det blir så varmt som i dag, går eg i dvalemodus. Men ved ein feil frå avisbudet kom det sju aviser i postkassen i dag: Norge IDAG, Dagen, Vårt Land, Klassekampen, Aftenposten, Lister og Fædrelandsvennen. Lindesnes mangla, men det kom nabo Jean med då dei andre var på bytur.

Å lese så mange aviser i steikande varme er ikkje så lett. Men eg har teke gode pausar og drukke mykje vatn, så eg har vel kome gjennom dei på eit vis. Torsdag fekk eg ikkje Setesdølen, det er verre ein at eg fekk ei overflod av aviser i dag, for Setesdølen er grunnlag for artiklar på Setesdalswiki. Kan hende skulle eg bruke nokre av avisene eg fekk for å lage artiklar om dei. Eg får sjå kva eg orkar.

Då kvelden seig på og det vart noko kjølegare, hadde vi pitapizza på terrassen. Vi kunne kjenne angen av nyslege gras, takk til Tor Arne Frivold som gjer jobben for oss og slik held kulturlandskapet rundt oss ope.

Stor honnør til Siri Johannessen som i varmen sat som teknikar i Valle Radio og overførte frå Landskappleiken på Rjukan slik at lyttarar på Valle Radio kunne få høyre kva som skjedde der. Sigrid B. Berg vann kveding i klasse B og Salve Høgås frå Birkenes fekk gullmedalje for fela han hadde laga. Margunn Haugland tok bilde av alle avisenei varmen:

Åpne bilde

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *