Merkelapp-arkiv: wikipedia

Gjerdrum

Som eg skreiv i går bur Sigmund og Margaret i Gjerdrum. Det er ein kommune som ligg mellom Oslo og Gardermoen, Norges hurtigst voksende kommune, seier wikipedia.

I dag såg eg litt på kva wikipedia har om kommunen, og det var alt for lite. Hovudartikkellen er kort, i kategorien er det 14 artiklar, seks av dei handlar om vegar, så då er det ikkje att mykje til å fortelje om denne kommunen. Valle har mykje meir informasjon om kommunen med 1300 innbyggjarar enn Gjerdrum med 5.500 innbyggjarar.

Men slik vert det med eit brukarstyrt leksikon. Om det ikkje er nokon frå bygda som tek ansvar og skriv, vil det bare bli dei viktigaste basisopplysningane som vert lagde inn. No for tida går det ein konkurranse om å skrive gode kommuneartiklar på wikipedia. Det er jo ein viktig jobb å ha gode artiklar om kommunane. Det er mange som treng å få meir kjøt på skjelettet.

Ei samanlikning mellom wikipedia og Store Norske fall ut til wikipedias fordel. VG hadde samanlikna fem stoffområde, og wikipedia matcha historie og slo klart store norske på dei artiklane som hadde vorte samanlikna innanfor andre sjangrar. Eg gleder meg over det og veit at det vil ikkje gå så lenge, så er det andre som vurderer wikipedia og kjem til andre resultat. Men ei lita stund kan ein glede seg over at andre verdset det arbeidet vi gjer på wikipedia.

Våren og wikipedia

Det vårast, og det er ei god kjensle når kveldane vert lysare og lufta mildare. Eg såg at postbilane fekk sommarhjul i dag, tida for det er jo nå, helga etter påske. Spesielt viktig er det for dei som har piggdekk, vi som køyrer piggfritt er ikkje så utsette.

Kona mi var i kvinneforening i Mandal sist veke, og då var det ei av dei som var på møtet, som hadde vore ute med plenklypparen. Det sprett i trea og, folk med pollenallergi merkar det sikkert alt no.

Men alt i alt er våren ei viktig tid for å gje nytt mot til dagen og livet.

Truleg var det våren som fekk nokre wikipediaskribentar til å gå over stokk og stein i dag. Klassen hadde truleg ein time der dei fekk bruke internett, og så kom det meldingar som var langt over streken i høve til det sømmelege. Vi som skriv på wikipedia har eit system for å oppdage slikt og fjerne det, og mykje av tida går med til å rydde når rampen har vore ute.

I dette tilfellet fann eg ut at adressa det kom frå, var ein skule, så eg skreiv til kommunen og synte kva som kom frå maskina der. Då vart det vårreingjering i skulestova. Nokre timar seinare kom det svar frå kommunen om at eleven vart utestengt frå skulenettet ein månad. Han orsaka seg med at han ikkje visste at andre kom til å sjå det han skreiv. Men internett er ope, alle kan sjå det ein skriv og meir til. Så sjølv om våren er komen, bør ein ikkje miste fatninga.

I hovedtrekk var dette kåseriet mitt i kveld i Valle Radio.

Å bruke nettet

I går skulle eg skrive på bloggen. Eg prøver å gjere det kvar dag, det veit jo de som les det eg skriv. Men på Internett er det ei teneste der ein kan chatte, det vil seie snakke med andre brukarar som ein har kontakt med. Eg har ikkje kontakt med så mange, men i går kveld kom ein av wikipedia-venene mine innom då eg skulle til å skrive bloggen. Han hadde mykje interessant å snakke om, så minutta flaug av stad, og plutseleg var det blitt ein ny dag utan at eg hadde fått ned noko her. Det får no våge seg, når klokka har passert tidspunktet er det ikkje så mykje ein kan gjere. Men eg vonar eg får lagre innan fristen i kveld.

I wikipedia-samanheng er det godt å kunne ha den funksjonen, for då kan vi hjelpe kvarandre med å finne stoff til artiklar vi held på med. Akkurat no går det ein konkurranse på bokmåls-wikipedia som heiter Løft stubbene. Det betyr at vi skal gjere ein innsats for å utvide korte artiklar. Vi er om lag 60 deltakarar til no. Konkurransen skal gå i heile mars. Då vi starta var det 17620 artiklar under 500 bytes, til no i kveld har vi utvida 787 av dei. Så det går ikkje så fort, men vi snakka litt om det og var samde i at det ikkje er så lett som ein skulle tru.

Sjølv har eg utvida nokre artiklar om kyrkjer og nokre om tettstader i Sverige. I dag utvida eg ein artikkel om ein kommune på Island, men eg fann ikkje nok stoff til å få artikkelen over 1000 bytes. Men vi har ei islandsk jente som skriv på norsk wikipedia, ho har budd i Norge då ho var yngre. Henne kunne eg spørje om å fullføre, og dermed kom artikkelen ganske fort over streken. Google kan oversette frå mange språk, men ikkje frå islandsk, så eg står fast når eg skal hente stoff. Men ho gjorde ikkje det, og no er artikkelen om kommunen utvida og har fått bilete og kart.

Her ser du artiklane eg har utvida til no:
http://toolserver.org/~laaknor/stubbkonk.php?username=Harald+Haugland
og her er artikkelen som ho fullførte for meg: http://no.wikipedia.org/wiki/Hrunamannahreppur

"Løft stubbene"

Dette er ein konkurranse på wikipedia som går ut på å utvide stubbar. Stubbar er korte artiklar, kanskje bare eit par linjer. Dei fleste av desse kan utvidast noko, og vi har laga ei liste på 17560 slike korte artiklar som er grunnlaget for konkurransen, som går ut på å få ein artikkel opp til over 1000 bytes, det vil seie 6-7 linjer. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:L%C3%B8ft_stubbene_mars_2009

I vinterferien har eg kost meg med det i periodar. Det har ført meg rundt om i verda, mykje lenger enn om eg skulle dratt på tur. Til å reise på ein slik tur eller kanskje heller slike turar i det som dei kallar ” in real life – IRL” måtte eg brukt meir tid og pengar.

I dag har eg på den måten vore ein tur i Hanstholm i føremiddag og ein tur i Hauge i Dalane i kveld. I føremiddag utvida eg artikkelen Hanstholm fyr, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hanstholm_fyr og i kveld var det artikkelen om Hauge i Dalane, sentrum i Sokndal kommune som fekk litt fleire linjer, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hauge_i_Dalane

Konkurransen starta 1. mars og skal halde på ut månaden. Når ein skriv april, er det slutt. Til no har vel 40 personar løfta knapt 400 artiklar, så om trenden held seg, skulle vi klare å utvide eit par tusen av dei som er på lista.

Å gjere dette er å betre kvaliteten på wikipedia. Målet med nettleksikonet er å bringe kunnskap til folk utan at dei må betale for det. Etter at wikipedia på norsk starta i 2002 og i 2004 vart delt i ei utgåve på nynorsk og ei på bokmål, har bokmålsutgåva no fått 210.000 artiklar, medan nynorsk har vel 46.000. Suksessen til wikipedia har ført til at Store Norske Leksikon no er blitt fritt, før måtte ein abonnere på det, men no kan kven som helst gå inn på nettsidene til leksikonet.

Arbeidet med å utvide wikipedia har blitt gjort av ein del tusen entusiastar, sjølv om den harde kjerna av eldsjeler er om lag 100. Svært mange nye artiklar kjem frå uregistrerte brukarar, vi som er registrerte, brukar ein del tid og krefter på å rydde og fikse, wikifisere kallar vi det. Difor vil du finne eit heilskapleg system når du går til ein artikkel i wikipedia.

Løft stubbene

I dag starta ein ny konkurranse på Wikipedia. Den kallar vi Løft stubbene, for vi vil gjerne at stubbar, det vil seie artiklar under 500 bytes, skal bli over 1000. Etter at konkurransen starta ved midnatt, vart eg ivrig og utvida eit par stubbar, og plutseleg var klokka eitt, og då startar ein ny dag på bloggen. Dermed fekk eg ikkje blogginnlegg på siste dagen av februar. Elles har eg klart å ha eit innlegg på bloggen alle dagane i februar i år.

Det som engasjerte meg så sterkt, var Arne Garborgs fedrelandssalme Gud signe Noregs land. Bokmålswikipediaen, som eg skriv på, hadde ein liten artikkel om salma, medan nynorsk hadde ein større artikkel. Så vart eg ivrig og ville utvide bokmålsartikkelen. Her er resultatet: http://no.wikipedia.org/wiki/Gud_signe_Noregs_land Til venstre på sida er lenke til den nynorske artikkelen. Dei har og med originalteksten. I Norsk Salmebok er bare fem vers tekne med av dei åtte som Garborg skreiv.

No er ein ny månad starta. Eg klarar i alle fall å skrive ein artikkel for 1. mars, men om det vert stubbane på wikipedia som kjem til å ta overhand denne månaden, veit eg ikkje. Eg håpar ikkje det, for bloggen er ei stor glede for meg å lage, sjølv om det av og til vert ein del funderingar på kva eg skal skrive om. Den som lever, får sjå.

Store Norske Leksikon

I nokre år har Store Norske Leksikon vore tilgjengeleg på Internett mot betaling. I går vart det fritt, det vil seie at kven som helst kan gå inn på http://snl.no og lese artiklar frå leksikonet. Dei har og lagt inn artiklar frå Medisinsk leksikon og Biografisk leksikon i same systemet, så no blir det sagt at dei har 300.000 artiklar.

Wikipedia hadde ein konkurranse på tampen av fjoråret og nådde 200.000 artiklar før jol. I skrivande stund er det knapt 210.000 artiklar på bokmål og vel 46.000 artiklar på nynorsk wikipedia. Den store føremonen med wikipedia er at det er versjonar på så mange språk. På engelsk er det over 2.763.000 artiklar, og tysk har 872.097 artiklar når eg skriv dette. Så om ein kan eit av desse språka, får ein tilgang til mykje stoff i tillegg til det norske på http://no.wikipedia.org

Store Norske Leksikon har vore eit godt papirleksikon. Men utgåva på Internett er ikkje så imponerande enno, så langt eg kan sjå. Grunnen til det er at ho ikkje tek i bruk det som er spesielt med internett-tekstar, det som vert kalla hyperlenking. Å kunne lenke til ein annan artikkel, som ein så kan nå med eit trykk på denne lenka, rett frå teksten ein les, det er ein føremon som wikipedia har nytta seg mykje av. Når eg skriv ein artikkel i wikipedia, lagar eg ei lenke ved å setje ein dobbel hakeparentes rundt ordet som eg lenkjer, og plutseleg så kan lesaren gå til den artikkelen.

Svært mange har vore opptekne av lanseringa av SNL på nett, gratis. Det er naturleg, ein er van med å finne stoff gratis på internett ved hjelp av søkemotor. Wikipedia har fått ein ranking hos Google som gjer at artiklar der kjem høgt på listene dei lagar. Det spørs korleis det går med SNL, om dei får så høg ranking at dei kjem høgt opp og dermed får trafikk. Dei treng trafikk, for tanken er at dei skal løne skribentar og då må dei ha inntekter. Det skal dei få frå annonsar, og utan trafikk vert det få annonsar.

Vi som skriv på wikipedia, har hatt forventningar til at Store Norske Leksikon skal bli gratis å bruke. Ikkje fordi vi vil skrive av, men fordi vi då kan kontrollere det vi sjølve skriv opp mot det som står der. Eg trur det vert ein rikdom for alle som les norsk å ha fleire slike kjelder til kunnskap tilgjengelege. Men med få hyperlenker og få bilete verkar ikkje førsteinntrykket å vere så skræmande som eg trudde det skulle bli. Ingen veit korleis det vert om tre år, så eg er spent på korleis det utviklar seg.

Tradisjonsmat

Onsdagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med dei som står bak Åseral Tradisjonsmat og med Marton Laksesvela, som sel røykt og turka kjøt frå sauer som har gått i Setesdalsheiane om sommaren. Eit poeng med samtalen var at det var ganske mange reglar og ordningar dei måtte tilpasse seg, så det var ikkje lett å drive slike nisjeverksemder. Likevel ville dei ikkje klage på situasjonen, det er viktig med strenge kvalitetskrav frå Mattilsynet for å kunne levere topp produkt til god pris.

Turka, røykt sauekjøt er vel elles ein viktig ingrediens i Setesdalssuppa, så om ikkje nokon leverer det, vil det gå tilbake med tradisjonsmaten i bygdene. Men då eg gjorde eit søk på google, var det ikkje mange treff på det ordet, bare 25, og ingen med oppskrift. Det einaste eg fann som fortel om korleis denne suppa er, var ei linje: Setesdalssuppa er laga av røykt eller turka sauekjøtt med diverse grønsaker.

Eg får sjå om eg kan finne ei oppskrift når eg kjem til Setesdal att. Setesdalssuppe bør nok få ein artikkel på wikipedia snarast råd. Tradisjonsmat høyrer heime i vår moderne tid, og då må oppskrifta finnast på Internett.

St. Olavs Orden

I går høyrde eg i radioen at Paal-Helge Haugen har fått St. Olavs Orden. Då tenkte eg at det var vel fortent. Vi var på Setesdalsmuseet då Kirsten Bråten Berg fekk utmerkinga, det vart program og innlegg på bloggen, sjå http://valleradio.blogs.no/2005/11/27/st_olav_til_kirsten_braten_berg~341729

Over tid har wikipedia etter kvart fått mange artiklar om folk som har fått St. Olavs Orden. http://no.wikipedia.org/wiki/St._Olavs_Orden Då eg skulle oppdatere artikkelen om Paal-Helge Haugen, hadde andre alt vore inne og gjort det, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Paal-Helge_Haugen I kveld var det over 800 artiklar i kategorien St. Olavs Orden på wikipedia. Sjå nederst på sida om ordenen, så finn du kategorien. Med så mange artiklar, er det ikkje lett å halde oversikt, men til no har det vore måten ein har ordna det på.

Sjølv har eg skrive nokre av dei biografiartiklane, kanskje 25 av dei 807. Men wikipedia er eit stort prosjekt som har mange skribentar.

Salmediktaren Svein Ellingsen har fått St. Olav, http://no.wikipedia.org/wiki/Svein_Ellingsen
det gjorde også organisten Arild Sandvold. http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Sandvold

Ta ein titt på lista og sjå om du finn nokon du vil lese om.

Her er Fylkesmannen i Vest-Agder si liste over folk som nyleg har fått St. Olav og Kongens fortjenstmedalje. http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=327

Der finn du Ernst Håkon Jahr, Ovin Udø, Astrid Hareide og Gunvald Opstad, mellom andre.

Bøker er den beste jolegåva 2

Av og til føler eg det slik at det einaste eg kan kjøpe det er kolonialvarer og bøker. Andre butikkar går eg greitt forbi, men ein bokhandel fungerer som fluepapir. Fretex og bruktbutikkar har same funksjonen, og i dag saug ein slik butikk i Mandal meg inn til ein halv time framom bokhylla. Ut kom eg med fire bøker til Fretex-pris. Men så var det å få lest dei.

Ei av bøkene var Sigvard Engesets Slik som det var, ei minnebok den kjente salmediktaren gav ut i 1974, same året som han døydde. Han døydde forresten 1. juledag. Her er lenke til artikkel om han på wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Sigvard_Engeset

Kan hende kjem det meir seinare, men det får vere nok for i kveld

Deilig er den himmel blå

Det er jo naturleg at wikipedia i joletida får artiklar som handlar om jol. I dag kom det ein som skreiv seks ord etter at tittelen over var skriven. Kjent julesalme. Dansk folkemelodi. Tekst : N. Grundtvig Bare tre av desse orda var rette. Salma har ikkje ein dansk folkemelodi, og diktaren heiter ikkje N., om ein skal bruke initialar, må det bli N.F.S.

Av og til lurer eg på korleis folk får seg til å skrive så lite når dei får god plass i det redigeringsvinduet dei opnar når dei skal skrive ein artikkel. I dette tilfellet valde eg å utvide artikkelen, slik at du finn han noko meir fyldig no:
http://no.wikipedia.org/wiki/Deilig_er_den_himmel_bl%C3%A5

Det er og lenke til den danske artikkelen der. Frå den kan du finne lenke til den originale teksten på 19 vers på dansk. Grundtvig sjølv redigerte den ned til sju vers, som er dei vi kjenner frå salmeboka nr. 93, eller nr. 94 som er Anders Hovden si omsetjing til nynorsk.

Lunds sang- og salmeleksikon fortel at dette er den første salma Grundtvig skreiv. Det skjedde mellom to psykosar, han hadde ei veke då han ikkje var sjuk på sinnet og som gav ro og fred til å skrive denne teksten, som jo sidan har vore til stor glede kvar einast jol. Og framleis vert han sungen både på joletrefestar og i kyrkja, nesten to hundre år etter at han vart dikta.