Stykkevis

Kveldens sending i Valle Radio fekk eg bare med meg små stykke av, men det eg fekk med meg, var interessant. Først i den aktuelle timen var Else Gyro Rysstad, ho fortalde om Hovdenrevyen 2022 som skal gå av stabelen komande helg. Øvinga laurdag gjekk flott, det hadde endåtil kome med to nye skodespelarar, så det var ikkje bare dei same gamle travarane som var med. No hadde det vore pause på grunn av korona, så dei var glade for å vere i gang att. 295 kroner kostar billetten, så det er bare å kaste seg rundt og få seg ein plass og gjere klar for å opne latterdøra.

Etter dette hadde Siri Johannessen ein samtale med tre arkeologar som driv med utgraving. Då fall eg ut, og då ho snakka med Jan Bygstad, som har bibeltime via video på Nomeland bedehus, fekk eg med meg bergensdialekten, men ikkje så mykje anna. Postludium gjekk også husforbi, for vi snakka med barna våre i ein felles samtale på Facebook. Det er flott å ha tilgang til slik teknologi, då kan alle få same informasjon og ein slepp å ringe kvar einskild. Etter det vart det og samtalar til søskena mine, og dermed var Postludium over før eg fekk sukk for meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *