Til onsdag skal eg ha sending i Valle Radio. Eg likar å nytte min del av den sendinga til å drive journalistikk på aktuelle saker i Setesdal. Men eg må ta omsyn til at Siri Johannessen har sending tysdag og ho kjem også opp med aktuelle saker i Setesdal.
I dag kom det eit spørsmål frå henne om eg ville vere med i hennar sending. Då tenkte eg at vi fekk prate litt saman, eg hadde fått på plass to innslag til onsdagen, men mangla litt på å vere i mål.
Då vi hadde prata saman, hadde eg fått stoff til mi sending og ho fått stoff til si sending. Samarbeid er ein god ting, vi burde samarbeide meir om programma i Valle Radio, vi som likar å lage program.
Eg vart så inspirert at eg sende denne mailen til Setesdølen, det er ikkje så ofte vi lagar programinformasjon til avisa. Kan hende kjem det på trykk i morgon:
Litteraturkveld i Valle Radio
Onsdag blir det litteraturkveld i Valle Radio. Klokka 19.30 kjem biblioteksjef Kjersti Torbjørnsen for å snakke om korleis utviklinga har vore etter at biblioteket flytta til Sæbyggjen.
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over en åpen bibel med Leif Holthe (Norea)
18.30 Aktuell time med m.a. Petter Wiik om fjøsnissen som ordner opp, Harald Haugland om onsdagssendinga og litt meir, Harry Andersen om gospelsang i Bygland