Det er gått ein heil månad sidan sist eg skreiv på bloggen. Du trudde kan hende at eg ville slutte, eg trudde mest det sjølv også. Men litt av problemet har vore at det tekniske ikkje har fungert etter at det var ei oppgradering av programvaren. Men i går snakka eg med Sigmund om det, og han fann ut kva som var problemet, og dermed kunne skrivinga starte att.
Når eg skriv dette, har pinsehøgtida blitt feira i bygd og by. I går var det gudsteneste i Mandal kirke, og Reidun hadde ansvar for kyrkjekaffe. Dei kokte 10 liter, så det må ha vore nokre folk, for det meste vart drukke opp. Laget sitt Gå Ut senter på Hald var med i gudstenesten, så tekstar var lesne på mange tungemål, akkurat som den første pinsedagen.
Ettersom pinsehelga og 17. mai kom nær kvarandre i år, var det mange som nytta høvet til å dra på tur. Mest alle som reiste til og frå Sørlandet opplevde at turen gjekk godt, i alle fall i høve til ulukker på vegane, sa politiet i kveld.
Sjølv har eg halde meg heime. Eg har ein stor stabel med bøker som eg held på med. Akkurat no er det Sofi Oksanen si bok Putins krig mot kvinner som ligg øvst. Den er tankevekkande på mange måtar og kan absolutt anbefalast.