Aktuell time 10. februar 2006

Det var Bjørgulv T. Berg som hadde sett saman opplegget for denne fredagskvelden, og så hadde han fått med seg Øyvind Jacob i studio heile timen.

1. FYSAK i Valle kommune
Sjølv om det i Valle har vore ei rekke aktivitetar for å få folk i trim (+45-gruppe, kvendegruppa til Magnhild Berg og trimhalvtime på Valle Alders- og Sjukeheim) har ein no blitt med i programmet for fysisk aktivitet i Aust-Agder og fått 20.000 kroner både i 2005 og 2006.
http://www2.aa-f.kommune.no/default.aspx?itemid=7361

No startar ein med å ha open idrottshall på laurdagar frå 11 – 18, og symjehallen frå 12 – 17. Det vil og vere ope i kafeen. Hyttefolk er målgruppe i tillegg til folk som bur i kommunen. Det er fritt fram for leik og aktivitet. Sigrid Anni og Baba vil vere ansvarlege i opplegget.

2. Tor Hoslemo vann sin klasse i Grieg-tevlinga i Arendal
Han er 13 og har spelt hardingfele i 4 år med Marton Laksesvela som lærar. Han øver opp til ein time til dagen, og premien var 10.000 kroner.
-Me er stolte av deg, sa Bjørgulv.
-Godt de ikkje er sure, svara byklaren, som har Hallvard T. Bjørgum som ideal.

3. Sauebønder til Skottland
I ein telefonprat med Sigrid (eg fekk ikkje med meg etternamnet) fekk vi høyre om gruppa som har vore til Skottland for å sjå på sauehald. Der var det helst vår no, og dei hadde ikkje dyre fjøs til sauene, heller bare skur utan vegger. Men dei hadde mange sauer, kanskje opp mot 2000 og då var det lønsemd. Opplegget for turen var laga av Angus Dickson, ein ven av Sven Reiersen som mange kjenner for saueklypping her i dalen. Dei vitja eit område halvannan time sør for Edinburgh med bølgjande åsar, lyng og litt skog som truleg var planta.

4. Evje Mållag med tur til Oslo
Til slutt i den aktuelle timen hadde Bjørgulv ein prat med Olav Arne Kleveland om turen til Oslo. Det var fyrste gong Kleveland snakka i Valle radio, og han fortalde at turen er planlagd frå fredag 31. mars til sundag 2. april. Risdal skal kjøre og med 25 personar kjem reisa på 500 kroner pr. person. Overnatting brukar dei ha på Bondeheimen, og så kan folk gjere det dei har lyst til, det kan vere aktuelt å sjå seg om i NRK-huset på Marienlyst laurdag føremiddag, om kvelden kan ein gå på teater. Ein treng ikkje vere medlem av Mållaget for å vere med på turen, og folk frå heile dalen er velkomne. Ein kan kontakte Kleveland på 9282 3468.

Der fall telefonen ut og tuta oppteke, og då var den aktuelle timen slutt.

Fredag 10. februar 2006

Kveldsansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time. Gjest: Øyvind Jacob
19:00 Kommunen informerer. Ordførar Steinar Kyrvestad
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Bjørulvs time. Med gjester
21.00 Opi sending. Jorunn Harstad

Linken til Internett fall ut om lag klokka 19:25, sidan fekk eg ikkje høyre på sendinga.

Harald

Liten aktivitet

Den siste veka har det vore liten aktivitet på bloggen. Det har samanheng med at eg ikkje hadde tysdagssending, for det var kommunestyremøte tysdag 7. februar.

Samstundes må eg bare erkjenne at etter at eg fall i trappa utanfor biblioteket tysdag 31. januar, har eg ikkje vore så sprek. No kjem eg meg att når det gjeld høgre kne og venstre alboge, men eit ribbein på venstre side er ikkje godt, så eg har ikkje hatt så mykje inspirasjon. “Når ein lem lid, lid heile lekamen”, seier Paulus, og eg har fått røyne det i denne perioden.

Men i kveld er det sending att. For fyrste gong er det Bjørgulv T. Berg som skal ha ansvar for kvelden, ikkje bare som hjelpar, men med heile opplegget. Eg takkar han for alle dei gongene han har hjelpt meg og ønskjer han lukke til i kveld.

Harald

Valle radio til heile dalen i kveld

Valle radio har sending frå heile Setesdal i kveld med Theis Salvesen som programleiar frå Aktuell time kl. 18 til den opne sendinga blir avslutta nærare midnatt.

I den aktuelle timen frå kl. 18 til 19 har han fått med seg rådmannen i Bygland, Eva Richter. -Ho skal vise ei anna side enn eit strengt blikk på framsida i Setesdølen, seier Theis, som har fleire godbitar på lur. Den nye rådmannen i Evje og Hornnes skal og sleppe til på lufta, og ikkje minst Aud Helene Austegard, som i denne veka vart lansert som ein av Arbeidarpartiet sine mange ordførarkandidatar i Evje og Hornnes.

I Hylestad er det klart for ny møtehelg, og Theis vil ha ein prat med forkynnaren Wiggo Wilhelmsen. Timen blir avslutta med Randi Steinsholt frå Kriseteamet i Bykle kommune. Ho og medarbeidarane hadde det tøft på Hovden tysdag. I Valle radio vil ho fortelje litt om funksjonane som blir sette i verk når ein slik katastrofe skjer.

Frå kl. 19 informerer den nye PUH-leiaren i kommunen, Annette Belland Svendsen om kommunen, og kl. 19.30 deler Bjørgulv T. Berg Tankar frå Bibelen med Knut O. Nomeland.

Frå kl. 20 spelar banksjef Olav Rike litt av den musikken har likar og småpratar litt om dette.

Bygdekvinnelaget i Valle har gjennom det meste av si historie hatt dette “Brevet” som alla talar om, ei bok der lagsfolka har skrive ned saker og ting dei er opptekne av. I Valle Radio kl. 20.30 i kveld gjev Liv Gyro Brokke oss glimt frå “Brevet” med stubbar om det lagsfolka var opptekne av før i tida.

I den opne sendinga frå kl. 21 har Theis med seg den nye Setesdalsrektoren, Birgit Attestog. Dei vil samtale om reiser dei har gjort og stader dei kan tenkje seg å reise til. Det blir også rebusar knytta til emnet, og mykje musikk.

(Setesdølen 3. februar 2006 – side 8)

PS: Frå Aktuell time fekk eg med meg dei siste 45 minutta, og noterte dette:

Theis skal vere med på Hovden-revyen om 14 dagar, Eva Richter er medlem (ikkje lett å karikere ordførar og rådmann når rådmannen er medlem i laget) i Bygland dramatiske – ho har vore dramalærar i sin ungdom – og dei hadde ein prat på telefonen med leiaren for Morus-revyen, Jan Hodne. Dei har premiere onsdag, 8. februar, alt – 850 billettar – er utseld med unntak av ei framsyning laurdag klokka 15.

Jens Arild Johansen er tilsett som ny rådmann i Evje og Hornnes. Han har vore 6 år i Kvinesdal, i 1994 kom han til Lyngdal, der han har stått for arbeidet med å etablere det nye kulturhuset. Utdanninga er 4 år i USA med helse og idrettsfag, Kommunalhøgskolen og Master i offentleg administrasjon. Han skal svare på om han tek jobben i neste veke.

Samtale med Bjørgulv T. Berg om veg til Sirdal og om skilnad mellom offentlege og private prosessar. Ein må ha høve til å arbeide med fleire ting parallellt. Difor må ein respektere kvarandre.

Harald

Open sending fredag 27. januar 2006

Rebusane var basert på dagens Setesdølen. I løpet av sendinga, som starta 20.30, var det mange som var innom og løyste rebusar. Eg sat ikkje på PC-en heile kvelden, men eg fekk med meg at desse var innom:

Anne Lise Harstad, Valle
Tora Lund, Valle
Anne Britt Røynås, Søgne, (Reiarsvatnet)
Aud Bøgh Tobiassen, Kristiansand, (Raudetjønnskvæven)
Halvor Haugen, Åraksbø
Jorunn Haugen, Arendal
Roar Hallaråker, Vennesla (Ørnefjell)
Elisabeth Homme, Valle
Sven Egil Krohn, Kristiansand (Berdalsbru)
Ellen Sordal, Søgne,

Desse vann:
Ryggsekk og krus: Halvor Haugen
Puslespel med 4000 brikker: Halvor Haugen
Legg det inn på Ose hos Eivind på kafeen.

Pipenøkkelsett: Torhild Lunden
Spotlight: Ellen Sordal
Vekt: Sven Egil Krohn
Tannbørste: Anne Britt Røynås

Gudrun Nomeland og Jorunn Lund Harstad var telefonvakter.

Kommunen informerer 27. januar 2006

Jorunn Tveiten er leiar for Velkomstsenteret

Viktigast i Velkomstsenteret er sentralbordtenesta, men dei svarer også på spørsmål og prøver å hjelpe, spesielt om sakshandsamarane ikkje er inne. Ho nemnde fleire aktuelle saker

1. Den lokale telefonkatalogen skal reviderast. Send inn rettingar.

2. Kommunalt stipend til folk frå Valle som går på skule. Søknadsfrist er 15. februar, stipendet er på 5000 kroner og ein kan få det for fem år på skule.

3. Søknadsfristen for stønad til halve årsavgifta på årskort i Brokke er utvida til 1. februar.

4. 2. februar kl. 19.00 skal det vere konsert/ kulturkveld i Storstoga. Sigurd Haugsgjerd skal leie kvelden, og Lars Bremnes, Kjartan Fløgstad og Kirsten Bråten Berg skal underhalde.

5. 16. februar kjem Kristiansand Symfoniorkester.

6. 23. februar skal det vere Bygdekveld i Hylestad soknehus. Hylestad skule står for den.

Aktuell time fredag 27. januar 2006

Hallvard Kjelleberg hadde desse gjestene i programmet:

1. Sissa Ringstad om
a. prestegjeldsaksjonen 2006 med Elin Fagerbakke frå Ungdom i Oppdrag som gjestetalar. På opningsmøtet i Bykle kyrkje torsdag 26. januar var det 62 personar, fredag 27. januar er det møte på Soknehuset klokka 19.00, laurdag 28. januar kl. 15 er det familiesamling på Hovden. Sundag vert aksjonen avslutta i Valle kyrkje kl. 11.00, og etterpå er det kyrkjesuppe på Menighetshuset. Mette og Roger syng under aksjonen.

b. Nytt sokneråd for Valle og Hylestad har hatt sitt første møte. Ny leiar er Gro Håtveit Hovet. Andre i rådet er Astrid Nomeland, Bjørgulv T. Berg, Åse Holen, Torleif B. Harstad, Jorunn Høyland og Torhild Jåvold. Før har dei hatt eit sokneråd for kvart sokn, men no er dei to slått saman til eitt.

2. Arne Tronsen om
a. Bykle Breiband. Planen er å byggje linja ut til heilt sør i Valle kommune til neste år.
b. Heilårsveg Brokke-Suleskar er eit spanande prosjekt. Truleg bør ein lage ei ny utgreiing.
c. På Stamvegen Riksveg 9 er neste prosjekt Ose-Tveit. Det er planlagt å koste 41 millionar. No har ein ikkje von om å få meir pengar frå Staten, så finansiering av denne strekningen er noko usikker. Men ein vurderer å leggje inn refundert arbeidsgjevaravgift i prosjektet.
d. Gratis IP-sone i tettstadene i dalen. Her ligg vi i front i landet, Setesdal er det første dalføret som får eit slikt tilbod.
e. Dei siste sentralane blir oppgraderte til DSL no.

3. Tarjei Haugen
har slutta som rektor på Valle VGS etter 10 år for å verte prosjektleiar for Setesdal Sylvsenter. Denne satsinga er tredelt:
a. Styrke noverande arbeidsplassar
b. Setesdalsmuseet arbeider med å registrere sylv i Setesdal.
c. Kurssenter

“Sylv og reiseliv” skal styrkje noverande arbeidsplassar og inspirere til å lage nye. Det er viktig å inspirere til anna enn filigransylv og. Moderne smykkedesign kan ta i bruk mange materialtypar. Her er det planar om å utnytte stein frå Evje og Iveland, slik kan ein utnytte ressursar frå heile Setesdal. Tarjei fortalde at grunnleggjaren av Juhls sylvsmie i Kautokeino hadde gått i lære på Besteland. No har han ei stor sylvsmie som lagar sylv basert på samiske sylvsmedtradisjonar. Dottera til Juhl meinte at lauv som er brukt på samesyljer var inspirert frå sylvarbeid i Setesdal som kom til Nord-Norge i samband med jektefarten til Bergen.
http://www.juhls.no/
Gå til nettbutikken, så kan du sjå mange av smykka dei lagar.

Setesdalsmuseet planlegg å opprette samarbeid med Vesterheim-museet i USA.
http://vesterheim.org/about/index.php

Valle vidaregåande skule legg opp til at dei skal ha 45 elevar i 3 klassar. http://www.valle.vgs.no/

Dei prøver også å få til eit kurssenter. Til sommaren skal det vere eit spesielt arrangement, Sylvsommar i Setesdal. Det er tre store produsentar i Setesdal: Hasla, Trygve Rysstad og Gunnar Helle. Leonhard Jansen vil halde foredrag om sylvsmedane i Setesdal, og dei planlegg og å få trendanalytikarar frå Danmark til å vere med på kurset. Dei vil også ha eit opplegg på Evje og Iveland på dette kurset.

Fredag 27. januar

Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Rolf Erik Homme

18:00 Lokalnytt
19:00 Kommunen informerer ved leiar Velkomstsenteret Jorunn Tveiten
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Musikkhalvtime ved Hallvard Kjelleberg
20:30 Open sending ved Rolf Erik Homme, Helge Dahle og teknikar Hallvard Kjelleberg.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.