Radiohistorie

Medan påskesendinga i Valle Radio gjekk mot slutten, fann eg ein perm frå 1998 der eg hadde teke vare på kjøreplanar og anna stoff frå sendingane då vi starta opp. Det var litt interessant å sjå alle som hadde vore med i radioen heilt frå starten av. Mykje hadde gått i gløymeboka, og sjølv med hjelp slit eg med å hugse alt.

Det er altså 25 år sidan vi starta opp. Då var Hallvard Kjelleberg den som starta opp. Han hadde med seg mange gode hjelparar. Frå 6. januar 1998 sender vi også på tysdagane, heitte det i ei pressemelding eg sende til avisa. Der skreiv eg også at vi hadde sendingar lille jolaften og 2. joledag. Kontakten med lyttarane var det ingenting å klage på, då fekk vi over 1100 telefonar.

Med i staben den gongen var Britta Lise Homme, Leif Kvinlog, Leonhard Jansen, Harald Haugland og Theis Salvesen. Teknikarane var Kjetil Soland, Torleif Haugen, Kjetil A. Homme, Geir Olav Uppstad, Åge Nomeland og Jørund Georg Jore. Mange av dei som var med i starten, er ikkje med lenger, men nye har kome til, så radioen held framleis koken.

Og når eg no sluttar for i kveld, er det også klart kven som vann varmepumpe, som var hovudgevinst i påskesendinga i år. Men dei trekker det ut iangdrag, først ein siste prat på telefonen, så ny plate, sjølv om lista var klar. 125 gevinstar. Og sjølvsagt startar dei bakerst, og må lese opp alle før vi får vite vinnar av hovudgevinsten. Trygve Gjerden vart vinnaren. 277.890 kroner var inntekta på basaren.

Ora et labora

Eg sat og såg på midnattsmessa frå Peterskyrkja i Roma då uttrykket dukka opp i paven sin tale. Han minna oss om at disiplane fekk i oppgåve å dra til Gallilea, slik skulle kvar og ein av oss dra til vårt Gallilea, staden der vi møtte Jesus og fekk vår oppgåve i livet.

Då eg var ung, reiste eg eit år i Troms Indremisjonskrets. Bladet deira heitte Be og arbeid, så det er eit uttrykk som har vore med meg i mange år. Eg har mange gode minne frå den tida, eg skulle vere ungdomsarbeidar, men var nok heller ung arbeider, for rundt om i Troms-bygdene var det ikkje så mange unge folk eg møtte. Men eg hadde barnemøte og truleg var ein noverande biskop på eit møte eg hadde.

I midnattsmessa var det dåp, og då dei som vart døypte, var vaksne og hadde gått til dåpsførebuing lenge, vart dei også konfirmerte av paven. Det må ha vore ei særs stor høgtid for dei.

Påskesending

I kveld måtte eg høyre litt på Valle Radio si påskesending. Den er av godt,gammalt merke. Mellom countrymusikk får vi kommentarar frå programleiarane Ørnulf Hasla, Britta Lise Homme og Rolf Erik Homme. Med jamne mellomrom kjem det informasjon om korleis ein skal kjøpe lodd via VIPPS, dei vil jo helst ha det.

Dermed blir det ikkje som i gamle dagar, at ein måtte sende ut giro til loddkjøparane etterpå. Slikt sett er det mykje enklare. Folk ringer frå nær og fjern, akkurat no er det ein lyttar som ringer frå Søgne. I tillegg til å svare på spørsmål om musikk må dei også svare på dialektord.

Vinn dei, blir det gåvekort frå Sylvgarden eller Eiksenteret, og då må dei ta tur til Rysstad og kjøpe mat på Sylvgarden eller noko på Eiksenteret. Slik skapar rebusane trafikk. Og 1. påskedag er det ny sending og trekking.

Skal bli bok

Denne påskehelga har Margunn og Stein arbeidd med databasen Helge laga. Ein slik database må oppdaterast kontinuerleg, så det er eit stort arbeid dei har teke fatt på. Målet er at han skal bli så aktuell som råd før han kjem på papir og blir til bok. Likevel vil det ofte vere noko som ikkje kjem med, men vi har plan om å ha eit slektstreff i sommar og då kan vi også få informasjon til oppdatering av databasen sjølv om det ikkje kjem med i den trykte boka.

På TV har vi sett programma om Ukjent arving. I vår samanheng er det ikkje snakk om å arve millionar, men om å gi etterkomarane eit bilde av slekta. I våre dagar er det knapt at folk kjenner søskenbarna sine, langt mindre tremenningar og firmenningar. Men når tremenningar vil kome frå USA og besøke oss i Norge, ser vi fram til det, sjølv om vi knapt har høyrt om dei.

Det var eit slikt slektsstevne som fekk Helge i gang med arbeidet, for han overtok noko som var gjort av folk i USA. Sidan vart det sjølvstendig arbeid, og utvida mykje. Så får vi håpe at det kan bli bok etter kvart.

Eswatini

Eswatini er eit lite kongedømme midt inne i Sør-Afrika. Der ligg det eit internasjonalt gymnas som vårt barnebarn Kristine gjekk på. Foreldra hennar og søskena reiste ned for å vere med på graduation og feire at ho var ferdig. Etterpå hadde dei ein rundtur i landet og ei veke i Cape Town. Vi fekk vere med på det i kveld saman med Jorunn og Ole Thorvald, som kom hit ein tur frå Lyngdal.

Elles heldt dagen fram med ved-sjau i godveret. Sekk på sekk vart fylt med bjørkeved, men det merkast knapt at nokon har tynna litt, for det er frodig her rundt oss. No blir han lagd inn i hus og kan ligge eit år og godgjere seg før han blir til varme i vedomn og peis.

For meg teiknar det elles til å bli ein lesepåske. Etter å ha gjort meg ferdig med bøkene til Ellen Vahr, fann eg fleire som eg bestilte på biblioteket. Vi rekk akkurat å hente dei i morgon, då stenger dei alt klokka 12.

Sykehuset på Ellis Island avslutter Ellen Vahrs trilogi om bakerdatteren Thea fra Kampen, som reiser til Amerika for å arbeide for den velstående Vanderbilt-familien. De to andre bøkene er Reisen til Idle Hour og Bakeriet i Brooklyn.

Ved-sjau

Eg har skrive tidlegare om at vi har besøk frå Nittedal og Sandøya denne påsken. I det gode veret vi hadde i dag, nytta dei høvet til å drive litt med ved. Å kutte noko av alt som kjem opp, få det i høveleg lengde og kløyve det, det heldt folk varme. For sjølv om det er fint ver, er det låg temperatur.

Mandagar er det om lag halv pris på komper på ein av butikkane i byen, så menyen til middag gav seg sjølv. Kompene i Mandal er så store at ein er ganske mett etter ei kompe.

Så opna eg eposten min og der fann eg ei hyggeleg melding om at slektningar frå USA vil kome på besøk til Norge i mai. Då vil dei gjerne sjå Skjernøy, der folka deira budde før dei emigrerte. Vi gleder oss til å møte dei og syne dei Mandal, vonleg i finaste grønne vårpuss og ikkje som i dag, der fjoruven framleis ligg under is og snø (bildet, foto Margunn Haugland)

Smuldrepai

Det er alltid vanskeleg å finne tittel på mine små innlegg på bloggen. Men i ettermiddag hadde vi smuldrepai til kaffe, og det er det ikkje ofte vi har hatt. Det var Margunn som laga den, og med is og vaniljesaus var det ein fin rett. Vi kunne endåtil få påfyll.

Medan dei tilreisande nytta godveret til både turgåing og rydding, var min dag ikkje så ulik dei andre dagane i livet som pensjonist. Det er for kaldt til at eg vil utsetje meg for den skarpe vårlufta og sette meg ut, så eg dukka ned i bøker. Det vart ikkje ei bok frå Kabul, men ei av dei andre bøkene Margunn hadde med.

Då det leid mot kveld, vart det Rummikubb rundt spisebordet.

Ingen aprilsnarr

I avisa var det i dag ein artikkel om at dei ikkje hadde nokon aprilsnarr, tida var over for slikt. Eg vart heller ikkje lurt her heime, tida er visst over for slikt også lokalt.

Vi koste oss med pitapizza og annan god mat, hadde quiz basert på spørsmål i avisa og så var vi ein tur til Eswatini, der Kristine barnebarn gjekk på gymnas og foreldrene var på besøk til graduation. Det vart flott å sjå bilete av det frodige landet midt i Sør-Afrika, det ligg 1000 meter over havet. Dei hadde vore på safari og vi såg både neshorn og giraffar på bilda. Giraffar er verkeleg høge dyr og dei beina kan nok sparke svært frå seg.

Margunn hadde med fleire bøker, så eg dukka ned i dei når det var høve til det og fekk lest ut ei. No har eg starta på den neste, Der himmelen lyser. Den er frå Kabul, det blir interessant å lese meir frå byen som eg alt har lese fleire bøker frå.

Påskelektyre

I dag fekk vi innrykk av påskefolk, og med Margunn og Stein er det gjerne eit tilbod om bøker Margunn kan ta med seg frå biblioteket i Bamble. Det er kanskje litt uhøfleg å dukke ned i dei, men eg dukkar jo opp av og til og blir med i samtalen rundt bordet også.

Dei hadde også vore innom leiligheten Helge hadde i Oslo. Den skal seljast, så då må ein jo rydde ut det han hadde der. Der var det også nokre bøker, sjølv om han er generasjonen etter meg og difor hadde mykje av sitt lesestoff digitalt.

Så eg manglar ikkje påskelektyre, men det er ikkje krim. For mange år sidan las eg meir spenningslitteratur, krim har ikkje interessert meg noko særleg. Denne gongen hadde Margunn funne forfattaren Jenny Colgan si bok Den lille bokhandelen på hjørnet. Ho hadde ingen artikkel på norsk Wikipedia, men på engelsk fann eg ut at den 50 år gamle forfattaren har ein stor produksjon. Kor mange som er omsette til norsk, veit eg ikkje, men det kan eg kanskje finne ut etter kvart.

Det vart i alle fall nok påskelektyre på meg i år.

Travel dag

I dag var det ein travel dag for Reidun. Først var det formiddagstreff på Mandal bedehus, og i dag hadde Reidun si gruppe ansvar for treffet. Ho likar seg nok best på kjøkkenet, dei ordnar smørbrød til folk som kjem. I dag var det om lag 20 som kom for å høyre Åge Nygård. I kveld gjekk så turen tilbake til bedehuset, då var det kvinneforeninga for Normisjon som hadde møte. To turar til sentrum på ein dag, det skjer ikkje ofte.

For meg var det ein rolegare dag. Det kom jo snø og var sikkert glatt, så avisene kom ikkje før godt ut på dagen. Avisa Dagen kom ikkje i det heile, så dei som står for distribusjon av dagleg lesestoff, hadde nok ein krevande dag. Men det er nok å dukke ned i av stoff eg ikkje fekk med meg tidlegare, og så treng eg jo å sove litt på dagen ettersom eg ikkje søv så godt om nettene.

No ser vi fram til å få besøk i påskehelga. I morgon kjem Margunn og Stein, og laurdag ventar vi folk frå Nittedal som vil ha påskehelga her. Alle vonar vi at vermeldinga som seier at snøen skal renne vekk, vil slå til slik at vi kan få ein grøn påske med sol frå skyfri himmel.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.