Radiohistorie

Medan påskesendinga i Valle Radio gjekk mot slutten, fann eg ein perm frå 1998 der eg hadde teke vare på kjøreplanar og anna stoff frå sendingane då vi starta opp. Det var litt interessant å sjå alle som hadde vore med i radioen heilt frå starten av. Mykje hadde gått i gløymeboka, og sjølv med hjelp slit eg med å hugse alt.

Det er altså 25 år sidan vi starta opp. Då var Hallvard Kjelleberg den som starta opp. Han hadde med seg mange gode hjelparar. Frå 6. januar 1998 sender vi også på tysdagane, heitte det i ei pressemelding eg sende til avisa. Der skreiv eg også at vi hadde sendingar lille jolaften og 2. joledag. Kontakten med lyttarane var det ingenting å klage på, då fekk vi over 1100 telefonar.

Med i staben den gongen var Britta Lise Homme, Leif Kvinlog, Leonhard Jansen, Harald Haugland og Theis Salvesen. Teknikarane var Kjetil Soland, Torleif Haugen, Kjetil A. Homme, Geir Olav Uppstad, Åge Nomeland og Jørund Georg Jore. Mange av dei som var med i starten, er ikkje med lenger, men nye har kome til, så radioen held framleis koken.

Og når eg no sluttar for i kveld, er det også klart kven som vann varmepumpe, som var hovudgevinst i påskesendinga i år. Men dei trekker det ut iangdrag, først ein siste prat på telefonen, så ny plate, sjølv om lista var klar. 125 gevinstar. Og sjølvsagt startar dei bakerst, og må lese opp alle før vi får vite vinnar av hovudgevinsten. Trygve Gjerden vart vinnaren. 277.890 kroner var inntekta på basaren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *