Irriterande tal

I kveld ville ikkje boksen i Bykle kommunisere med oss i Valle, i alle fall ikkje så lenge. Så då eg hadde kopla opp, gjekk det ei stund, så kopla den frå og tok til å lese tal. Ørnulf ringde og fortalde om det om lag klokka 18.30. Då hadde eg nettopp restarta, og så sa vi at vi fekk prøve litt til. Men det var fånyttes, eit kvarter seinare var kveldens sending ferdig og p4 kopla inn att.

For det var ikkje sendaren det var noko galt med, det var boksen som koplar saman Valle og Bykle. Den får slike anfall om det har vore straumbrot i Bykle, fekk eg høyre. VI burde nok fått oss ein UPS, trur eg dei kallar det, ein slik boks som hindrar at systemet går ned når straumen går. Det har jo vore ein del diskusjon om dette på høgaste hald, statsråden krev at mobiltelefonmastene skal ha straum i fleire timar etter at straumen er borte. Vi burde nok hatt noko slikt, vi og. For det er jo irriterande å leggje arbeid ned i programmet for ein kveld og så ikkje få gjennomføre det. Eg kunne jo heller teke ein tur til KVS Bygland og høyrt Tanzaniamisjonærar tale der i kveld.

Men slik var no situasjonen i kveld, så eg får heller vere glad at Niklos ikkje skulle vere her i kveld. Då hadde han fått ein bomtur, og jo fleire som får bomtur, jo meir irriterande er det.

Etter det Ørnulf sa, skulle Jørund innom radioen i Bykle i morgon og sjå på problemet. Så får vi håpe at ikkje det same skjer i morgon når Ronny Stavsholt skal ha sending.

Mitt program finn du på Setesdalswiki, i alle fall det eg hadde skrive inn før det vart avlyst: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_17._januar_2012

Ronny sitt program finn du og der, så langt som det stod i Setesdølen, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_18._januar_2012
I løpet av sendinga i morgon vil det nok kome meir der, for eg prøver å skrive inn det som skjer når eg høyrer på sendinga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *