Holmen

I mørke og grå november kan ein drøyme om midnattsol og fiske av småsei i Gisundet nokre kilometer nord for Finnsnes i Troms. Der var eg ungdomsarbeidar for femti år sidan. Troms indremisjon trong ein person til dette og eg nytta høvet til eitt år i nord.

Eg visste jo ikkje at det skulle kome 15 år seinare i livet der eg fekk bu på nordsida av Hadseløya i Vesterålen.

Mange gode minne frå tida i Troms kom fram då eg fann nokre gamle bilete. Det meste er likevel i gløymeboka, men når eg ser på tv frå Troms, kjem minnene tilbake.  Gryllefjord, Torsken, Skaland, Vangsvik, Silsand, Finnsnes og sørfylket. Det vart mange turar med buss.

I dag kan ein sjå tilbake på møte med mange fine folk og mange gode opplevingar.

Biletet er frå jonsokfeiring på Holmen leirsted.