I kveld presenterte Siri Johannessen Eilert Hægeland sin musikk i Postludium. Det vart ein fin halvtime der vi fekk høyre noko av breidda i det han komponerte.
Her er programmet:
- Av Eilert Magnus Hægeland:
- «Håløygintrada», spela av Arctic Brass på albumet Made in England.
- «Alene Gud i himmerik. Partita over en Helgelandsk tone op. 49» spela av Bjørn Andor Drage på Brandzæg-orgelet i Dønnes kirke på albumet Lægedrik.
- «Sonate med stevtoner for klarinett og orgel op. 38» spela av Bjørn Andor Drage på Gebrüder Rieger-orgelet i Alstahaug kirke og Ole Kristoffersen på klarinett på albumet Lægedrik.
- Med (og dels av) Eilert Magnus Hægeland på orgelet i Flekkefjord kyrkje på albumet Orgeltoner i sør:
- «Bryllupsmarsj» nedtegna av Gunnulf Kleveland etter Knut Kleveland, folketone frå Evje. Arr. Eilert Magnus Hægeland i 1987.
- «Gud gjev du sæle med meg må vake», stev frå Setesdal. Kvedar: Eilert Magnus Hægeland.
- «Stevmeditasjon, op. 46, nr. 3» av Eilert Magnus Hægeland i 1997.
- «Sonata Con Chorale» med koralen «Folkefrelsar til oss kom» av Eilert Magnus Hægeland i 1995. Tilegna Tonje Braaten.
Eilert bar med seg tradisjonen og komponerte mykje med utgangspunkt i folketonar. Dette kunne vi høyre i kvedinga hans i kveldens program så vel som i dåmen i verka vi høyrde. Nå vert arkivet etter han deponert på Statsarkivet i Kristiansand slik at det kan bli tilgjengeleg.
Takk for programmet!