Dikt i radio

Tysdagskvelden kunne vi høyre dikt i Valle Radio. Som oftast er det sakleg informasjon i programma, veksla med musikk. Men opplest dikt er godt å lytte til, det gjev meir ro. Halldis Moren Vesaas sitt dikt Treet høvde godt denne kvelden:

TREET

Sjå treet.

Einsamt står det, nakent

i kaldt, gullbleikt mars-gry

med skarp kant av skaresnø

kring foten.

Dei andre tre her på sletta

står samansigne i stivt bar

og søv trygt i sin vinter.

Men dette er annleis enn dei.

For dette aleine er nakent

og ventar lauv.

Knuppane ligg alt som dropar

tett etter kvar ein kvist.

Varsamt og vàkt, urørleg

står treet og ber sin skatt

med veikt skin som av perler

kring seg frå rot til topp.

Gå ikkje nærare.

Stilt skal det vere her enno,

ingen må vakne her enno,

men snart, snart – –

derfor ligg dette mjuke skimmer

vàrt som ein lykkeleg draum

over det sovande liv.

Alt på vår jord som ber knuppar

og veit si fullbyrding nær,

har dette skimmeret kring seg

av venting og togn og draum.

Så rart å ha sett det treet.

Så godt å ha vore det treet

– og vere det, enno ein morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *