Kategoriarkiv: Ymse

To nyheter

Valle Radio som nyhetsformidlar er svært eksklusiv. I motsetning til NRK, som sender same nyhet kvar time og av og til enda oftare, sender Valle Radio aldri same nyhet om att. Det betyr at ein må få nyheten med seg når sendinga er der, elles går ein glipp av det som nokre gonger kan vere viktig informasjon.

Den eine nyheten i kveld vil nok folk få med seg utover året, for det var ei hending som er panlagt i Valle i august. Den andre nyheten i kveld vil folk også merke konsekvensane av.  Når etermedia fungerer slik, er det ofte nødvendig med skriven informasjon i tillegg til det som kjem gjennom lufta. Her kan bloggen min ha ei rolle. Slik har det vore tenkt heilt frå eg begynte å skrive blogg.

Før eg refererer nyhetene nemner eg at sendinga i kveld var ei vanleg tysdagssending med kåseri, andakt, sangkveld og Postludium, det siste programmet med musikk relatert til Stephen Cleobury. På Setesdalswiki finn du meir skriven informasjon om kveldens program.

Klassisk musikkfestival i Øvre Setesdal

I august 2020 vert det klassisk musikkfestival i Øvre Setesdal. festivalen er lagt til helga 14.-16. august 2020. Det opplyste organist Henrik West i Valle tysdag. Festivalen vil arrangere konsertar i kyrkjene i Øvre Setesdal, men Henrik West ville ikkje røpe programmet enno. Han fortalde at det ikkje let seg gjere å få heile Symfoniorkesteret med denne gongen, men om det blir festival eit anna år, kan det kanskje lukkast. I staden vil det bli mindre grupper som blir med denne gongen.

Festivalen kjem til dels i staden for tidlegare års onsdagskonsertar gjennom sommarsesongen. Talet på slike vi bli redusert i 2020.

KULA innfører folkemøte

Riksantikvaren innfører folkemøte som del av arbeidet med Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Det opplyste fagdirektør ved Samfunnsavdelingen hos Riksantikvaren, Jostein Løvdal i tysdagssendinga i Valle Radio 4.  februar.

Det var på bakgrunn av avisoppslaga i etterkant av møtet at programleiar Siri Johannessen tok opp saka med Jostein Løvdal. Han kunne då opplyse at dei i neste veke skal ha møte med Valle kommune og då vil det bli folkemøte der riksantikvaren vil vere til stades.

-Tidlegare har vi hatt møte bare med kommuneadministrasjonen, no går vi ope ut og inviterer først til folkemøte, og når det kjem til høyring, vil også lag og foreningar kunne gje uttale til slike planar. -Våre planar er ikkje bindande for kommunane, men vi håpar at dei vil føre til auka merksemd for verdiane i kuturhistoriske landskap.

I Setesdal er det området i Åraksbø, Valle kyrkjebygd og området ved Rygnestad som er med i planane frå riksantikvaren.  På nettsida deira heiter det: Vi har også laget en veileder om hvordan disse områdene bør forvaltes gjennom arealplanlegging og andre virkemidler. Denne veilederen er først og fremst rettet mot kommunene, men også mot regional kulturminneforvaltning og sektormyndigheter.

Her er to lenker som kan vere av interesse:

https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/bitstream/handle/11250/2630891/KULA_h%c3%b8ringsutkast_Agder_web.pdf?sequence=6&isAllowed=y
https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/kulturhistoriske-landskap-av-nasjonal-interesse-kula/

Frå Rysstad til Texas

For nokre dagar sidan fekk eg eit brev frå Torbjørn Greipsland. Han skreiv om nokre emigrantar frå Rysstad som hamna i Bosque County i Texas.

Etter noko leiting i Hylestadboka fann eg dei i Bind 1 på side 344. Knut Hallvardson Rysstad var fødd 1813. I 1840 gifta han seg med Margit Jonsdotter Brokke, fødd 1811. Då dei reiste til Amerika i 1845, hadde dei borna Hallvard, fødd 1840 og Anne, fødd 1843.

Så går eg over til Torbjørn sin tekst:

Pastor John Knudsen Rystad har eit godt namn mellom dei mange norsk-ætta i Bosque County i Texas. John var son av Margit (Johnsdotter Brokke) og Knut Rysstad, som emigrerte frå Hylestad til Amerika  i midten av 184o-åra. Dei hadde to born, Hallvard og Anne, då dei drog, medan John vart fødd i Wisconsin i 1848. Tretti år seinare kom han til Bosque som prest. Han gifte seg i 1879 med Gunhild Bergette Nelson. Dei fekk fem born.

 Rystad var den andre pastor som nordmennene i Clifton og Norse hadde. Han kom dit i 1877 og overtok då etter Ole O. Estrem. Rystad tenestegjorde som prest i Bosque i heile 47 år, til 1925, då han tok avskil, 77 år gamal. I hans tid blei kyrkje nr. to i dette området bygd. Han arbeidde sterkt for oppretting av eit luthersk college i Bosque. Det stod ferdig i 1896, og Rystad vart vald til første styreformann.

Rystad hadde sitt eige orgel, som var i slekta sitt eige fram til 1925. Nå er det gjeven til det fine museet i Clifton. -Men tonene i det er gode, fortel organist Camilla Jenson. Ho og mannen Lawrence T. Jenson var prestefolk i Norse kyrkje i 8 år, og har nå busett seg i Clifton som pensjonistar. Jensons familie utvandra frå Austre Moland i 185o-åra.

Då kong Olav vitja staden i 1982 i samband med 2oo-års jubileet for Cleng Peersons fødsel, heldt pastor Jenson ei orientering om kyrkja i Norse, medan Camilla Jenson var dirigent for koret som song. Kong Olav vitja også museet, der orgelet nå er. Mary Orbeck, gift med Dan Orbeck som har etternamnet frå Justøya, var omvisar.

Pastor John K. Rystad døydde i 1932 og er gravlagd på kyrkjegarden i Norse.

Etter kvart vil nok noko av dette finne vegen inn på Setesdalswiki. Om nokon som les dette har meir informasjon, er eg takksam om du sender meg ei melding. Engelsk Wikipedia hadde bilde av kyrkja:

 

Gjenbruk

Eg llikar å gå på gjenbruksbutikkar. Men eg ser sjeldan etter noko anna enn bøker. Nyleg fekk eg spørsmål frå Margunn om eg kunne sjå etter ei slik bordbjelle som vi brukte når vi skulle få ro før bordverset eller før nokon skulle tale i eit selskap der ein ikkje slo på glasset.

Eg hadde meg ein runde utan å finne noko, så om nokon har ei slik bjelle dei kan vere av med, blir Margunn glad.

Derimot finn eg som oftast noko i hylla for brukte bøker. Eg er gjerne på leiting etter bøker med biografiar, men då eg nyleg kom over ei bok med biografiar over lokomotivførarar, let eg den stå. Det skulle eg kanskje ikkje ha gjort, når eg tenker etter.

Men laurdag var eg innom NLM Gjenbruk i Mandal, dei har bare ope torsdag, fredag og laurdag, så fann eg to biografiar. Den eine var om Liv Kyllingstad Godin, Kongo-misjonæren frå Ålgård baptistkyrkje som vart ein institusjon i sitt andre heimland og som gjorde at vi som vaks opp på  Ålgård og til tider var innom baptistkyrkja, aldri var i tvil om kvifor Kongo var ein viktig plass. Ho reiste til Kongo alt i 1946, året før eg vart fødd.

Eg har bare så vidt begynt på boka, og den verkar lovande, så truleg kjem det nok meir på bloggen etter kvart. Jarle Vines tok dette bildet av henne:

Liv Kyllingstad Godin.jpg

Planlegging

Så er eg i gang med planlegging for Valle Radio sin sending onsdag. Ettersom det starta eit 9 dagar langt program på NRK2 med Svalbard minutt for minutt i går, tenkte eg at eg kunne ta det som eit tema og spurde om mine facebookvener hadde vore på Svalbard.

Mange hadde teke turen, eg fekk fort svar. Men då eg ringde Svein Harberg, som svarte først, kunne han ikkje vere med. Det kunne jo vore interessant å frette han ut om både Svalbard-politikk og andre ting. Ingebjørg Godskesen ville imidlertid gjerne vere med, så dermed var den første på plass til onsdagssendinga.

Deretter gjekk telefonen til Helene Horverak, og ho ville også gjerne vere med. Ho har nyleg vore på tur til Hawaii, så vi avtalte at vi gjerne skulle snakke om det også, og dermed er kanskje planane mine noko endra. No blir det heller reiseliv som blir tema, og det er mange som er ute og reiser, så det blir sikkert ikkje så vanskeleg å få på plass dei andre etter kvart også.

eg fekk ein morosam kommentar frå mitt søskenbarn Anne Amdal i Flekkefjord. Ho skreiv: Aldri, men vinner eg lotto i kveld så reise me?  Då måtte eg svare at ho heller fekk ta med seg Reidun, eg tenkjer vel helst at eg ikkje er særleg hippen på lange turar lenger.

Også søster mi, Gunbjørg har vore på Svalbard. Ho jobba på flyplassen på Sola og reiste saman med kollegaer. Eg trur dei hadde ei felles kasse der dei samla flasker som folk sette att på flyplassen, så den betalte heile turen for gjengen.

Men eg klarer greitt å sjå Svalbard på TV og er nøgd med det.

Så får planlegginga av sendinga onsdag gå vidare i morgon.

 

Svalbard minutt for minutt

NRK starta i dag sendinga Svalbard minutt for minutt. Den skal gå i ei veke og vi skal fylgje hurtigruta rundt øygruppa. Det fekk meg til å lure på om Setesdalswiki har artiklar der Svalbard er nemnd, og det hadde vi.

Den siste artikkelen kom i dag og handla om Odd Birketvedt. Han var frå Konsmo, gjekk på Hornnes gymnas i 1936 og studerte sidan jus. Sjølv om han seinare var politiembetsmann på Romerike, tok han persmisjon eitt år for å vere assistent hos sysselmannen på Svalbard og i perioden 1956 til 1960 var han sjølv sysselmann der.

Jorunn Tove Høiland på servicekontoret i Evje og Hornnes har vore tilsett hos sysselmannen og med i lokalstyret, så ho sit nok og fylgjer med på sendinga. Ho har sjølv fortalt om Svalbard ved fleire høve.

Eva Bjærum gifta seg med Peder Sandvik i Svalbard kyrkje og Herdis Lien har hatt foredrag på Bjåen fjellstove om karane frå Bjåen som overvintra der.  Søk på Svalbard i søkefeltet på Setesdalswiki, så får du opp meir.

Og slik såg det ut då dei la frå kai:

Det var musikk og folk som vinket skipet avgårde da det forlot kaia i Longyearbyen i august. Svalbardposten var også tilstede på denne begivenheten. Foto: Siri Åbø Wiersen/Arkiv

 

Irriterande

Eg likar å tenkje at eg ikke så lett blir irritert. Men i dag kjente eg at det var litt dumt då eg ikkje fekk Internett i gang etter middagskvila. Tidlegare i dag hadde eg vore oppteken med andre oppgåver. Men så ville eg gå vidare med å følgje opp nokre av dei fine teikningane av Yngvar Uleberg som Helge Homme har delt på Facebook.

Eg er ikkje veldig teknisk interessert, så eg likar best når alt fungerer og har ikkje sett meg inn i korleis ein skal løyse problem. Men eit middel kan vere nyttig, det er å trekke ut kontakten og så sjå om ein restart av modem kan fungere. Det vart gjort, og sanneleg, der kom både TV og Internett tilbake.

Dermed kunne eg få skrive litt i kveld også. Det vart i det minste ein artikkel takka vere Yngvar Uleberg si teikning av Tarald Vegestog Homme. Til no er det kome på plass fem teikningar og nye artiklar om fem personar basert på desse teikningane. Det har vore interessant å prøve å finne noko om desse folka.

Før måtte ein lage bøker som Hvem er Hvem for at folk skulle få informasjon om dei som var aktuelle namn i tida. Marknaden for slike bøker er nok liten no for tida, men når eg finn ei slik bok med korte biografiar på ein bruktbutikk, tek eg den ofte med meg. Det har blitt nokre artiklar baserte på slike bøker med åra.

Nedanfor ser du teikninga av Tarald Drengson Homme, Vegestog, som han vart kalla. Truleg gjekk det godt med hunden. Det kunne nok vere irriterande når det låg ein vassledning over vegen når han kom kjørande, men Tarald tok det lognt, skreiv Pål Dale i ein kommentar til teikninga.

Fil:Tarald D Homme.jpg

Countrymusikk og mykje anna

Sendinga i Valle Radio i kveld vart avslutta med ein times program med Johs. Bjlrkeli som presenterte countrymusikk. Det var både lyttervennlig og informativt. Han avslutta med ein sang av George Jones, om han skriv Wikipedia:

George Glenn Jones (født 12. september 1931 i Saratoga i Texas, død 26. april 2013 i Nashville i Tennessee) var en amerikansk country-artist og låtskriver.

Jones fikk sitt gjennombrudd i 1955 og fikk flere priser, blant annet to Grammy Awards. Han var gift med Tammy Wynette 1969 til 1975 og slet med stort alkohol– og narkotikamisbruk.

George Jones ble i 1992 innvalgt som medlem i æresgalleriet Country Music Hall of Fame.

Deretter følgjer ei liste over album han ga ut, den er veldig lang.  Vi fekk også høyre om Gram Parson i denne sendinga, han spelte fleire sangar med han og fortalde om korleis han enda livet svært ung. Her er Wikipedia sin versjon:

Som så mange andre musikere på denne tiden misbrukte også Parsons alkohol og narkotiske stoffer. I 1973 døde han av en overdose i Joshua Tree nasjonalpark i California. Hans død gikk ikke upåaktet hen. En av hans roadier, Philip Kaufmann, som hadde fått tak i en hippie, Michael Martin, som eide en likbil. Med den stjal de kisten med Parsons i før det skulle fraktes til hjembyen, og kjørte det ut i ørkenen ved Joshua Tree, hvor han satte fyr på kisten og Parsons lik. Senere fikk de to en bot for å ha stjålet kisten, men ikke liket fordi det ikke var noen straffebestemmelser for stjeling av lik.[6] Historien rundt Gram Parsons død er framstilt i komedien “Grand Theft Parsons” fra 2003.

Men kvelden hadde mykje anna å by på. Samtale med Torleif Homme i Kommunen informerer, og med Mie Kaasa frå DNT Sør om Sloaros turisthytte som er blitt rehabilitert og utvida for tre millionar og om anna aktuelt i turistforeningssamanheng. Deretter var det Grühne Woche-profil på prat med Susanne Hegenscheidt og Torkjel Austad om kva dei opplevde på messa.

Du finn informasjon om både kveldens sending og sendinga i går kveld på Setesdalswiki. Det enklaste er å gå inn på datoen for sendinga, der ligg det lenke til programmet.

Eg hadde lyst til å setje overskrifta Johs. rules i kveld, han har vakker musikk og informative kommentarar, men ho vart litt meir kjedeleg. Ansvarleg programleiar og teknikar Siri Johannessen tok eit bilde av han i kveld. Så eg avsluttar med det og minner om at folk som går langs vegen i mørke må ha refleksen ut mot bilane, ikkje inn mot grøfta slik at ein ikkje ser den mørke som går ytterst:

Bildet kan inneholde: 1 person

 

Bompengar

Eg skulle kanskje ha kjøpt meg el-bil sist eg handla bil. Stille går dei, og mange er dei etter kvart blitt. Men eg handla Honda, gjekk frå diesel til bensin og tenkte visst ikkje miljø i det heile.

Ikkje tenkte eg på bompengar heller. Dei kjører fritt gjennom det meste av bommar, kanskje ikkje i alle byar, etter det eg høyrer, men mest over alt elles. På turen i går hasta dei forbi meg sørover på dei gode vegane vi etter kvart har fått på E18 og om ikkje det stoppar  opp også skal få på E39.

Eg rekna saman at eg brukte neste 340 kroner på turen fram og tilbake til Nittedal. I tillegg kom kanskje 660 kroner i bensin. Ein del fekk Norsk Olje på Valand, resten fekk CK på Brokelandsheia.

Om eg hadde kjørt el-bil, hadde eg truleg spart halvparten av den tusenlappen. Men gammal vane er vond å vende, så eg handla tradisjonelt.

Skuldast det rekkeviddeangst?

Eg veit ikkje, eg burde jo ikkje ha det, så lite som eg kjører. Dessutan er eg pensjonist og kan bruke den tida eg treng, så eg kunne sikkert legge inn ein ladepause eller to utan problem.

På den andre sida er det jo nokon som må betale dei gode vegane. Finansieringa kjem vel gjennom bompengar, etter det eg har forstått, i alle fall ein god del. Og vi pensjonistar som ikkje vågar oss på el-bil, vi får heller ete havregraut og fiskegrateng nokre dagar slik at vi kan flotte oss med bensindrift og betale bompengar og slik finansiere vegane for både oss og el-bilistane.

Om dei takkar oss for at vi stiller opp slik, det tviler eg nok på der dei fyk forbi i sine Tesla og andre e-merke. Vi smiler oss frå grensa til Aust-Agder ved Sørlandssenteret til Oslo og betalar vår del av kaka i glede for at vi endeleg slepp å kjøre Fianesvingen frå Arendal til Akland i 60, takka vere våre bompengar.

Myndig

Vårt eldste barnebarn, Håkon Lyckander, ble myndig 16. januar, men feiringen for familien ble lagt til 25. januar. Reidun antydet at hun kunne tenkt å sette seg på toget til Nittedal for å være med, men jeg hadde også lyst til å møte dem, så lørdag morgen satte vi oss i bilen og dro på Oslo-tur.

-Jeg lurte på hvorfor du skrev blogg på morgenen i går, sa Margunn da vi møtte henne i dag på Sjøloftet i Brevik. -Du pleier jo gjerne skrive rett før midnatt.

Det var fint vær på turen og da vi kom forbi Langesund, lurte vi på om vi skulle kjøre innom og overraske henne på jobb, men vi tenkte at hun sikkert også kom, så vi droppet det. Ingen visste at vi ville ta turen innover, men da vi kom til Drammen, ringte vi til Helge og ba ham møte oss på Storo, der vi hadde bestilt overnatting. Jeg fikk til og med en god halvtimes strekk før vi måtte dra, og da tok han over kjøringen og jeg kunne slappe av.

Det var absolutt en overraskelse da vi dukket opp på Kruttverket litt før klokka 17. Der var det dekket til 11 som hadde meldt sin ankomst, men nå måtte de finne to plasser til og det ordnet de enkelt før vi alle fikk kylling og ris med spicy grønnsaker. Deretter var det håndballkamp, kaker, kaffe og prat utover kvelden.

Da han var mindre, var Håkon svært interessert i fugler, så i løpet av kvelden fant vi frem en bok med fuglelyder og lurte på om han husket noen av dem. No problem, han tok de fleste, selv om han nok har fått andre interesser enn ornitologi nå. Ofte er det slik at det første man tenker man skal ordne når man er 18, er førerkort. Men Håkon har ikke tenkt på det, han bor slik at han kan rekke det meste på sykkel og foruten skole er det fotball som er hans hovedinteresse. Jeg tenkte at han kunne ha godt av å få en bok, og hadde derfor med en bok jeg opplevde som morsom. Den var nok søsteren Kristine mer interessert i enn bursdagsbarnet.

Helge kjørte oss tilbake til Storo og kjørte deretter hjem til Løren der han lot bilen vår overnatte på gjesteparkeringen. Etter en nydelig frokost, hotellet er berømt for sin flotte frokost, ble vi hentet og kjørt tilbake til Løren. Så satte vi på navigasjonen i bilen, kom oss ut på Ring 3 og videre på E18 mot Kristiansand.

Ettersom vi hadde tid til en stopp i Brevik, fikk vi et møte med Margunn og Stein der før vi fortsatte i nydelig vær sørover. Selv om vi møtte litt regnvær på turen hjemover, satte det ingen demper på min glede over å ha fått være med å få feire at Håkon er blitt myndig. Takk for en koselig helg til alle vi møtte. Under ser du tre søsken Lyckander starte på hver sin kake: Onkel Garms peanøttkake til Håkon, mamma Rønnaugs Ole Bull ostekake til Nikolai og farmor Guris eplekake til Kristine. Helge tok bildet.

Bildet kan inneholde: 3 personer, folk som spiser, folk som sitter, mat og innendørs

Glemte år

Det ble ikke noe stevnemøte med glemte år i nattens drømmer. I stedet ble det en god natts søvn og oppstandelse til vanlig tid, nesten som da jeg skulle på jobb i gamle dager. Klokka halv åtte var jeg igjen våken og klar for en ny dag.

Reidun kunne fortelle at værmeldingen sa at det kom til å bli en dag med halvskyet vær og kanskje en millimeter nedbør, så da tenkte jeg at jeg kunne skrive en blogg fra morgenen av denne gangen.

Da hun kom hjem i går, hadde hun hatt en hyggelig kveld med søskenbarna, mye prat, reker og kaker. Selv hadde jeg helt glemt å spise i mitt stevnemøte med glemte år. Så hun laget en skive til meg og fant en kopp kaffe. Den står fremdeles her ved siden av meg, jeg rakk ikke å drikke mer enn halvparten.

Dagens frokost er unnagjort, nå venter avisene. De er nok fulle av regjerings-skiftet, men jeg håper jo at det er noe annet også.

Da ønsker jeg alle som leser bloggen en fin dag. Selv skal jeg prøve å huske litt fra glemte år, men ikke så langt tilbake som til 1970.tallet. Det får klare seg med 2000-tallet denne gangen.