Kategoriarkiv: Ymse

Posten skal fram

Overskrifta i kveld har vore eit slagord som har site godt i minnet. Vi har høyrt om korleis postbud stod på for å levere posten i gamle dagar og trassa både storm og anna uver for å få fram posten.

I våre dagar er det jo ikkje så mange som skriv brev, men aviser og blad kjem jo framleis med posten. Difor var det skuffande at Setesdølen ikkje kom i går. Det skjer ein og annan gong at avisa uteblir, men då kjem ho dagen etter.

Men heller ikkje i dag var det noko Bygdeblad for Setesdal i postkassen her på Eskeland, så då tok eg ein telefon til bladstova for å få den ettersendt. Eg tvila på om det kunne kome noko torsdagsavis denne gongen, og fekk lovnad på å få den ettersendt sjølv om ho ikkje kjem før på måndag. Posten leverer jo ikkje lenger på laurdagar. Det får no våge seg, for eg treng jo avisa for å skrive inn overskriftene på Setesdalswiki.

Så tok eg meg ein tur innom avisa si nettside. Der vart eg noko overraska, for ikkje ein einaste artikkel var open til å kunne lesast utan abonnement. Mest alle avisene har litt godt lesestoff som ikkje krev abonnement, og eg vart overraska over at alt stoffet i Setesdølen var gøymt bak betalingsmur. Eg ville tru at avisa hadde tent på å gi publikum ikkje bare bilete, men også ein liten artikkel eller to gratis. Eg veit vel at avisa har fleire abonnentar enn det er husstander i Setesdal. Likevel trur eg at ein annan politikk på nettsida kunne gitt ein abonnent eller to til av lesarar som ikkje fekk nok med litt og ville ha meir.

Heldigvis kom brevet frå Niklos K. Besteland fram. Komande tysdag skal han ha eit program med musikk av Dietrich Buxtehude i Valle Radio.

Her er framsida på avisa som posten ikkje fekk fram til meg denne veka:

eAvis

Søren Jaabæk

I går var Søren Jaabæk tema på Senioruniversitetet i Mandal. Det var Torbjørn Greipsland som skulle halde foredraget og han hadde med seg ei bok til meg, Coya come home. Han har skrive artikkelen Coya kom hjem på Setesdalswiki og ville gjerne gje boka til meg.

Senioruniversitetet i Mandal held til i Buen kulturhus. Til vanleg parkerer eg på nordsida, stikk innom og hentar reserverte bøker på biblioteket og reiser att. Der kan ein parkere inntil ein time utan å betale. Men denne gongen måtte eg finne parkeringsplassen på sørsida, registrere meg i parkeringa og så labbe rundt Mandal Hotel og fram til Buen.

Inne i foajeen var det mange som skulle på same foredraget, men eg fekk min bilett til 150 kroner og fann ein plass langt oppe i amfiet.

Det var eit interessant foredrag der vi mellom anna fekk høyre at han var frå Holmesland og gifta seg til Jåbekk, som jo er nabogard til Eskeland, der eg bur. Han stifta bondevennforeningar og bladet han ga ut, Folketidende, hadde over 3000 abonnentar.  Han var ordførar i Halse og Harkmark i fleire periodar og sat på Stortinget frå 1845 til 1890. -Det er verdensrekord, sa Torbjørn Greipsland, som meinte at Erna Solberg kanskje kunne matche rekorden, ho har vore på Stortinget i 30 år og har ikkje fylt 60, sa han.

Etter foredraget var det høve til spørsmål og kommentarar før avhaldsmannen Greipsland fekk ei flaske vin som synleg takk for foredraget. -Vi pleier ofte å gi ei bok om Mandal, men du har truleg alle, sa møteleiaren.

Etter ein prat i foajeen i Buen valde vi å halde fram på Tiedemand Cafe på andre sida av elva saman med Ådne Fardal Klev. Historikaren som skriv bygdebøker for både Evje og Bygland og Torbjørn Greipsland hadde ikkje bare Søren Jaabæk å snakke om, men også mykje anna. Det vart ein triveleg time i godt selskap.

Variert og mangfoldig

Kveldens sending i Valle Radio var både variert og mangfoldig. Her er programmet:

Program onsdag 12.02.20
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med. Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med rådmann Aud Sunniva Fuhr
20.00 Aktuell time med Ørnulf
– Elin Uppstad, jente som satsar

– Torleiv Løyland, løype køyrar på Bjørnevatns område i 33 år

Bjørnevatn VALLE
– Marcin Matysik frå Visit Setesdal om messe i Herning i Danmark
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
Med rådmannen i studio kunne Ørnulf Hasla ta opp mange ting. Dei snakka om bustadfeltet i Leite og ferdiggjering av det, det er ikkje bygd ein einebustad i Valle sentrum på 40 år, blei det sagt. Men dei snakka også om utviklingsplanane for Rysstad og Valle, den første er visst snart ferdig og så skal dei starte på Valle.
Der var dei så vidt innom diskusjonen om Valle menighetshus. I påvente av om det blir rettssak, gjer kommunen det klart for å kunne rive bygget for ikkje å miste tid om kommunen sitt syn vinn fram. I går kveld var det stinn brakke i Sæbyggjen då dei diskuterte KULA, som ikkje handlar om vern, presiserte rådmannen.
Endeleg var dei også innom arbeidet for å flytte Joker til kjellaren på Valle kommunehus, noko som jo betyr flytting for fleire avdelingar.
I den aktuelle timen fortalde først Elin Uppstad om satsinga si på ski. Ho er ikkje inne på noko lag, så det var pappa som administrerte. No bur ho på Austlandet for å vere i eit miljø og ho vonar å kome opp på nivå slik at ho kan vere med i verdscup og satse på å leve av idrett.
Deretter var det ein lang og interessant prat med Torleiv Løyland om løypekøyring på Bjørnevatn og mangt anna han hadde gjort i livet. Som sendinga i kveld hadde også hans liv vore variert og mangfoldig. Eg vil oppdatere om dette på Setesdalswiki etter kvart.
Visit Setesdal satsar på å vise at Setesdal er eit godt feriemål for danskar når dei snart reiser på messe i Herning. Marcin Matycik var ikkje den einaste som skulle dit, men den dagelege leiaren på Hovden Fjellstove og Stomp og Vatn hadde skaffa seg dalebukse som jo er uniforma på ei slik messe etter det eg skjøna. Han hadde med seg mange på turen, Ann Torhild Briksdal, Ole P. Bruun, Sondre Rua Dokken, Henrik West, representantar frå Fredsssenteret, Elgtun, Evje Hotell og Setesdalsmuseet. Så dei var ein talrik delegasjon.
I open sending med Jorunn og Kåre var eg innom så vidt, men det kom ikkje noko gåvekort til Mandal denne gongen. Det gjorde ingenting, det var ein variert, mangfoldig og endåtil morosam kveld i radioen i kveld.  Bildet låg saman med programmet frå kvelden på Facebooksida Setesdalsnytt. Truleg var det Britta Lise som tok det.
Bildet kan inneholde: himmel, hus, bil, utendørs og natur

Å fortelje

Kveldens sending i Valle Radio hadde sterkt fokus på det å fortelje. Alt frå Siri sitt flotte kåseri i Kvarterte via andakten av Halvard Hasseløy, der han la inn ei vakker forteljing frå ei oppleving han hadde hatt i hjelpearbeidet sitt til den profesjonelle forteljaren Ivar Nygaard.

Han gav oss ein smakebit av Sild, salighet og zulu, forteljinga han hadde i Sæbyggjen sundag kveld, men også glimt av andre forteljingar han hadde i repertoaret sitt. Vi fekk høyre litt om forteljarprofesjonen, Ivar Nygaard sitt første oppdrag var til Det Norske Misjonsselskap sitt 175-årsjubileum, så fleire av forteljingane hans hadde misjon som ramme. Til hausten skulle han lansere ei ny forteljing basert på historia om kvinner som arbeidde som sykesøstre for Røde Kors på to ulike frontar under krigen, etter det eg skjøna. Mor hans var ei av dei. Da ho kom heim, vart ho dømt til eitt års fengsel.

Niklos K. Besteland hadde eit program med musikk frå Italia og Spania. Dette var andre programmet i ein serie og her spelte han verk av Claudio Monteverdi, Giovanni Gabrieli, Tomás Luis de Victoria og Fransisco Correa de Arauxo. Dette var musikk eg ikkje hadde høyrt før, vakker musikk både for kor og orgel.

Nytt hundretal

Artikkelen Tysdagssending i Valle Radio 20200211 vart artikkel nr. 91 600. Det var ein artikkel som Siri Johannessen la inn no i kveld i samband med sendinga. Vi brukte 20 dagar på desse 100, det vil seie 5 kvar dag. Eg har sagt at om vi klarar det, er det fin produksjon, så eg er vel nøgd. Dei siste dagane har eg ikkje skrive så mykje, naturleg nok. Men heldigvis er eg ikkje aleine. Kan hende klarar vi hundre nye i løpet av februar.

Høyr og bli klok

Den som høyrer på Valle Radio sine sendingar denne veka, trur eg vil bli litt klokare enn ho eller han har vore før. For sendingane i Valle Radio er ikkje bare tre minutt med nyheter, det er like gjerne 30 minutt med innhaldsrik samtale om aktuelle emne. Sjå bare programmet for dei to dagane:

Tirsdag 11. februar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med programinformasjon
18.15 Andakt ved Hallvard Hasseløy fra Open Heart
18.30 Sangtimen
19.30  Åpne hjerter i Setesdal med Sigrid Bjørgum og Astrid Nomeland
19.50 På reise med historiefortelleren Ivar Nygaard
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 12. februar

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki.
19.30 Kommunen informerer med rådmann Aud Sunniva Fuhr.
20.00 Aktuell time med Ørnulf
21.00 Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Følg Valle radio på Facebook.

Søren Jaabæk

«Historien om Søren Jaabæk, Holums mannen med 45 år på Stortinget. Han hadde radikale forslag og var omstridt. Startet en landsomfattende folkebevegelse som var med å legge grunnlaget for partiet Venstre, og stiftet avisen Folketidende.»

Torbjørn Greipsland forfatter og redaktør. Han var redaktør i tilsammen 15 år i to aviser og to blader, deriblant Agder Tidend og Santalen, før han i perioden 1987 til 2008 var redaktør for Kristelig Pressekontor (KPK). Han har tilsammen skrevet og redigert 17 bøker.

Greipsland er utdannet cand.mag. med nordisk, historie, statsvitenskap.

Foredraget skal være i kinosalen i Buen kulturhus i Mandal onsdag 12. februar 2020 klokka 12.30. Det skal bli ei glede å treffe han som har gitt inspirasjon til så mange artiklar her på Setesdalswiki.

Bildet hentet jeg fra Wikipedias artikkel om Søren Jaabæk:

Søren Jaabæk (NTM UWP 24709).jpg

Takk

Bildet kan inneholde: folk som sitter, bord, mat og innendørs

I kveld er det grunn til å takke. Vi  har feira gullbryllup, Reidun og eg. Sjølvsagt vil eg takke ho som har halde ut med meg i desse åra, slik eg skreiv om i går at vi av og til funderte på.

Men i kveld vil eg også takke mitt søskenbarn Brit Obrestad, mi søster Solvor Rasmussen og mannen hennar Gaute Rasmussen. Dei skal reise til Bangladesh måndag, men tok likevel turen frå Varhaug til oss i dag. Mi søster Gunbjørg Sola og mannen Sigurd Sola kom saman med bror min Hermund Haugland. Mi søster Jorunn Moen og mannen hennar, Ole Thorvald Moen kom frå Lyngdal.

Endeleg vil eg takke Helge, Rønnaug, Margunn og Stein som kom i går kveld og i dag ordna til alt som måtte gjerast i forkant. Sjølv kunne eg ta meg ein liten strekk før det heile starta. Menyen var koldtbord frå Nødings i Mandal, og det var framifrå. Det var også rikeleg, så vi har nok restar ei stund framover. (Margunn tok bildet over teksten her.)

Endeleg vil eg takke for alle gratulasjonar og helsingar frå fjern og nær på Facebook. Det har vore triveleg å sjå dykk, alle saman. Så langt eg har makta har eg i det minste markert <liker> på helsingane.

Kakebordet var heimelaga. Helge tok bildet:

Bildet kan inneholde: bord, mat og innendørs

Snørik

Bildet kan inneholde: 6 personer, personer smiler, folk som står, snø, tre, utendørs og natur

Jeg tror knapt at vinteren på Eskeland har hatt mer snø enn i 1970. Da var det nok 1,5 meter og det tror jeg ikke vi har hatt siden. Nå har jeg ikke så godt grunnlag for å si dette, for jeg har ikke noen statistikk over målinger å støtte meg på. Men noen gamle bilder som dukket opp viser i alle fall hvordan det så ut 7. februar 1970,

De årene vi bodde på Stokmarknes kunne det komme noe snø, men heller ikke der tror jeg vi hadde slike snømengder som på Eskeland i 1970. Jeg har aldri vært glad i snø, jeg vokste opp på Ålgård og Jærens klima gjorde at vi etter det jeg husker ikke hadde så mye snø i min barndom og ungdom. Jeg ble derfor aldri noe særlig glad i å gå på ski. Gleden over å skli nedover en slak helling stoppet fort i ei snøfonn, for å si det slik.

Men 7. februar 1970 startet jeg og Reidun vårt liv sammen som ektefolk. Sammen har vi bodd i på Ålgård, i Bergen, på Stokmarnes og Nomeland før vi nå er tilbake på Eskeland. Etter hvert har vi fått fire barn og fem barnebarn. I dag dukket to døtre, en sønn og en svigersønn opp for å være sammen med oss. I morgen kommer mine søsken for å markere at vi har gullbryllup. Jeg tror de også er glade for en vinter der snøen har kommet ferdig måkt for det meste.

 

Merkedagar

Vi har mange slags merkedagar. Fødselsdagar er jo slike dagar, dei kjem kvart år og etter at Facebook kom, er det blitt mykje lettare å hugse desse merkedagane til vener og kjente. Før måtte vi helst skrive dei opp i ei fødselsdagbok eller på ein fødselsdagskalender. Deretter måtte vi ikkje gløyme å slå opp i boka eller kalenderen slik at vi kunne halde greie på kven som hadde fødselsdag. Nokre har klisterhjerne på slike datoar. Eg er ikkje blant dei, sjølv om eg for det meste held styr på næraste familie sine dagar.

Bryllaupsdagar er også merkedagar, men der må eg nok helst gje opp når det gjeld andre enn vår eigen. Det kan til og med vere vanskeleg å hugse ungane sine bryllupsdagar. Heldigvis er det ikkje så vanleg å gratulere med merkedagar for bryllaup anten det heiter papirbryllup eller andre namn. Wikipedia har ei liste over alle bryllupsdagane eg har hatt:

Men rett skal vere rett, den siste merkedagen på den lista kjem ikkje før i morgon for oss. Dei andre har vi heller ikkje feira, vi er ikkje så opptekne av feiring og fest. Vi likar best når det går på det jamne. Likevel er det grunn for meg til å takke for mange år saman. Eg og Øystein Berg lurte ofte på korleis konene våre heldt ut med oss, det gjekk over vår forstand, men takksame var vi begge to når vi av og til sat og filosoferte i tida saman på Valle Vaksenopplæring.

Sjølv om vi ikkje feirar så mange merkedagar, er det grunn til å glede seg over og takke for eit liv i lag.

Av med skoa!

I kveldens time om Svalbard i Valle Radio var det mange som kom inn på skikken med at ein i Longyearbyen måtte ta av seg skoa. Det gjaldt både på hotellet og i kyrkja, og dei som var erfarne Svalbard-turistar og visste om skikken, hadde med seg raggsokkar når dei reiste dit.

Bakgrunnen var frå den tida dei dreiv gruvedrift der. Rønnaug Torvik hadde vore der i den tida, eg trur det var i 1983 ho sa. Då arbeidde bror hennar i gruva og skulle tene til å studere.  Han var kolsvart då han kom frå jobb og måtte bade før han kunne gå heim. Han budde på ein hybel i ei brakke, familiar med born hadde eigne bustader, men einslege budde på brakke. Ho var der om sommaren, då gjekk dei på småturar i helga.

Olav Hovet var på ein gutetur i slutten av januar. Då var det mørkt, men han og venene var på scootertur til Isfjord Radio og til Pyramiden, det var nok den lengste scooterturen han hadde vore på, men det gjekk jo greitt i godt snøføre. Og Pyramiden var fråflytta, husa stod opne og tome, endåtil biblioteket hadde meirope og høve til å låne med seg ei bok hadde han. Den var på russisk og utan bilete, så han hadde ikkje fått lese ho enno.

Ingebjørg Godskesen var der tre gonger då ho var på Stortinget. Det var kanskje ikkje så mykje trafikk der, ho var i transportkomiteen, men både fly og båt kunne vel kome inn under dei emna komiteen handsama. Ho er aktiv i politikken på fylkesnivå og kjempar for pengar til Riksveg 9, den kampen må haldast varm på alle frontar. Eg oppmoda henne til også å skaffe pengar til Brokke-Suleskarvegen, og ho ville ha den også i tankane.

Inger Lise Stulien var på Svalbard i samband med ein konsert i kyrkja, det også på sokkelesten. Som lærar var ho interessert i skulen der, så ho var innom og snakka med folka på skulen.

Helene Horverak hadde også vore på Svalbard, men med henne snakka eg mest om den turen ho nyleg hadde til Hawaii. Reisa til USA sin stat i Stillehavet tok 28 timar, trur eg det var. Ho fortalde levande om opplevingar på den turen, både om natur og kultur. Så spurde eg henne om Pearl Harbour, og då hadde ho svært mykje på hjarta, ikkje minst om korleis ein båt som vart senka der er blitt til ein gravplass. Over båten er det byg eit museum, men dei gav opp å hente opp dei som omkom då båten vart senka. I staden kan folk som arbeidde på båten bli gravlagde der. Då vert dei kremerte og ein dykkar sett ned urna.

I Kommunen informerer snakka eg denne gongen med ordførar Steinar Kyrvestad. Han hadde vore på ein strategikonferanse om Agder som fylkesmannen arrangerte. Vi snakka om KULA, kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Det er fleire slike i Setesdal: Sandnes, Åraksbø og Skore i Bygland, Valle kyrkjebygd, Rygnestad og Flateland og Heibergheiane i Valle.

Det har vore møte om dette i Bygland, der var ikkje folk frå Riksantikvaren med, bare frå fylket. Men når det komande tysdag vert møte i Valle, er også riksantikvaren med for å informere. Steinar oppfordra alle intersserte til å kome på møtet.

Til slutt i kveld kom Sigrid Kjetilsdotter Jore til studio. Sondre Rua Dokken var der alt, han var teknikar i kveld. Dei snakka med Oddbjørn Berg fra Bygland Filmklubb og med Stina Brandin, fiolspelar frå Sverige som har budd her i kommunen i fire år og som jobbar som miljøarbeidar på Setesdal folkehøgskule.