Kategoriarkiv: Ymse

Sangstund

I dag var det tid for Sangstund i Valle Radio på dagtid frå klokka 10-12. At vår lokalradio sender på dagtid, det er nytt når det ikkje gjeld overføring av møte i Setesdal regionråd. Men det starta i grunnen sist veke, og er truleg eit resultat av koronapandemien.

Programmet skal gi eit høve til å syngje med for alle som ikkje orkar å sitte i timevis med program om epidemien på TV. Det er laga ikkje minst i samråd med ergoterapeutane på alders- og sjukeheimane i Bykle, Valle og Bygland og i samarbeid mellom kulturkontoret og kulturskulen i Valle. Siri Johannessen og Anna Slaby står for programmet, men ettersom det bare er Siri som kan vere i radiohuset, held dei kontakt på telefon medan Anna er ute på vandring i bygda.

Tidlegare hadde Anna ei sangstund i Sæbyggjen torsdag ved lunsjtid der folk kunne kome og få seg kaffi til matpakka eller kjøpe seg litt å bite i. No er det blitt eit utvida konsept på radio. Som om ikkje det er nok, har dei endåtil starta opp eit program for barn klokka 13-14.

I dag hadde eg høve til å høyre programmet og bidra med litt informasjon gjennom lenker på Setesdalswiki. Difor legg eg ut programmet her på bloggen, slik at du kan sjå sangane. Kanskje får du lyst til å syngje med.

  • «Tulpen uit Amsterdam» med Dutch flavours, fra albumet Dutch Barrel Organ (2011).

Sidenummer er henta frå Syng med! Sangbok i stor skrift utgjeve av Orkdal Diakoniutvalg i 2014.

  1. «Den glade vandrer» med Lindesnes Trekkspillklubb, fra albumet Lindesnes trekkspillklubb 5 (side 136 i den grønne boken)
  2. «Calle Schewens vals (I Roslagens famn)» med Evert Taube, fra albumet Evert Taube / Musik vi minns
  3. «Eg veit ei lita jente» med Kirsten Bråten Berg, fra albumet Songen (side 74 i den grønne boken)
  4. «Anna Lovinda» med Erik Bye, fra albumet Norske viseperler (side 112 i den grønne boken)
  5. «Den himmelske lovsang» med Olav Werner, fra albumet Den himmelske lovsang (side 167 i den grønne boken)
  6. «Jag väntar vid min stockeld» med Håkon Renanger, fra albumet Jag har den äran
  7. «Nidelven» med Syskena Rike, fra albumet Dei venaste songane (side 69 i den grønne boken)
  8. «Per Spelmann» med Pudding-TV, fra albumet Pudding-TV’s beste (side 134 i den grønne boken)
    1. Knut K. Homme fortalde om ordsamlaren Bergit Rike, og litt om Taddeiv Bjugsson Aakre.
  9. «Å leva det er å elska» med Gunstein Draugedalen, fra albumet Du ser det ikkje på meg (side 250 i den grønne boken)
  10. «Astrid, mi Astrid» med Kirsten Bråten Berg, fra albumet Songen (side 94 i den grønne boken)
    1. «Skjoldmøyslaget, etter Olav Heggland & Hallvard T. Bjørgum» med Johanne Flottorp, Gard Nergaard og Tor Hoslemo fra albumet Dalstroka innafor – Hardingfelespel frå Agder.
  11. «Valle min heimstad» med Syskena Rike, fra albumet Dei venaste songane.
  12. «Gamle Svarten» med Sven-Olof Sandberg, fra albumet Minnenas musik vol. 3 (side 73 i den grønne boken)
  13. «Sussebass» med Oslo Harmonikvartett, fra albumet Våre beste sommerlåter (side 141 i den grønne boken)
  14. «Tio tusen röda rosor» med Jan Høiland, fra albumet Tio tusen röda rosor (side 101 i den grønne boken)
  15. «Gabriellas sång» med Helen Sjöholm, fra albumet 100 svenska ballader
    1. «Kjempekaren, det er noko som tradisjonen er oppteken av!», fortalt av Olav Bø, fra albumet I Setesdals forteljetradisjon (1996)
  16. «Heime i Valle» med Ånund Lund, fra albumet Blanda drops
  17. «Barnatro» med Hans Martin, fra albumet Där rosor aldrig dör (side 231 i den grønne boken)
  18. «La det swinge» med Bobbysocks, fra albumet La det swinge (side 140 i den grønne boken)
  19. «Å vesle-Kari vår» med Sølvguttene, fra albumet Sølvguttene 50 år (side 93 i den grønne boken)
    1. Knut K. Homme las to stykkje skrive av Taddeiv Bjugsson Aakre:
      1. «Då dei flutte or gamlestog og inn i nyestog» frå Agder Tidend 1931 og
      2. «Rik-Olav Bø», og frå Agder Tidend 1951.
  20. «Ein fin liten blome» med Vera Henriksen, fra albumet Some pretty day (side 202 i den grønne boken)
  21. «Fager kveldsol smiler» med Inger Lise Stulien, fra albumet Min vår (side 154 i den grønne boken)

Rysstadbassenget

I kveldens sending i Valle Radio var det ein interessant samtale mellom Siri Johannessen og professor Gaute Velle frå Universitetet i Bergen. Då fekk vi vite noko av grunnen til at canadieren Robert frå Ottawa har vore om lag ein månad i Rysstadbassenget. Ettersom han ikkje snakka så godt norsk, vart det til at han viste Siri til ein som kunne fortelje.

Det dei prøver å finne ut er korleis fisken reagerer på lufta i vatnet som kjem ut frå Brokke kraftverk. Dette vatnet har runne 30 km i tunnel frå Bykle og når det kjem ut frå turbinane, blir det pressa mykje luft inn i vatnet. Då har det så mykje luft i seg at det boblar om lag som brus, etter det eg skjøna. Då kan fisken få dykkersyke, han får for mykje luft i seg. I tillegg er det ulik temperatur i høve til vatn som renn fritt, det er henta frå djupt vatn i Botsvatn, om vinteren er det varmare enn vatnet fisken står i, om sommaren er det kaldare.

Det er også ein problematikk med krypsiv i Rysstadbassenget. Forskarane nyttar også høvet til å radiomerke fisk for å sjå korleis han reagerer når han er i krypsiv og korleis han reagerer når han er i område som er reinska for krypsiv. Fisken treng grus for å gyte, men når det vert mykje krypsiv, vert det mindre grus. Med radiomerking og lyttebøyar kan ein sjå korleis fisken oppfører seg.

Til sist spurte Siri spørsmål kva ein skulle gjere om ein fiska ein fisk med radiosendar. Då skulle ein kontakte Gaute Velle, som var glad for å få høve til å vere med i Valle Radio. På grunn av koronaepidemien hadde dei ikkje kunna arrangere eit folkemøte som dei hadde planlagt å ha på Rysstad. I staden fekk han i det minste fortelje det på radio. Om nokon hadde spørsmål, kunne dei kontakte han.

I kveldens sending hadde Siri også samtale med fylkesordførar Arne Thomassen om tiltak for næringslivet i samband med koronakrisa og med Margit Dale om tradisjonsmat til påske. Her fortalde ho at dei ikkje hadde særleg tradisjonsmat knytta til påskehelga, anna enn appelsin på skitur. Og så skulle Kystmat-serien starte 14. april klokka 20 på TV2 i fire nye episodar. Dei var heldigvis innspelte før unntakstilstanden starta.

Her er eit bilde av Gaute Velle, henta frå sida hans på Universitetet i Bergen:

Gaute Velle's picture

Maraton

Det kjentest som ein maraton for meg å prøve å skrive 9 artiklar o, sangar av Fanny Crosby i løpet av dagen. Ho hadde 12 sangar i Sangboken, skreiv eg på bloggen i går. Då eg la meg, hadde eg laga fire, så det var att åtte.

Difor kom eg i gang nokså tidleg i dag. Las og lytta, las og lytta. Smått om senn gjekk det framover. Den første lagra eg klokka 8, den siste klokka 15.30, så det var ein god arbeidsdag.

I kveld gjekk så programmet på lufta, der eg kunne vere programleiar via telefon og Skype. Siri hadde funne fram sangane frå ulike kjelder, så det vart ganske variert. Eg er jo glad i korsang, det hadde ho dekka ved å finne eit nederlandsk kor. Der kunne eg ikkje språket, men melodiane er jo kjende på alle desse sangane, så kunne eg ha Sangboken og følgje med på norsk.

Etter at eg var ferdig, hadde Siri sin time. Då snakka ho først med Lisbeth Dalquist Homme om å lese. Lisbeth las også litt og til slutt i kveld snakka Siri også med Aud Kjersti på biblioteket om at det framleis er råd å få låne bøker om ein bestiller og avtalar henting, men at det ikkje er råd å få levert inn før dette er stoppa. Fjernlån går jo heller ikkje no, kjøretenesta mellom biblioteka har stoppa.

Deretter snakka ho med Simen Bjørgen frå Kulturminnefondet før ho fekk Knut Olav Uppstad på tråden. Han har skanna alle nummer av Vegleiaren og dei snakka litt om det. Mellom anna kom det fram at Vegleiaren stoppa i 1942 og kom ikkje ut att før etter krigen. Dei undra seg på kva grunnen kunne vere til det. Då tok eg ein telefon til Knut Olav og sa at eg trudde det skuldast det som på Wikipedia er kalla Kirkekampen. Vi fekk ein hyggeleg prat, dermed fekk eg ikkje med meg så mykje av Postludium.

Valle Radio leverer interessante og lærerike sendingar. Siri tok bildet av meg då eg hadde sangprogrammet. 🙂 Det er ikkje måte på alt ein kan gjere digitalt no for tida.

Fanny Crosby

I morgon er det 200 år sidan Fanny Crosby vart fødd. Ho mista far sin då ho var eitt år gammal, så ho vaks opp hos mora og besteforeldra. Som barn fekk ho ein augesjukdom som gjorde henne blind.  Seinare sa ho at ho meinte det var eit gode at ho var blind, for då kunne ho heller skrive om alt det vakre bestemor fortalde om.

På den tida var det jo ikkje radio og fjernsyn, så underhaldninga for eit barn var å høre dei eldre fortelje. Og bestemor fortalde ikkje minst om alt som sto i Bibelen. Det vert sagt at Fanny lærte seg store deler av Bibelen utanåt.

Det kan ein nok merke i songane hennar. 15 år gammal kom ho på blindeskule. Der var ho elev i 12 år og sidan var ho lærar der i 11 år. Heile tida skreiv ho dikt. Då ho slutta som lærar, gifta ho seg med den blinde musikaren van Alstyne. Då svinga diktinga hennar over til åndelege songar. I alt skreiv ho over 8000 sangar, dei fleste er gløymde nå, men 12 står i Sangboken. Men så levde ho til ho var 95 år gammal, så det vart mange år å skrive på.

Med henne kom ein ny stil inn i kristen sang i Norden. Før hadde det mest vore salmesang, no kom ein meir viseprega stil i sangen, gjerne med refreng. I desse koronatider kan det vere godt å finne dei fram på cd og høyre dei eller kanskje synge dei for deg sjølv og tenke på at om du må vere i karantene og isolasjon, så kan du sjå og syngje. Om du ikkje kan alle versa utanåt, slå opp i Sangboken. I morgon skal eg spele av songane hennar i Sangtimen i Valle Radio klokka 18.30.

Her er lista:

Sangboken nr. 12: Gå meg ei forbi, o Jesus
Sangboken nr. 38: La meg få høre om Jesus
Sangboken nr. 119: Salige visshet
Sangboken nr. 166: Gå til Jesus, kvar og ein
Sangboken nr. 324: Hele veien går han med
Sangboken nr. 354: Jesus hold meg ved ditt kors
Sangboken nr. 372: Sikker i Jesu armer
Sangboken nr. 443: Jeg må ha min Frelser med meg
Sangboken nr. 552: Vis meg veien, kjære Frelser
Sangboken nr. 762: Søk de forvillede
Sangboken nr. 862: En dag vil stemmen briste her
Sangboken nr. 887: Når mitt livsverk er enda

 

Uvanlege tider

Det er verkeleg uvanlege tider no. I dag var det gudsteneste frå Elverhøy kirke i Troms, truleg mest den einaste gudstenesta i landet. Der var det prest, klokkar, organist, sangsolist og felespelar. Dei to første i koret, dei tre siste på kvar si side av orgelet med organisten i midten.

På svensk tv har dei ei gudsteneste som er teken opp tidlegare, den var frå Nederluleå kyrka og der var det glad sang, i Sverige har dei sangtradisjonar som vi ikkje har her i landet, etter mi meining.

Nå Siri har sending i radioen, må alt gjerast på telefon. I går såg vi at det ikkje var mange folk i stortingssalen, dei sat med god avstand frå kvarandre sjølv om alle truleg var friske.

Og så høyrer vi at slik skal det vere i lang tid framover. Då kan ein trygt kalle det uvanlege tider.

I dag var det Maria Budskapsdag. Det var også uvanlege tider. Då var det godt å bli minna på bodskapen: Du har funne nåde hos Gud. Den gjeld både i tider med korona og tider utan.

-Vi står han av, sa dei då vi budde i Vesterålen.

Det gjeld også i dag.

Bilderesultater for nederluleå kyrka

Tjuvar bryt seg inn

I dag tok eg ein telefon til Erik Kjebekk. Grunnen var at eg for eit par veker sidan kom over boka hans Misjon i 100 år:  Agder krins av Norsk Luthersk Misjonssamband 1896-1996. Der er det eit kapittel som han har kalla Vekkelsen i Setesdal. Det kunne eg godt tenkt meg å legge ut på Setesdalswiki.

Erik Kjebekk takka meg for arbeidet eg gjer med Setesdalswiki. Han skulle gjerne sendt meg manuskriptet. Sjølv om boka er frå 1996, kunne det godt vere at han hadde teke vare på manuskriptet. Eg ville jo gjerne sleppe å taste inn eit heilt kapittel av ei bok.

Men så hadde han opplevd at tuvar hadde brote seg inn. Den gongen arbeidde han på Fjellhaug skoler og hadde kontor i første høgda. Om morgonen då han kom på kontoret, undra han seg over at det var så kaldt. Så såg han at det blafra i gardina, og då han gjekk til vinduet, såg han at ei rute var teken ut. Ikkje knust, men listverket rundt var skrudd ut om natta. Så var glasset løfta ned og tjuven hadde kome seg inn.

Det einaste som var borte, var den bærbare datamaskinen som dette manuskriptet var på. Dermed kunne han ikkje hjelpe meg.

I alle høve fekk vi ein hyggeleg samtale.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Tenn ljos

I dag var gravferda til Ketil Homme. Ettersom det ikkje var lov å ha ei vanleg gravferd på grunn av korona-restriksjonane, var det mange som ikkje fekk gå i den gravferda.

Ketil Homme var jo ein ung mann og han hadde mange vener. Liv Bakke Kvinlog og Thor Åmli tok initiativ til ei alternativ samling for han på Facebook og etablerte gruppa Tenn ljos for Ketil Homme. Der kunne ein legge ut eit bilde av eit ljos tent heime.

Geir Daasvatn skreiv dette i si helsing:

I dag fredag 20. mars vert Ketil H. Homme fylgd til den siste kvilestaden. Han døydde brått i Kristiansand fredag 29. februar, berre 43 år gamal, og vert gravlagd frå Valle kyrkje klokka 11 no i føremiddag.
Eg blei kjend med Ketil då han spelte fotball i Otra på Evje i 16-17-årsalderen, på byrjinga av 1990-talet. Han var ein humørfylt og strålande gut, og eit stort fotballtalent. Eit driblefantom. Seinare, i det vaksne livet hans, var det ikkje så ofte me treftes. Men det var alltid hyggeleg å seie hei på fotballcupar med borna eller ved andre høve der vegane møttest. Ketil var kvar gong i det same gode humøret som eg hugsa så godt frå fotballbanen.
Korleis livet til Ketil var etter ungdomstida kjenner eg såleis ikkje mykje til. Men på fotballbanen der eg kunne følge han ei tid var han ei stjerne. For meg er han framleis det.
Venene til Ketil har ein vakker aksjon i dag. Som følge av den vanskelege situasjonen med koronaviruset, kan dei ikkje følge han i gravferda. Der kan berre den næraste familien vere med. Difor vil dei tenne eit ljos i sin eigen heim, eller på arbeidsstaden, når gudstenesta tek til kl. 11.00, for å gjeve sitt farvel til Ketil og si støtte til hans næraste som er i ei ufatteleg trist og tøff tid.
Eg tenner óg eit ljos for Ketil i dag, og takkar for den vesle men fine tida eg fekk følge han på fotballbanen. Han flaug som ein vind over banen. I dag tek han på seg sine «flyin’ shoes», som Townes Van Zandt så vemodig trist syng om, for aller siste gong.
Ei siste helsing, Geir Daasvatn
Bildet kan inneholde: folk som sitter, stearinlys, bord, brann og innendørs
Vi lyser fred over Ketil Homme sitt minne.

Ti-timen

I dag hadde Siri Johannessen  eit heilt nytt program på Valle Radio. Ho kalla det Sangstund, det gjekk frå 10 til 12 og var musikk med små kommentarar mellom sangane, slik at folk kunne få høve til å slå opp i Syng deg glad, trur eg sangboka heitte.

Før programmet hadde ho avtalt med personale på heimane i Bykle, Valle og Bygland og fått innspel til kva songar som var populære. Med i programmet var Anna Slaby, ho har hatt sangstund i Sæbyggjen på torsdagane ei tid, men på grunn av korona-tiltaka er jo det også stengt no. Så ho var med på telefonen medan ho var ute og gjekk tur.

Siri planlegg å ha programmet også dei to neste vekene, så får responsen vise om ho held fram. Mellom anna treng ho innspel til songar og gjerne helsingar saman med songane. Dei kan ein legge ut på Facebooksida til Valle Radio eller sende til radioen på epost.

Lista over songar ho nytta la ho ut på Setesdalswiki.

Det var godt å få noko anna å høyre på enn nyheter om ein epidemi som tek livet av eldre folk. Dei to timane gjekk fort. Sjølv fekk eg ikkje med meg alle songane, for mot slutten av programmet kom barnebarna mine på Valderøy, som er heime frå skule og barnehage, på at dei skulle ringe til farfar, Dermed fekk vi ei helsing og dei eit friminutt i heimeskule, der matematikk stod på timeplanen.

Då ti-timen var slutt, var det tid for matpause:

Bildet kan inneholde: mat

Videokonferanse

I det minste er det kome noko godt ut av dette, sa ein av debattantane i kveldens sending Debatten på NRK.  -Vi er blitt betre på å bruke videokonferansar.

Dette var også eitt av orda ordførar Steinar Kyrvestad var innom då han i kveldens program i Valle Radio informerte om at neste kommunestyremøte, som skal vere i slutten av mars, kanskje kan bli halde som videokonferanse. -Det er ikkje det same som å møtast i same rom og diskutere politikk, sa han, men kan hende kan det vere ei brukbar løysing.

Han fortalde også at underutval i kommunen kom til å nytte dette, for det var viktig å få vedteke reguleringsplanar og anna, slik at dei kunne kome ut på høyring og at ikkje slike prosessar stoppa opp, for då ville i alle fall det lokale næringslivet stoppe opp.

Dette var også Bjørn Erling Auestad inne på. Bykle Hotell handlar til vanleg mest mogleg lokalt, slik at dei kan stø lokalt næringsliv. No er hotellet nedstengt og folk permitterte, men han vona at livet kunne normalisere seg før sommaren i det minste.

Sven Magne Brokke var også oppteken av korleis det lokale næringslivet skulle kome seg gjennom krisa, Folk får jo ikkje lov å kome på hyttene sine. Og Geir Uppstad fortalde at dei framleis hadde arbeid, men bestillingane turka plutseleg opp. Om nokon ville at røyrleggarfirmaet hans skulle ta ein kikke på om det var lekkasje eller andre problem på hytta deira, var det bare å ringe.

I tillegg til desse snakka Siri Johannessen i kveldens sending med Grete Fossen frå Hasla om korleis situasjonen var for dei i denne krisa. Det fekk eg dessvere ikkje med meg, for då vart eg ei lita stund oppteken av noko anna.

Krisetid

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi høyre at Bykle hadde ein kommandosentral på Hovden grendehus der ordførar, rådmann og kommunelege hadde faste møte kvar morgon for å vurdere situasjonen. Jon Rolf Næss fortalde at det var utruleg stille, det var sendt ut melding til alle hyttefolka om å dra heim, dei fleste var reiste, og kommunen organiserte hjelp til handling for folk som trong det.

Frå Valle var det også sterkt å høyre at av dei 60 tilsette på Valle bygdeheim var 11 i karantene. Nokre få andre kom i tillegg. Det er sett av tre rom til smitta pasientar, men til no har ingen korona i kommunen. Og skulen har opplegg med video for elevane frå 8.30 til 12.

Jostein Seth vaks opp i Aust-Afrika og var sjølv misjonær i Elfenbeinskysten i Vest. Han kom heim i 2010, og han fortalde at då vi hadde katastrofen i 2011, var det mange i Afrika som bad for Norge. Så han minna om at ikkje minst i krisetid treng ein å be, men også å takke: takk tenner lys. Vi har mykje å takke for og det er godt å minne kvarandre om det.

Sjølv om biskop Stein har det travelt, får han tid til morgonandakt med kona før arbeidsdagen tek til, så han anbefalte folk å tenke at denne tida er som ein retreat for mange, då har ein tid til å be. Det er også mange som legg ut andaktar eller gudstenester på nett. Desse kan ein nytte når kyrkjene er stengde og gudstenestene avlyste.

På TV kom programmet Debatten etter at sendinga i lokalradioen var slutt. Der fekk vi høyre at eit scenario var at korona kunne ta livet av 20.000. Det er så store tal at ein knapt vågar å tenke, slett ikkje eg, som jo er klart i risikogruppa. Eg held meg heime, men kan likevel ikkje unngå å tenke på at sjølv om vi er forsiktige, er vi jo ikkje heilt isolerte her heller, slik forskaren Gunhild Alvik Nyborg helst ville vi skulle hatt det. Ho meinte at i Kina stengde dei alt, og klarte å stoppe viruset, i Europa har vi ikkje vore like konsekvente. At det er krisetid var helsebyråkratane Håkon Guldvåg og folkehelseinstituettet sin Preben Åvitsland enige i.

Bildet kan inneholde: 1 person