Kategoriarkiv: Ymse

Radiodag

I dag vart det ein radiodag. Først var det overføring av møte i Setesdal regionråd frå 14 til 15 og så var det ordinær onsdagssending frå 19 og utover.

Eg laga ei eiga side på Setesdalswiki om Regionrådet sitt møte. Der var det naturleg nok ikkje plass til orienteringar i desse koronatidene når alt går digitalt. Men politikarane er blitt flinke til å ha digitale møter. Regionrådet hadde ikkje mange debattar i dag, men det vart litt usemje på siste saka, der Sigbjørn Åge Fossdal hadde eit anna framlegg enn det som kom frå dagleg leiar. Alle unntatt leiar Steinar Kyrvestad støtta Sigbjørn. Eg prøvde å få vedtaket slik at eg kunne ha det med på bloggen, men det gjekk kunne eg ikkje få før protokollen var ferdig. Så det får eg truleg i morgon og kan då legge ut på Setesdalswiki.

Klokka 19 var det Torleif Harstad sin tur til å ha andakt på telefonen. Det var uvant, men han klarte det svært godt. Teksten var frå påske og refleksjonane var prega av både lidingssoga og oppstoda før han bad Fadervår og lyste velsigning over lyttarane.

I bolken med Kommunen informerer var det ordførar Steinar Kyrvestad som igjen var på telefonen. Han var oppteken av at ein i Valle fylgjer nasjonale retningsliner og opnar litt etter litt: Barnehagane 20. april, småskulen og SFO 27. april, hytteforbodet 20. april, vidaregåande skule og frisør 27. april og kultur og idrett 15. juni.

Så ville han gi honnør til Joker Valle som kjører ut varer til folk, om ikkje dei hadde gjort det, ville truleg kommunen hatt større oppgåver med slike oppdrag. Han opplyste også at ombygginga for å få Joker Valle i kjellaren på Valle kommunehus gjekk sin gang.

I den aktuelle timen var Torunn Charlotte Nyberg som alltid vennleg og informativ då ho presenterte innslag frå UKM på Hovden tidlegare i vinter. Det vart ikkje noko av fylkesmønstringa som skulle vore i Arendal og landstreffet som skulle vore på Hove, men deltakarane i Bykle og Valle fekk mange gode ord for innsatsen sin.

Deretter hadde Siri Johannessen ein prat med Linda Dale som har etablert Dale bunadsylv etter mange år som sylvsmed hos Trygve Rysstad. Ho hadde mykje å gjere og såg lyst på å arbeide i eige firma med både smykke og sylv til Seteesdalsbunad, Telemarksbunad og Agderbunad. Ho er også lærar på gullsmedutdanninga på Valle vidaregåande skule og har 12 elever der som ho underviser digitalt i koronatida. Det er ikkje optimalt, men det fungerer.

Etter ein kort prat med brannsjef Mikael Kristensen om brannvern og forbod mot å gjere opp eld frå 15. april, overtok Johs. Bjørkeli studio med musikk. Og så var sendinga slutt.

Sjangrar

I skriving er det ulike sjangrar. Bloggen min er vel helst eit lite kåseri, mynta på folk som er interesserte i Setesdalswiki og Valle Radio med små avstikkarar til ting av meir personleg interesse for meg.

Når eg skriv på Setesdalswiki, må eg gå over til leksikonsjanger. Den har eg vel helst lært meg gjennom å skrive på Wikipedia til å begynne med, og så sidan følgje det opp på Setesdalswiki. Dei artiklane skal helst vere objektive og baserte på fakta og vise til kjelder som artikkelen er basert på.

Det er ikkje så ofte eg skriv reportasjar og intervju lenger. Men då eg var redaktør av Fiskerens Venn frå 1972 til 1976, måtte eg nytta dei sjangrane også. I dag fekk eg eit spørsmål frå Brit Obrestad, mitt søskenbarn, om eg kunne hjelpe henne med ein artikkel til Varhaugbuen, eit lokalt informasjonsblad som ho er med i redaktsjonen av. Dermed var eg tilbake mest 50 år i tid, til den gongen eg skreiv intervju. Det var i grunnen hyggeleg å oppleve den sjangeren att og tenkje på kor ulikt det var det som eg for det meste skriv no for tida.

Ein sjanger eg er dårleg på, er å skrive brev. Personlege brev til vener og kjente er det mest blitt heilt slutt på. Fleire gonger har eg tenkt at eg i det minste skulle skrive julebrev, men så stoppar det opp. Det verkar som om eg ikkje har meir å fortelje enn det som eg skriv på bloggen.

Dei siste dagane har eg arbeidd mykje med ein heilt annan sjanger i det Attersyn som Kjetil Jore skreiv. Då har eg tenkt at fleire burde skrive slike tekstar. Om det er nokon som har slike attersyn liggjande i ei skuff og som kunne tenke å dele dei med meg, ville eg blitt glad. Det minner meg på at eg truleg også sjølv burde skrive eit Attersyn, eg har jo vore med på litt av kvart når eg tenkjer etter.

I morgon er det tid for Valle radio igjen. Det er Siri som har ansvar for kvelden. Programmet finn du her. 

 

Englene forkynner fred

I dag hadd,e eg ein fin samtale med min gode ven Øystein Berg. Han er koronafast i Berg i Hylestad, noko som sikkert ikkje er så lett for han. Då han var liten, hadde han lopper i blodet, og han er ikkje sikker på om dei er borte enno.

Vi kom til å snakke om ein gammal sang, Englene forkynner fred. Den var det lenge sidan eg hadde høyrt eller sunge. Men då samtalen var ferdig, tenkte eg at eg skulle sjå om eg fann han. Det vart ei litt interessant leiting, men Sondre Bratland song den inn på ei plate for 35 år sidan etter det eg fann ut.

Du kan sjå spor etter kva det førte til på Setesdalswiki i dag. Først måtte eg legge inn diskografien i artikkelen om Sondre Bratland. Den fann eg på Wikipedia, så det var jo greitt. Så måtte eg skrive om plata. Eg fann ei liste over spora på Platekompaniet si nettside, der dei opplyste at eg kunne kjøpe plata for 179 kroner, trur eg det var.

Med sporlista på plass i artikkelen om plata kunne eg så gå til sangen. Den fann eg i KYRKJE OG HEIMBYGD Utgjeve av Luster kyrkjelege fellesråd. No ligg den altså også på Setesdalswiki.

Om du går inn på artiklane og trykkjer på lenker hit i venstremargen, vil du sjå kvifor eg laga artiklane. Då vil du finne ut at fleire kom som følgje av artikkelen om Kjetil Jore. Den har no fått anetavle også, takk til Helge Haugland som laga den.

Her er lista over dagens artiklar:

Stille påske

Det vart ein stille påske i Norge i år. Her i huset heldt vi oss inne, sjølv om det var sol, var det ein kald vind og det frista ikkje til uteliv.

Men inne hadde vi det godt. Etter ein god frokost kunne vi vere med i påskegudsteneste på svensk TV2 frå Nederluleå kyrka. Det har vore fleire overføringar frå denne kyrkja, men i dag markerte dei på skjermen at programmet var teke opp på førehand, elles hadde vel folk fått hakeslepp i desse koronatider. For den gudstenesta gjekk slik gudstenester gjorde før koronaviruset lukka landa. Vakker musik, gode kor, endåtil nattverd vart gjennomført på den timen som sendinga varte.

Deretter kunne vi skife kanal og dra til Tromsø domkirke. Midt i byen står den, normalt full av folk, i dag bare med ein glimrande organist, ein fiolinist og fem songarar på galleriet. biskop Olav Øygard og to andre prestar og ein samisk tekstlesar. Likevel makta dei å skape høgtidsgudsteneste for alle som fylgde sendinga. Vi kunne syngje med her, akkurat som i Sverige. Og musikken var framifrå på alle måtar.

På NRk1 gjekk koronadagen sin gang. Vi maktar ikkje å sitje klistra til den sendinga, men får likevel med oss at det i Norge er lite smitte når ein ser bort frå Oslo-området. Det gjev grunn til optimisme. Vi vonar vi snart kan kome tilbake til normalt liv att.

Eg har halde meg unna tastaturet i dag, i alle fall til i kveld. Så det vart fem nye artiklar på Setesdalswiki i dag også. Geir stod no for fire av dei. Sjølv har eg også lese gjennom artikkelen om Kjetil Jore. Det trur eg er den lengste artikkelen eg har skrive på Setesdalswiki.

Bare to artiklar

I dag vart det bare to nye artiklar på Setesdalswiki. Etter at eg undra meg på om nokon hadde informasjon om Kjetil Jore på Facebook, fekk eg frå Gunnar Jore ei lenke til ei side der han hadde skrive minne han hadde frå livet. Den har eg prøvd å studere og få lage ein biografi på Setesdalswiki.

Når eg lagar ein biografi, likar eg å ha ei kronologisk linje. Ettersom stoffet eg fekk på sett og vis var tre artiklar med mykje av det same, var det eit lite puslespel å få til eit kronologisk oversyn. Eg måtte også innom bygdeboka for Valle, bind 4 for å sjå kva som stod der. Så måtte eg tenkje ein del, grunne litt på korleis eg skulle organisere stoffet.

Til slutt vart det ei form som eg neppe har hatt på nokon artikkel eg har skrive tidlegare, Eg er ikkje ferdig enno, men så langt har eg kunna nytta meg av mange sitat frå det han skreiv sjølv.

Eg budde i huset til Kjetil Jore nokre år, det var i 2005 eg flytta inn der. Då var det framleis mykje som før med skåp og kvile. Etter det eg skjøner, har det blitt teke vare på det gamle også etter at Lars Tarald Myrum flytta inn etter ei større omvøling seinare.

Men om eg budde i huset, var eg slett ikkje klar over livssoga til mannen som budde der i så mange år før meg, så difor har det vore ekstra interessant å lage denne artikkelen. I heftet var det også eit fint bilde av Kjetil. Kven som tok det, veit eg ikkje, men eg tek det med på bloggen likevel.

Kjetil Jore.jpg

Tidslinje langfredag

Torbjørn Greipsland la ut ei tidslinje for langfredag. Eg deler den her:

Når skjedde det skjærtorsdag og langfredag?
Den danske presten Andreas Fibiger har i boken «Guds lam» denne tidstavle for begivenhetene skjærtorsdag og langfredag.
1. Nattverdsmåltidet etter kl. 6 skjærtorsdag aften.
2. Judas forlater salen; «det var natt», Johs. 13,30
3. Påskemåltidet skulle være avsluttet innen midnatt.
4. Jesu avskjedstale avsluttes henimot kl. 12.
5. Vandringen til Getsemane kl. 12-1.
6. Sjelekampen kl. 1-4, jfr. Matt. 36,40, «én time tre ganger.
7. Jesus gripes ca. kl. 4 langfredag morgen.
8. Forhør hos Annas og Kaifas, ca. kl. 4-5. Morgendemring. Det var kaldt, Johs. 18,18.
9. En mellomtid, hvor man venter på hele rådet. Kl. 5-6. Hanen galer. Johs. 18,27.
10. Forhør hos det samledede rådet kl. 6. «Da det ble dag,» Luk 22,26.
11. Til Pilatus, kl. 6,30. – «det var årle», Johs 18,28.
12. Forhør hos Pilatus, til Herodes kl. 7-8.
13. Domfellelsen ca. kl. 8,-8,30.
14. Til Golgata, korsfestelsen, kl. 9 formiddag – «den tredje time», Mark. 15,25.
15. Det store mørke, «fra den sjette til den niende time», Mark. 15,33, kl. 12-3.
16. Jesu død, langfredag kl. 3. Mark 15,34.
17. Gravleggelsen, innen dagens utløp kl. 6, Johs. 19,31
18. Den stille påskelørdagen, Luk 23,56
Av tidsskjemaet kan det se ut som Judas, som Jesus kalte «fortapelsens sønn», Johs. 17,12, var med på nattverdsmåltidet, men han var ikke det. Han deltok i påskemåltidet med kjøtt og brød. I Joh. 13.30 står om Judas: «Da han hadde fått brødstykket, gikk han ut. Men det var natt». Bibelen Ressurs har denne kommentar til Markus 14,22: «Judas forlot rommet etter at han mottok brødstykket under påskemåltidet (Johs 13,30). Dette skjedde før nattverden.»

Valle Vev

Med artikkelen om Valle Vev runda vi artikkel nr. 91 900. Den kom bare vel to veker etter at vi runda forrige hundretal, så denne gongen gjekk det fortare enn på lenge, 16 dagar vart det. Eg skreiv den som ei lita bursdagsmarkering av innehavar Karin Bøe, som runda eit halvt hundre år i dag.

I april har vi også høge besøkstal, det er mange som er innom og les artiklar på Setesdalswiki. 100 artiklar på 16 dagar gjev eit snitt på vel seks om dagen, så målet vårt om å halde fem om dagen, klarte vi også. Men det er meir å skrive om, så det er bare å halde på. I desse koronatider er det kanskje fleire som blir med også, no når landet er stengt ned.

I dag kom det eit bilde på Facebook frå boka Sauemark i Valle. Den blei til ein artikkel med mange røde lenker. Kan hende kan vi få artiklar om desse også etter kvart. Men då treng eg nok noko hjelp.

Her er lista over nye artiklar i dag:

I avisa

I dag var det to sider i Fædrelandsvennen om Valle Radio. Richard Nodeland hadde intervjua Ørnulf Hasla om situasjonen for Valle Radio, som jo er kjent for påskesendingane langt ut over Setesdal sine grenser.

I intervjuet får vi høyre at basaren har hatt om lag 400 gevinstar til ein verdi av opp mot 300.000 kroner, for det meste gåvekort. Dei har vi fått gratis frå næringslivet frå Vennesla til Hovden, og det har gitt om lag same summen i inntekter for radioen. Dei fell bort i år.

I artikkelen er det også litt om programma våre. Her blir det litt unøyaktig i omtalen av tirsdagsprogrammet, der det bare er orgelprogrammet som er teke med. Rett nok er det truleg Norges einaste faste orgelprogram i ein radiokanal, og det har lyttarar både fjern og nær, men tirsdagen er også mykje meir, med både kristen sang og nyheter frå kristenliv og kyrkjeliv så vel som frå kulturliv både i og utanfor Setesdal og Valle. Medan vi i mange år var teknikar og programleiar, har det dei siste åra bare vore ein person som har kombinert desse oppgåvene.

Det blir fort litt unøyaktig når ein skal formidle stoff, her var det aller meste rett, så langt eg kunne sjå, og det er grunn til å vere takksam for eit så flott oppslag om radioen vi alle har kjær og gjer vårt beste for å halde liv i. Ei veke etter påske er det visst min tur att til å ha sending frå studio Mandal.

 

Iver

I kveldens sending i Valle Radio snakka Asbjørn Kvalbein om iver. Han nemnde ikkje koronakrisa med eit ord, for innslaget var laga lenge før denne krisa oppstod. Men eg kom til å tenkje på alle ivrige som held hjula i gang i samfunnet også no når så mykje er stengt. Helseministeren har takka ulike grupper når han har halde pressekonferansane sine, i går takka han oss, alle saman.

Eg vil sende den takken vidare til Siri Johannessen som held oppe sendingane i radioen i ei krevande tid. Styreleiar Ørnulf Halsa takka henne også i samtalen han hadde med henne i kveld, og det er vel fortent. I kveldens sending hadde ho funne fram svært vakker musikk relatert til påske, det var nyting å høyre på.

Så hadde ho ein samtale med ordførar Steinar Kyrvestad, den handla jo mest om situasjonen denne påska. Det er fire personar på rådhuset, tre i første etasje og han i andre, så det er ikkje så stor fare for smittespreiing, i matpausen sit dei langt frå kvarandre sjølv om det ikkje er rapporert ein einaste smitta i kommunen.

Siste del av kvelden hadde ho ein samtale med sjefen for Cantando musikkforlag, eit forlag som gjev ut mykje orgelmusikk og kyrkjemusikk. Han held til i Stavanger og er kantor i St. Svithun katolske kyrkje, og der skulle det vere messer som vanleg i påsken, men utan kyrkjelyd, alt vart streama.

Og så fekk vi høyre musiken han hadde vald ut, han er svensk, difor skreiv eg musik med ein k. Den var god å høyre på i denne tida.

 

Før påske i Valle Radio

I morgon blir siste sendinga før påske i Valle Radio. På grunn av koronakrisa blir det ingen ordinære påskesendingar slik vi har blitt vant til med sending på skjærtorsdag og 2. påskedag. Dei sendingane hadde mange folk involverte og slik det har vore etter at krisa starta, har det bare vore Siri Johannessen som har vore i radioen. Ingen gjester i studio, alt er gjort på telefon.

Her er programmet for i morgon:

Tirsdag 7. april
Tekniker og ansvarlig: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Andakt ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.30 Påskesangtime
19.30 Aktuell time med med Steinar Kyrvestad
20.00 Preludium til Postludium

20.30 Postludium ved Jan Stefan Bengtsson
21.00 Kyrkjebakken

Men onsdag etter påske er det onsdagssending att.

I dag vart det ikkje så stor produksjon av nye artiklar på Setesdalswiki. Men her er dei nye artiklane: