Kategoriarkiv: Ymse

O, Jesus, åpne du mitt øye

I kveld skreiv eg ein artikkel om Even Fougner på Setesdalswiki. Han var talar på Internatmøtene i Valle i 1973, då var han rektor på Bibelskolen i Oslo. Det er snart 50 år sidan han var i Valle, så det er sikkert ikkje så mange som hugsar han.

Men eg var ein av Evens venner. Vi kalla oss det, vi som gjekk på Bibelseminaret i 1966. Då begynte han som seminarleiar etter å ha vore tilsett i Skolelaget i fleire stillingar. Bibelseminaret var eit toårig kurs på Bibelskolen der ein kunne ta eksamen i kristendomskunnskap på Universitetet i Oslo etter fullført utdanning. I tillegg fekk ein det sosiale fellesskapet med andre studentar. Vi budde på internat, det var vel til saman over hundre ungdommar, vår klasse var vel om lag 15, trur eg.

Lærarane på Bibelskulen var ute som predikantar i helgene. Vi elevar tok til oss av livet i Oslo gjennom å gå på møtene i Storsalen, Misjonssalen eller andre stader. Ofte kunne det bli seint, så måndag morgon var vi ikkje alltid like opplagde til å starte på ei ny veke medd studiar.

Ein måndagsmårgon kom Even på skulen og skulle ha oss i første timen. Han hadde vore på talarferd ein stad i landet og det hadde vore velsigna møter, så han var i høg stemning då han kom inn i klasseromet til oss trøytte studentar og sa: La oss begynne med å synge O Jesus, åpne du mitt øye.

Setningen fekk dobbel betydning for oss, der vi vel helst sat med augo lukka og ikkje akkurat gledde oss til forelesningane denne dagen. Han var oppteken av rikdommen som sangen fortel om, det var ikkje vi. Men sidan har eg mest alltid tenkt på denne opplevinga når eg syng denne sangen av Lina Sandell:

O Jesus åpne du mitt øye
at jeg må se hvor rik jeg er:
Jeg har en Fader i det høye
som faderomhu for meg bær.

Jeg har en bror som ved Guds side
vet om min sak og ber for meg.
Jeg har en nådestrøm så vide
som himlens hvelving strekker seg

Jeg har en talsmann tro i nøden,
en trøster og en hjelper god.
Jeg har et evig liv i døden,
en evig fred i Jesu blod.

Ei burde jeg da gå og sørge,
jeg er en mektig konges brud.
Skjønt tvil og vantro vil meg spørre
Hvor er din høyhet og ditt skrud?

O Jesus Krist, forøk meg troen,
at jeg må se min herlighet
og aldri, aldri glemme kronen
du har beredt fra evighet.

 

Torsdagssending

I denne koronatida har Siri Johannessen auka tilbodet i Valle Radio til også å omfatte torsdagssending. Då spelar ho musikk og småpratar med Anna Slaby Driel, som anten er heime eller ute på ein spasertur. No er restriksjonane ikkje så sterke som tidlegare, så Anna kunne vore med frå studio, men telefonen fungerer godt i dette konseptet.

Sendinga går frå klokka 10 til 12, så er det ein pause og frå klokka 13 til 14 er det musikk for barn som er i fokus.

Sangstunda har fast start og avslutning, til start får vi høyre Tulipaner fra Amsterdam, på nederlandsk og som avslutning er det først Ein fin liten blome med Vera Henriksen og så Fager kveldsol smiler med Inger Lise Stulien.

I dag hadde ho også funne fram eit kåseri av Svein Hovet i NRK sitt arkiv. Der fekk vi eit gløtt frå Austad – ei sogerik bygd. Her var både Tarkjell Aslakson Austad og Olav Eivindson Austad nemnde. Boka som kåseriet var henta frå heiter Fotefar i Setesdal, og eg har tilfeldigvis den boka. Ho er skriven av Svein Hovet, og om du ikkje fekk med deg kåseriet, kan du trykke på lenka over og lese det sjølv.

17. mai vil også Siri vere i studio og syte for at Valle Radio kan hjelpe slik at det blir ei sams digital oppleving av dagen i kommunen.

Luft under vengene

I kveld snakka eg med Steinar Straume Hjelmås i Valle Radio. Då han var ferdig med ungdomsskolen i Valle, reiste han til Hovden og gjekk på økonomi og handel på vidaregåande skule der. Etter to år gjekk turen til Bergen der han fekk lærlingeplass kombinert med å ta verneplikta. Etter to år i Bergen klarte han å få jobb i NATO i USA. Der var han hjelpar for NATO sine norske leiarar og var adjutant for generalar og høgare offiserar og fekk møte både Hillary Clinton og Barak Obama.

I løpet av åtte år i USA besøkte han 35 av statane. Han budde i Virginia, 3,5 timars kjøring fra Washington DC, men etter kvart gjekk kontrakten ut og han måtte returnere til Norge. Då hadde han sikra seg jobb i Forsvarsdepartementet i Oslo i 2013, og etter ei stund søkte han på jobb i Helsedirektoratet. Medan han var i USA hadde han skaffa seg meir utdanning også.

-Kva jobbar du no med, spurte eg.

-No jobbar vi med helseplan for samar, fekk eg til svar.

Det er eit stort arbeid og Steinar har vore i Finnmark fleire gonger medan han har jobba med dette. Med nær kontakt med helsedirektør Bjørn Guldvåg og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad, folka vi i denne koronatida har blitt kjende med over heile landet gjennom dei daglege sendingane på TV.

Vi kom også inn på at det har budd samar i Setesdal og at dei dreiv reindrift i Setesdalsheiane. Men tida gjekk fort og plutseleg var klokka 20.30 og Ørnulf sat i studio for å snakke med Siri Lande om Setesdal Vekst og arbeidet dei gjer for å hjelpe lokalt næringsliv.

Men ettertanken etter samtalen med Steinar Straume Hjelmås var at den som satsar, kan få luft under vengene og mange opplevingar på livsreisa.

 

Ole Bulls ostekake

I dag svinga Bjørg, søster til Reidun innom. Og trur du ikkje at på ein eller annan måte hadde Reidun laga Ole Bulls ostekake som vi kunne ha til formiddagskaffe. Den kaka fekk eg oppskrifta til då eg var lærar på Valle skule, og den har vore ein sikker suksess her i huset sidan den gongen.

Mandarinost, krem og egg, visstnok, og så knust bixit over og under, trur eg. Men eg er nok betre til å ete enn til å lage.
I kveld kom Jorunn og Ole Thorvald innom, Då fekk eg sanneleg også av kaka, så du kan tenke at det er lite att til i morgon, og det er sant.

Reidun og Lisbeth D. Homme har same fødselsdagen, så vi sende smakfulle tankar i retning Homme også, eg tenkte i alle fall på alle bøkene ho gjennom åra hjelpte meg til å finne og ha glede av. Framleis har eg glede av bøker, men no meir for å skrive informasjon eg inn enn for å lese romanar.

Eg tok eit bilde også i kveld, tenkte eg skulle laste det opp og dele det med dykk, men i kveld var internett så tregt at det ikkje kom med i denne samanhengen. For når vi har Helge heime, kan vi snakke slekt med basis i slektsdatabasen hans.. Eg treng i alle fall hjelp for å halde tunga rett i munnen når eg skal halde styr på søsken og halvsøsken bakover i tida. Mange forfedre var gifte fleire gonger då ein av foreldrene døydde tidleg.

Men Ole Bull har vi så langt ikkje funne slektskap til, så der er det nok bare å nøye seg med ostekaka.

Bildet kan inneholde: 2 personer, folk som sitter og innendørs

Internatmøtene i Valle

I mai har eg halde på med å skrive om predikantar som gjesta Internatmøtene i Valle. Det var Valle Indremisjon som  arrangerte desse, og Sverre Lund har eit oversyn i boka han ga ut til 100-årsjubileet. Eg er på langt nær ferdig og undrar meg mange gonger over kor vanskeleg det har vore å finne biografiske opplysninigar. Siste gongen slikt møte var i Valle, var i 1988, så det er jo lenge sidan. I dag fekk eg, takka vere god hjelp frå Margunn, ein fin artikkel om Lars Eritsland, som var talar på desse møtene heile fire gonger.

I komande veke held eg fram med å leite. Siri Johannessen held fram med Valle Radio. Her er programmet ho sendte til  avisa for denne veka:

Tirsdag 12. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med kåseri
18.15 Andakt med Svein Anton Hansen fra Norea
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time med Anna Stella Karlsdotter om utstillingen www.fred1945.no, Willy Andre Ludvigsen fra Mission Aviation Fellowship og Håkon Skavikmo fra Agder Energi Nett om helikopterbefaring
20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Stev i datoartiklar

Når det ikkje er andre hendingar som er annonserte, har eg frå mai lagt ut stev i datoartiklane på Setesdalswiki. Når noko er annonsert, prøver eg å få det med, men det er jo dagar då ikkje noko skjer i denne koronatida.

Dagens stev 2. mai 2020

No vil me dikte og tono’ lage
og tenkje stundom på gamle dage.
Dei finge røyne båd’ med og mot,
men eit stev, ein tone gav helsebot.

Dagens stev 3. mai 2020 

Eg la meg ned og eg ville drøyme,
dei fugleljodi eg kan ‘kje gløyme.
Eg la meg ned, ville drøym’ ei gong,
totte gama høyre med fuglan’ song.

Sigrid Olsdotter Tveiten
Dagens stev

Eg sit og skoar yv’ fjell og dalar
det er som alt i naturi talar.
Eg høyrer susing i lund og li,
det vekkjer lengslor i bringa mi.

Eivind S. Berg
Det  kan nok skje at eg vil prøve å lage noko sjølv også om det høver slik.

 

Guds nærvær

Ellen Sørlien er eit namn vi ofte møtte i Valle Radio sine sendingar gjennom åra. Ho arbeidet i Norea Mediemisjon, og her er ein andakt ho skreiv:

Guds nærvær midt i hverdagen er noe som griper meg. Å få høre
vitnesbyrd om at Han er der, midt i gleden og midt i sorgen er i alle fall for meg veldig trostyrkende. Og Guds ord er fullt av omsorg. Omsorg for fellesskapet og omsorg for den enkelte.

Jeg kom tilbake på jobb igjen etter en sykemelding. Det første jeg
gjorde var å bla rundt på en bordkalender med bibelord. Den har
jeg på kontorpulten min, og ordet som møtte meg der var følgende;
«Og kast all deres bekymring på ham, for han har omsorg for dere.»
1 Peter 5,7.

Snakk om oppmuntring og håndtrykk fra Guds eget ord. Han er med deg og meg alle dager, alle slags dager. Ser vi det?

Frigjering

I dag var det 75 år sidan frigjeringa i 1945. Det har vore markert både i radio og på fjernsyn, men også på Setesdalswiki. Eg fekk lov å leggje ut eit avsnitt frå Kultursoga av Leonhard Jansen og Alfred Ryningan som Leonhard hadde delt på Facebook. Eit par bilete gjorde susen, så vi kunne sjå at det var mykje folk samla.

Onsdagskvelden hadde Siri ein prat med Jørn Buø om frigjeringa av Setesdal i Valle Radio og om fred og fridom generelt. Eg skreiv litt om det på bloggen tidlegare og då fekk eg respons frå han, så i samarbeid laga vi i dag ein artikkel om han på Setesdalswiki, det vil seie, eg fekk cv og informasjon og så sjekka vi artikkelen saman før den vart publisert på Setesdalswiki.

Sjølv om det ikkje har vore så stor produksjon i dag i tal på nye artiklar, vart det likevel ein solid tilvekst til stofffet ein kan finne på Setesdalswiki. Her er dei siste nye artiklane:

Skoleprat

I går kveld hadde Siri Johannessen fått med seg den nye rektoren på KVS Bygland til ein liten prat om skolen.  Han begynte 1. november 2019, så han har bare ein knapt halvår bak seg, men har fått merke utfordringar i fleng. I år var det 59 elevar på kursa, no er det 21 etter at dei fekk lov å få elevar på yrkesfaglege linjer tilbake.

Til neste år har 61 takka ja til no, dei har kurs på VG1 Byggfag og naturbruk, VG 2 med tømring og lafting eller hest og skogbruk og VG3 med påbygg naturbruk. Men i desse koronatider har det blitt mykje nettundervisning og ettersom eksamen er avlyst, blir det viktig å ha godt grunnlag for å setje standpunktkarakter.

Til sommaren håpar dei å få til Bibel- og naturcamp som dei har hatt kvart år, men det kjem an på kva kommuneoverlegen seier.

Så hadde Siri Johannessen ein prat med styreleiar Olav K. Hovet i Setesdal folkehøgskule på Nomeland. No er det roleg rundt skulen, for 12. mars måtte dei stenge som alle andre. Då var ei gruppe på veg til Spania, dei måtte gjere vendereis i Tyskland- Det er bare linja for esport som kan drive normalt, der er jo aktiviteten digital. Klatring kan bare ha teori i desse fjernundervisningstider og lærarane har heimekontor.

Folkehøgskolerådet har vore gode å ha når det gjeld formelle ting, elevane skal jo ha tilbake pengar for kost og losji når dei ikkje er på internatet. Søkinga til neste år stoppa opp då samfunnet elles stoppa opp, men skulen satsar på normal drift frå hausten att med motorlinje med gruppe for motocross, enduro og trial, esport, klatring og paragliding. Neste år blir det fokemusikk, men det er eit problem at skulen har for lite jenter som elevar.

Han meinte også at UNESCO.statusen på spel og dans kom til å bety mykje etter kvart for folkehøgskulen.

Frigjering, krig og fred

Då eg sat og høyrde på Jørn Buø i samtalen med Siri Johannessen i Valle Radio i kveld, tenkte eg at her var det mykje interessant stoff, Besteforeldra hans var kaptein Olav O. Nomeland sr. og Inger K. Nomeland, fødd Rysstad (1896), så han var godt kjent i Hylestad sjølv om han vaks opp i Bærum og fekk ei militær karriere innan etterretning og med mange års teneste i andre land.

Temaet var frigjering, og det var godfar hans som overtok Evjemoen etter den tyske okkupasjonen. Han hadde kommandoen der til oktober, for det var mange tyskarar som skulle sendast tilbake til Tyskland og Evjemoen var sentral samlingsplass for dette. Men det var viktig at dette vart gjort på ein verdig og fin måte, ikkje med tankar om hemn.

Samtalen kom og inn på motstanden mot okkupasjonen i Setesdal og dei mange som hamna både på Arkivet, på Grini eller i konsentrasjonsleir i Tyskland. Namna vart nemnde på dei som døydde under desse tiløva og at deira eksempel ikkje må bli gløymt. Morbror var Olav O Nomeland f 1919 gift med Birgit T Harstad f 1923. Han var i Milorg satt på Arkivet, Grini, Natzweiler og Dachau.

I samtalen kom dei også inn på at denne koronatida er vanskeleg, for sjølv om ein kan møtast digitalt, er det ikkje det same som fysiske møter. På mange måtar er også denne tida ei krisetid. Vi må lære av historia og ikkje gløyme at det livet vi lever i dag byggjer på innsatsen frå dei som gjekk før oss.

Ein levande samtale er ikkje alltid så lett å referere, han fylgjer ikkje den stramme disposisjonen som ein gjerne likar å ha når ein skal lage eit referat. Men den levande samtalen har ein eigen nerve og kan vere god radio og interessant å høyre på, og det var kveldens samtale i høg grad, aktuell, perspektivrik og levande.

(retta etter å ha fått kommentar frå Jørn Buø 7. mai 2020)

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.