Kategoriarkiv: Ymse

Øyuvsbu i fare

I kveldens Konnmunen informerer var ordførar Steinar Kyrvestad på besøk. Ei av sakene eg beit meg merke i, var at han hadde vore på møte i styret for verneområdet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og der hadde dei drøfta om ein på grunn av reintrekk i heia burde rive Øyuvsbu og heller erstatte den med ei større hytte ved Håheller.

Øyuvsbu vart oppretta like etter krigen og mange har nok gode minne frå turar hit. Etter at vegen mellom Brokke og Suleskar vart bygd, er det bare ein kort tur frå vegen der det er ein parkeringsplass med plass til 20 bilar.

Om dette skulle skje, vil den nye hytta bli finansiert av Nicolai Tangen, sjefen for Oljefondet, som jo har vore mykje i media dette året.

Sesilåmi si løype går via Øyuvsbu og i alle år har folk frå Valle IL hatt servering av suppe til skiløparane der. Tidsperspektivet for riving av hytta var det ikkje sagt noko om, så truleg vil ho nok bli ståande også til Sesilåmi neste år.

Reidar Tveito tok bildet av Øyuvsbu. Eg henta det frå Setesdalswiki.

 

Bokklubbar

Eg har vore medlem av Bokklubben i snart 50 år, trur eg. Men bokhyllene mine er fulle og eg bør ikkje få fleire. Difor er det viktig å melde seg av når medlemsbaldet dukkar opp i postkassa. Som regel hugsar eg det.

-Du bør melde deg ut av heile Bokklubben, er eit argument eg stadig høyrer.

Reidun gjorde det med Bestselgerklubben, som ho var medlem av. Men kvar gong ho prøvde å melde seg ut, fekk ho ein hytteleg telefon frå ein selger som lova ei steikepanne eller noko anna om ho heldt fra å vere medelem. Til slutt sa ho at ho hadde steikepanner nok og nekta å halde fram. Likevel får ho stadig brev med tilbud om å bli medlem att.

Sjølv får eg bladet kvar tredje veke eller noko slikt, før var det visst ein gong i månaden. Av og til gløymer eg å melde av, og då kjem ei bok i posten etter nokre dagar. Som oftast får eg ein epost som fortel med glede at no er ei bok på veg til meg. Det er ikkje alltid at eg er like glad for ei slik melding, men likevel har eg ikkje meldt meg ut av Bokklubben.

Her er programmet for sendingane i Valle Radio denne veka slik eg fekk det oversendt frå Britta ise Homme:

Tysdag 15. sept

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Andakt
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time
20.30 Postludium med Niklos K Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. sept

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad
20.00 Lokal time med Siri Johannessen
– Diverse lokale innslag
21.00 Reprise med Britta Lise Homme:
– Min hobby med Knut S Nomeland (Faremo) Opptak frå 1999/2000
21.15 Musikkprogram med Johs Bjørkeli

Fylg Valle Radio på Facebook og Instagram

Nettradio: https://valleradio.com/

 

 

Ekspertar

I kveldens Forbrukerinspektørene handla det om ekspertar. Dei hadde undra seg over alle slags ekspertar som dukkar opp i media. Var dei verkeleg ekspertar?

Undersøkingane synte at det ikkje alltid var så vel fundert når folk vart kalla ekspertar. Det var som regel media som brukte ordet, og dei som kom i media, var folk som kunne snakke godt og poengtert utan å ta så mange atterhald eller kome med kompliserte drøftingar i sakene.

Store Norske Leksikon skriv dette om ekspertise: Ekspertise er ferdigheter og kunnskaper som skiller eksperter fra andre. En ekspert er en spesielt dyktig og sakkyndig person. Det er vanlige å snakke om ekspertise i forbindelse med ulike fag, yrker og sportsøvelser. I dagligtale kan en ekspert være en som kan noe andre ikke kan.

(Denne gongen brukte eg ikkje Wikipeida, som hadde ein definisjon på ekspert med mange fotnoter til.

Ut frå denne definisjonen kan eg kanskje vere ein ekspert på Setesdalswiki. Eg har halde på med dette nettleksikonet i over ti år og skrive om mangt og mykje som høyrer Setesdal til. Men eg vil ikkje kalle meg ekspert på Setesdal eller setesdalskultur. Men eg veit mykje om det som står på nettstaden og korleis ein kan bruke det for å finne opplysningar ein treng om dalen og folka som bur i dalen.

Men eg er ikkje den einaste eksperten her i huset. Kona mi er ekspert på å strikke setesdalskofter på maskin, det er ein kunnskap som ikkje så mange har, så eg tenkjer at Husfliden i Valle er glad for at ho ikkje har pensjonert seg ennå.

Det var først etter at eg skreiv dette at eg skjøna at i det gule huset i Tregdeveien i Mandal bur to ekspertar under same tak. Takk fil Folkeopplysningen som opplyste meg om dette 🙂

 

 

Sakte, men sikkert

Setesdalswiki veks sakte, men sikkert. I dag runda vi eit nytt hundretal og då pleier eg å skrive på Såpekassen, vår felles samtaleside, som knapt vert brukt til noko anna enn å kunngjere nytt hundretal. Vi er ikkje mange brukarar av Setesdalswiki, så samtalane oss i mellom er ikkje så intense at det gjer noko, nei.

Her er innlegget:

Tregare no

Artikkelen om Gretha Mathea Roel vart artikkel nr. 92 600. Den kom i kveld som ein av artiklane om døde folk basert på dødsannonsane i Setesdølen. Denne månaden har det gått trått med skrivinga, vi brukte nestan ein månad på å få hundre nye artiklar denne gongen. Hadde det ikkje vore for Geir sin innspurt med å opprette ei rekke datoartiklar i samband med Kulturveka i Valle 2020, ville vi nok ha brukt ein god del lenger tid. Men no var vi over den kneika og i gang med eit nytt hundretal. Framleis har eg von om å runde eit nytt tusental før årsskiftet. —Harald Haugland (diskusjon) 12. sep. 2020 kl. 20:46 (CEST)

Ta kaka

Bildet kan inneholde: dessert og mat

Dei som kjenner meg, veit at eg er ein kakemons. Men gamle folk bør ikkje ete så mykje kake, så eg prøver å begrense det litt, sjølv om det ikkje alltid er så lett.

For nokre år sidan vann eg ei bok som heiter Ta kaka. Det skulle vere Vestlandets beste kakeoppskrifter i den boka, men ettersom kaker ikkje er lov sju dagar i veka, har oppskriftene helst fått ligge i fred. Sjølv bakar eg ikkje, Reidun seier at eg er alt for redd for å bli klissete på fingrane, så eg nyt helst det andre bakar.

Helge, som jo bur heime i denne koronatida når han likevel må jobbe digitalt, slo til med Luksus eplekake frå boka i kveld. Det var ei skikkeleg smaksoppleving. Men kaka var mektig, slik gode kaker gjerne er. Ofte kjem eplekake med krem, men då eg ymta frampå om det, var det nei frå kokkane. Likevel måtte eg ha to rundar, men då droppa me kveldsmaten.

 

Lokal informasjon

Valle Radio held lokal informasjon høgt. Ingen av dei sakene som var i den aktuelle timen i går kveld, var omtalt i Setesdølen i dag. Ein skulle kanskje tru at både Brokke haustmarknad, opninga av bruktbutikken på Rysstad til laurdag i det minste ville vore verd ein annonse i lokalavisa, men det hadde ingen av arrangementa.

Avisene har fått ein sterk konkurrent i Facebook. Å legge ut informasjon om eit arrangement der, kostar ikkje noko. EIn kan opprette ei gruppe, der kan dei som vil vite om aktuelle hendingar for gruppa registrere seg og så får dei det opp i feeden sin på Facebook. Ofte treng ein ikkje vere med i gruppa ein gong, algoritmene til  Facebook finn meg likevel.

Men her på bloggen kan eg jo skrive om haustmarknaden på brokke, der kjem mange utstillarar både for hyttebyggjaarar og skooterkjøring og alt som trengst på hytta og til turen. Det er stor aktivitet der oppe, før ferien var 36 hytter under oppføring og nokre har blitt påbegynt etter ferien. Til marknaden vil ein kunne ta imot 200, alle må registrere seg, han varer til klokka 15 og ein ventar folk frå alle kystbyane så vel som frå Rogaland i tillegg til lokale.

Opninga av bruktbutikk i dei tidlegare biblioteklokala på Rysstad skjer også på laurdag. Her er det ingen servering, om ein vil ha ein kaffikopp, kan ein gå over vegen og besøke To i tråd, som også har ope. Elles ville bruktbutikken ha ope på torsdagar etter det Sondre Rua Dokken fortalde. Han har med seg fleire frivillige til å drifte butikken. Inntekten skal brukast til beste for frivilligarbeidet i Valle. På laurdag skal det endåtil vere auksjon av kubbestolar, så her kan kanskje hyttefolk gjere eit kupp og få seg ein god kubbestol til hytta.

Den som høyrer på Valle Radio kan få med seg lokal informasjon om mangt og mykje,

Brannøvingar

At utbygginga av Riksveg 9 i Valle også skulle føre til øvingar for brannvesenet, det var nytt for meg. Men i kveldens sending i Valle Radio fekk vi vite at Bygland brannvesen hadde øving for å brenne ned huset som Reidar Tveit og Mei Ling budde i. Dei har for lengst flytta ut, huset vart innløyst av vegvesenet i samband med at strekninga Besteland-Helle skulle byggjast.

Så fekk vi også vite at neste onsdag skulle Nordheim kafe gå opp i flammar. Då var det Valle sin tur til å ha brannøving. Slike øvingar gjev god trening for røykdykkarar, dei må ha ei varm øving kvart år, og å trene i eit verkeleg hus med trapper og mange rom er meir realistisk enn å trene i ein bunkers i Kristiansand.

I denne halvtimen fekk vi også vite litt om neste prosjekt på Riksveg 9, det er Rotemo-Lunden. Det kjem eg nok tilbake til på bloggen seinare, for det er ikkje før neste år.

Torleif Homme kunne også fortelje at det no er klart for utviding av byggefeltet i Leite, det vil bli lagt ut i neste veke. Tomtene der er små i høve til slik ei har hatt det i Valle og vil passe til leiligheter, han meinte at det kanskje var ein marknad for det, for det er lite av små leiligheter i Valle.

Endeleg var han innom at i dessekoronatider har det vore godt å kunne ha digitale møter, dei kunne gjerast unna på ein time i staden for at ein måtte kjøre til byen, då gjekk jo heile dagen. Sjølvsagt er det godt å kunne møtast, men av og til er det godt å kunne sleppe dei lange kjøreturane også.

Ny sesong i radioen

I morgon startar ein ny sesong i Valle Radio. Det er Ørnulf som er frst ut som ansvarleg og programleiar. Han sendte meg dette programmet:

Program Valle radio onsdag 9 september.
19.00-19.30 Torleif Harstad, tankar frå bibelen.
19.30-20.00 Komm.info, teknisk avd. Gro Åmlid
20.00-21.00 Ørnulf Hasla, lokatimen.
Lokalmat frå Uppistog gard.
Haustmarknad i Brokke.
Opning av bruktbutikk på Rysstad.
21.00 Open sendig
Med Kristin og Ørnulf

Teknikar, Liv Gunn Viki
Tlf vakt, Torbjørg Hoftuft
Ansvarleg for kvelden, Ørnulf Hasla
Høyr og Valle radio på, www.valleradio.com 

Så då er det bare å gjere seg klar til å høyre på.

Gamle aviser

Bygdebøkene og gamle aviser hjelper meg når eg skal skrive artiklar på Setesdalswiki. Men når eg skal finne noko i bygdebøkene, er det godt å ha ein hjelpar, så Reidun får ofte i oppgåve å leite fram ein person når eg treng ekstra stoff.

Før handla eg mange riksaviser. Eg ville helst ha med meg Oslo-aviser i tillegg til lokale aviser. Og så var det alltid noko eg skulle ta vare på. Dette var før internett vart vanleg, så eg klypte ut og samla i permar og kassar, kanskje kom eg til å få bruk for det en vakker dag, som Øystein Sunde skriv.

Men det fekk eg ikkje. Då vi flytta frå Nomeland, kjørte eg lass på lass med aviser til Reimarmoen. Det hadde eg ikkje trengt å gjere, for eg var den siste som budde i det huset, og etter at vi hadde flytta ut, hadde brannvesenet øving og sette fyr på heile huset. Det hadde jo brunne ekstra godt om alle avisene mine hadde vore der og ikkje på Reimarmoen.

Så måtte eg ta rev i seila, både med omsyn til å samle og å handle. No kjøper eg ikkje aviser, men eg får jo Fævennen, Vårt Land, Lindesnes og Setesdølen, så eg har litt å fare gjennom kvar morgon. Men avisene varer bare ut dagen, så blir dei kasta i grøn dunk, men unnta av Setesdølen, då. Den sparer eg på. Eg skriv jo på Setesdalswiki og treng kjeldene for artiklane.

Så fekk eg aviser frå langt tilbake også, og av og til hjelper Helge meg med å skrive inn nokre gamle aviser. Så må eg skrive artiklar på grunnlag av det som står der. Det er ikkje alltid like lett, men det blir jo ein og annan artikkel likevel.

Eg skulle gjerne hatt fleire lange artiklar, det har eg sagt før. Men ut frå gamle aviser blir det helst små stubbar, korte biografiar basert på dødsannonser og åremålsdagar eller minneord. Av og til kan eg supplere med litt frå bygdebøkene. Eg held no fram med å skrive litt mest kvar dag, så leksikonet veks takka vere gamle aviser også.

 

Vegnamn i Valle

I dag slo eg opp på Setesdalswiki sine sider over vegnamn i Valle. Der har eg mange artiklar om dei ulike vegane. Siden vart laga for ein del år sidan og hadde då lenker til namnesidene på Valle kommune sine heimesider.

Når eg i dag klikkar på lenka for å gå til namnet på vegen på kommunen si side, må eg logge inn før eg kjem vidare. Om ein som leiter etter vegane i Valle går direkte til kommunen si heimeside, finn ho vegnamn.valg i venstremargen. Men lenger kjem ho nok ikkje, ho heller.

Kva som er grunnen til at ein må logge inn for å få sjå kor vegane i Valle går på kommunen si heimeside, det skulle eg gjerne visst,

Så i kveld lurer eg på on nokon kan fortelje meg det.

Den direkte grunnen til at eg leita etter dette, var at Norgeskart og Setesdalswiki har ulike namn på Åmlivegen og Bergsvegen i Valle. Setesdalswiki har ikkje Åmlivegen. Vi lasta ned kartet over då vi laga sida.