Kategoriarkiv: Ymse

Ole Bull Akademiet i Valle

Måndag 6. mars laga eg eit intervju med Kari Margrete Okstad, undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet på Voss, som denne veka hadde kurs for 20 studentar på Musikk-konservatoriet i Kristiansand, både rytmisk og klassisk line. Ho fortalde om opplegget og akademiet.

I Valle nyttar dei lokale lærarar som Sigurd Brokke, Birgit Rike Lund og Torleiv Løyland. Dei bur på Valle Motell, men har undervisninga i Spelestoga, der dei og hadde konsert tysdagskvelden.

Her er link til akademiet, så kan du sjølv finne ut meir:
http://www.olebull.no/index.htm

Noreaprogramma veke 10

Over ein open Bibel
Andakt ved Jakob Trodahl
Her finn du fleire sider om andaktshaldaren
http://tinyurl.com/jecyq

Noreamagasinet
Torsdagsklubben
Ida Johnson frå Irland har arbeidd i 20 år i Finnmark som barnearbeider i Evangelisk barnemisjon. Ho leier Torsdagsklubben for born opp til 11 år i Lakselv, einaste kristne tilbodet til borna der. Sjå
http://www.sbinett.no/files/04-05/Barnearbeid.htm
Oslo Soul Children
Dei har nettopp spelt inn ei plate som heiter Livsglede 2. Det er 25 kor i Noreg innan soulchildren-konseptet og i mai skal dei ha festival i Oslo.

HJEM


Lydarbrev
Takkebrev for et kors fra Norea, det har hengt rundt halsen natt og dag sidan eg fekk det.
Her er fleire lydarbrev
http://tinyurl.com/zyy3h
Kommentaren ved Asbjørn Kvalbein
Spørsmålet om stat og kyrkje. Mange utover landet er for nære band mellom stat og kyrkje. Inga ordning er utan problem. Kyrkja er samlinga av dei truande, det kan vere mange ytre strukturar. Ja til eit aktivt fellesskap av truande menneske innanfor kyrkja.
Kvalbein er webpastor i Norea og det er mange tekstar av han her:
http://www.norea.no/index.php?mtid=40&menu=155

Møteplassen
Konstanse Raen var gjest i dette programmet. Ho er knytt til Bibelselskapet og Strømmestiftelsen og bur i Addis Abeba. Her er nokre linkar til hennar arbeid:
http://www.gimra.no/page.php?mtid=1&elid=774
http://www.strommestiftelsen.no/?did=212197
http://www.fedrelandsvennen.no/nyheter/article270059.ece

Program 7. mars 2005

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Jakob Trodahl
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen. Konstanse Raen
19:30 Ole Bull-akademiet i Valle.
20:00 Bokaktuelt ved Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart. Symfoni nr. 29, 1. sats: Allegro moderato
20:30 Postludium ved Harald Haugland. Musikk i fastetid
21:00 Kyrkjebakken

Vinterferie

Det er vinterferie denne veka. Eg er i Mandal, her har vintrane dei siste åra vore nokså grøne, men no er han like kvit som elles i landet.

Det var altså ikkje sending tysdag 28. februar, og fredagssendinga 3. mars er det Evje Radio som er ansvarleg for. Den kan ein difor ikkje høyre på Internett, einaste sjansen til å lytte til lokalradio frå Setesdal denne veka er å vere i Setesdal.

Men her på bloggen kan ein i det minste lese litt nytt frå Setesdal. Det har vore fleire oppslag frå Valle i NRK denne veka, og eg utvidar bloggskrivinga til å omtale noko av det som er aktuelt, sjølv om det ikkje har vore på lufta i ei sending frå Valle radio.

Eg vonar du finn glede i stoffet. Sidan eg fall og knekte eller bresta sidebein 31. januar har talet på daglege besøk på bloggen vore under 10 dei fleste dagane. Om det stig noko i mars, vil tida vise.

Velkommen innom på bloggen. Skriv gjerne ein kommentar.

Harald

Kommunen informerer 24. februar 2006

Det var Leif Kvinlog, rektor ved Valle skule, som var i studio saman med programleiar Ørnulf Hasla. Han fortalde om Den kulturelle skulesekken, som er eit tilbod skulen prioriterer. Fylkesbiblioteket i Aust-Agder lager ein katalog med tilbod, og så kan skulane velje det som passar for kvar skule.

I Arendal fekk alle elevane ei forestilling i det nye kulturhuset, og det kosta ingenting for skulen å transportere dei dit, det var lagt inn i tilbodet. Når vi elles får tilbod om kulturopplevingar, må vi ofte betale reisa sjølv, og ein tur til Arendal for heile skulen, kan lett kome på 6-7000 kroner, og då fell det som regel bort. Her er heimesidene til Den kulturelle skolesekken i Aust-Agder: http://www.aabk.no/?itemid=6561

Mandag etter vinterferien får elevane på Valle skule eit nytt tilbod frå den kulturelle skolesekken. Historier fra det gamle prestegårdskjøkken er tittel på framsyninga, som er basert på boka “Det spøker” av Gabriel Scott.

Økonomien i Den kulturelle skolesekken kjem frå tippemidlar. Før var desse bare knytte til idrott, men no er også anna kulturaktivitet kome med. Det er også mogleg å lage ei pakke slik at elevar frå kysten kan kome til Valle og oppleve lokal kultur her i dalen.

1. mars er søknadsfrist for neste barnehageår.

Om du vil ha fallvilt, kan du melde deg på ei liste hos Anna Arneberg, skogbruksjef i Valle. Kravet er at du må ta ein halv elg, til pris på 40 kroner kiloet. Det er jo ikkje så lett å ha plass i fryseboksen til så mykje kjøt, så ein må vel helst alliere seg med nokon for å klare det. For øvrig minna dei bilistar som lyttar på Valle radio om å kjøre forsiktig, det er mykje elg nær vegen no for tida.

Vallehalli er open laurdag, både idrotsshall, symjehall og kafe.

Innimellom informasjonen hadde Leif vald to songar av Henning Kvitnes.

Nytt fredag 24, januar 2006

Programoversikta viser at første post på programmet i dag var informasjon frå Setesdalsmuseet. Diverre var eg oppteken med noko anna då, så eg fekk ikkje med meg kva dette gjekk ut på. Dersom du høyrde på, kan du skrive ein kommentar og fortelje kva det handla om.

Deretter hadde Ørnulf ein lang prat med rådmann Vidar Homme om breiband-satsinga i Valle kommune. Kommunen har teikna kontrakt med Bykle Breiband om å legge optisk fiberkabel gjennom heile kommunen. Den vil til dels ligge i vatn, som i Flåne, til dels i grøft, men der det er gateljos, vil den kunne henge på desse stolpane. Dette er ei investering fyrst og framst for innbyggjarane i kommunen, ikkje minst med tanke på at ein kan få 60 tv-kanalar og telefon gjennom systemet, i tillegg til alt det ein til vanleg tenkjer om breiband. I løpet av året vil kabelen bli vidareført til grensa mot Bygland. Det er også tanken å føre kabelen til Furestøyl i år. Her kan du lese meir om Bykle Breiband og sjekke prisane dei skal ha for å kople seg til.
http://www.istorm.no/category.php?categoryID=1822

Til slutt i denne timen snakka Ørnulf med Kjetil Uleberg og Bernt Bisseth Johanssen http://www.galleribi-z.no/galleri.htm
om ei utstilling på Hovden gård i vinterferien. Dei har mellom anna bilete av Per Fronth, kristiansandaren (fødd 1963) som har vore fotograf i VG og kunstnar i New York. Han har teke bilete på Hovden og så har han arbeidd vidare med dei, mellom anna måla på fotografia. Neste helg vil han vere til stades på Hovden. Andre utstillarar er Mona Ida, Olaug Åsen, Olav Storø, Olav Bjørgum og Karin Bøe. Her er ein link til Hovden gård:
http://tinyurl.com/z685r

Fredag 24. januar

Program for Valle radio

18.00-19.00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla

Anna Stella Karlsdottir informerar om dei ulike utstillingane som vert sett opp på Setesdalsmuseet si avdeling på Rysstad i sommar.

Rådmann Vidar Homme vil informere om den vidare satsinga på breiband i Valle kommune.

Kjetil Uleberg om utstilling på Hovden Gard

19.00-19.30 Kommunen informerer ved Valle skule

19.30-20.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg

20.00-21.00 Musikk eg likar ved Inger Aamli

21.00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Teknikar: Geir Uppstad
Telefonvakt: Jorunn Helle

Husk at du kan høyre Valle radio på internett på www.valleradio.com
e-mail: post@valleradio.com

Postludium 22. februar – Fransk barokk

Denne musikken er frå tida då Solkongen – Ludvig 14. regjerte i Frankrike. Programmet var ved Niklos K. Besteland

1. Francois Couperin (1668-1733)
Sanctus – Recit de cornet.
17. del av Messe solenelle a l’usage des Paroisses
Organist Wilhelm Kümpel (1920-2000) på orgelet i Erfurt Domkyrkje. Her finn du ein presentasjon av orgelet: http://www.bistum-erfurt.de/seiten/375.htm
Og her er minneord på tysk om organisten.
http://www.bistum-erfurt.de/seiten/64.htm
Stykket var henta frå Psallites CD 60031

2. Jean-Francois Dandreu (1681-1767)
Livre d’orgue nr 3-6
3. Basse et dessus de trompette
4. Tierce en taille
5. Musette
6. Offertoire
Organist Peter Planyavsky på orgelet (1947- ) i Stefansdomen i Wien. Her er bilete av orgelet:
http://www.orgelsite.nl/kerken30/wien.htm
Peter Planyavsky slutta som organist der i februar 2005. No er han professor på konservatoriet i Wien og konsertorganist.
Stykka var henta frå Motette-Ursina CD 11641

3. Louis-Claude Daquin (1694-1772)
Noel i G-dur, nr. 10 frå samlinga Noveau livre de Noels pour l’orgue.
Organist Noel Rawsthorne på orgelet i Liverpool Cathedral. Her kjem du til ei engelsk side om han der det og er link til informasjon om orgelet.
http://www.simonlindley.org.uk/rawsthorne.html

Dagens Mozart: Jupiter

Dagens Mozart var symfoni nr. 41, 2. sats, K 551, som og vert kalla jubiter. Satsen heiter Andante cantabile og er nydeleg etter mi meining.

Det var London Mozart Players som spelte, dirigent Matthias Barnert. Plata var frå BBC Music Magasine vol. 7, nr. 6, opptaket gjort i All Saints’ Chruch, Tooting, London 12. oktober 1998.

Her er link til ei side om denne symfonien
http://tinyurl.com/j7s73

Då han vart framført i Oslo Konserthus torsdag 28. oktober 2004, skreiv Idar Karlevold:
http://www.aftenposten.no/oslopuls/music/article901242.ece

På Astrofysisk institutt har dei ei side med Planetmusikk:
http://www.astro.uio.no/ita/DNP/nineplanets/musiclist.html

Sangkveld 21. februar 2006

Songane denne kvelden tok utgangspunktet i teksten for søndag, som var Joh. 17, 1-8. På http://biblen.no kan du finne denne teksten. Ein parallelltekst er Matt. 17.1-9

1. Salme 121/ C.Nylund: Jeg løfter mine øyne. Saunes.
2. E.Blix/ S.H.Geitvik: Himmelske fader. Saunes (i høve at Elias Blix var fødd 24. februar for 170 år sidan.
3. T.B.Barratt/ C.H.Gabriel: Løft ditt blikk du ungdomsflokk. Martin Alfsens kor og orkester.
4. L.Sandell/ H.Pfeil: O Jesus åpne du mitt øye. 5 staute
5. Elsa Eklund/ T.H.Evald: La meg få se ditt ansikt, kjære Jesus. Vennesla Sangbrødre
6. Svein Johansen: Ser du korset? Vennesla/ Bjarne Fagerheim

1. og 2. var fra plata Lynor 9410, Ei livselv av lukka, ei samleplate med Randulf Saunes.
3. var frå plata MMD982 Sanger fra bedehusland 3
4. var frå Lynor 0406-2 Stemninger fra Bedehusland,
5. og 6. var frå Vennesla Sangbrødre: Har du billetten klar?